Tenk på det, at ein gong var makaroni supermoderne i Norge. Den tida vi fekk framand innflytelse på matvarene våre kan siktast tilbake til 1900 talet, og i legendariske Henriette Schønberg Erken si kokebok frå 1936 finnas middagsrettar, supper og dessertar med mange utanlandske namn.
Middagsrettane var ofte oppkalla etter historiske personar som Chateaubriand, biff à la Mirabeau og suppe à la Bismarch, men også meir heimlege namn er å finne som kaka Mor Monsen. Frå det engelske kjøkenet fekk vi oksehalesuppe, plumpudding og roastbeef og Italia bidrog med italiensk salat, risotto og nydelege makaroni.
Nye matvarer og
matlagingsmetodar driv matkulturen vår vidare. Makaronien har blitt fast
ingrediens i mange norske rettar, og har no fast plass når vi skal lage fiskegrateng. Å lage heimelaga fiskegrateng er ein god måte
å nytte fiskerestar på og med makaroni i, altså «Mac and fish» er retten
uimotståeleg for både store og små!
FISKEGRATENG: Mac and
fish, nydelig fiskegrateng med makaroni. Foto: Marianne
Aaronsen, Norges Sjømatråd.
Ingrediensar
400 g
torskefilet
400 g makaroni
1 ss dijonsennep
2 ss kveitemjøl
2 dl mjølk
4 ss smør
1 fennikel
3 dl frosne erter
5 dl grønkål
200 g bacon i
terningar
frisk basilikum
frisk persille
1 sitron
olivenolje
muskat
salt
pepar
200 g cheddar
2 fedd kvitlauk
3 ss griljermjøl
Basilikum- og
persillepesto
1 neve frisk basilikum
1 neve frisk persille
sitronsaft av 1
sitron
rive sitronskall
4 ss olivenolje
pepar
salt
Framgangsmåte
Forvarm omnen til 180 grader. Set makaronien til koking. Medan smeltar du smør og tilset kveitemjøl som du rører dette til ei jamn røre, kan du spe på med mjølk medan du rører til konsistensen har blitt krema. Bland inn sennep, muskat, ost, salt og pepar.
Kok opp ein
kjele med vatn og litt salt. Set til side, legg i fisken, og la den trekke i 10
minutt.
Ta fisken ut av
vatnet, og la alt vatnet tørke av. Steik baconbitar i ei steikepanne med litt
olje. Legg deretter bitane i ein bolle. Steik finskåret fennikel og grønkål
lett i litt olje og kvitlauk i ca. 1-2 minutt.
Bland makaronien med sausen, og vend inn torskebitar, grøntblandinga og bacon. Topp med griljermel/panko, og bak den i omnen i ca. 20 minutt.
I mellomtida lagar
du pesto. Bland alle ingrediensane i ein bolle, og mos dem med stavmiksaren.
Smak til med
salt og pepar. Server Mac & Fish med godt brød og pesto.