Ishavsrøye kan ein få tak i heile året og
du kan finne den i butikken fersk og fryst, heil eller som filet. Ishavsrøye er
ein fisk i laksefamilien med rødt fiskekjøt, som er både saftig og delikat. At
den er jamt tjukk gjer at serveringsstykka får lik steiketid, så dette er ein
fisk det er lett å lykkast med.
Tilbehøyr er viktig og i dag er det
relish. Relish er ofte finhakka sylta produkt, grønsaker, frukt eller urter som
brukast som krydder. «Relish» kan bety at du gleder deg til noko, nyt
utfordingar, lengtar etter eller føretrekk for eksempel smaken.
Helgas oppskrift er pensla med smakfull
marinade av sterk og søt chilihonning og servert med smakfull ingefærrelish,
det er berre å gled seg! Norges sjømatråd seier at dersom laksen er kongen, er den
litt smekrare ishavsrøya dronninga! Med blank drakt og fine former er
ishavsrøye majestetisk på tallerken! Ha ei kjekk sommarhelg!
ISHAVSRØYE: Sprøsteikt ishavsrøye marinert med chilihonning. Foto: Marianne
Aaronsen, Norges sjømatråd.
Ingrediensar (4 pers)
800 g ishavsrøyefilet
2 ss sesamolje
salt og pepar
olje
Relish
1 raudlauk
3 skiver ananas
3 ts frisk ingefær
2 ss limesaft
Marinade
1 ts raud chili
1 appelsin
2 ss honning
2 ts malt spisskummen
½ ts chilipulver
Tilbehøyr
jasminris
villris
Framgangsmåte
Fjern bein frå ishavsrøyefiletane, skyl dei i kaldt vatn og tørk
med tørkepapir. Pensle filetane med sesamolje, og dryss over salt og pepar.
Relish
Finhakk raudlauk og ananas, og riv ingefær. Bland saman
ingrediensane til relishen, og la den stå og trekke i 30 minutt før servering.
Marinade
Finhakk chili, press safta av appelsin og bland med resten av
ingrediensane til marinaden. Varm opp marinaden og rør til honningen er smelta.
Sett til side.
Steik ishavsrøyefiletane i olje med skinnsida ned i ca. 2 minutt. Pensle
kjøtsida av filetane med marinaden, snu dem og steik i ca. 30 sekunder på den
andre sida. Server ishavsrøye med
ingefærrelish og en blanding av jasminris og villris ved siden av.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar