Det er ei tid for alt er det noko som heiter, for etter 7 år med heile 176 matspalter om fisk og sjømat i Møre Nytt og Vikebladet er det på tide å takke for oppdraget. Eg har meiska meg i gode oppskrifter frå Norges sjømatråd og fått formidla kvar einaste matspalte med stor glede!
Eg vil avslutte med noko av det beste eg får
servert nemleg lutefisk. Tenk at lutefisken er ein rett som generasjon etter
generasjon har satt på bordet i julehelga. I dag startar lutefiksesongen i
allereie oktober, så det er altså lov til å tjuvstarte på lutefisken no.
Lutefisk Amor har ein nydeleg vri som det
er lett å forelske seg i, for den er toppa med lekkert aprikos- og chorizosmør.
Berre fargen er eit syn og her får du også smaken av søtt og salt saman. Lutefisk
Amor er rett og slett himmelsk godt!
LUTEFISK: Lutefisk Amor med aprikos- og chorizosmør. Foto: Norges
sjømatråd. |
Ingrediensar ( 4porsj)
2 kg lutefisk
flaksalt
Ertepuré
400 g frosne erter
50 g smør
salt og pepar
Smørsaus
150 g chorizopølse
4 tørka aprikos
50 g smør
2 ss olivenolje
1 bunt grasløk
Tilbehøyr
8 poteter
Framgangsmåte
Del lutefisken i
porsjonsstykke, berekne to gode bitar per person. Legg fiskestykka med skinnsida
ned i ei langpanne eller eldfast form. Dryss over godt med knust flaksalt og la
fisken ligge slik i 30 minutt.
Dekk forma med aluminiumsfolie. Klem godt rundt kantane slik at det er tett. Bak fisken ved 200 grader i ca. 30 min., avhengig av tjukkelsen på fiskestykka. La fiskestykka renne godt av seg før servering.
Ertepuré
Kok opp erter med litt vatn og ei klype salt. Slå av vatnet og køyr ertene saman med smør i ein hurtigmiksar til jamn puré. Ha pureen tilbake i kasserollen, smak til med salt og pepar og hald den varm.
Chorizo- og
aprikossmør
Skjer chorizopølse og aprikos i små bitar. Fres pølsebitane i olivenolje, og la det syde slik at pølsa gir frå seg både smak og farge. Tilsett hakka aprikos og smør, la det syde videre i eit par minutt. Tilsett hakka urter rett før servering.
Server lutefisken
rykande varm med grøn ertepure, chorizosmør og kokte poteter.