No om hausten har krabbene aller beste kvaliteten og er på sitt mest kjøtrike. Kokt krabbekjøt smakar friskt hav og er ein av dei mest eksklusive sjømatrettane ein kan servere. Taskekrabben er den vanlegaste krabbearten og ein finn den langs heile norske kysten opp til Troms, og dei vert fanga med teiner eller garn.
Skaldyr som krabbe, kreps, reker og hummar tek seg imponerande godt ut naturell på bordet og er perfekt mat å servere til gjestar. Du som inviterer slepp å lage mat i fleire timar, for noko av sjarmen med skaldyr- eller krabbelag er nettopp at gjestane må jobbe litt for å få ut maten sjølve.
Ha alltid nok serviettar tilgjengeleg og gjerne ein bolle med sitronvatn til å skyle fingrane i. Server skaldyr med loff, smør, majones og sitron. Eit lite dryss av sitronpepar på toppen av smørbrødet er magi, ha ei fin hausthelg!
KRABBE: Det blir fest med krabbe på bordet! Foto: Kim
Holthe, Norges Sjømatråd.
Ingrediensar til 2 porsjonar
4 krabbeskjel og litt ekstra krabbeklør
loff
smør
majones
sitron
sironpepar
Framgangsmåte
Krabben kan serverast som den er, men reinsk den gjerne før servering ved å fjerne paven og gjellane, og knekk klørne med ein nøtteknekkar.
Legg krabbekjøttet tilbake i skalet slik at krabben ser heil ut før
du serverer den.
Server krabbe naturell med loff, smør, majones og sitronbåtar og med sitronpepar på bordet.
Tips: Som variasjon i tilbehøyret kan du servere chilisaus til.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar