Helgas oppskrift inneheld både blåbær og kantarell og det er ikkje store mengdene som skal til for å lage denne retten. Du treng altså 3 dl blåbær og 10 kantarellar, og dermed kan du kreditere deg sjølv for innhaustinga av ekte råvarer til denne middagen.
Om du ikkje kan så mykje om ulike soppar må ein alltid vite at sopp kan vere svært giftig og farleg. Kantarell er derimot den mest gjenkjennelege av alle matsoppane. Den er eggegul men butte gaffelreina ribbar på undersida av hatten og hatten er traktforma og med ei bølga rand på. Ingen giftige soppar liknar på kantarell. Lykke til med innsamlinga av haustens grøde, god helg!
Ingrediensar
KVEITE: Steikt
kveite med blåbærsaus og kantarellar. Foto: Lauritzen og Westhammer, Norges Sjømatråd. |
600 g kveitefilet med skinn
1 ½ ss salt
smør
Blåbærsaus
3 dl blåbær
6 dl kjøtbuljong
Saltbakte poteter
12 potet
havsalt
Kantarellstuing
10 stk kantarellar
2 stk sjalottlauk
1 ss smør
1 dl kvitvin
½ sitron
2 dl matfløyte
1 ss frisk graslauk
s
alt og pepar
sukker
Framgangsmåte
Set steikeovnen på 180 °C. Skrap skinnet på kveita, dryss kjøttsida med salt og la den ligge i 5-10 minutt. Skyll av saltet, tørk fisken godt og skjer i porsjonsstykke. Brun fisken godt på skinnsida i smør i ca. 5 minutt. Snu den og steik den ca. 1 minutt på den andre sida.
Blåbærsaus
Kok blåbær og kjøttbuljong i ca. 1 time til buljongen får god smak av bæra. Sil blandinga og kok sausen inn til omtrent det halve.
Saltbakte poteter
Skrubb og tørk potetene og legg dei i ei eldfast form med rikeleg med havsalt i botnen. Dryss salt over potetene og bak i steikeovnen til dei er møre, ca. 30-40 minutt, avhengig av størrelsen. Børst av overflødig salt før servering.
Kantarellstuing
Skjer kantarell i mindre biter og finhakk sjalottlauk, og steik gyllen i smør. Slå på kvitvin og safta av sitron, og la det koke nesten helt inn. Tilsett matfløyte og la stuingen småkoke til den tjuknar. Smak til med salt, pepar og litt sukker. Rør inn finhakka graslauk før servering.
Server kveita med blåbærsaus, saltbakte poteter og kantarellstuing.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar