Dumplings er populært som aldri før, og du kan lage dei sjølv med ulikt fyll inni. Dumpling er rett og slett ein deig basert på kveitemjøl, rismjøl, bokkveite eller poteter som kan fyllast med kjøt, fisk, ost, grønsaker, frukt eller søtsaker. På norsk kan det omsetjast til mjølbolle.
Du kan kjøpe ferdig dumplingdeig på asiabutikkar og då heiter det wotondeig eller gyoza-ark (japansk variant) og du finn
dei gjerne i frysedisken. Når du skal forme dumplings, kan du bruke ei rund
utstikkarform. Sitt ut og full halve sida med ønska fyll og deretter brettar ein
saman med 5-6 folder til ein halvmåne.
I dag får ein kjøpt stilige og ikkje så dyre bambusdampkoker eller «bamboo
steamer», som du kan plassere oppå ein gryte med kokande vatn for å dampe
dumplingsane. Dumplings fylt med kamskjel og klippfisk er både ei smaksbombe og
ein spennande rett å overraske gode venner rundt middagsbordet!
DUMPLING: Populære dumplings med klippfisk og kamskjel.
Foto: Eirik Nilssen, Norges sjømatråd.
Ingrediensar (4 porsjonar)
150 g frosne kamskjel
150 g klippfisk, utvatna og reinska
1 pk dumpling/gyoza skin
1 raud chili
½ nykål
1 frisk ingefær
1 bunt vårløk
1 lime
1 potte frisk koriander
Saus
1 dl soyasaus
1 ss sesamolje
1 ss limesaft
sesamfrø
Framgangsmåte
Start med å lage sjølve farsen og fyllet til dumplingane. Mos frosne kamskjel i ein foodprossesor. Tilsett finkuttet utvatna klippfisk. Finsnitt raud chili, kål, ingefær og vårløk, ha det i farsen og smak til med litt salt og kverna pepar. Lag gjerne ei «prøvekake» i ei steikepanne og smak til med meir krydder og grønsaker etter ønske. Fyll så i ferdige utstikka dumpingsdeig. Brett dei etter ønsket form (for eksempel halvmåne) før dei «steamast» (dampast) i ei bambuskorg eller i dampomn i 5 minutt.
Server med finsnitta vårløk,
koriander og rista sesamfrø. Bland saman soyasaus, sesamolje og limesaft. Dypp
dumplingane i eller slå over saus rett før servering.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar