mandag 29. april 2019

Karibumaki med laks og avokado er lekkert og rått godt!


Visste du at sushi fekk sitt gjennombrot i Japan allereie i 1850 og det var kokken Hinaya Yohei som serverte bitar av rå fisk oppå ei pute av marinert ris frå sin eigen sushikiosk i Tokyo. Travle japanarar åt dei små delikatessene og det blei fort ein suksess. Sushi kom til Norge i 1985, men først i 1999 blei den første sushirestauranten opna, og det vart ein trend i urbane strøk. I dag er sushi vanlig blant oss nordmenn og mange lagar sushi på eigen hand heime.

Karibu er appetittvekkande sushi. Helgas oppskrift er med laks og fylt med avokado og wasabimajones, toppen er pynta med frisk koriander og lakserogn. Her gjeld det å vere netthendt og når delikatessa skal etast må det gjerast rett: Fisken skal dyppast i soyasausen, ikkje risen. Wasabi skal ikkje rørast inn i soyasausen, men skal smørast på fisken etter ønska styrke. Sylta ingefær tyggast mellom dei forskjellige sushibitane for å nøytralisere forge smak.

Det ser kanskje vanskeleg ut å lage karibumakirullane, men følg framgangsmåten i oppskrifta slavisk, steg for steg, så får du det til. Resultatet kan serverast som ein rett aleine, snacks eller til forrett, du vil garantert imponere gjestane dine. Bon appétit!


SUSHI: Karibumaki med laks og avokado er lekkert og rått godt! Foto: Marianne Aaronsen, Norges Sjømatråd.


Ingrediensar (4 porsj.)
150 g laksefilet utan skinn og bein

1 ts sukker
1 krm salt
½ ss riseddik
6 dl sushiris
1 dl vatn

½ avokado
2 ss majones
1 ark noriark, sjøgras
1 ss frisk  koriander
3 ts lakserogn

Wasabi, bambusmatte, plastfolie

Tilbehør
Soyasaus, wasabi og sylta ingefær

Framgangsmåte
Bland sukker, salt og riseddik i ei lita gryte, og kok forsiktig opp under omrøring. Når sukker og salt er oppløyst, er rismarinaden ferdig. Avkjøl marinaden før bruk. Kok ris slik framgangsmåten på pakken til sushiris forklarar. Ha risen over i ei form, tilsett litt av marinaden og vend forsiktig inn. Risen må ikkje bli for fuktig, prøv deg derfor fram med litt om gangen. Avkjøl risen i romtemperatur.

Skjer laksen i tynne skiver, og avokado i strimlar på ca. 1 cm tjukke. Smak til majonesen med wasabi etter eige ønske. Del noriarket i to. Dekk bambusmatta med plastfolie. Bland vatn med litt riseddik, og fukt hendene lett slik at risen ikkje kleber. Legg eit halvt noriark på bambusmatta med den ruglete sida opp, fordel eit lag ris utover heile arket og snu slik at risen ligg ned.

Fordel avokado og wasabimajones langs den neste kanten av arket. Rull saman ved hjelp av bambusmatta og legg lakseskivene på tvers over rullen slik at denne er dekka med laks. Skjer kvar rull i to, og så videre i to og to til du har fått 8 bitar. Pynt med korianderblad og litt lakserogn på kvar bit.

Server sushibitane med soyasaus, wasabi og sylta ingefær.

torsdag 25. april 2019

Påskestemning med karrisild på frukostbordet


Påske betyr for dei fleste i Norge å vere heime, nokre forlengar vinteren med å reise på fjellet eller hytta, medan andre oppsøker våren ved sjøen. Felles for dei fleste at det er feriedagar der ein kan nyte årstida og naturen, og ein kan samle familie og vener til gode påskemåltid.

Påskeegga på frukostbordet treng godt selskap, og egg og sild er som hand i hanske til påskefrukosten. Å lage ulike sildepålegg av speke- eller kryddersildefiletar er noko av det raskast du kan lage på kjøkkenet. I butikken får du kjøpt sildefiletar frå boks eller pakke som berre treng eit rast skyl i mjølk eller vatn for å kvitte seg med saltet, så er dei klare til bruk.

Sildepålegg kan sjølvsagt nyttast til frukost, lunsj eller kvelds og smakar ekstra godt til rugbrød. Frisk og knallgul karrisild får du ved å tilsette karri, vårlauk og eple slik som i denne helga si oppskrift. Lag gjerne dobbel porsjon og gi vekk i gåve til ein matglad venn. God sildepåske!


PÅSKE: Påskestemning med karrisild til påskefrukosten. Foto: Marianne Aaronsen, Norges Sjømatråd.


Ingrediensar
2 glas kryddersild
4 vårlauk
1 eple
5-6 skiver sylteagurk
2 ss kapers

Karrisaus
150 g majones
3 ss crème fraîche
2 ss kvitvinseddik
1 ts sukker
2 ss karri
½ ts pepar
salt

Framgangsmåte
Skjer vårlauk i skiver, og eple og sylteagurk i terningar. Slå laken av silda og bland silda med vårlauk, eple, sylteagurk og kapers.

Karrisaus
Bland saman ingrediensane til karrisausen og smak til med karri, salt og pepar. Bland karrisausen og sildeblandinga forsiktig saman. Ha blandinga over i et glas eller krukke og legg på lok. Karrisild kan serverast nylaga. Silda er haldbar i kjøleskapet i ca. 1 veke.  


fredag 29. mars 2019

Smak panert seibiff med tre ulike laukar


Seibiff med lauk er ein klassikar, men helgas oppskrift har ein ny vri med tre ulike sortar lauk, sjy, brokkoli og potet som tilbehør. Lauk er ei viktig grønsak både i Norge og på verdsbasis, og Norsk gartnerforbund rapporterer at forbruket av lauk har stige i dei siste åra frå 4 til 7 kg per person.

I Norge dyrkast fleire lauktyper. Lauk varierer i størrelse, farge og form, og smaken varierer frå mild og lett til sterk og kraftig. Mest vanlig er kepaløk (vanlig, raudlauk, søtlauk, salatlauk), sjalottlauk, purrelauk, vårlauk, kvitlauk  og graslauk. I tillegg finnast nokre viltvoksande lauktyper som også kan vere matplanter (ramslauk, vill-lauk, strandlauk).

Lauken er god, allsidig og totalt uunnverleg på kjøkkenet fordi den bidreg som smaksettar i matlaginga. Lauk kan bringe fram tårer ved tillaging av maten, men etter varmebehandling viser den seg frå si søtaste side. Smak kombinasjonen raudlauk, sjalottlauk og vårlauk saman med panert seibiff det er rett og slett himmelsk godt. God helg!


SEIBIFF:  Panert seibiff med tre ulike laukar. Foto: Marianne Aaronsen, Norges sjømatråd.


INGREDIENSAR (4 porsj):

800 g seifilet, utan skinn og bein
1 dl kveitemjøl
2 ts salt
1 ts pepar
olivenolje

Laukblanding
1 stk raudlauk
4 stk sjalottlauk
1 bunt vårlauk
2 ss smør
½  terning fiskebuljong
1 dl vatn
salt og pepar

Tilbehør
poteter
brokkoli

Framgangsmåte
Skjer seifileten i porsjonsstykke. Bland kveitemjøl, salt og pepar, og snu seistykka i blandinga. Steik fisken på middels varme i olivenolje, til den er så vidt gjennomsteikt, ca. 4 minutt på kvar side.

Laukblanding
Skjer raudlauk i båtar, sjalottlauk i ringer, og vårlauk i biter på ca. 3 cm. Brun lauken i smør, slå over fiskebuljong blanda ut med vatn, og la det surre til lauken er mør. Smak til sjyen med salt og pepar.

Server seien med laukblandinga, sjy, kokte poteter og brokkoli.

mandag 25. mars 2019

Lune russiske pirogar med gravlaks


Noko av det mest spennande eg lærte på skulekjøkkenet i 1979 var å lage russiske pirogar. Det var kjevla gjærbakst med kål- eller kjøtdeigfyll. Små runde lefser med fyll vart bretta i to og forma til elegante halvmånar og med pyntekant av gaffelspor. Aldri hadde vi sett noko så vakkert, og det smakte skikkeleg godt! Det er hevda at det var faget heimkunnskap som lærte norske heimar å lage pirogar.

Pirogar er altså ikkje det mest moderne du kan lage, men du verden for eit allsidig og praktisk bakverk. Bakverket kan vere basert på gjærdeig, butterdeig eller pannekakerøre og det finnast ingen grenser for kva du kan ha inni. Enten det er noko med grønsaker, egg, kjøt, fisk eller noko søtt - det finnast alltid ein pirog for deg.

I Russland får ein tak i pirogar overalt, frå fine restaurantar til enkle kioskar, men tradisjonelt har pirogar vorte servert til supper. Pirogar er utruleg praktisk, maten er pakka inni bakverket og dermed passar det godt til enkel «mat i farta» eller i matboksa. Pakk gjerne ferdigbakte og avkjølte pirogar i aluminiumsfolie og la dei få lune seg på grillen eller bålet, det er ypparleg turmat!

PIROGAR: Lune russiske priogar med gravlaks.


Ingrediensar (4 porsj.)
150 g gravlaks
1 ss frisk dill
1 ss frisk persille
1 sjalottlauk
4 egg
3 ss lettrømme
4 plater butterdeig

Tilbehør
Salat

Framgangsmåte
Set steikeomnen på 200 °C. Skjer gravlaksen i små strimlar og finhakk dill, persille og sjalottlauk. Kok tre av egga til dei er hardkokte, skjer i bitar og bland med gravlaks, dill, persille, sjalottlauk og lettrømme. Tin butterdeigen og kjevle kvar plate ut til dobbelt størrelse. Del dei i to og prikk deigen godt. Fordel fyllet på butterdeigen, og brett deigen i to. Pisk det siste egget saman, pensle kantane av butterdeigen og klem dem godt saman. Pensle overflaten med egg. Steik pirogane midt i steikeomnen til dei er gylne og gjennomsteikte, det tek ca. 12 minutt. Server nystekte piroger med salat ved siden av.

Tips: Pirogane kan også frysast og varmast i steikeomnen.

mandag 4. mars 2019

Eksotisk indisk dal med torsk


Indiske matrettar er gjerne fargerike og har mykje smak og duft. Mange av dei tradisjonelle rettane liknar på kvarandre, men dei kan ha varierande namn eller lokale tilpassingar. Linser, bønner og kikerter har eit fellesord på indisk, dal (daal, dahl).

Dal er gjerne daglig innslag i det indiske kosthaldet og er både sunt, billig og mettande. Rettane er deilig krydra med eksotiske smakar. Krydderbruken i India er omfattande. Ingefær, spisskum, gurkemeie, chilipepar, safran, sennep, nellik, kardemomme, kanel og fleire andre krydder er i daglig bruk i det indiske kjøkkenet.

Vil du ete denne retten på korrekt indisk vis må du sitte på teppe eller pute i skreddarstilling og droppe bestikket og ete med handa. Ifølge ayurveda medisin, indisk helsefilosofi eller «lære om livet», vil dette føre til at ein et mindre og får bedre fordøyelse enn når ein sit og et på en stol. Stol eller pute, bestikk eller hand, smaken er i alle fall eksotisk - namaste!


INDISK:  Eksotisk indisk dal med torsk. Foto: Marianne Aaronsen, Norges sjømatråd.



 
INGREDIENSAR (4 porsj):

600 g torskefilet, utan skinn og bein
½  lauk
½ raud chili
20 cherrytomat
½ sitron
2 ss rapsolje
2 ts garam masala
1 ts gurkemeie
1 ts malt spisskummen
4 dl grovhakka hermetiske tomatar
3 dl kokosmjølk
600 g raude hermetiske linser
salt

Tilbehør
Fullkorn couscous
Frisk koriander

Framgangsmåte
Skjer torsk i terningar. Finhakk lauk og chili, del cherrytomatane i to, og press safta frå sitron.
Varm rapsolje i ei kasserolle, og fres lauk og chili til lauken er gylden. Ha i cherrytomatane og la det surre eit par minutt. Tilsett garam masala, gurkemeie og spisskummen, og bland det godt saman. Ha i hermetiserte tomatar, kokosmjølk og linser, og la det koke under lok i 5 minutt. Tilsett torsketerningane og la dei trekke under lokk i 3 minutt. Smak til med sitronsaft og salt. Server indisk dal med fullkornscouscous og koriander.

mandag 18. februar 2019

Festmåltid med pannesteikt skrei med appelsinsaus og potetmos

No er det sesong for skrei, denne fantastiske torsken som har svømt frå Barentshavet og ned til norske kysten. Ordet skrei kjem frå det norrøne ordet skreið som betyr fisk som skrider eller vandrar. Fiskekjøtet til den vandrande skreien har derfor ekstra mykje musklar, god fastheit og er kvitt og delikat.

I dag har eg også tips til nytt kjøkenreiskap til deg som ikkje er verdsmeister med kniven og redd for fingertuppane. Invester i ein mandolin, denne er heilt uunnverleg når du skal lage syltynne skiver slik det skal vere til både salaten og grønsakschipsen til helgas festmåltid.


Ein festmiddag betyr at det serverast noko eksklusivt og dampande godt på tallerkenen. Helgas oppskrift er å ta skreimiddagen til eit nytt nivå. Pannesteikt skrei med ein frisk appelsinsaus, potetmos og salat av appelsin og fennikel er eit realt festmåltid i sesong!


SKREI: Festmåltid med pannesteikt skrei med appelsinsaus og potetmos. Foto: Marianne Aaronsen, Norges Sjømatråd.


Ingrediensar til 4 porsjonar:

800 g skreifilet med skinn
3 ss salt
2 fedd kvitlauk
2 kvister frisk timian
2 ss olivenolje
Smør

Appelsinsaus
1 appelsin
100 g smør

Potetmos
600 g potet
2 ss smør
1 dl matfløyte
salt og pepar

Salat
1 appelsin
1 frisk fennikel
½ raudlauk
1 ss olivenolje
salt og pepar

Rotgrønsakschips
100 g gulrot
100 g raudbete
4 dl solsikkeolje
salt og pepar

Framgangsmåte
Skrap skreiskinnet godt, dryss salt over fisken og la den ligge i 10 minutt. Skyl av saltet og tørk godt med tørkepapir, og skjer fileten i porsjonsstykke. Knus kvitlauksfedd lett med flatsida av ein kjøkkenkniv. Varm olivenolje i ei steikepanne, ha i kvitlauk og timian, og steik skreien med skinnsida ned til skinnet er sprøtt, ca. 4 minutt. Snu skreien, tilsett smør og trekk steikepanna av varmen. La skreien trekke til den akkurat er gjennomsteikt, ca. 4 minutt. Ta skreien ut av steikepanna, legg til side og hald den varm.

Appelsinsaus
Press safta av appelsin og ha i steikepanna som skreien ble stekt i. Kok appelsinsafta til mengda er halvert. Sil over i ein liten gryte og rør inn kaldt smør i terningar. Smak til med salt. Varm opp sausen forsiktig før servering, den skal ikkje kokast.

Potetmos
Skrell potet, skjer i bitar og kok møre i lettsaltet vatn, ca. 15 minutt. Slå av kokevatnet, og mos potetene med ein potetmosar eller ein gaffel. Tilsett smør og matfløyte, og mos til ønska konsistens. Smak til med salt og pepar.

Salat
Skrell appelsin og del i båtar. Finsnitt fennikel og raudlauk. Bruk gjerne ein mandolin om du har.
Vend appelsinbåtar, fennikel og raudlauk i olivenolje, og smak til med salt og pepar.

Rotgrønsakschips
Vask og skjer gulrot og raudbeter i papirtynne skiver, og legg i ein bolle med iskaldt vann. Bruk gjerne en mandolin om du har. Ha solsikkeolje i ei gryte og varm opp til ca. 180 °C. Bruk ein spisepinne av tre for å sjekke om det er varmt nok, det skal boble rundt spissen. Tørk godt av grønsakene med eit tørkepapir og friter i kasserollen i puljer til dei er sprø og gylne. Pass på steiketida, særleg på raudbetane. Bruk ei holsleiv og løft dei over på eit tørkepapir så feittet får renne av. Krydre med salt og pepar.

Server skreien med appelsinsaus, potetmos og salat. Ha rotgrønsakschips på toppen.

Tips: Fileter gjerne appelsinen ved bruk av ein skarp kniv. Skjer først vekk skalet slik at det ikkje er noko kvitt igjen, og skjer deretter ut båtar mellom hinnene på appelsinen. Du kan også få kjøpt ferdig rotgrønsakschips på utvalde helsekostbutikkar.



mandag 4. februar 2019

Blåskjel med mange smaksvariasjonar


Norske blåskjel er sødmerike, frodige og delikate om vinteren. Våre blåskjel er mellom verdas beste på grunn av dei kalde og klare fjordane våre og no er det høgsesong for nydeleg sjømat. Blåskjel er enkelt og raskt å lage, det tek ikkje mange minutt frå du startar til du er ferdig med eit herremåltid!

Levande blåskjel kjøper ein i nett frå ferskvaredisken. Det er viktig å ikkje pakke dei inn i tett plast, og når du skal oppbevare dei i kjøleskapet heime må du sørge for å gi dei luft ved å ha open pose. Kontroller alltid alle levande skjel før bruk. Alle skjela skal vere lukka, kontroller skjela ved å kakke dei i kjøkkenbenken, dei som ikkje lukkar seg raskt etter eit kakk eller to skal hivast.

Når blåskjela har opna seg under damping (grunnoppskift) er det på tide å tilsette smak og her finnast det mange variasjonar (sjå tips til smakssetting). Blåskjel må aldri dampe for lenge, då vert dei seige og smaklause. Blåskjel serverast i ein stor djup tallerken, med god plass til den smaksette sjyen. Bruk fingrane og reinsk blåskjela etterkvart som du et, medan du dyppar godt brød i sjyen - namnam!

BLÅSKJEL: Grunnoppskrifta gir grunnlag for mange gode smakar til blåskjel. Foto: Marianne Aaronsen, Norges Sjømatråd.

Grunnoppskrift
Ingrediensar til 2-4 porsjonar:
2 kg blåskjel (1 kg per pers til hovedrett og ½  kg per pers til forrett)
½ lauk
5 cm purre
½ selleri
1 ss smør

Framgangsmåte
Skrubb blåskjela, ta bort byssustrådane (skjegget), og fjern knuste og livlause blåskjel. Alle skjel skal vere lukka. Finhakk lauk, purre og selleri, og surr i smør til lauken er mjuk, men ikkje brun. Tilsett blåskjela, legg på lok og la alt dampe i 3-4 minutt. Rist på gryta slik at dei skjela som ligger nest kjem opp. Damp videre i 3-4 minutt til skjela har opna seg, no kan du smakssette med det du ønsker. Rist gryta igjen og kok opp, kast dei blåskjela som ikkje har opna seg etter damping og server straks med godt brød til.

Tips til smaksetting etter at blåskjela har opna seg i gryta:

Blåskjel med kvitvin: kvitvin, kvitlauk
Blåskjel med curry: sitrongras, red curry paste, kvitvin, matfløyte og lime
Blåskjel med øl: mørkt øl, laurbærblad, persille og timian
Blåskjel med blåmuggost: blåmuggost, matfløyte og kvitvin
Blåskjel med kvitlauk og chili: chili, kvitlauk, lime, eplejus
Blåskjel i kokosmjølk og karri: kokosmjølk, red curry paste, persille