Å lage heimelaga sildepålegg er for mange ein familietradisjon. Godt sildepålegg til lange påskefrukostar med godt brød, varme rundstykke, kokt egg og nytrekt kaffi er for mange eit høgdepunkt som høyrer til høgtidene.
Klassisk sennepssild med dill på ei stykke
rugbrød er rein påskeglede, samtidig er det å endeleg få tid til å ete frukost
ilag med familien er samlande i påskedagane. Dette handlar om sosialt samvær, matglede
og om å ta seg tid til å ta vare på tradisjonar.
Nokre feirar påska aleine, andre med familien eller venner, medan enkelte er på jobb. Uavhengig av kva ein finn på eller gjer i påskehøgtida kan vi alle kjenne på dei lengre og lysare dagane, dei gode slidrelydar frå takrenna når snøen smeltar og sprudlande fuglekvitter! Ha ei riktig god påske!
SILD: Sennepssild er nydeleg påskepålegg. Foto: Bent
Raanes & Sarah Cameron Sørensen, Norges Sjømatråd |
Ingrediensar
6 stk kryddersildfilet
½ stk gul løk
Sennepssaus
100 g majones
3 ss sennep
2 ss dijonsennep
3 ss frisk dill
1 ts 7% eddik
1 ts sukker
pepar
Fremgangsmåte
Smak på
sildefiletane og legg dei i vatn eller mjølk eit par timar dersom dei er for
salte. Skjer kryddersildfiletane i bitar og løk i tynne skiver. Bland majones
med sennep, dill, eddik og sukker. Smak til med pepar, sukker og eddik. Legg
sild og løk lagvis i eit glas eller krukke. Slå sennepssausen over og legg på
lok. Silda bør trekke eit døgn i kjøleskap før den etast. Silda er haldbar i
kjøleskapet i ca. 1 veke, det vil seie heile påska.