Min
kjære er hobbyfiskar og sette garn i sist veke, der målet var vinterfiske med god
fangst av hyse, lyr og sei til heimelaga fiskematproduksjon. Fangsten var ikkje
overveldande, men heller ekstra spanande fordi ein stor og flott steinbit viste
seg å vere i garnet!
Med ein
slik skremmande rugg i garnet, må ein hobbyfiskar passe fingrane godt for dei
spisse hoggtennene. Steinbiten et nemleg lett tjukkskala krabbe, sjel,
kråkebollar og kreps. Smaken av steinbit ber derfor preg av skaldyr,
fiskekjøtet er fast og perlekvitt og toler å bli kokt, steikt og grilla utan å
miste fasong, dette er verkeleg ein god og brukande fisk.
Skinnet
til steinbit er ei historie i seg sjølv, det er spesielt sterkt og det seiast
at berre kenguruskinn skal vere sterkare. Eit tips er å la steinbiten henge ferdig
sløya til neste dag, for då er det lettare å flekke av skinnet. Steinbit får
ein sterk og god smak når den får trekke i asiainspirert saus med soya,
kvitlauk, chili, ingefær og honning. Hobbyfiskaren min fekk den uhyggelege fisken
ut av garnet utan å miste ein einaste finger og flekka lett av skinnet, så enden
på fiskerihistoria vart eit gourmetmåltid!
STEINBIT: Sterk,
smakfull og asiainspirert steinbit. Foto: Marianne Aaronsen, Norges
sjømatråd.
Ingrediensar
(4 pers)
800 g steinbitfilet, utan skinn
og bein
2 ss sitronsaft
8 vårlauk
½ raud chili
Saus
2 fedd kvitlauk
½ raud chili
2 ss frisk ingefær
4 dl vatn
1 dl soyasaus
2 ss honning
1 ts paprikapulver
1 ss sesamolje
sitronsaft
salt
Tilbehør
Sitron
Ris
Framgangsmåte
Skjer steinbit i
serveringsstykke. Drypp over sitronsaft og la dei ligge kjølig 10 minutt. Skjer
vårlauk i skiver på tvers og chili i ringar, og damp lett i litt vatn.
Saus
Finhakk kvitlauk og chili, og riv
ingefær. Ha kvitlauk, chili og ingefær i ei kasserolle saman med dei andre
ingrediensane til sausen og kok opp. Smak til med honning og sitron, og litt
salt om nødvendig.
Legg fiskestykka i sausen og la
dei trekke i sausen til dei er kokt, ca. 8 minutt. Server steinbit med saus,
vårlauk, chili, ris og nokre sitronbåtar ved sidan av.