Spansk Gamas al pil pil eller Gamas con ajo må vere ein av dei enklaste og mest appetittvekkande rekeoppskriftene som finnast. Smaksbomba er klar på nokre minutt og tapasretten kan nytast som lunsjrett, forrett eller hovudrett.
Styrkegraden er det ikkje noko problem å endre, retten blir meir «hot»
med litt ekstra chili og kvitløk. Ekstra «hot» spansk mat er godt her i kalde
nord.
Pil Pil er oljen som er laga av extra virgin olivenolje, kvitløk,
paprika og chili. Rekene serverast vanligvis i denne rykande varme og smakfulle oljen. Server
med skikkelig godt brød til, slik at alle gjestene får med seg den gode oljen!
REKER: Tapas klassikaren Gamas al pil pil.
Foto: Aina Hole, Norges sjømatråd.
Ingrediensar (4 porsjonar)
250 g reker utan skal
4 ss olje
12 fedd kvitløk
2 raude chili
2 ts tørka chiliflak
2 ss smør
1 sitron
salt
frisk persille
Framgangsmåte
Varm olje i ei panne. Fres tørka chilifrø i 2 minutt på høg varme, slik
at chilien gir skikkeleg smak til oljen. Skru ned varmen og tilsett finhakka
kvitløksfedd og steik i 1 minutt. Pass på at kvitløken ikkje blir brent. Legg i
reker utan skal og steik dei raskt på begge sider. Skvis over litt sitronsaft
og ha smøret i steikepanna. Når smøret har smelta, strør du over finhakka
persille, og retten er klar for servering.
Serverast med godt brød.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar