tirsdag 22. januar 2019

Fiskegrateng med makaroni, det er ein sikker vinnar!


Fiskegrateng er ein tradisjonsrik norsk rett som dei fleste kjenner frå barndomen. I min barndom var fiskegrateng alltid heimelaga av mamma, men i dei siste åra har vi fått tilbod om ferdiglaga fiskegrateng rett frå frysedisken. Mange tenker nok at fiskegrateng tek lang tid å lage, men det tek omtrent like lang tid å varme opp ein frosen frå butikken og smaken er ein heilt annan!

Kva er så nøkkelen til lage fiskegranteng? Enkelt sagt er det kvitsaus med egg og fiskebitar oppi, eventuelt kokt makaroni og grønsaker. I den kvite sausen, når den er avkjølt kan vi røre inn heile egg. Ønsker du ein ekstra luftig fiskegrateng, må du skilje egga. Eggeplommene rører ein inn i den lett avkjølte sausen og dei stivpiska eggekvitane skal vendast forsiktig inn i sausen etterpå for å få den luftig og lett.

Fiskegrateng med eller utan stivpiska eggekviter er familievennleg, enkel og smakfull. Smaken av kvit fisk, varm kvit saus med eit hint av muskat, toppa med sprø strøkavring får ein lett «vatn i munnen» av. Fiskegrateng er ein fiskemiddag barn ofte likar, og sjølv den mest steile fiskemotstandar vil kanskje tørre å prøvesmake. Ingenting slår fiskegrateng med makaroni, det er ein sikker vinnar!

FISKEGRATENG: Ingenting slår fiskegrateng med makaroni,og med råkost, potet og smelta smør til. Foto: Marianne Aaronsen, Norges sjømatråd



Ingrediensar til 4 porsjonar:
500 g torskefilet, utan skinn og bein
100 g makaroni
3 ss smør
4 ss kveitemjøl
4 dl mjølk
3 egg
salt
muskat
griljermjøl

Tilbehør
råkost
poteter

Framgangsmåte
Set steikeomnen på 180 °C. Skjer torskefilet i bitar. Kok makaronien som vist på pakken. Smelt smør og rør inn kveitemjøl. Spe med mjølk, litt om gongen. Rør godt mellom kvar gong til du får ein saus utan klumpar. Dersom du bruker rå fisk kan du lage sausen ekstra tjukk. Avkjøl sausen litt, rør inn heile egg (eller eggeplomme i sausen og vend inn stivpiska eggekviter til slutt) og smak til med salt og muskat. Bland torskebitane og kokt makaroni inn i sausen og slå gratengmassen over i ei smurt eldfast form. Dryss over griljermjøl og steik gratengen på nedste rille i ca. 40 minutt. Server gratengen med råkost, litt smelta smør og kokt potet ved sidan av.

Tips: Fiskegrateng kan lages av all type kvitfisk, både rå og kokt. Bruk gjerne restar frå dagen før. Kokt makaroni eller grønsaker kan erstatte litt av fiskemengda. Steiketida vil vere kortare når fisken er kokt.



fredag 4. januar 2019

Heimelaga seikarbonader er god kvardagsmiddag


Å ha eit nyttårsforsett er å ha eit uttrykt ønske eller plan for det nye året. Det kan vere å begynne med nokon nytt, slutte å gjere noko, kutte uvanar, etablere nye vanar, for å gi seg sjølv ein betre livskvalitet. Mellom populære nyttårsforsett er å ete sunnare, og kanskje å innføre meir fisk i kvardagsmaten?

Dei offisielle kosthaldsråda frå Helsedirektoratet kan vere med å gi retning til eit sunnare kosthald. Når det gjeld fisk er rådet fortsatt å ete fisk til middag 2-3 gongar per veke i tillegg til å bruke fisk til pålegg. Rådet tilsvarar totalt 300-450 gram rein fisk per veke og minst 200 gram bør være feit fisk som laks, aure, makrell eller sild. Seks påleggsporsjoner med fisk tilsvarar omtrent ein middagsporsjon.

Til jul fikk eg ny foodprosessor og denne maskina er den beste motivasjon for å lage fiskefarse i ein fei. Bruk helst fersk fisk og pass på at alle ingrediensane er kalde. Kjør fisken med salt først til farsen blir seig og fast, spe deretter med mjølka. Ein kan også bruke frosen fisk, men då må ein ta med tinevatnet frå fisken, der ligg alle bindestoffa. Å lage sunn mat frå botnen av gir matglede og god meisting - det er eit av mine nyttårsforsett! Godt nytt år!


SEIKARBONADER:  Heimelaga seikarbonader er god kvardagsmiddag. Foto: Norges sjømatråd, Marianne Aaronsen.


 
INGREDIENSAR (4 porsj):

600 g seifilet, utan skinn og bein
1 ts salt
1 ss potetmjøl
1 ss graslauk
½  ts pepar
1 dl mjølk
smør

Gulrotstuing
2 stk gulrot
100 g sukkererter
2 dl vatn
½ ts salt
1 ss kveitemjøl
1 dl matfløyte

Tilbehør
Poteter

Framgangsmåte
Skjer sei i strimlar og køyr i ein foodprosessor saman med saltet. Rør inn potetmjøl, finhakka graslauk og pepar, og spe med mjølk litt om gangen til ei fast farse. Form store karbonadar og steik dei i smør på middels varme til dei er brune og gjennomsteikte, ca. 3 minutt på kvar side.

Gulrotstuing
Skjer gulrot i små terninger og strimle sukkererter. Kok grønsakene møre i lettsalta vatn.
Sil av kokevatnet, men ta vare på det. Kok opp grønnsaksvatnet. Pisk sammen kveitemjøl og matfløyte, og pisk det inn i grønnsaksvatnet. La sausen småkoke i 4-5 minutt. Tilsett grønsaker og la dei bli skikkelig varme.

Server seikarbonader med gulrotstuinga og potet ved siden av. Pynt med graslauk dryssa over.


søndag 23. desember 2018

Gledelig jul med kveite på menyen


Kveite til jul er tradisjonsmat langs heile kysten, men den er nok mest vanleg nord i landet. Vil du lage eit festmåltid i jula med denne delikate råvara må ein ha tipptopp tilbehør. Omnsbakt kveite med eplesmørsaus og byggrisotto er verdig tilbehør til ein slik flott fisk.


Når ei steiker kveite er det viktig å bruke lav temperatur ved varmebehandling, og gjerne steiketermometer for å kontrollere kjernetemperaturen. Kjernetemperaturen må ikkje vere høgare enn 50 grader, då blir kveita tørr.

Saftig kveite passer svært godt saman med litt syrlige sausar fordi den er så feit og fin. Det populært å bruke smørsausar til kveite og i dagens oppskrift er det både eplejus og små epleterningar. Raudfargen på epla gjer retten ekstra «julete» og som alternativ til poteter har denne retten saftig byggrisotto. Eit festmåltid i jula med gode norske råvarer, god jul!


KVEITE:  Omnsbakt kveite med eplesmørsaus og byggrisotto. Foto: Norges Sjømatråd, Marianne Aaronsen.


 
INGREDIENSAR:

800 g kveitefilet, med skinn
2 ss olivenolje
2 fedd kvitlauk
2 stilk frisk timian
salt og pepar

Eplesmørsaus
1 stk sjalottlauk
1 fedd kvitlauk
2 dl eplejuice
3 dl kremfløyte
30 g smør
1 ts sitronsaft
½ raudt eple
salt og pepar

Byggrisotto
4 pors byggris
2 dl kyllingbuljong
1 ss smør
2 ss parmesan
2 ss frisk persille

Gulrotpuré
3 stk gulrot
2 ss kremfløyte
1 ss smør
salt og pepar

Framgangsmåte
Sett steikeomnen på 150 °C. Skrap skinnet på kveita, skyl og tørk med tørkepapir. Skjer kveita i serveringsstykke og legg stykka i ei smurt eldfast form med skinnet ned. Pensle med olje og dryss på grovhakket kvitlauk, timian, salt og pepar. Bak kveita midt i steikeomnen til den er knapt gjennomkokt, ca. 20 minutt. Om du bruker termometer skal kjernetemperaturen være 50 °C.

Byggrisotto
Kok byggris i kyllingbuljong i ca. 15 minutt. Rør inn smør og parmesan, smak til med salt og pepar, og rør inn hakka persille like før servering.

Eplesmørsaus
Kok finhakket sjalottlauk og kvitlauk i eplejuice til lauken er godt mør. Slå på fløyte og kok sausen til den tjuknar. Ta kasserollen av omnen og visp inn kaldt smør i små porsjonar. Smak sausen til med sitronsaft, salt og pepar. Hald sausen forsiktig varm. Rør inn epleterningar like før servering.

Gulrotpuré
Skjer gulrot i tynne skiver og kok dei møre i usalta vatn. Slå av kokevatnet og mos gulrøtene.
Rør inn smør og kremfløyte, og smak til med salt og pepar. Server kveita med byggrisotto, eplesmørsaus og gulrotpuré.


mandag 10. desember 2018

Janssons fristelse er ein svensk juleklassikar


Janssons fristelse er ein av dei beste rettane våre svenske naboar har bidratt med til julebordet. For mange er Janssons fristelse noko av den svenskaste som finnast, men kven er så Jansson?

Per Adolf «Pelle» Janzon (1844- 1889) var ein svensk fiskarson som fikk realisert draumen sin om å studere, men han vart ein kjend operasongar. Studiane var filosofi og historie, men hans største talent var songen. Han blei tilsett i rekordfart på Det kongelige Teater i Stockholm og underheldt der med si basbaryton stemme med stort talent for komiske roller.

Mytane fortel at Pelle Janzon var glad i god mat og drikke, og ein av rettane som han ofte serverte etter førestilling var ansjosgrateng med rikelig med øl og dram til. Mytane fortel vidare at han også underheldt sine tørste og svoltne kunstnarvener med vittige parodiar av urimelige sjefar ved Sverige største og mest berømte scene.

Det er mange måtar å lage Janssons fristelse på og retten er enkelt samansett av ansjos, poteter og lauk. Retten er lun og god vintermat. Har du restar av juleansjos, røykelaks, kryddersild eller spekesild er desse også ypperlege utgangspunkt til retten. Ein ny variant av retten er helgas oppskrift har gravlaks som hovudingrediens. Gravlaks smakar nydelig med eit hint av både salt og søtt, toppa med sennepsfrø og dill - gode julesmakar!



SVENSK: Janssons fristelse er ein svensk juleklassikar. Foto: Norges Sjømatråd, Marianne Aaronsen.


INGREDIENSAR:

12 skiver gravlaks eller ansjos
1 stk lauk
1 kg potet
2 dl kremfløyte
1 dl mjølk
2 ss griljermjøl
smør

FRAMGANGSMÅTE

Sett steikeomnen på 200 °C. Skjer lauk i tynne skiver og fres i smør til den får ein mjuk konsistens. Skrell og skjer potet i tynne strimlar. Ha skiva gravlaks eller ansjosfiletar, lauk og potet lagvis i ei smurt, eldfast form, og fordel små klattar med smør over. Bland kremfløyte og mjølk, og slå over forma. Dryss griljermjøl på toppen og steik midt i steikeomnen i ca. 45 minutt.

Server Janssons fristelse med gravlaks eller ansjos etter den har fått stått og kvilt litt.



onsdag 5. desember 2018

Rosa sildesaltat er godt vinterpålegg


Frå eit historisk perspektiv har silda berga befolkninga gjennom generasjonar og særskilt gjennom magre år og krig. Silda er faktisk noko av det beste havet har å tilby av råvarer.

Sild er rik på næringsstoff og eit av dei viktigaste er umetta omega -3 feittsyrer. Feittsyrene hjelper oss med å oppretthald godt syn, bidreg til at hjernecellene jobbar lynraskt og til å oppretthalde hjartet sin normalfunksjon. Eg nemner at omega -3 finnast også i tran.

Sild er ein av våre viktigaste matfiskar og den har mange bruksområder. Hugs at ein ikkje treng å berre fokusere på umetta feittsyreinnhaldet til middag, sild kan ein med fordel spreie utover dagens måltid som pålegg.

Rosa sildesalat smakar godt, er saftig og har litt kraftig smak. Ta med eit glas sildesalat til sunn jobblunsj oppå grovskiver, eller etter ein kald kveldstur smakar det ekstra godt med sildesalat oppå rugbrød og ein varm kopp kakao til kveldsmat. Av sild blir du også snild!


SILD: Rosa sildesalat er godt vinterpålegg. Foto: Norges Sjømatråd, Marianne Aaronsen.


INGREDIENSAR:

10 stk kryddersildfilet
2 stk potet
1 stk eple
6 skiver sylta rødbete
10 skiver sylteagurk
1 stk lauk
200 g lettmajones
2 dl lettrømme
eplecidereddik
sukker

TILBEHØR
Grov brød, rugbrød

FRAMGANGSMÅTE

Smak på sildefiletane og legg dei i vatn eller mjølk eit par timar dersom dei er for salte. Skrell og kok potet. Tørk sildefiletane og skjer dei i terningar. Skjer potet, eple og rødbete i terningar, og finhakk sylteagurk og lauk. Rør saman lettmajones og lettrømme, smak til med eddik og litt sukker etter ønske. Vend inn dei øvrige ingrediensane forsiktig.

Sildesalaten er klar til servering, og er haldbar i kjøleskapet i ca. 1 veke.



onsdag 21. november 2018

Vitaminpåfyll med Sashimi ala Mathias!


I dag vil eg skrive om vitamin D. Sola er vår viktigaste kjelde til vitamin D og av matvarer av betydning som gir vitamin D vil eg nevne feit fisk (t.d. sild, makrell, ål, laks) og fiskelever. I Norge har vi nokre plantemargarinar og meieriprodukt som er berika med vitamin D, men desse produkta utgjer ikkje heile dagsbehovet.

Dei nasjonale kosthaldsråda har kun ei anbefaling når det gjeld kosttilskot og det er å bruke tran som inneheld vitamin D kvar dag. Tran i flytande form er for enkelte heilt greitt, medan andre kjenner ubehag med smaken. Trankapslar derimot kan ei svelge heile til eit glas vatn og all ubehag er borte. Dersom du ikkje et feit fisk og fiskelever mange gongar per veke eller er jamt i «syden» vinterstid, er det ingenting å lure på - begynn med tran i dag!

Vitamin D gir deg saman med kalsium (mjølk, yoghurt, kvitost, grønsaker) sterkt skjelett og tenner. Andre gevinstar er betre immunforsvar og normal muskelfunksjon. Tenk over kor lett ein kan få slike flotte gevinstar! Denne helgas fiskerett var vinnar av Kokkesprell 2017 og er ei frisk og god oppskrift utvikla av elevar ved Sverresborg skule. Sashimi kan ein bruke som eigen rett eller til forrett. Retten har ei god D-vitamindose, så her kombinerer ein altså matglede med vitamiar. Ha ei sunn vinter med tran!


SASHIMI: Vitaminpåfyll med Sashimi ala Mathias. Foto: Norges Sjømatråd, Marianne Aaronsen.

 
INGREDIENSAR til 4 porsjonar:

400 g laksefilet
1 ts pepar
1 ts cayennepepar
1 ts chilipulver
1 ss olje

Ponzusaus
½ dl soyasaus
½ dl limesaft
2 ss riseddik
1 raud chili
3 fedd kvitlauk
2 ss frisk koriander
1 ½ ss sukker

Eple- og feldsalat
½ pose feld- og babyleaf salatmix
¼ potte frisk koriander
1 grønt eple
2 ss kaldpressa olivenolje

FRAMGANGSMÅTE

Bland krydder og dryss dette på yttersiden av laksefileten. Ha olje i ei steikepanne og varm godt opp. Steik laksefileten raskt i ca. eitt minutt på ei side. Ta fisken ut av panna.

Ponzusaus
Bland soyasaus, safta av ein halv lime og riseddik i ei skål. Finhakk chili, kvitlauk og koriander. Bland alt saman i skåla og smak til med sukker. Rør godt rundt, og sett sausen til side.

Eple- og feldsalat
Grovhakk salat og koriander. Skjær eple i båter. Bland i skål og slå olivenolje over.

Server straks.


torsdag 1. november 2018

Hauststemning med wok og kveite på menyen


Haustmørket er definitivt på veg, denne helga er det slutt på sommartid og vi skal skru klokka ein time tilbake. Det fine med hausten sine mørke kveldar er at dei innbyr til å lage god mat og hygge inne. Ekstra kjekt vert det om ein inviterer noko til å dele måltidet med.

Kveite reknast som ein av havets mest eksklusive fiskar og egnar seg godt til festmat. Wok og kveite er en god kombinasjon sidan den er ein fast i fiskekjøtet. Det faste nydelige kvite fiskekjøtet kan både steikes, omnsbakast eller grillast.

Wok er rask og kjekk mat å lage. Du må ikkje ha ei wokpanne for å wokke, det er tilstrekkelig med steikepanne med litt høge kantar. Teknikken med wok er sterk varme og kort steiketid, dessuten er det vakkert å sette heile wok- eller steikepanna på bordet. Velbekomme!


WOK: Hauststemning med wok og kveite på menyen. Foto: Norges Sjømatråd, Marianne Aaronsen.

INGREDIENSAR til 4 porsjonar:

600 g kveitefilet, utan skinn og bein
½  dl salt

Marinade
1 stk raud chili
2 ss frisk koriander
1 dl soyasaus
2 ss sesamfrø

1 dl olivenolje
1 stk lauk
4 stilk selleri
100 g rettich
1 stk gulrot
150 g spinat
100 g bønnespirar
2 dl fiskekraft
Lys maisennajamnar
Soyasaus
salt og pepar

TILBEHØR
jasminris
soyasaus
sweet chilisaus

FRAMGANGSMÅTE
Skjer kveita i terningar. Bland salt og vatn, og la kveitebitane ligge i saltlaken i ca. 10 minutt.
Ta ut kveiteterningane, skyl dei og tørk godt med tørkepapir. Finhakk chili og koriander, og bland saman med soyasaus og sesamfrø. La kveiteterningane ligge i marinaden i 2-3 timer, og slå av marinaden.

Strimle lauk, stangselleri, rettich og gulrot. Steik kveita i olje i varm wokpanne i ca. 2 minutt, ta den ut og hald den varm. Fres lauk, selleri og rettich i ca. 30 sekund i wokpanna. Tilsett gulrot, spinat og bønnespirar, og steik raskt i 1-2 minutt. Ha i fiskekraft, kok opp og jamn eventuelt med litt maisennajamnar. Smak til sausen med soyasaus, persille og litt salt.

Legg fisken tilbake i steikepanna. Server med jasminris, soyasaus og sweet chilisaus.