Gatemat eller «streetfood» er populært som aldri før, kanskje fordi det er herleg enkelt, smakfullt og spennande. Streetfood er fingermat eller hurtigmat som vert selt frå matvogn eller matbod av gateseljarar over heile verda.
Moules frites er ein rett med belgisk opphav og blir også kalla nasjonalrett der, men den er også svært populær i Frankrike. Det er heilt vanleg å kjøpe moules frites som hurtigmat på gata i desse landa. Namnet på retten er fransk, og «moules» betyr muslingar eller blåskjel og «frites» pommes frites.
Blåskjel er utruleg lett å lage til og du verden så godt! Når været er
fint er blåskjel super mat å nyte på gata eller på terrassen når det er litt varme
i lufta. Bon appétit!
BLÅSKJELL: Bon appétit med Moules frites. Foto: Marius Fiskum, Norges
sjømatråd. |
Ingrediensar (4
porsj)
2 nett blåskjel
1 sjalottløk
4 fedd kvitløk
1 neve frisk bladpersille
2 dl kvitvin
smør
Aïoli
4 ss majones
1 ts dijonsennep
1 ts sitronsaft
1 fedd kvitløk
6 poteter
olje
2 timian kvister
4 fedd kvitløk
salt og pepar
Framgangsmåte
Enkle potetbåtar
Set steikeomnen på 200 grader. Kutt potet i båtar, vend i litt matolje, kvitløk og timian. Legg potetbåtane på eit steikebrett. Ha på salt og pepar etter egen smak. Steik i 20-30 minutt til potetene er møre.
Tillaging av blåskjela
Skyl blåskjela i kaldt vatn og grovkutt sjalottløk, kvitløk og
persille. Varm smør og surr sjalottløk og kvitløk i nokre sekund. Ha i blåskjel
og kvitvin. Dekk til med lok og damp i eitt minutt eller til blåskjela har opna
seg. Kast dei som ikkje opna seg. Vend inn hakka persille og server!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar