Dei aller beste råvarene står seg svært godt aleine slik som reker, hummar, sjøkreps og krabbe. Skaldyr kan nytast gjennom heile året, og er noko av det beste havet kan by på.
Ferske skaldyr med godt tilbehøyr er lett å lage til, og det er lite stress om du vil invitere gjestar. Før gjestane kjem kan du hjelpe dei med å reinske krabben og legge krabbematen tilbake i skalet. Utstyr også gjestane med hummargaffel og nøtteknekkar til krabbeklørne.
Å jobbe for maten med reinsking,
skrelling og knekking av skaldyr skaper god og uhøgtidleg stemning. Det kan
vere smart å droppe duken på grunn av søl, og heller sørge for å ha skyljebollar
med sitronskiver i og rikeleg med serviettar på bordet. God helg!
SKALDYR: Inviter på freistande skaldyrfat. Foto: Studio Dreyer+Hensley, Norges sjømatråd. |
Ingrediensar
Reker med skal
hummar
sjøkreps
krabbe
Framgangsmåte
Regn ca. 500 g
skaldyr per person, og server med tilbehøyr som loff, smør, sitron, lime,
majones, aioli og dill.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar