søndag 15. mars 2020

Sterk, smakfull og asiainspirert steinbit


Min kjære er hobbyfiskar og sette garn i sist veke, der målet var vinterfiske med god fangst av hyse, lyr og sei til heimelaga fiskematproduksjon. Fangsten var ikkje overveldande, men heller ekstra spanande fordi ein stor og flott steinbit viste seg å vere i garnet!

Med ein slik skremmande rugg i garnet, må ein hobbyfiskar passe fingrane godt for dei spisse hoggtennene. Steinbiten et nemleg lett tjukkskala krabbe, sjel, kråkebollar og kreps. Smaken av steinbit ber derfor preg av skaldyr, fiskekjøtet er fast og perlekvitt og toler å bli kokt, steikt og grilla utan å miste fasong, dette er verkeleg ein god og brukande fisk.

Skinnet til steinbit er ei historie i seg sjølv, det er spesielt sterkt og det seiast at berre kenguruskinn skal vere sterkare. Eit tips er å la steinbiten henge ferdig sløya til neste dag, for då er det lettare å flekke av skinnet. Steinbit får ein sterk og god smak når den får trekke i asiainspirert saus med soya, kvitlauk, chili, ingefær og honning. Hobbyfiskaren min fekk den uhyggelege fisken ut av garnet utan å miste ein einaste finger og flekka lett av skinnet, så enden på fiskerihistoria vart eit gourmetmåltid!


STEINBIT:  Sterk, smakfull og asiainspirert steinbit. Foto: Marianne Aaronsen, Norges sjømatråd. 


Ingrediensar (4 pers)
800 g steinbitfilet, utan skinn og bein
2 ss sitronsaft
8 vårlauk
½ raud chili

Saus
2 fedd kvitlauk
½ raud chili
2 ss frisk ingefær
4 dl vatn
1 dl soyasaus
2 ss honning
1 ts paprikapulver
1 ss sesamolje
sitronsaft
salt

Tilbehør
Sitron
Ris

Framgangsmåte
Skjer steinbit i serveringsstykke. Drypp over sitronsaft og la dei ligge kjølig 10 minutt. Skjer vårlauk i skiver på tvers og chili i ringar, og damp lett i litt vatn.

Saus
Finhakk kvitlauk og chili, og riv ingefær. Ha kvitlauk, chili og ingefær i ei kasserolle saman med dei andre ingrediensane til sausen og kok opp. Smak til med honning og sitron, og litt salt om nødvendig.
Legg fiskestykka i sausen og la dei trekke i sausen til dei er kokt, ca. 8 minutt. Server steinbit med saus, vårlauk, chili, ris og nokre sitronbåtar ved sidan av.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar