Vi lengtar etter våren, men den eine snøbya etter den andre kjem som store mørke skjold innover fjorden, men det er no kanskje dette som er våren her i Noreg. Vèrskifta kjem og går fort i april, frå blomstande krokus og blenkjande vårsola i bakkane til uventa erlerider som gjer det kvitt på bakken og at snøskuffa må hentast fram igjen.
No veit ikkje eg om det hjelp å ete vårrullar medan vi slit oss gjennom alle «ridene» og ventar på våren, men denne veka vil eg presentere ferske vårrullar eller sommarrullar som ein også kan seie. Desse vårrullane har sitt opphav fra Vietnam og smaker friskare fordi dei ikkje er frityrsteikte, men dei beheld likevel sprøheita av ferske urter og grønsaker.
Helgas vårrullar med ein spanande kombinasjon av reker, friske grønsaker og søtsyrleg peanøttsaus. Vårrullane kan sjølvsagt fyllast etter smak og behag, og dyppast gjerne i ein saus med litt sting, som hot sursøt chilisaus. Vietnamesiske vårrullar vert fort ein ny favoritt til helgekosen!
VÅRRULL: Vietnamesiske vårrullar med peanøttsaus. Foto: Marianne Aaronsen,
Norges Sjømatråd.
Ingrediensar til 4 porsjonar
300 g reker, utan
skal
½ agurk
1 mango
1 raud paprika
1 gulrot
1 avokado
1 bunt frisk
koriander
1 boks rispapir
Peanøttsaus
3 cm frisk
ingefær
1 fedd kvitlauk
1 ts raud chili
140 grovt
peanøttsmør
4 ss vatn
3 ss hoisinsaus
3 ss limesaft
2 ss soyasaus
1 ss sukker
1 ts sesamolje
2 ss peanøtter
Framgangsmåte
Skrell agurk, fjern kjernen og skjer i strimler. Skjer mango, paprika, gulrot og avokado i tynne strimlar. Skyl koriander og legg på tørkepapir så den får tørke. Legg eit ark rispapir i vatn i ca. 10 sekund og la det renne litt av seg. Ha i litt reker, grønsaker og koriander, brett inn sidene og rull den stramt saman. Gjenta til det er tomt for ingrediensar.
Peanøttsaus
Riv ingefær, og finhakk kvitlauk og chili. Rør saman alle ingrediensane til sausen bortsett fra dei heile peanøttene. Grovhakk peanøttene og dryss over peanøttsausen ved servering.
Server vårrullar
med peanøttsaus, sursøt saus og gjerne med ekstra chili oppi ved sidan av.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar