lørdag 4. januar 2020

Godt nytt år med fargerik sei i form!


Julematen har vore ein orgie i feitt frå pinnekjøt, svineribbe, lammerull, sylteflesk og mår og pølser, og det kan vere mogleg at både julekakene, dessertane og kanskje dei flytande kaloriane har sett seg på sidebeina i desember månad. Tida er altså komen for å stamme inn livreima etter julefeiringa og ete litt sunnare, magrare og meir sparsamt. Det er her fisken kjem inn.

Å ete fisk til middag og å gå aktivt på tur er noko av det beste du kan gjerne for kroppen din etter jul, dette er mager mat som påverkar kolestolinnhaldet i blodet og fyller på med sunne omega-3 feittsyrer. Kosthaldråd nr 5 seier at ein bør ete fisk to- tre gongar i veka og rådet tilsvara totalt 300-450 gram rein fisk. Dette skulle vel vere mogleg å få til?

Å lage sei i form er både enkel og retten er rask å lage til i ein hektisk kvardag no på nyåret. Oppskrifta er veldig enkel og resultatet vert omnsbakt sei i ein fargerik saus, ja dette lagar seg verkeleg sjølv i steikeomnen. Med ønske om ein sunn og frisk start i matvegen på det nye året!


SEI:  Godt nytt år med fargerik sei i form. Foto: Synøve Dreyer, Norges sjømatråd. 


Ingrediensar
(4 porsj.)

700 g seifilet, utan skinn og bein
1 grøn paprika
1 gul paprika
1 raud paprika
2 ts salt
½ ts pepar
½ ts paprikapulver
2 dl fiskekraft

Tilbehør
Poteter

Framgangsmåte
Set steikeomnen på 180 °C. Skjer seifileten i skiver. Skyl paprika, reins ut frø og skiljeveggar, og skjer i strimlar. Legg sei og paprika i ei smurt, eldfast form. Drys salt, pepar og paprikapulver over seien. Slå på fiskekraft og dekk forma med aluminiumsfolie. Bak i steikeomnen til seien er ferdig det vil seie når den har endra farge og skivar seg  etter ca. 20 minutt. Server seien med kokt potet.

Tips: Fiskekraft kan erstattast med fiskebuljong.


søndag 22. desember 2019

Julehøgtid med kveite med urtesaus og lakserogn på menyen


Fisk og sjømat er gode variasjonar frå jula sine mektige kjøtmåltid. For vår kystbefolkning har både fersk torsk og kveite sterke juletradisjonar og frå gamal av heitte det seg at husbonden måtte sitte på nausttaket om han ikkje klarte å skaffe julefisk. Det var stor skam dersom fisken mangla til jul.

Romjulsmiddag med kveite er ein av jula sine beste middagar, mange vel den klassiske varianten med å trekke den i lettsalta vatn, med kokte gulrøter, potet og eggesmør til. Årets julekveiteoppskrift er pannesteikt kveite, der ein steiker kveitestykka lett og let dei kvile etterpå. Det viktigaste med kveite er uansett å gjere trekkinga eller steikinga på lav temperatur, slik at kveita ikkje blir tørr.

Julekveita er feit og fin, og det passar godt med litt friske og syrlege sausar til. Helgas oppskrift er rett og slett ein saus med base i fiskekraft og fløyte, med mykje friske urter i og sjølvsagt sitron. Fargespelet på tallerkenen med friske og grøne aspargesbønner, toppa med oransje lakserogn, gjer denne retten til ein julefest. Ha ei fredeleg og god jul!


KVEITE: Julehøgtid med kveite med urtesaus og lakserogn på menyen. Foto: Marianne Aaaronsen, Norges sjømatråd. 


Ingrediensar (4 pers)
4 kveiteskiver
1 ss grovt salt
1 ss smør
1 ss olivenolje

Saus
1 ts frisk basilikum
1 ts frisk timian
1 ts frisk oregano
1 ss smør
2 ss kveitemjøl
1 ½ dl fiskekraft
1 dl kremfløyte
1 ss sitronsaft
salt

Tilbehør
aspargesbønner
poteter
lakserogn

Framgangsmåte
Dryss salt over kveitestykka  og la dei ligge i ca. 15 minutt. Skyl av saltet og tørk godt. Steik kveita på middels varme i olivenolje og smør til den er gylden, ca. 2 minutt på kvar side. La stykka kvile.

Saus
Finhakk basilikum, timian og oregano. Smelt smør i ei kasserolle, rør inn kveitemjøl og la blandinga frese i ca. 1 minutt. Ha i fiskekraft og la det småkoke i 2-3 minutt. Tilsett kremfløyte og gi sausen eit oppkok. Ha i basilikum, timian og oregano og la sausen småkoke nokre minutt. Smak til med sitronsaft og salt. Server kveite med lakserogn, urtesaus, aspargesbønner og poteter.

Tips: Fiskekraft kan erstattes med fiskebuljong.


fredag 6. desember 2019

Safrangraven laks - nydeleg tradisjonsmat


Gravlaks er rå laks som er marinert i salt og sukker. Populære krydder i gravlaks er dill, fennikel, svart pepar, safran, ingefær, einebær, korianderfrø og peparrot. Gravlaks kan også marinerast med aquavit, konjakk eller anislikøren Pernod, men det gjer ingenting å sløyfe alkohol i ingredienslista. Å lage tradisjonsrik gravlaks er enklare enn du trur, du kan tilpasse krydder slik at laksen smakar akkurat slik du likar best.

All fisk som skal gravast, bør djupfrysast i 3 døgn på førehand for å drepe eventuelle snyltarar i fiskekjøtet, eller ein kan fryse fisken etter graving. Gravlaks vert ofte som servert som forrett i tynne skiver på rugbrød eller med kokte poteter med dill- eller sennepsaus. Gravlaks er god tradisjonsmat til juleselskap og er ein klassikar på julekoldtbordet. Helgas oppskrift er safrangrava laks, denne smakar nydeleg og lagast i ein fei. Ha ei fin adventstid!


GRAVA LAKS: Safrangraven laks er nydeleg tradisjonsmat. Foto: Marianne Aaaronsen, Norges sjømatråd. 


Ingrediensar (8 pers)
½ dl salt
1 dl sukker
1 ss kvit pepar
1 g safran
3 ss Pernod
1 stk stjerneanis
1 ts fennikelfrø
1,5 kg laksefilet med skinn

Framgangsmåte
Skyl laksen i kaldt vatn, tørk godt, og skjer vekk synleg feitt og hinner. Støyt safran, pepar, stjerneanis og fennikelfrø i ein morter. Bland safran, pepar, stjerneanis, fennikelfrø, salt og sukker. Gni blandinga godt inn i laksen, slå Pernod over og dekk til med plastfolie. La laksen stå romtemperert til krydderblandinga begynner å smelte og trekke inn i laksen, ca. 30 minutt. Legg lett press på laksen og la den stå i kjøleskapet i minst 1 døgn.

Gravet laks som ein lagar sjølv er haldbar i kjøleskap inntil 7 dagar. Grava laks kan også frysast.



søndag 24. november 2019

Smak sesongens lutefisk med chorizopølse og soyasaussmør


Lutefisk er ein av dei eldste matrettane i Norge, og ingen veit heilt sikker når eller korleis den oppsto. Det vi i alle fall veit i dag er at hovudingrediensen er skrei, helst frå Lofoten, som tørkast under open himmel i omtrent eit halvt år. Etter tørkinga skal fisken vatnast ut i  fem dagar eller meir, og neste trinn er å legge fisken i lut.

Luten er ei blanding av vatn og kaustiks soda som er ei basisk løysing, og her skal fisken godgjere seg i 2-3 dagar. Kor lenge fisken lutast avgjer kor fast eller geléaktig den blir. Til slutt og før den kan etast, må fisken igjen vatnast ut i 4- 6 dagar. Å lage til lutefisk er altså ein lang prosess og sesongens lutefisk er oftast klar i oktober og november.

Tilbehøyret til lutefisk er viktig for at middagen skal bli ein suksess. I helgas oppskrift er det lutefisk med ny vri med sterk spansk chorizopølse, soyasaussmør, irrgrøn ertepurè og mandelpoteter til. Lutefiskelskarar over heile landet går ei herleg tid i møte og med Norges Sjømatråd sitt slagord: «Lutefisk elskere, elsk ikveld», ønsker eg alle ei riktig god helg!


LUTEFISK: Smak sesongens lutefisk med chorizopølse og soyasaussmør. Foto: Marianne Aaaronsen, Norges sjømatråd.

Ingrediensar (4 pers)
2 kg lutefisk
2 ss salt
50 g chorizopølse
pepar
aluminiumsfolie

Ertepuré
500 g frosne erter
1 ½ dl kremfløyte
3 ss frisk mynte
salt og pepar

Soyasmørsaus
1 dl fiskekraft
1 ½ dl kremfløyte
3 ss soyasaus
2 ts maisenna
50 g smør

Tilbehøyr
Mandelpoteter

Framgangsmåte
Set steikeomnen på 200 °C. Skjer lutefisken i serveringsstykke og legg dei med skinnsida ned i ei langpanne med kantar. Drys på salt og la dei ligge i 30 minutt. Slå av vatnet som vert trekt ut. Kvern pepar over fisken og dekk langpanna med aluminiumsfolie. Steik lutefisken i steikeomnen i ca. 40 minutt. Skjer chorizo i tynne skiver og rist dei i tørr steikepanne.

Ertepuré
Bland erter med kremfløyte og hakka mynte, og gi det eit oppkok slik at ertene tinar. Mos alt saman og sil puréen. Smak til med salt og pepar.

Soyasmørsaus
Kok opp fiskekraft, kremfløyte og soyasaus, rør inn maisennajamnar og la sausen koke i 2 minutt. 
Rør inn kaldt smør rett før servering. Server lutefisken med ertepuré, chorizopølse, soyasmørsaus og kokte poteter ved sidan av.

Tips: Dersom du vil ha fastare lutefisk drys salt over og lar lutefisken stå kjølig eit par timar. Slå av vatnet som trekk seg ut og skyl deretter lutefisken i kaldt vatn.


fredag 8. november 2019

Club sandwich med torsk er smart mat i farta!


Club sandwich er eigentleg eit smørbrød med to lag pålegg mellom tre brødskiver. Vanlegvis vert skivene skjert i trekantar og haldne saman av ein trepinne. Dagens oppskrift er dermed ein litt forenkla variant med pålegg mellom berre to skiver, altså eit saftig smørbrød.

Nokre matrettar slik som club sandwich er klassikarar og det er gjerne smakane på pålegget og tekstur (rista brød) som rett og slett er ein kombinasjon som fungerer. Retten finn ein ofte på pub, strandbar og det finnast vel knapt eit hotell som ikkje har club sandwich på menyen for room servise.

Travle kvardagar der ein etter jobb og skule skal raskt over i fritidsaktivitetar, må ein av og til ty til enkle og raske løysingar til middag. Det tek 20 minutt å lage denne club sandwichen med torsk som  er enkel, mettande og ein sunn middag i farta. Velbekomme!


CLUB SANDWICH: Club sandwich med torsk er smart mat i farta! Foto: Marianne Aaaronsen, Norges sjømatråd. 



Ingrediensar (4 pers)
600 g torskefilet, utan skinn og bein
1 ss grovmalt pepar
1 ts timian
2 ss smør
1 ss olivenolje
100 g bacon

Dressing
2 dl lettrømme
1 ss sennep
1 ts sukker

Tilbehør
2 tomat
8 blad romanosalat
8 skiver landbrød

Framgangsmåte
Skjer torsken i porsjonsstykke. Bland pepar og timian, og snu torsken i krydderblandinga. Dryss torsken med salt og steik i ei blanding av smør og olivenolje, ca. 3 minutt på kvar side. Steik bacon sprøtt og la det renne av på eit tørkepapir.

Dressing
Bland sammen ingrediensene til dressingen. Smak til med litt sennep og sukker.

Tilbehør
Skjer tomat i skiver og vask salaten. Rist brødskivene.

Ha torsk, bacon, dressing, tomat og salat på halvparten av brødskivene. Ha resten av brødskivene over, og server.

mandag 4. november 2019

Portugisisk bacalao er ein fest!


Portugal ligg i det sydvestlege Europa på Den iberiske halvøya og har lang kystlinja mot Atlanterhavet. For portugisarane har klippfisk av torsk vore ein viktig del av kosthaldet i fleire hundre år. Årsakene er mange, men fiskeri på Newfoundland, den katolske kyrkje si faste og klippfiskens haldbarheit og næringsverdi er viktige faktorar.

I middelalderen «tvang» den katolske kyrkje gjennom ei rekke fastedagar. Faste betydde at ein ikkje kunne ete kjøt, men det var lov å ete «kald» mat. Fisk, sjøfugl og kval vart rekna som kald mat sidan den kom frå havet. I ei periode var det for ein god katolikk forbode å ete kjøt nesten halvparten av året. Klippfisk var dermed ypparleg fordi den var lovleg, tilgjengeleg og hadde ein konsistens og ei tillagingsform som fungerte godt som eit substitutt for kjøtrettane.

For vanlege arbeidsfolk i Portugal hadde klippfisk god haldbarheit og næringsverdi, og det var billig. Denne maten kunne lagrast og vere reserve til dårlege tider. Dette var også eigenskapar som var heilt nødvendige for sjøfarar og oppdagarar som reiste ut i verda for å oppdage nytt land og sjøvegar. Det finnast mange oppskrifter på bacalao og Portugal skryt av at dei har ei oppskrift for kvar dag i året. Her kjem ei av dei, god appetitt!


BACALAO: Portugisisk bacalao er ein fest! Foto: Marianne Aaaronsen, Norges sjømatråd. 


Ingrediensar (4 pers)
500 g utvatna og reinska klippfisk
500 g potet
2 lauk
2 fedd kvitlauk
2 ss frisk bladpersille
50 g grøn oliven
2 egg
1 dl olivenolje
1 ts pepar

Tilbehøyr
Loff

Framgangsmåte
Sett steikeomnen på 180 °C og skjær klippfisken i bitar. Skrell potet og lauk, og skjer i skiver. Finhakk kvitlauk og persille, skjer oliven i ringar, og hardkok egg. Legg potet og lauk lagvis i botnen av ei smurt, eldfast form. Ha kvitlauk, persille og oliven over, og legg klippfiskbitane på toppen. Slå olivenolje over klippfisken, og dryss med pepar. Steik midt i steikeomnen til klippfisken er ferdig og potetene er møre ca. 35-45 minutt.

Server bacalao toppa med hardkokt egg i skiver, og loff ved sidan av.


mandag 14. oktober 2019

Møt hausten med sursøt seisuppe med skaldyr


Vi har passert haustjamndøgn og overgangen frå sommar til vinter merkast godt. Mørkare kveldar, mindre solvarme og temperaturmålaren viser kjøligare dagar og netter. Når det er kaldt ute er det ingenting som smakar så godt som varm, heimelaga fiskesuppe og med brød til er det ein komplett middag.

Seisuppa i dag inneheld reker utan skal, men går rekeskalet ofte rett i boset? Ikkje kast skal rekeskala, men kok heller kraft som du kan bruke i supper og sausar. Fres rekeskala lett i ei gryte med olje tilsett lauk, kvitlauk og heile peparkorn. Dekk deretter rekeskala med vatn og la det småkoke i 30 minutt, skum av og sil krafta. Denne krafta smakar mykje betre enn kraft frå pulver og terningar.

Dagens oppskrift er med sei, blåskjel og reker. Med heimelaga fiskekraft av rekeskal løftar du suppa til nye høgder, saman med den sursøte smaken frå sylta graskar. Dette ei skikkeleg god og smakfull haustsuppe!

FISKESUPPE: Møt hausten med sursøt seisuppe med skaldyr. Foto: Marianne Aaaronsen, Norges sjømatråd.


Ingrediensar (4 pers)
400 g skinn og beinfri seifilet
300 g blåskjel
200 g reker utan skall
2 gulrot
1 purrelauk
4 dl kvitvin
2 ss smør
2 ss kveitemjøl
2 l fiskekraft
50 g sylta graskar
2 ss frisk graslauk
3 dl matfløyte
1 ss eddik
1 ss sukker
Salt

Tilbehør
Godt brød

Framgangsmåte
Skjer sei, gulrot og purrelauk i terninger. Skrubb blåskjella og kontroller at alle skjella er lukka. Kast tvilsomme skjell. Damp blåskjellene i litt av kvitvinen til skjellene opnar seg, ca. 3 minutt. Sil av krafta og set den til side. Ta skjellmaten ut av nesten alle skjella, men la nokre vere igjen i skjella som pynt. Smelt smør i ein kasserolle og rør inn kveitemjølet. Spe med krafta frå blåskjela, fiskekraft og resten av kvitvinen og la suppen koke inn noko. Ha sei, gulrot, purrelauk, sylta graskar og finhakka graslauk i suppa, kok opp og la den trekke til seien er kokt, ca. 2 minutt. Ha i matfløyte og smak til med eddik, sukker og litt salt, den skal smake svakt sursøtt. Varm opp til kokepunktet og ha i blåskjel og reker. La stå til blåskjell og reker er varme, ca. 1 minutt.

Server suppen med godt brød ved siden av.