mandag 29. november 2021

Rømmesild med peparrot er godt julepålegg

Oppkutta spekesild eller kryddersild blandast i ulike sausar, eddik eller løk og leggast på glas til jul. Å lage sildepålegg er for mange like viktig som å bake julekaker. På NRK sine nettsider lanserer dei sju sildeslaga slik: Sennepsild, Tomatsild, Stoltenbergs sildesalat, Sild med balsamico, Kryddersild lag-på-lag i porsjonsglas og Sildefjøl med egg, potetsalat, raudbetar og raudløk.

Å lage ulike sildesalatar er både ein hyggeleg og nyttig aktivitet ein kan gjere saman i adventstida og det blir fort julestemning på ein sildeverkstad. Resultata gir både ei ypparleg anledning til å prøvesmake julepålegget med godt brød til, og å lage nokre ekstra glas som kan vere julegåve.

Sildesalatar kan ein også brukast til fleire høve som på tapasbordet, til forrett eller til julefrukosten. Peparrot saman med sild gjer salaten spenstig og frisk, og husk at «av sild blir du snild» - det kan lønne seg no i førjulstida!

SILD: Rømmesild med peparrot er godt julepålegg. Foto: Tove Lise Mossestad, Norges sjømatråd.

Ingrediensar (4 porsj)

500 g kryddersildfilet

3 dl seterrømme

15 cm peparrot

1 ss sennep

salt

Topping

1 grønt eple

4 reddikar

1 raudløk

 

Server med:

Grovt knekkebrød, grov brød eller rugbrød

Framgangsmåte

Del silda opp i bitar. Riv peparrota på eit fint rivjern. Bland rømme, reven peparot, sennep, eddik og salt. Bland inn sildebitane.

Topping

Kutt eplet og reddik i fine strimlar. Kutt raudløk i tynne skiver, og bland saman med eple og reddik.

Topp retten med reddik, eple og løk-blandinga. Server med godt brød til.

 

Tips: Smak på silda før du startar på retten. Er den veldig salt, kan du legge silda i vatn i 2 timar. Dersom den er perfekt salta, kan du berre skylle den.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar