mandag 29. november 2021

Russiske Blinis med røykt laks

Blini er russiske pannekaker med lange tradisjonar. Til forskjell til norske pannekaker hevast blini med gjær. Det finnast mange oppskrifter på blini, men med bokkveite eller byggmjøl i deiga får ein ganske grove blini som passar godt til både rømme, rogn og røykelaks.

Tradisjonelt serverast blini med rogn og smetana  eit tradisjonelt meieriprodukt som minner om crème fraîche, men rømme eller norsk crème fraîche er gode alternativ. I helgas oppskrift er crème fraîche smakt til med peparrot og sitron og dei heile er toppa med røykt laks.

Blini er perfekt til forrett, tapas eller snacks. Den russiske forfatteren Aleksandr Kuprin skreiv at «Blini er eit symbol på sol, vakre dagar, gode avlingar, lukkelege ekteskap og sunne barn».  Det lovar kanskje mykje, men det er kanskje verdt forsøket? Ha ei god helg!

RØYKT LAKS: Russiske Blinis med røykt laks. Foto: Studio Dreyer+Hensley, Norges sjømatråd.

Ingrediensar (4 porsj)

200 g røykt laks

20 stk blinis

4 små reddiker

2 dl crème fraîche

1 ss peparrot

1 ss sitronsaft

2 ss frisk kruspersille

salt og pepar

Fremgangsmåte

Lag blinis etter eigen oppskrift eller kjøp ferdige. Riv pepperrot og finhakk persille. Rør saman med créme fraîche og sitronsaft til peparrotkremen, smak til med salt og pepar. Skjer reddikane i tynne skiver. Skjer laksen i passande bitar. Dandér blinisen med peparotkrem, røykt laks, ei skive reddik og topp med urter.


 

tirsdag 21. september 2021

Dragemaki sushi med torsk

Dragemaki er ein rålekker sushi toppa med avocado. Avocado i tynne skiver på toppen smakar verkeleg godt og kjennes ut som silke i munnen, sjølv om ein ikkje er stor fan av avocado. Helgas sushioppskrift med fylt med torsk og grønsaker og struttar av sunnheit frå innerst til ytterst!

Det er ein vanleg misforståing at all sushi inneheld eller består av rå fisk. Sushi kan også frityrsteikast (tempura) eller varmebehandlast lett slik som i helgas oppskrift. Den viktigaste ingrediensen i sushi er nemleg risen som skal smake lett syrleg av eddik, salt og sukker, for sushi betyr marinert ris.

Sushi er både enkelt og gøy å lage til. Inviter gjerne venner til sushifredag og lag sushi saman. Prøv gjerne fleire sortar som maki, nigiri, drakemaki og sashimi, det er sosialt, sunt og veldig godt!

SUSHI: Dragemaki sushi med torsk. Foto: Marianne Aaronsen, Norges Sjømatråd.

 

Ingrediensar 4 pers.

120 g skinn og beinfri torskefilet

1 ts sukker

2 ts salt

5 ss riseddik

6 dl sushiris

8 dl vatn

4 ss agurk

2 ss vårløk

2 ts solsikkeolje

2 ss soyasaus

2 ts sesamolje

1 ark nori-sjøgras

1 avokado

bambusmatte

plastfolie


Server med

soyasaus

wasabi

sylta ingefær


Fremgangsmåte

Bland sukker, salt og riseddik i ei lita kasserolle, og kok forsiktig opp under røring. Når sukker og salt er oppløyst, er rismarinaden ferdig. Avkjøl marinaden før bruk. Kok ris slik framgangsmåten i oppskrifta på sushirisen forklarar, eller følg rettleiinga på pakken. Ha risen over i en rein langpanne, tilsett litt av marinaden og vend forsiktig inn. Risen må ikkje bli for fuktig, prøv deg derfor fram med litt om gangen. Avkjøl risen i romtemperatur. Skjer torskefileten i to på langs, og strimle agurk og vårløk. Ha solsikkeolje i ei varm steikepanne og steik torsken i 30 sekund på ei side, ta panna av varmen og snu fisken. Tilsett soyasaus og sesamolje, og la alt varmes saman. Ta ut fisken og slå over sausen.

Del noriarket i to. Dekk bambusmatta med plastfolie. Bland vatn med litt riseddik, og fukt hendene lett slik at risen ikkje kleber. Legg eit halvt noriark på bambusmatta med den ruglete sida opp, fordel eit lag ris utover heile arket og snu slik at risen ligger ned. Fordel torsk, agurk og vårløk langs den neste kanten av arket. Rull saman ved hjelp av bambusmatta. Skjer avokado i tynne skiver, og legg disse på rullen slik at dei overlappar kvarandre. Press rullen lett saman. Skjer kvar rull i to, og så videre i to og to til du har fått åtte bitar.

Server med soyasaus, wasabi og sylta ingefær.

torsdag 2. september 2021

Torsk i omn er enkel og god kvardagsmiddag

Frosen fisk er utmerka til middagsmat. Når matekspertar skal smake forskjellen på frosen og fersk fiskefilet som er laga til, klarer dei ofte ikkje å skilje mellom desse. Dette tyder på god kvalitet når det er berre nyansar i skilnad på smak og utsjånad. Dette har sjølvsagt med god fryseteknikk å gjere, for mykje av fisken vår er frosen på i fabrikktrålar rett etter fangst, nemleg «frozen at sea».

Fisk er super kvardagsmat og med enkle rettar med kort tillagingsstid gjer det lettare å ta gode fiskeval i kvardagen. Dagens torskerett går fort å lage, er smakfull og du kan gjere din eigen twist ved å bruke dei grønsaker du har i kjøleskapet, bruke frosne grønsaker, lage eigen kvitsaus eller bruke kjøpepakke. Visste du at fryst fisk er akkurat like sunt som fersk fisk? God middag!

TORSK: Torsk i omn er enkel og god kvardagsmiddag. Foto: Studio Dreyer- Hensley, Norges Sjømatråd.

Ingrediensar (4 porsjonar)

800g torskefilet, utan skinn og bein

1 purreløk

2 stilkselleri

2 gulrot

5 dl vatn

12 cherrytomat

kvitsaus

100 g riven ost

salt og pepar

frisk timian

Server med:

Potet


Fremgangsmåte

Sett steikeomnen på 180 °C. Skjer torsken i serveringsstykke. Skjer purre og stangselleri i bitar, og gulrot i terningar. Kok opp vatn og kok grønsakene i 2 minutt. Slå av vatnet, og legg grønsakene og cherrytomatane over i ei smurt eldfast form. Legg torskestykka over grønnsakene og dryss over litt salt, pepar og timian. Slå sausen over fisken. Her kan du velge selv om du vil lage en enkel kvitsaus eller bruke ein pose du har kjøpt på butikken. Strø over ost, og steik retten i stekeomn i ca. 15 minutt. Server med kokt potet.

Tips: Du kan også bruke ferdig grønnsaksblanding. Brukar du fryst blanding bør den vere halvtint før du har den i forma.

 

 

tirsdag 17. august 2021

Sommar på tallerkenen med grilla sei i folie

August er her og sommaren er på hell, men det er ingen grunn til å rydde vekk grillen enda. Kvardagen har også kome tilbake for dei fleste, og fisk er alltid eit godt val til middag også når det nærmar seg helg. Det er så mykje spennande å lage til og ein enkel seifilet kan bli festmat.

Seifilet er billig og god mat. Ingenting er meir sunnmørsk enn å tine seg ein blokkfryst eller singelfrosen seifilet for å ha til middag. Husk berre å tine fileten tildekt i kjøleskap over natta eller i kaldt vatn med emballasje på ca. 20-30 minutt. Fisken kan med fordel kan vere litt frosen i midten når du skal lage den til, resultatet blir gjerne saftigare.

Sei er ein mager fisk med perlegrått fiskekjøt og den litt distinkte smaken passar godt til sterke smakar. Helgas oppskrift har gode smakar av urter, chili og sitrongras og er ypparleg på grillen. Saman med grilla nypoteter skapar sei sommar på tallerkenen!


SEI: Sommar på tallerkenen med grilla sei i folie. Foto: Synøve Dreyer, Norges Sjømatråd.

 

Ingrediensar (4 porsjonar)

1 kg seifilet, utan skinn og bein

2 ts salt

500 g nypotet

1 ts korianderfrø

1 lime

1 raud chili

1 stk sitrongress

2 ss frisk mynte

2 ss honning

2 ss frisk koriander

olje

aluminiumsfolie

 

Salat

1 salat

2 dl frisk bladpersille

1 raudløk

1 agurk

2 eple

 

Dressing

50 g hasselnøter

3 ss honning

6 ss eplecidereddik

6 ss olivenolje

salt

grovmalt pepar

sesamolje

 

Framgangsmåte

Dryss salt på seifileten og la den kvile i ca. 10 minutt. Kok nypotet til dei er nesten møre, avkjøl og skjer dei i tjukke skiver. Legg seien på eit stykke aluminiumsfolie smurt med olje og dryss over korianderfrø. Riv skal og press saft av lime, finhakk chili, sitrongras og mynte. Bland skal og saft av lime med chili, sitrongras og mynte, og smør blandinga over seien. Brett aluminiumsfolien rundt seien og grill den ca. 15 minutt, under lok dersom grillen har det. Pensle potetene med litt olje og grill dei på begge sider. Opne aluminiumsfolien med sei og dryss finhakka koriander over før servering.

Salat

Riv salat og grovhakk bladpersille. Finhakk raudløk, og skjær agurk og eple i terningar.

Dressing

Grovhakk hasselnøtter, og bland med honning, eplecidereddik og olivenolje. Smak til dressingen med salt, pepar og litt sesamolje. Bland dressingen forsiktig inn i salaten.

Server grilla sei og potet med salaten ved sidan av.

mandag 9. august 2021

Korianderstekte kamskjel med søtpotetpuré

Kamskjel er ei delikatesse og fiskeriet er rekna som godt forvalta. Kamskjel fangast nemleg kunn ved dykking i Norge, og dermed har fisket liten eller ingen negativ effekt på miljøet.

Du kan hauste kamskjel sjølv, då er det viktig å vite kva området som er opne og lukka for hausting av levande kamskjel. Dette kan du sjekke på www.mattilsynet.no

Kamskjel er raskt og lett å lage og passar godt saman sterke smakar. Helgas rett er krydra med korianderfrø og steikt i kvitløk og chili, dette gir ein frisk, litt sterk og god aromatisk smak. Denne porsjonen kan brukast som ein lett forrett eller som gode snackgrillspyd rett frå grillen!

KAMSKJEL: Korianderstekte kamskjel med søtpotetpuré. Foto: Marianne Aaronsen, Norges sjømatråd

Ingrediensar (4 porsj)

8 stk kamskjel

 

Korianderolje

½  potte frisk koriander

2, 5 dl solsikkeolje

1 ss korianderfrø

1 fedd kvitløk

1 stk raud chili

salt og pepar

smør

olje

trespyd

lime

 

Potetpuré

450 g søtpotet

150 g smør

2 fedd kvitløk

salt og pepar

 

Framgangsmåte

Brukar du ferske kamskjel startar du med å opne og reinske skjela. Fryste kamskjel legg du i ein bolle, let dei tine i kjøleskap og renne av seg på tørkepapir. Lag rutemønster på eine sida med ein skarp kniv slik at kamskjelmuskelen skal bli jamt og fint steikt.

Korianderolje

Ha koriander i ein hurtigmiksar. Slå på olje i ein stråle. Køyr til ei glatt jamn saus, ca. 2 minutt. Oljen kan oppbevarast på tett flaske i kjøleskap opptil 3 veker. Rist korianderfrø i tørr panne på sterk varme for å få fram meir smak. Knus i morter eller krydderkvern. Krydre kamskjela med korianderfrø, salt og pepar. Finhakk kvitløk og chili. Varm smør og litt olje i ei panne, og tilsett kvitløk og chili når smøret er lysebrunt. Steik kamskjela gylne i ca. 30 sekund på kvar side, ikkje lenger, da blir dei seige. Aus smør over under steikinga. Tre to kamskjellog ein båt lime på kvart grillspyd.

Potetpuré

Skrell søtpotet og skjer vekk den bitre hinna under skalet. Skjer i terningar og kok dei møre i litt vatn. Slå alt over i eit dørslag og la det renne godt av seg. Smelt ca. ein tredel av smøret i ein kjele og tilsett finhakka kvitløk. Tilsett søtpoteten og mos jamn. Ha i resten av smøret og smak til med salt og pepar. Hald puréen varm til servering. Server grillspyd med litt korianderolje over og med søtpotetpuré ved sidan av. Pynt gjerne med frisk koriander.

Tips: Du kan også steike kamskjela raskt over grillen på grillspyda.

 

Makrellsalat med rømmedressing smakar sommar

Når makrellen trekk mot norskekysten veit vi at sommaren er her, for det er makrell som er sommarfisken framfor alle. Makrell vandrar i store gigantstimar og med sine svartblå striper langs ryggen og kvit buk, skyt den gjennom vatnet i rakettfart. Makrellen er populær å fiske, for kjem du til ein stim nappar det jamt og trutt!

Når du skal filetere makrell, lagar du eit snitt frå nakken og like bak sidefinnen og ned langs bukfinnen. Skjer forsiktig til kniven treff ryggbeinet. Legg kniven ned i snittet, og før kniven langs med ryggbeinet mot halen. Før kniven heilt ut, slik at fileten slepp. Snu makrellen og gjenta fileteringa på den andre sida.

Fjern dei lange beina som sitt nederst på fileten, ned mot bukhola. Beina som sit som ei stripe midt i fileten gjer vi ikkje noko med, for då vil hele fileten gå i oppløysing. Ofte er disse beina så tynne at dei kan etast. Dersom du likevel ønsker å fjerne dei, så er dette enklast etter at makrellfileten er steikt. Skyl makrellfiletane forsiktig i kaldt vann og tørk dei godt før grilling. Nysteik makrell oppi salat med rømmedressing smakar herlig sommar!

MAKRELL: Makrellsalat med rømmedressing smakar sommar. Foto: Studio Dreyer- Hensley, Norges Sjømatråd.


Ingrediensar
(4 porsjonar)

600 g makrellfilet

12 cherrytomat

24 asparges

4 ss rapsolje

salt og pepar


Salat

1 raudløk

16 skiver parmesan

130 g feltsalat 


Rømmedressing

2 skiver sylteagurk

1 ss dill

½ sitron

6 ss lettrømme

1 ss majones

½ ts pepar


Servast med

Brød


Framgangsmåte

Varm opp grillen. Skjer makrellfilet i bitar. Pensle makrellbitane, cherrytomatar og asparges med rapsolje, og krydre med salt og pepar. Ha alt på grillen og snu jamt i ca. 2 minutt. La cherrytomat og asparges ligge på kvilerist eller i eit område av grillen der det er lågare temperatur.

Salat

Skjer raudløk i strimlar og parmesanost i skiver med ein ostehøvel. Bland det saman i ein salatbolle med feltsalat. Ha makrell, cherrytomatane og asparges i salaten, og bland forsiktig saman.

Rømmedressing

Finhakk sylteagurk og dill, og press saften av sitron. Rør det godt saman med lettrømme, majones og pepar.

Server salat med makrell, rømmedressing og godt brød.

Tips: Dersom du ikkje har grill kan du fint steike makrell og grønsaker i steikepanne, gjerne i ei grillpanne.

 

tirsdag 6. juli 2021

Sommar er tid for skaldyrlag!

Vekas aller beste dag er fredag og no midt i ferien er det kjekt å invitere til skaldyrlag. Reker, sjøkreps og krabber er lett og fin sommarmat som dei fleste likar, det er både populært og lite tidkrevjande.

Ferske reker skal lukte friskt og ha eit hardt og blankt skal utan misfarging og intakte følehorn. Er følehorna knekt har rekene vore frosne. Frosne reker er heilt supert, men må tinast langsamt i kjøleskap eller nokre timar i romtemperatur på kjøkkenbenken. Størrelsen på reker angir kor mange reker det går på ein kilo, og flotte reker bør vere str 60 – 80 store, eller str 50-70 ekstra store.

Den enklaste måten å servere både reker, sjøkreps og kabbe på er heilt naturell. Det trengs ikkje fancy tilbehøyr for å lykkast, for godt brød, salat, majones, sitron er meir enn nok. Om du vil gjere litt ekstra kan du lage heimelaga aïoli, som er ein kviløksmajones frå middelhavet. Ei godt smurt loffskive overfylt med skaldyr og toppa med heimelaga aïoli og frisk dill, det er smaken av sommar!

SKALDYRLAG: Sommar er tid for skaldyrlag! Foto: Marianne Aaronsen, Norges Sjømatråd.


Ingrediensar til skaldyrlag

Reker, 400- 500 g per pers

Sjøkreps, minst ein til kvar

Krabbe, eit skjel til kvar

Majones eller heimelaga aïoli

Salat

Smør

Loff

Sitron

Dill

 

Heimelaga aïloi (ca. ½ l)

4 eggeplomme

1 ss sitronsaft eller vineddik

1 ts dijonsennep eller anna sennep

2 båtar pressa kvitløk

4 dl nøytral matolje

¼ ts salt

¼ ts pepar

 

Framgangsmåte

Bruk ein bolle som ikkje er for stor og vid og ein god visp. Ein hurtigmiksar er også fin å bruke. Visp eggeplommer og salt til dei er lyse og tjukke. Bland inn krydder og kvitløk, og halvparten av sitronsaft/eddik. Spe forsiktig med oljen medan du fortset å vispe - ei teskei om gangen er nok. Auk etter kvart mengda olje. Pass på at aïolien heile tida er glatt og blank. Blir den for tykk kan du justere konsistensen med litt vatn. Smak til med krydder og sitron/eddik. Synes du aïolien smakar for mykje egg, kan du fortsette å spe inn meir olje.

Ferdig aïoli skal vere så tjukk at den held fasongen.