Statens institutt for forbruksforskning
seier at ingenting har det så travelt som ein død fisk. I snitt tek det tre dagar
før fersk fisk når butikken og ferskheita har kort levetid hjå forhandlar. Fisk
som er merka med «frozen at sea» vert
filetert ein gong den kjem opp frå havet og vert fryst på båten. Frosen fisk
som frysast på båt og som vert rett tina, har like god kvalitet som fersk fisk.
Frossen fisk er kjekt å ha i frysaren og enkelt
å ta opp til tining i kjøleskap kvelden før du skal lage ein fiskemiddag. Det
er utruleg lettvindt å ha frosenfisk tilgjengeleg til raske fiskemiddagar og studiar
visar at forbrukarar i liten grad smakar forskjell på fersk og tint fisk.
No er sommarferien over, ungane har kome i
gong på skule og barnehage, ja kvardagen er her. Det er viktig å få fisk inn på
vekemenyen og torsk bakt i omn er noko av det enklaste du kan lage. Bruk tint frosen
fisk i denne retten og du kan bruke det du har av grønsaker i kjøleskapet
dersom du ikkje har dei som står i oppskrifta. Sausen kan du også variere etter
eige ønske, lykke til!
TORSK: Torsk i omn er god kvardagsmiddag. Foto: Ingvar Eriksson, Norges
sjømatråd.
Ingrediensar
(4 pers)
800 g torskefilet, utan skinn og bein
1 purrelauk
2 stilkar selleri
2 gulrot
5 dl vatn
12 cherrytomat
1 pose fiskesaus
100 g riven ost
salt og pepar
frisk timian
Tilbehøyr
Potet
Framgangsmåte
Set steikeomnen på 180 °C. Skjer torsken i serveringsstykke. Skjer
purrelauk og stangselleri i bitar, og gulrot i terningar. Kok opp vatn og kok
grønsakene i 2 minutt. Slå av vantet, og legg grønsakene og cherrytomatane over
i ei smurt eldfast form. Legg torskestykka over grønsakene og dryss over litt
salt, pepar og timian. Lag fiskesausen etter oppskrifta på pakken og slå den
over fisken. Strø over ost, og steik retten i steikeomn i ca. 15 minutt. Server
med kokt potet.
Tips: Du kan også bruke ferdig grønsaksblanding. Brukar du fryst
blanding bør den vere halvtint før du har den i forma.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar