fredag 25. juni 2021

Grilla tørrfisk med tomat, oliven og sprøtt surdeigsbrød

Tørrfisk er usalta fisk som er naturleg tørka av sol og vind på hjell, ofte i nord-norge og spesielt i Lofoten frå februar til mai. Norge har ei lang historisk til knyting til tørrfisk. Det er vår eldste handelsvare for eksport til mellom anna Italia.

Tørre fakta om tørrfisk: Den italienske handelsmannen Pietro Querini som forliste utanfor Røst i 1432, tok med seg tørrfisken til Italia då han vende heim. Slik blei han ein viktig ambassadør for eksportvara. Ein god tørrfisk har eit vassinnhald på mellom 14 og 16 prosent.

Tørrfisk av god kvalitet treng å vatnast ut lenge, kanskje opptil 10 dagar. Når tørrfisken bløytast er den å rekne for ferskvare, og må stå kaldt under 4 grader. Det enklaste er å kjøpe gryteklar tørrfisk, då kan du bruke råvara med ein gong, for dette er ei delikatesse i Italia. Bon appétit!

TØRRFISK: Grilla tørrfisk med tomat, oliven og sprøtt surdeigsbrød. Foto: Mats Dreyer, Norges Sjømatråd.


Ingrediensar
(4 porsjonar)

600 g utvatna og reinska tørrfisk

3 fedd kvitløk

1 potte frisk timian

3 stk sjalottløk

1 boks hermetiske tomatar

10 cherrytomat

3 dl olivenolje

8 grøne oliven

8 skiver surdeigsbrød

1 potte fisk basilikum

Salt

 

Framgangsmåte

Grilla tørrfisk

Kutt den utvatna tørrfisken i porsjonar på ca. 150 gram. Forvarm grillpanne eller grill. Pensle fisken med olivenolje. Krydrast med litt maldonsalt og sitronzest (raspa sitronskal). Grillast i ca. 3 minutt på kvar side. Tørrfisken kvilast litt før den anrettast.

Sprøtt surdeigsbrød

Skjer tynne skiver av brødet. Penslast med litt olivenolje før det leggast på smurde brett eller bakepapir i omnen. Steikast gylden på 175 grader i ca. 5-7 minutt.

Tomatsaus

Skrell kvitløk og sjalottløk som kuttast i tynne skiver. Finkutt grøn oliven. Løken fresast i olivenolje til den er gylden. Slå på hakka tomatar, samt resten av olivenoljen. Skru ned temperaturen og la tomatsausen putre i nokre minutt før du griller tørrfisken.

Legg opp i djup skål med tomatsaus i botnen. Legg på den grilla tørrfisken. Skjer tynne skiver av cherrytomatar. Pyntast med fersk basilikum og sprøtt surdeigsbrød.

 

mandag 14. juni 2021

Bacalao à Lagareiro med knuste poteter er god sommarmat!

Bacalao à Lagareiro er ein tradisjonell portugisisk klippfiskrett med knuste poteter og grønsaker. Originalt er retten basert på blekksprut, olivenolje, poteter, grelos og kvitløk, men i nyare oppskrifter av denne retten som ein finn på internett viser at det mest vanlege no er å bruke klippfisk.

Lagareiro betyr eigaren av olivenoljepressa, og lagareiro er brukt som ein kokemetode der ein generøst ausar extra virgin olivenolje over fisken under grilling eller steiking. Retten er så akta og fin at den ofte vert servert på julaftan i Portugal.

 Ein litt salt klippfiskrett er nydeleg her i Norge om sommaren. Denne retten kan nytast saman med venner og familie, for vi både kan og treng å vere ilag no. Enten du er på camping, i båten, på hytta, på standa eller heime i hagen, ta vare på matgleda i sommar!

 

KLIPPFISK: Bacalao à Lagareiro med knuste poteter er god sommarmat! Foto: Studio Dreyer Hensley, Norges Sjømatråd.


Ingrediensar (4 porsjonar)

800 g klippfisk loin med skinn og ryggbein

1 laurbærblad

8 fedd kvitløk

2 dl extra virgin olivenolje


Knuste poteter

800 g små poteter med skal

1 sjalottløk

½ dl olivenolje

salt

 

Grønsaker

200 g spinat

50 g sjalottløk

5 cm raud chili

1 ss sitronsaft

fersk, riven ingefær

frisk koriander

 

Framgangsmåte

Legg klippfisken på eitt brett, slå over halvparten av olivenoljen og topp bitane med kvitløksfedd og laurbærblad. Sett brettet i omnen på 220 grader i 15-20 minutt.  Aus over litt olivenolje undervegs slik at den held seg saftig og får ein fin farge. 

Knuste poteter:

Kok småpoteter med skal i 10 minutt. Slå av vatnet og bake dei ferdig i omn eller på grillen. 

Snu dei seinare i panne med steikt løk og kvitløk og gi dei ein dytt med handa slik at dei knusast og tek opp den gode smaken. 

Frest spinat:

Frese strimler sjalottløk og chili i olivenolje. Tilsett spinat og salt og fres i 40 sekund.  Dryss over litt sitron, riven ingefær og litt hakka koriander. 

onsdag 2. juni 2021

Raud curry med laks er superrask sommarmiddag!

Sommardagane ligg framfor oss, og vi har fått ein aldeles nydeleg start på juni med høgtrykk og sol. På slike dagar fristar det lite med lang matlagingstid inne ved kjøkkenbenken, så det er no vi må plukke fram dei enkle og raske middagsrettane.

Fisk er rask mat å lage til, fordi ein kan kjøpe ferdige skinn og beinfrie filetar både ferske og frosne. Fiskefiletar tinar fort i kjøleskapet eller etter ein time eller to på kjøkkenbenken. Fisk krev kort varmebehandlingstid, og på kjøpet er det mager mat med ei mengd gode næringsstoff i.

Å ete fisk er ein av dei beste kosthaldsvanane ein kan ha, og rådet frå Helsedirektoratet er framleis å velgje fisk til middag 2- 3 gongar per veke. Er du ute etter ein god og rask og middag, prøv superraske raud curry med laks. Retten passar like godt på sommarmenyen som til ein perfekt kvardagsmiddag!


LAKS: Raud curry med laks er superrask sommarmiddag! Foto: Studio Dreyer + Hensley, Norges Sjømatråd.


 Ingrediensar (3-4 porsj)

 

600 g laksefilet, utan skinn og bein

3 ts raus curry paste

olje

2 vårlauk

1 raud paprika

10 sukkererter

4 dl kokosmjølk

½ terning fiskebuljong

lime

frisk koriander

 

Framgangsmåte

Skjer fisken i terningar. Strimle vårlauken og skjer paprika og sukkererter i stavar.

Varm ei gryte med litt olje og fres raud curry paste. Tilset kokosmjølk og fiskebuljong og kok opp.

Tilsett fisk og grønsaker og la trekke til fisken er ferdig i ca. 5 minutt. Server med ris eller nudler, lime og koriander

 

onsdag 19. mai 2021

Dampa blåskjel med kvitlauk og chili

Skal du kose deg litt ekstra i pinsa? Tenk om sola skin og kanskje vert det vêr til å sitte ute å ete, ja vi kan drøyme om fine dagar no når vi er i slutten av mai. Når ein ikkje har lyst til å bruke lang tid ved kjøkkenbenken er det smart å ha matrettar som tek lite tid å lage, og blåskjel er ein av dei.

Blåskjel er noko av det enklaste i verda å lage til og det tek berre minutt frå du startar til du har eit ferdig laga herremåltid. Det ein kan merke seg er at etter 3- 4 minutt damping opnar blåskjella seg, då kan ein rocke opp smaken med krydderurter, kvitlauk, chili, jus, vin, fløyte. Smaken til blåskjel kan varierast i mange i ulike retningar og heilt etter eigne smakspreferansar.

Blåskjela du kjøper i butikk held høg kvalitet og er trygge å ete. Om du ønsker å plukke blåskjel sjølv  kan du gå inn på Mattilsynets blåskjellvarsel på internett eller ringe 820 33333 eller laste ned blåskjellvarsel app for mobiltelefon for å sjekke kvaliteten. Ha ei riktig god pinsehelg!


BLÅSKJELL: Dampa blåskjel med kvitlauk og chili. Foto: Marianne Aaronsen, Norges Sjømatråd.


 Ingrediensar (2 pers)

1 kg blåskjel

2 sjalottlauk

3 fedd kvitlauk

1 raud chili

1 kvist frisk persille

½ lime

2 dl eplejus

2 ss olje

 

Server med

godt brød

 

Framgangsmåte

Vask og reinsk sjalottlauk, hvitlauk, persille og chili. Finhakk sjalottlauk, kvitlauk og persille, og skjer chili i tynne skiver. Skrubb blåskjela og kontroller at dei er tett lukka eller lukkar seg når du kakker på dei. Kast skjell som ikkje lukkar seg. Surr sjalottlauk, kvitlauk og chili i olje i ei kasserolle til lauken er mjuk, men ikkje brun. Tilsett blåskjela, legg på lok og la alt dampe i 4 minutt. Når skjella har opna seg, har du i hakka persille, safta av lime og eplejus, og gir det heile eit oppkok. Server blåskjela med godt brød ved sidan av.

fredag 30. april 2021

Mac and fish, nydelig fiskegrateng med makaroni

Tenk på det, at ein gong var makaroni supermoderne i Norge. Den tida vi fekk framand innflytelse på matvarene våre kan siktast tilbake til 1900 talet, og i legendariske Henriette Schønberg Erken si kokebok frå 1936 finnas middagsrettar, supper og dessertar med mange utanlandske namn.

Middagsrettane var ofte oppkalla etter historiske personar som Chateaubriand, biff à la Mirabeau og suppe à la Bismarch, men også meir heimlege namn er å finne som kaka Mor Monsen. Frå det engelske kjøkenet fekk vi oksehalesuppe, plumpudding og roastbeef og Italia bidrog med italiensk salat, risotto og nydelege makaroni.

Nye matvarer og matlagingsmetodar driv matkulturen vår vidare. Makaronien har blitt fast ingrediens i mange norske rettar, og har no fast plass når vi skal lage fiskegrateng.  Å lage heimelaga fiskegrateng er ein god måte å nytte fiskerestar på og med makaroni i, altså «Mac and fish» er retten uimotståeleg for både store og små!

FISKEGRATENG: Mac and fish, nydelig fiskegrateng med makaroni. Foto: Marianne Aaronsen, Norges Sjømatråd.


Ingrediensar

400 g torskefilet

400 g makaroni

1 ss dijonsennep

2 ss kveitemjøl

2 dl mjølk

4 ss smør

1 fennikel

3 dl frosne erter

5 dl grønkål

200 g bacon i terningar

frisk basilikum

frisk persille

1 sitron

olivenolje

muskat

salt

pepar

200 g cheddar

2 fedd kvitlauk

3 ss griljermjøl

 

Basilikum- og persillepesto

1 neve frisk basilikum

1 neve frisk persille

sitronsaft av 1 sitron

rive sitronskall

4 ss olivenolje

pepar

salt

 

Framgangsmåte

Forvarm omnen til 180 grader. Set makaronien til koking. Medan smeltar du smør og tilset kveitemjøl som du rører dette til ei jamn røre, kan du spe på med mjølk medan du rører til konsistensen har blitt krema. Bland inn sennep, muskat, ost, salt og pepar.

Kok opp ein kjele med vatn og litt salt. Set til side, legg i fisken, og la den trekke i 10 minutt.

Ta fisken ut av vatnet, og la alt vatnet tørke av. Steik baconbitar i ei steikepanne med litt olje. Legg deretter bitane i ein bolle. Steik finskåret fennikel og grønkål lett i litt olje og kvitlauk i ca. 1-2 minutt.

Bland makaronien med sausen, og vend inn torskebitar, grøntblandinga og bacon. Topp med griljermel/panko, og bak den i omnen i ca. 20 minutt.

I mellomtida lagar du pesto. Bland alle ingrediensane i ein bolle, og mos dem med stavmiksaren.

Smak til med salt og pepar. Server Mac & Fish med godt brød og pesto.

 

onsdag 21. april 2021

Gumle - wrap er raskt og god helgemat!

Panko er ei tradisjonell japansk panering laga av brød utan skorpe som gir eit sprøtt og luftig resultat. Alle kvite fiskar kan panerast slik og både torsk, sei og hyse er gode val.

Det er mange gode grunnar til å elske pankopanert fisk; den er crispy og sprøtt, laga av reine fiskefiletar, produsert i Norge og har lavt feittinnhald sidan dei steikast i steikomnen, og ein ekstra bonus er at dette tek berre 18 minutt ved 200 grader medan du lagar tilbehøyret.

Kva i allverden er gumle-wrap? Jau, det er rett og slett pankopansert pakka inn i tortillalefser saman med salat og vanleg tex-mex tilbehøyr, så på 1-2-3 har ein laga ein gumle-wrap! Japanarane sitt svar på panering som gir eit sprøtt resultat som elska av små, unge, vaksne, eldre, ja absolutt alle!

 

WRAP: Gumle - wrap er rask og god helgemat. Foto: Norges Sjømatråd, Marianne Aaronsen.

Ingrediensar

pankopanert fisk

tortillalefser/wraps

valfri salat

paprika i strimlar

avokado i bitar

salsa

lime

rømmedressing

bladpersille

 

Framgangsmåte

Steg 1 Førebuingar

Steik fisken i omnen på 200 grader i ca. 18 minutt, medan du ventar kutter du opp grønsakene. Legg grønsakene på wrappen, tilsett avokado, salsa og limesaft.

Steg 2 Snart ferdig

Legg den ferdigsteikte fisken på wrappen og ha på dressing. Her har vi nytta ei enkel og god rømmedressing. Dryss på salt, pepar og bladpersille.

Steg 3 Laks kan også brukes

Steik då laksen i ei steikepanne med nøytral olje i ca. 3 minutt på middels varme. Snu laksen og steik den i 1 minutt på den andre sida. La den kvile i minimum 2 minutt. Laksen kan også bakast i steikeomnen på 200 grader i 6-8 minutt.

Steg 4 Same framgangsmåte

Framgangsmåten er den same om du nyttar deg av laks i staden for pankopanert fisk, den vil falle i smak uansett kva du vel!

 

onsdag 7. april 2021

Møt våren med vietnamesiske vårrullar med peanøttsaus

Vi lengtar etter våren, men den eine snøbya etter den andre kjem som store mørke skjold innover fjorden, men det er no kanskje dette som er våren her i Noreg. Vèrskifta kjem og går fort i april, frå blomstande krokus og blenkjande vårsola i bakkane til uventa erlerider som gjer det kvitt på bakken og at snøskuffa må hentast fram igjen.

No veit ikkje eg om det hjelp å ete vårrullar medan vi slit oss gjennom alle «ridene» og ventar på våren, men denne veka vil eg presentere ferske vårrullar eller sommarrullar som ein også kan seie. Desse vårrullane har sitt opphav fra Vietnam og smaker friskare fordi dei ikkje er frityrsteikte, men dei beheld likevel sprøheita av ferske urter og grønsaker.

Helgas vårrullar med ein spanande kombinasjon av reker, friske grønsaker og søtsyrleg peanøttsaus. Vårrullane kan sjølvsagt fyllast etter smak og behag, og dyppast gjerne i ein saus med litt sting, som hot sursøt chilisaus. Vietnamesiske vårrullar vert fort ein ny favoritt til helgekosen!

VÅRRULL: Vietnamesiske vårrullar med peanøttsaus. Foto: Marianne Aaronsen, Norges Sjømatråd.


Ingrediensar til 4 porsjonar

300 g reker, utan skal

½ agurk

1 mango

1 raud paprika

1 gulrot

1 avokado

1 bunt frisk koriander

1 boks rispapir


Peanøttsaus

3 cm frisk ingefær

1 fedd kvitlauk

1 ts raud chili

140 grovt peanøttsmør

4 ss vatn

3 ss hoisinsaus

3 ss limesaft

2 ss soyasaus

1 ss sukker

1 ts sesamolje

2 ss peanøtter

Framgangsmåte

Skrell agurk, fjern kjernen og skjer i strimler. Skjer mango, paprika, gulrot og avokado i tynne strimlar. Skyl koriander og legg på tørkepapir så den får tørke. Legg eit ark rispapir i vatn i ca. 10 sekund og la det renne litt av seg. Ha i litt reker, grønsaker og koriander, brett inn sidene og rull den stramt saman. Gjenta til det er tomt for ingrediensar. 

Peanøttsaus

Riv ingefær, og finhakk kvitlauk og chili. Rør saman alle ingrediensane til sausen bortsett fra dei heile peanøttene. Grovhakk peanøttene og dryss over peanøttsausen ved servering.

Server vårrullar med peanøttsaus, sursøt saus og gjerne med ekstra chili oppi ved sidan av.