onsdag 25. november 2020

Lutefisk på svensk vis i kvit saus med hint av julekrydder

Lutefisk er norsk tradisjonsmat og nærmast eit symbol på det rotekte norske, men visste du at lutefisk er like tradisjonell i Sverige? Heile Norden med unntak av Danmark et lutefisk og i den skandinaviske delen av USA har lutefisken vore populær sidan innvandringa for over 150 år sidan. Lutefisk er sterk knytt til nordisk identitet. 

Norsk Kongelig Lutefisklag blei stiftet 1. oktober 1988, og dette var ei gruppe lutefiskelskarar som ville organiser seg med formål å «akte og ære lutefisken» ved å nyte den saman i sosialt samvær saman med likesinna. Medlemmer strøyma rask til og slutta seg lutefisklaget, og nokre av årsakene kan vere tradisjon, identitet eller ganske enkelt at det er kjekt å nyte gode måltid saman og ikkje minst at lutefisk er svært god mat. 

I Sverige har ein også «Lutefiskens Venner» og tillaging av lutefisk har mange lokale variantar. Folk på vestlandet føretrekk ertestuing, kokt potet og baconterningar, trønderane vil gjerne ha sirup og brunost på, bergensarane likar kålrotstappe til, og andre likar fisken servert i ei potetlefse saman med smør og poteter. Helgas oppskrift er svenskinspirert med ein kvitsaus med eit hint av julekrydder og saman med erter, sennep og potet til. Dette eit aldeles nydeleg måltid!

 

LUTEFISK: Lutefisk på svensk vis i kvit saus med hint av julekrydder. Foto: Lutefiskens venner Sverige, Norges Sjømatråd.


Ingrediensar til 4 porsjonar

2 kg lutefisk

2 ss salt

4 skiver bacon

 

Kvit saus

3 ss smør

3 ss kveitemjøl

4 dl mjølk

½ ts salt

8 heile svarte peparkorn

3 heile allehånde

4 nellikspikar

1 ss smør

1 dl fiskekraft

 

Erterstuing

1 stk sjalottlauk

400 g frosne erter


Server med poteter og sennep.

Framgangsmåte

Set steikeomnen på 200 °C. Del opp lutefisken i serveringsstykke og legg dei i ei langpanne med skinnsida ned. Dryss over salt og dekk langpanna med aluminiumsfolie. Steik lutefiskstykka i steikeomnen i ca. 40 minutt. Steik bacon i ei tørr panne.

Kvit saus

Smelt smør og rør inn kveitemjølet. Spe på litt og litt mjølk, og tilsett salt, heil svart pepar, allehånde og nellikspikar. La sausen koke i ca. 5 minutt. Sil sausen, og tilsett smør og fiskekraft til sausen får ein fin konsistens.

Erter

Surr finhakka sjalottlauk i smør og tilsett erter. La ertene surre i ca. 2 minutt slik at dei blir gjennomvarme.

Server lutefisk med steikt bacon, kvit saus, erter, kokt potet og sennep.

Tips: Dersom du vil ha fast lutefisk drysser du salt over og lar lutefisken stå kjølig et par timer. Slå av vatnet som trekkast ut og skyl deretter lutefisken i kaldt vatn.

 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar