Fisk er ei fantastiske råvare som kan brukast til
mykje. Å eksperimentere med nye måtar å lage og servere fisken på kan vere ei
spennande utfordring og på kjøpet kan små endringar i kosthaldet vere med på å gi
betre matvanar på nyåret.
Å ete sunt og variert, kombinert med fysisk
aktivitet er bra for kropp og velvære. Ofte kan små grep ha stor verdi for
helsa, enten det handlar om å velje vatn framfor brus når ein er tørst, ta
trappene i staden for heisa eller å bytte ut kjøtdeig med laks til tacoen.
Meksikansk taco har vorte ein del av vår
matkultur. Taco er populært, smakfullt og favorittmaten til mange både barn, ungdom
og vaksne. Helsepotensiale ligg i å bytte ut kjøtdeig som inneheld meitta feitt
til laks med sunt fleirumetta feitt. Lykke til med små grep og gode matval på
nyåret, små endringar kan gi deg betre helse!
LAKSETACO: Små
grep stor forskjel med laksetaco. Norges Sjømatråd, Jim Hensley.
|
Ingrediensar til 4 porsjonar
500 g laksefilet, utan skinn og
bein
½ stk lauk
2 ss margarin
1 pk tacokrydder
1 dl vatn
1 glass tacosaus
8 stk tacotubs
½ stk lauk
2 ss margarin
1 pk tacokrydder
1 dl vatn
1 glass tacosaus
8 stk tacotubs
Tilbehør
½ stk salat
½ stk lauk
½ stk paprika
2 stk tomat
1 stk agurk
1 dl mais
100 g riven kvitost
3 boks lettrømme
½ stk lauk
½ stk paprika
2 stk tomat
1 stk agurk
1 dl mais
100 g riven kvitost
3 boks lettrømme
1 boks salsa tacosaus
Framgangsmåte
- Sett steikeovnen på 125 °C eller temperaturen
som står på pakken med tacotubs.
- Skjer laksen i
terningar.
- Reinsk og finhakk
lauken.
- Steik lakseterningane raskt i flytande
margarin i ei varm steikepanne saman med halvparten av tacokrydderet. Legg
laksen til sides.
- Surr lauken blank
saman med resten av tacokrydderet.
- Tilsett vatn og tacosaus, og gi alt eit
oppkok.
- Legg laksen tilbake i steikepanna, legg på
lok og la laksen bli varm.
- Varm tacotubs i steikeovnen rett før
servering, slik det står på pakken.
- Vask og rens issalat, lauk og paprika, og
skjer dei tynne strimlar.
- Vask og skjer agurk og tomat i bitar.
- Legg salat, grønsaker og ost på fat eller i
skåler til servering.
Fyll varme tacotubs med grønsaker, ost
og laks, og server med rømme og salsa tacosaus.
Tips: Du kan
variere ved å bruke tacoskjell eller tortillaslefser.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar