torsdag 3. september 2020

Wrap med steik makrell og ratatouille

Ingenting er så artig som å fiske makrell, er du heldig å treff på ein stim kan ein fort hale i land ei bøtte med sprellande fangst! Unge makrellar kallast for pir og mange meiner at det er den aller beste makrellen du kan få tak i. Om du ikkje fiskar sjølv, kan du kjøpe makrell i butikken og makrell er sommarmat nummer ein for mange.

Makrell er stappfull av sunne marine omega – 3-feittsyrer, desse er med på å forebygge og bremse utviklinga av hjarte- og karsjukdomar og er svært viktige for utvikling av hjernen. Makrellen har altså så stor feittprosent at eit kjøkkentips er å gi makrellen romtemperatur for å unngå at den krøllar seg på grillen eller i steikepanna. 
 

Visste du at denne tigerstripa og alltid svømmande stimfisken manglar svømmeblære og må derfor vere i konstant bevegelse for å ikkje synke? Det gir ein herleg seinsommarfølelse på legge fersk makrell på grillen, og saman med fransk grønsaksblanding pakka i wrap er dette smakfulle munnfullar.

MAKRELL: Wrap med steik makrell og ratatouille. Foto: Marianne Aaronsen, Norges Sjømatråd.


Ingrediensar
600 g makrellfilet utan skinn og bein
1 ss rapsolje
4 tortillalefser
salt og pepar
grillfolie

Ratatouille (fransk grønsaksblanding)
1 gul lauk
1 raud paprika
½ aubergine
1 fedd kvitlauk
1 grøn squash
3 ss olivenolje
400 g grovhakka hermetiske tomatar
2 ss frisk basilikum
salt og pepar

Framgangsmåte
Skjer makrellfiletane i serveringsstykke. Brett eit ark grillfolie dobbelt og smør med rapsolje. Krydre makrellen med salt og pepar, og legg den på folien. Steik den på grillen i ca. 2 minutt, snu den og steik den 2 minutt på den andre sida.

Ratatouille
Vask, reinsk og skjer alle grønsakene i like store bitar. Varm opp olivenolje i ei steikepanne på middels varme. Begynn med å surre lauken i oljen til den er mjuk og blank. Tilsett en sort av grønsakene om gongen og la det surre i 1 minutt før du tilsett neste sort. Ha i meir olivenolje ved behov. Sil hermetiske tomatar og tilsett tomatmassen saman med dei andre grønsakene. La grønsakene trekke på middels varme til dei er møre. Ha i finhakka basilikum, og smak til med salt og pepar. Legg litt ratatouille langs midten av kvar tortillawrap og legg makrell over. Brett, rull saman og server.

Tips: Dersom du ikkje har tilgang til grill kan makrellen også steikast i steikepanne.

tirsdag 4. august 2020

Bakt tørrfisk med variasjon av potet og purrelauk

Sommarferien er på hell og eit av høgdepunkta for min ferietur til Nord-Norge var å besøke øygruppa Røst yst i Lofoten. Røst kommune består av 365 øyer og skjær, og Røstlandet som er den største øya som er knytt saman av vegar, bruer og moloar og har beskjedne 11 meter som det høgaste punktet.

Det er i all hovudsak Lofotfiske frå januar til april som er den store tida på Røst i løpet av året, då er det liv og røre ved dei store fiskemottaka og opphenging av tørrfisk på hjellar. No om sommaren er tørrfisken tatt ned frå hjellane og ligg til modning på stor luftige lager, før han vert kvalitetssortert (vraka) i 19 forskjellige kategoriar og eksportert til i all hovudsak Italia. Tørrfisk er ei stor delikatesse i Italia og den feirast med tørrfiskfestivalar fleire stadar i landet.

Tørrfisken må vatnast ut før den brukast og eit kilo tørrfisk har samen næringsinnhald som fem kilo fersk fisk. Tørrfisk er akkurat som ost og vin, den må modnast til den rette smaken. Tørrfisk kan brukast til kvardagsmat og den beste kvaliteten går til gourmetrestaurantar. Helgas oppskrift er ein fin sommarrett med purre og tørrfisk av god kvalitet saman med nypoteter, og den kan vekke fram gode sommarminne frå Røst og Lofoten.


TØRRFISK: Bakt tørrfisk med variasjon av potet og purrelauk. Foto: Mats Meyer, Norges Sjømatråd.

TØRRFISK: Bakt tørrfisk med variasjon av potet og purrelauk. Foto: Mats Meyer, Norges Sjømatråd.

Ingrediensar

600 g tørrfisk, utvatna og reinska

1 sitron

3 ss olivenolje

salt og pepar



Potetkrem

5 mandelpotet

3 dl fløyte

1 dl mjølk

4 ss smør

salt



Potet- og purrelauksaus

3 ss smør

1 purrelauk

2 mandelpotet

2 sjalottlauk

1 fedd kvitlauk

2 dl fløyte

1 dl mjølk



Graslaukolje

1 potte frisk graslauk

2 dl solsikkeolje



Potetchips

4 stk nypotet

4 dl solsikkeolje



Framgangsmåte

Bakt tørrfisk

Kutt 2 cm tynne skiver av den utvatna tørrfisken. Leggast på steikebrett. Penslast med god olivenolje, maldonsalt og litt sitron.

 

Potetkrem

Skrell mandelpotet. Kokast i vatn til poteten er helt mør. Slå av vatnet og mos saman. Varm opp fløyte, mjølk og smør. Slå over og rør forsiktig i potetmassen. Smak til med salt til slutt og hald potetkremen varm til servering.

 

Potet og purrelauksaus

Del purrelauken i to og skyl den godt i vatn. Kutt i strimlar den lyse delen av purrelauken. Den mørke delen steikast lett i smør rett før servering. Skrell kvitlauk, sjalottlauk og potet. Sviss saman terningar av lauken og potet i kasserolle. Slå over fløyte, smør og mjølk. Varm opp og la det poteten bli heilt mør før alt kjørast raskt med stavmiksar. Smak til sausen med litt salt og ferskpressa sitronsaft.

 

Gresslaukolje

Kjør opp graslauk og olje i blender. Kokast opp i kasserolle 2 minutt før oljen avkjølast.

 

 


mandag 3. august 2020

Sommarsalat med klippfisk og fersken


Mange ønsker å ete enkelt, lett og frisk mat om sommaren, då er salat kombinert med sjømat proppfull av næring ei veldig fin brikke for å få eit variert kosthald. Helgas salat består av mellom anna klippfisk og fersken og det er ein super kombinasjon.

Fersken kjem originalt frå Kina og er «tvillingen» til nektarin, men er også i familien med både plomme, mandlar og aprikos. Fersken er saftige, søte og fruktkjøtet nærmast smeltar på tunga. Ikkje skrell fersken, for det er mykje kostfiber i skalet. Søt fersken er ei umerka kontrast til salt klippfisk.

På ein var sommardag smakar det godt salat, og ekstra godt er det når hovedingredinensane er klippfisk saman fersken og toppa med ost og oliven. Denne salaten er sunn og rask å lage, og den kan også vere godt tilbehøyr på tapasbordet. Ha ein fortsatt god sommar!


KLIPPFISK: Sommarsalat med klippfisk og fersken. Foto: Alf Børjesson, Norges Sjømatråd.


 
Ingrediensar

500 g utvatna og reinska klippfisk
200 g ruccolasalat
4 heile fersken
150 g ost
10 svarte oliven
frisk basilikum
2 ss olivenolje
2 ts balsamicoeddik
pepar

brød

Framgangsmåte
Skjer klippfisk i bitar og kok i vatn i ca. 4 minutt.  Slå av kokevatnet og flak klippfisken. Skyl salaten og la renne godt av og legg på fat. Skjer fersken og ost i terningar. Legg klippfisk, fersken, oliven og ost over salaten. Bland olivenolje og balsamicoeddik, og drypp over salaten. Kvern pepar og dryss finhakka basilikum over til slutt.

Server salaten med brød ved sidan av.



Lakseburger er barnas sommarfavoritt!


Barn og unge i Norge et for lite fisk og det er ikkje bra. Fisk er sunn og god mat, og ikkje minst så er Norge ein av verdas leiande fiskerinasjon, så fisk må ein berre lære seg å like! Ofte kan det vere foreldre som ikkje tilbyr fisk til barna sine fordi ein trur at dei ikkje likar fisk, og no om sommaren kan det kanskje verte litt vel mykje grillpølser til dei yngste?

Det finnast råd og ikkje minst oppskrifter. Fiskesprell er eit nasjonal kosthaldprogram som skal vere med å spreie sjømatglede, og å gjere sjømat til eit naturleg val for barn og unge. På nettet kan du søke på www.fiskesprell.no og finne mange gode oppskrifter som egnar seg svært godt til barn.

Ei klassisk fiskesprelloppskrift er heimelaga lakseburger. Den går fort å lage og kan serverast rett i handa etast ute, denne blir fort ein sommarfavoritt. Barn likar faktisk fisk!

LAKS: Lakseburger er barnas sommarfavoritt! Foto: Marianne Aaronsen, Norges Sjømatråd


Ingrediensar

400 g laksefilet utan skinn og bein
1 ss frisk graslauk
1 ts salt
½ ts pepar

Potetskiver
1 bakepotet
olje
salt og pepar

Tilbehør
salat
tomat
agurk
burgerbrød
dressing

Framgangsmåte
Finhakk laksefileten og graslauken, og bland saman med salt og pepar. Form flate lakseburgarar og steik dei i ca. 2 minutt på kvar side.

Potetskiver
Kok bakepotet til den er nesten ferdigkokt, ca. 10-20 minutt og avkjøl. Skjer poteten i ca. ½ cm tjukke skiver og pensle med olje. Dryss med salt og pepar, og grill potetskivene lett på grillen før servering.

Tilbehør
Vask salat, og skjær tomat og agurk i skiver.

Server lakseburger i burgerbrød med salat, grønsaker og dressing, og med potetskiver ved sidan av.

onsdag 1. juli 2020

Sommarsalat med røykelaks


Juni har overraska oss med sol og høge temperaturar og vi har fått ein nydeleg start på sommaren. På varme sommardagar er det godt med lett mat som gode salatar som er raske å lage.

Når prøvde du ut ein ny dressing sist? Det finnast så mange spennande salatdressingar du kan lage sjølv. Nokre har ei lang liste med mange spennande ingrediensar, og nokre har få og enkle ingrediensar. Helgas oppskrift byr på ein smakfull sennepsdressing, som smakar nydeleg til røykelaks.

Salat med «litt mat i» slik som røykelaks egg, avokado og asparges mettar godt og passar godt til mange anledningar som lunsj, middag eller kveldsmat. Prøv sommarsalat med røykelaks og sennepsdressing, den gjer deg mett og glad!

SOMMAR: Sommarsalat med røykelaks. Foto: Marianne Aaronsen, Norges Sjømatråd.


Ingrediensar
400 g røykt laks
1 pk blanda salat
½ bunt reddik
1 bunt asparges
4 egg
2 avokado
1 raudlauk

Dressing
1 ss dijonsennep
2 ts honning
½ sitron
1 dl olivenolje
1 klype sukker
salt og pepar

Framgangsmåte
Kok egga. Del egga i to, kutt reddik, avokado og raudlauk i skiver. Skrell og kok asparges i 2-4 minutt. Avkjøl med ein gong i kaldt vatn for å stoppe kokeprosessen, dette vil gjere at dei held seg sprø. Del dei i mindre bitar. Skjer røykelaks i skiver eller bruk ferdig oppskoren.

Pisk saman ingrediensane til dressingen og smak til med salt og pepar. Riv salaten i passande bitar og dander egg, grønsaker og røykelaks over.

Server salaten med sennepsdressing og godt brød.


fredag 19. juni 2020

Det vert fest med smørsteikte kamskjell i sweet chilisaus


Gul- eller raudbrune kamskjell er eit av naturens vakraste smykke, der skjellet har ei vifteliknande form med 15-17 ribbar. Fangstmetoden her i Norge er dykking, og kvart kamskjell vert handplukka etter størrelse. Den største utbreiinga av kamskjell i norsk farvatn er i Trøndelag og Nordland og dei kan haustast gjennom heile året.

Norske fiskarar kunne tidligare gjerne omtale kamskjell, o-skjell, blåskjell og kråkebollar som «agn», men no er denne sjømaten opphøga til gastronomi i det nordiske kjøkkenet. Norsk tradisjonsmat er meir populært enn nokon gong.

Kamskjell er ein har ein stor kvit og fast muskel som luktar friskt av sjø og hav. Skjell har kort haldbarheit og om dei ikkje skal brukast rask, bør dei reinskast og frysast med ein gong. Kamskjell eignar seg godt til forrett eller som ein lun smårett gjerne servert i skjellet. Kamskjell er ei norsk delikatesse og nyt den gjerne med sweet chilisaus. God pinse!


KAMSKJELL: Det vert fest med smørsteikte kamskjell og sweet chilisaus. Foto: Marianne Aaronsen, Norges Sjømatråd.


Ingrediensar til 4 personar

4 stk kamskjell
½ stilk vårlauk

Smørsaus
½  sitron
4 ss smør
4 ss sweet chilisaus
limesaft
salt

Framgangsmåte

Set steikeomnen på 250 °C. Bruker du ferske kamskjell starter du med å opne og reinske skjella.
Reinsk, vask og tørk skjella, og legg ein kamskjellmuskel i kvart skjell. Finhakk vårlauk.

Sitronsmør
Press safta av sitronen. Gi det eit oppkok og tilsett halvparten av smøret. Avkjøl og rør kraftig saman med resten av smøret, og smak til med salt. Ha vårlauk, sitronsmør, sweet chilisaus og litt limesaft i kamskjella, og dryss med salt.

Steik midt i steikeomnen til smøret boblar, ca. 1 minutt. Kamskjellene kan godt ha ei litt rå kjerne.
Server kamskjell umiddelbart etter tillaging.



onsdag 17. juni 2020

Det vert sommar med nypotet og grilla sei i folie!


Yr melder om strålande sommarvêr, så no er det berre å finne fram solkrem, shorts og grillen! Sommaren er for kort til å ete maten inne, så ta med maten ut og nyt den i skuggen av eit tre eller under ein parasoll seint om ettermiddagen når det er svalare.

Når det er varmt i veret smakar det ekstra godt med lett sommarmat, og fisk er ypparleg på grillen. Grillpakkar i aluminiumsfolie kan varierast i det uendelege og all slags fisk og grønsaker kan brukast. Det er nærmast umogleg å ikkje få eit saftig og godt resultat av «fisk i folie».

Sølvpakka sei, ein sølvball av sunnheit, denne retten er som ei gåve servert på sølvfat med smak av hav, urter og friske grønsaker. Server salat med god og smakfulle dressingen og steikte nypoteter ved sidan av, betre kan det ikkje bli!


SOMMAR: Det vert sommar med nypotet og grilla sei i folie! Foto: Synøve Dreyer, Norges Sjømatråd.



Ingrediensar

4 porsjonar
1 kg seifilet, utan skinn og bein
2 ts salt
500 g nypotet
1 ts korianderfrø
1 lime
1 raus chili,
1 stk sitrongras
2 ss frisk mynte
2 ss honning
2 ss frisk koriander
olje
aluminiumsfolie

Salat
2 stk salat
2 dl frisk bladpersille
1 raudlauk
1 agurk
2 eple

Dressing
50 g hasselnøter
3 ss honning
6 ss eplecidereddik
6 ss olivenolje
salt
grovmalt pepar
sesamolje

Framgangsmåte
Dryss salt på seifileten og la den kvile i ca. 10 minutt. Kok nypotet til dei er nesten møre, avkjøl og skjer dei i tjukke skiver. Legg seien på eit stykke aluminiumsfolie smurt med olje og dryss over korianderfrø. Riv skal og press saft av lime, finhakk chili, sitrongras og mynte. Bland skall og saft av lime med chili, sitrongras og mynte, og smør blandinga over seien. Brett aluminiumsfolien rundt seien og grill den ca. 15 minutt, under lok dersom grillen har det. Pensle potetene med litt olje og grill dei på begge sider. Opne aluminiumsfolien med sei og dryss finhakka koriander over før servering.

Salat
Riv salat og grovhakk bladpersille. Finhakk raudlauk, og skjer agurk og eple i terningar.

Dressing
Grovhakk hasselnøtter, og bland med honning, eplecidereddik og olivenolje. Smak til dressingen med salt, pepar og litt sesamolje. Bland dressingen forsiktig inn i salaten.

Server grilla sei og potet med salaten ved sidan av.