mandag 29. november 2021

Spagetti med reker og pikant fennikel

Pastarettar er noko av det vi et oftast til middag i Norge og grunnen til det er nok at det er både godt og relativt kjapt å lage til. Pasta er spesielt godt saman med sjømat, og med gode grønsaker til vert middagen sunn og at vi får i oss mange gode næringsstoff som vi treng.

Fennikel er ein litt artig grønsak og tidlegare var den mest kjent som krydderplante i Asia og rundt Middelhavet, men etterkvart begynte ein også å nytte den som grønsak. Smaken kan minne om lakris eller anis og fennikel gir spesielt sjømat ein god og pikant smak.

I helgas sjømatoppskrift står det at du skal lage kraft av reker og av rekeskal får du ei fantastisk kraft som kan brukast til både fiskesupper, gryter eller sausar. Det er viktig at det ikkje kokar krafta for lenge og ikkje meir enn 30 minutt, kraft til overs kan frysast. Dette smakar så godt, bon appétit!

REKER: Spagetti med reker og pikant fennikel. Foto: Marianne Aaronsen, Norges Sjømatråd.


 Ingrediensar (4 pers)

800 g reker med skal

400 g spagetti

1 fennikel

1 raud paprika

2 fedd kvitløk

½ ss tomatpuré

2 ts frisk eller tørka timian

salt og pepar

olivenolje

 

Server med

Riven parmesan og ferske bagettar

 

Framgangsmåte

Reinsk rekene og legg skalet til side. Kok spagetti etter oppskrifta på pakken. Fres rekeskalet i olivenolje, slå på vatn så det akkurat dekker rekeskalet, og kok i 20-30 minutt utan lok. Sil av rekekrafta og kok inn til ca. 2 dl veske. Skjer fennikel og paprika i tynne skiver, og finhakk kvitløk.

Fres fennikel, paprika og kvitløk i olivenolje, tilsett rekekrafta og rør inn tomatpuré. La sausen småkoke i ca. 5 minutt, og smak til med timian, salt og pepar. Tilsett reker og spagetti rett før servering.

Server spagettiretten med riven parmesan og ferske bagettar.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar