torsdag 18. mars 2021

Toast Skagen, ein svensk favoritt!

Skagenrøre er ein herleg svensk klassikar med reker i krema dressing med mykje dill, og Toast Skagen er ein av dei mest populære forrettane i Sverige. Namnet har rett nok sitt opphav frå danske Skagen, men det var den svenske kokken Tor Wretman som lansert oppskrifta på 1950 talet.

Skagenrøre kan brukast til mykje meir enn forrett på rista kvitt brød. Den er også god som fyll i bakt potet, på kaldtbordet eller berre som ekstra godt pålegg. Skagenrøre er også nydeleg kosemat om du set ei skål på bordet og server med gode knekkebrødbitar til for å dyppe i røra.

Visste du forresten at Sverige er Norges viktigaste eksportland for reker? I 2019 vart det eksportert 3347 tonn reker til Sverige , til ein verdi av 325, 8 millionar kroner. Norges Sjømatråd rapporterer også at det er fryste, pilla reker som er svenskene sin største favoritt.

Skagenrøra kan ein gjere om til eit skikkeleg luksusmåltid. Tilsett kokt reinska sjøkreps kutta i små bitar og dander til slutt med ei skei sikrogn eller løjrom på toppen - dette er mat til fine gjestar!

REKER: Smakleg forrett med Toast Skagen, ein svensk favoritt! Foto: Tom Haga, Norges Sjømatråd.



 

Ingrediensar til 4 porsjonar

400 g reker utan skal

1 ss frisk dill

3 ss majones

3 ss crème fraîche

½ ts salt

¼ ts pepar

1 sitron

½ raudlauk

4 skiver rista loff

Framgangsmåte

Pill rekene. Dersom du brukar reker i lake eller fryste reker, så husk å la veska eller vatnet renne av slik at dei blir så tørre som mogleg. Kutt opp rekene og legg dei i ei skål. Du kan eventuelt spare 2-3 reker som kan brukast til å pynte røra med. Finhakk dill og skjer raudlauken i fine skiver. Bland det deretter saman med rekene. Ha i majones og crème fraîche. Bland det saman i ei røre. Smak til skagenrøra med salt, pepar og safta av ein sitron. Tilsett eventuelt litt rom om du ønsker.

Skagenrøra er no serveringsklar, men den kan også settast tildekt i kjøleskapet for seinare servering. Anrett rekesalaten på rista toast og pynt med dill, sitron og reddikskiver.

 

mandag 22. februar 2021

Nyt vinterens beste skrei med asiatiske smakar

Skrei er vinterens mest fantastiske råvare frå havet, den er kritkvit i fiskekjøtet og flakar seg lett etter varmebehandling. Skrei treng ein ikkje gjere så mykje med, og ein av dei beste metodane for varmebehandling er å omnsbake den. Ved omnsbaking beheld ein mest mogleg av smaken i fisken.

Med rett tillaging og enkelt tilbehøyr kjem ein langt med sesongens skrei. Sørg for at alt tilbehøyret er klart slik som saus, ris og raudkålsalaten, og medan gjestane sit til bords startar ein varmebehandlinga som tek ca. 8-12 minutt. Fisken er aller best når den vert servert glovarm.

Hoisinsaus som er ein kinesisk dippsaus og spiracha som er thailandsk spicy chilisaus passar utmerka til sjømat. Desse asiatiske smakane i tilbehøyret til skrei gjer slik at retten vert ei skikkeleg digg asiatisk smaksoppleving!

 

SKREI: Nyt vinterens beste skrei med asiatiske smakar. Foto: Dreyer- Hensley, Norges Sjømatråd.


Ingrediensar til 4 porsjonar

 

800 g skreifilet, utan skinn og bein


Saus

4 ss hoisinsaus

1 ss limesaft

1 ss fersk, riven ingefær

2 fedd finhakka kvitlauk

½  potte frisk koriander

1 ss rista sesamfrø

1 ts flaksalt

 

Raudkålsalat

400 g raudkål

1 søt paprika

1 raudlauk

3 ss limesaft

2 ss fiskesaus (fishsauce)

2 ss sukker

5 ss soyasaus

1 ss sriracha

½ potte frisk koriander

 

Ris

2 dl jasminris

4 dl vatn

1 ts salt

2 ss olivenolje

2 skiver lime

 

Garnityr

Peanøter eller cashewnøter


Framgangsmåte

Skreien

Set på omnen på 220 grader med over- og undervarme. Legg porsjonsstykke av skrei på eit eldfast fat. Tørk av skreien med kjøkenpapir. Bland saman alle ingrediensane til sausen og legg 1-2 ss saus på kvart stykke. Set fatet på nest øvste rille i forvarma omn på 220 grader i 8-12 minutt, avhengig av tjukkelsen på stykka. Skreien er klar når den starar å flake seg når ein trykker på den.

Sprø raudkålsalat

Snitt strimlar av raudkål, raudlauk og paprika så fint du klarer og legg i ein bolle. Bland ingrediensane til sausen og slå over. Kna grønsakene og sausen saman i 1 minutt og la det stå minst 10 minutt før servering. Raudkålsalaten kan lages dagen før og oppbevarast i kjøleskap.

Luftig Jasminris

Skyl risen 2 minutt i kaldt vatn. Ha ris, vatn, salt og limeskivene i en kjele og kok opp under sporadisk omrøring, då er det mindre sjanse for at den setter seg fast i botnen. Legg på eit lok når risen er kokt opp å skru ned varmen til lavt nivå. La risen trekke under lok i 15 minutt, utan å røre i den. Ta kjelen av plata, løft av loket, plukk ut limeskivene som kastast, og la risen dampe i 5 minutt til før du tilset olivenolje og løftar risen forsiktig i kjelen med ein slikkepott.

Tips: 

Dersom du rører i risen under sjølve kokinga eller for raskt etter koking blir det ein stor klebrig ball framfor luftig ris. Dryss hakka peanøtter eller cashewnøter over retten heilt til slutt.

 

mandag 8. februar 2021

One pot skrei – alt i ei gryte!

Skreien er her! Skrei er torsk frå den nordaust- artistiske stammen som veks opp i Barentshavet, i januar startar vandringa til Norskekysten for å gyte. Frå januar til april fangast mange tonn av denne fantastiske fisken og det er berre i desse månadane du kan få tak i unik skrei. Skrei kjem av dei norrøne ordet «skrida» som betyr å vandre.

Fiskekjøtet er kritkvit og flakar seg ved lett varmebehandling. Fersk fisken skal lukte fisk, ikkje vondt og kvalitetsmerka skrei skal halde god kvalitet ved rett oppbevaring i heile 12 dagar. Det største synda ein kan gjere ved tillaging er å koke og steike fisken for lenge, nokre minutt er nok varmebehandling.

One pot skrei er en lettvint, rask og nydeleg middag. Du kan nyte denne sesongråvara med alle ingrediensane oppi i ei gryte, dette er smart fordi ein sparer oppvask. Fersk nytrekt skrei smeltar på tunga og torskemåltidet gjer kanskje at du treng ein middagslur etterpå? Ha ei god helg!


                 Skrei: One pot skrei – alt i ei gryte! Foto: Studio Dreyer - Hensley, Norges Sjømatråd.



Ingrediensar til 4 porsjonar

800 g skreifilet

½ dl olivenolje

1 gul lauk

250 g potet

250 g sellerirot

2 fedd kvitlauk

20 stk cherrytomat

1 ts flaksalt

1 grønt eple

1 dl eplejuice

1 bunt frisk basilikum

salt og pepar

 

Framgangsmåte

Krydre skreien med salt og grov nykvernet svart pepar. Skjer lauk, potet og sellerirot i ca. 1x1 cm bitar. Varm ei gryte med oljen og steik terningane av lauk, potet og til dei startar å bli lysebrune og mjuke, omtrent 7 minutt. Tilsett hakket kvitlauk, epleterningar, småtomatar delt i to og salt. Slå deretter over eplejuicen og la det koke godt i 5 minutt. Legg skreien på toppen. Sett på lok og la det småputre i 8-10 minutt, eller til fisken er ferdig. Det veit du når den flakar seg når du trykke lett på fisken. Dryss over frisk basilikum og god olivenolje.

Tips: Server gjerne brød og godt smør til.

mandag 25. januar 2021

Det blir fin fredag med sunn fisketaco!

 «Ingen fredag utan taco», eller rett og slett berre «fredagstaco» som mange seier, uttrykket har blitt nærmast eit slagord i Norge. Eit slagord vert beskrive som eit slåande ord eller uttrykk om ein bevegelse, eit program eller liknande, det er i alle fall mange som har taco fast på menyen fredagar.

Kva er det med taco vi likar så uendeleg godt? Det er sjølvsagt den mexicanske smaken i krydderblandinga (du kan lage eiga krydderblanding) i kombinasjon med friske grønsaker, sprø tacoskjell eller mjuke tacolefser med saftig topping av rømme, chilimajones eller guacomole.

Den tradisjonelle hovudingrediensen i «norsk taco»  er kjøtdeig. Mattrenden no er at mange vil ete mindre kjøt og meir fisk, så no kan vi modernisere tacoen. Bytt ut kjøtfarse som inneheld metta feitt, til fisk med supersunne fleirumetta feittsyrer. Snu fiskestykka i den herlege krydderblandinga, steik og legg dei i tacolefsa eller skjelet og legg på dine favorittgrønsaker med topping. Vips så har fredagstacoen blitt både modernisert og sunnare!

TACO: Det blir fin fredag med sunn fisketaco! Foto: Dreyer- Hensley, Norges Sjømatråd.


Ingrediensar til 4 porsjonar

200 g laksefilet, utan skinn og bein

200 g torskefilet, utan skinn og bein

1 pk tortillalefser

½ pk tacokrydder eller heimelaga tacokrydder

½ raudkål

½ agurk

1 mango

2 vårlauk

100 g fetaost

2 dl chilimajones

2 lime

Frisk koriander

Framgangsmåte

Kutt laks og torsk i terningar. Snu fisken i tacokrydder før den steikast med nøytral olje i ei steikepanne. Kutt raudkål, agurk og mango i smale strimlar. Hakk opp vårlauken. Varm lefsene. Her kan du bruke din favoritt-tortilla - kveite, mais eller ein grovare variant. Dander grønsakene på lefsene saman med fisken. Topp med smuldra fetaost, chilimajones og korianderblad. Serverast med limebåtar til.

Heimelaga tacokrydder

3 ss chilipulver

2,5 ts malt chilipepper, helst chiliflak

2,5 ts tørka oregano

2 ss malt spisskum

2 ss paprikapulver

2,5 ts kvitlaukspulver

1 ss havsalt

2 ts sort pepar

0,25 ts malt anis

Bland saman alle ingrediensane i ein bolle. Ønsker du ein litt meir hot variant, kan du tilsette ½ ts cayennepepar i blandinga. Ha krydderblandinga på eit reint glas med tett lok. Bruk ca. 2 ss av krydderblandinga og 1 dl vatn til 400 g fisk, kjøttdeig eller kjøt i strimlar.

 

onsdag 6. januar 2021

Reker à la Malaysia er god og mager fredagsmat

Det nye året er her og det starta med nye strenge korona-restriksjonar med bod om å halde oss heime for oss sjølve i fritida, ha heimekontor og meir digitale skule. Nyttårsforsett om meir fysisk aktivitet, trening og å ete noko magrare mat enn i jula kan no lett gå fløyten om vi ikkje tek grep.

Ta grep om ditt eige liv og helse. Sjølv om treningsentra er stengde, så ser været ut til å vere bra på nyåret. Då det berre å kome seg ut på tur for å sjå dagslyset for dei som kan det, eller å ta på refleks for å nyte vinterkveldane ute. Ute kan vi både treffe vener, få stetta sosial behov, eller få lufta hovudet frå heimelivet.

Noko godt til helga kjem skal vi også unne oss, reker er mager mat og det skal lite til for å lage ein skikkeleg god fredagsrett av dei. Reker må varmebehandlast med omhug og berre varmast til dei blir gjennomvarme og ikkje meir enn det. I helgas rett Reker à la Malaysia legg ein rekene i retten og gir dei eit raskt oppkok i maks eitt eller to minutt før servering. Retten er inspisert av austen sine gode smakar frå både kvitlauk, ingefær, karri og kokosmjølk. Godt nytt år!

REKER: Reker à la Malaysia er god og mager fredagsmat. Foto: Synøve Dreyer, Norges Sjømatråd.



Ingrediensar til 4 porsjonar

500 g reinska reker

4 sjalottlauk

2 fedd kvitlauk

1 ss frisk ingefær

1 ss olje

1 gul lauk

2 ts karri

2, 5 dl kokosmjølk

Salt

Server med

Ris og klipp over frisk persille


Framgangsmåte

Finhakk sjalottlauk, kvitlauk og ingefær, og surr i olje til det er mjukt, men ikkje brunt. Skjer lauk i ringar og surr saman med det andre til laukringane er mjuke. Dryss på karri og la den surre i 1-2 minutt. Spe med kokosmjølk, kok opp og la det småkoke 2-3 minutt. Smak til med salt, eventuelt meir karri. Tilsett rekene og la dei bli lune. Dryss over hakka persille før servering.

Server med kokt ris.

 

tirsdag 22. desember 2020

Det blir jul med røykt lakserøre på rugbrødtoast

 

Jula står i særstilling blant høgtidene våre og er både ei folkeleg og ei kyrkjeleg høgtid. Jula går over mange dagar og mange opplever ho som viktig tid, og det er knapt noko anna feiring som er så sterkt knytt til ulike tradisjonar som nettopp jula. Tradisjonar knytt til norsk julemat står sterkt enten det er fåreribbe, svineribbe, lutefisk, fersk torsk, kveite, lammerull, sylteflesk eller røykt laks. Julematen er med på å markere vår kultur og identitet.

Røykt laks høyrer jula til og er ein klassikar til julefrukostar og ikkje minst på kaldtbordet. Røyking av fisk og kjøt har vore ein av hovudmetodane for å konservere eller bevare mat i tusenar av år. Ekte røyking forgår i eit røykeri med vedomn og bjørkespon som vert opptent og haldast glødande. Ferske einer eller pors i omnen kan forsterke røyksmaken, og mange elskar den gode smaken av røykt mat.

Dagens oppskrift er inspirasjon til julefrukosten, ein forrett eller på kaldtbordet. Røykt lakserøre er inspirert av krema skagenrøre med dill, sennep og sitron, toppa med knalloransje aurerogn på nyrista rugbrødtoast. Dette er veldig enkelt å lage til både få og mange, ja berre synet av denne vakre retten vekker appetitten og smaken er rett og slett himmelsk. Ha ei riktig god jul!

RØYKELAKS: Det blir jul med røykt lakserøre på rugbrødtoast. Foto: Studio Dreyer-Hensley, Norges Sjømatråd.



Ingrediensar til 4 porsjonar

 

300 g røykt laks

6 skive rugbrød

1 dl majones

1 dl crème fraîche

1 eple

1 ts sennep

2 ss dill

2 ss sitronsaft

½ ts pepar

4 ss aurerogn

 

Framgangsmåte

Stikk ut runde former av rugbrødet, eller del skivene i to, desse toastar du lett i ei steikepanne eller i brødristaren. Skjer røykelaksen i mindre strimlar og spar på nokre bitar til pynt.

Rør saman majones, creme fraiche, sennep, eple, dill, sitron og pepar, og vend inn røykelaksbitane.

Dander røra på rugbrødtoast, og topp med ei liten skive røykelaks og litt aurerogn, og pynt gjerne med litt grøne urter.

 

Tips: Bruk gjerne baguette skiver i staden for rugbrød.

 

 

onsdag 9. desember 2020

Sildesalat med urter er like god til frukosten som på kaldtbordet

Sildesalatar høyrer jula til og dei finnast i mange variantar og kjære familieoppskrifter. Sursild, tomatsild, sennepssild, karrisild, rømmesild og sherrysild er eit lite knippe av typiske julesildesalatar, og ein av dei mest kjende familieoppskriftene er Stoltenbergs sildesalat med spekesild, hardkokte egg, rømme og med både smak og farge av raudbete.

Den ekte «Sildakongen» kjem frå Haugesund, for det var Arvid Otto Mørch (f.1954) som verkeleg fekk fart i omsetninga av nye og spennande sildepålegg. Hans firma produserte eksklusive sildesalatar og dette vart hans varemerke. Frå før av hadde han tatt Sildenskiold som mellomnamn, og det er litt morosamt å vite at etter firma og rettigheitene til merkevara Sildakongen vart selt er hans fulle namn Sildakongen Arvid Otto Sildenskiold Mørch.

Ein god sildesalat kan freiste på frukostbordet no i førjulstida og i sjølve jula kan den nyttast på til fest på julekaldtbordet. Sildesalat med urter er utruleg enkel å lage, det som tek litt tid er å kutte opp ingrediensane, og å blande dei saman tek sekund. Bonusen med å ete sild no i mørketida er at vi får i oss vitamin D som vi treng sårt no når sola er vekk, og ikkje minst gode marine omega-3-feittsyrer som verkar som forebyggande hjartemedisin. Ha ei fortsatt god adventstid!


SILD: Sildesalat med urter er like god til frukosten som på kaldtbordet. Foto: Marianne Aaronsen, Norges Sjømatråd.



Ingrediensar til 4 porsjonar

3 utvatna kryddersildfilet

2 stilk stongselleri

1 grøn paprika

3 ss spirar

 

Dressing

2 ss frisk persille

2 ss frisk dill

2 ss frisk graslauk

2 ss karse

1 dl lettrømme

1 dl matyoghurt

salt og pepar

 

Framgangsmåte

Skyl sildefiletane, tørk dei godt og skjer dei i små terningar. Skjer stongselleri i tynne skiver og paprika i små terningar, og bland med sildeterningane.

Dressing

Finhakk persille, dill, graslauk og karse, og bland med lettrømme og matyoghurt. Vend sild og grønsaker inn i dressingen.

Smak til med litt salt og pepar.

Server salaten med spirer dryssa over.