Å bake fisk i omnen er enklare enn du trur, dessutan smakar fisken betre som bakt og tillaginga krev lite oppvask. I denne retten er berre steikepanna i bruk i tillegg til ei eldfast form som rommar både grønsaker, saus og fisk.
Haustens rotgrønsaker er smakfulle og passar godt kombinert med fisk. Har du ikkje smakt på spisskål denne hausten, så anbefala eg å prøve. Spisskålen er laust knytt med saftige blad, er mild i smaken og den er utruleg god smørdampa.
Det står i oppskrifta at du skal ringle
over honning og olivenolje, det betyr «å slynge i ring eller spiralar,
helle, dyppe i sirklar» over alt det gode på toppen av retten til slutt. Denne retten
må nytast!
SEI: Omnsbakt sei med
smørsaus og spisskål. Foto: Studio Dreyer+Hensley. Norges Sjømatråd. |
Ingrediensar
800 g beinfri seifilet
1 ss salt
2 fedd kvitløk
1 ss smør
200 g gulrot
200 g rotgrønsaker
1 stk spisskål
½ ts grovmala pepar
1 timiankvist
2 ss olivenolje
2 ts akasiehonning
smør
Smørsaus
200 g smør
2 ss soyasaus
Pepar
Server med potet
Framgangsmåte
Sett steikeomnen på 180 °C. Skjer
seien i serveringsstykke, dryss salt over og la dei ligge i 7 minutt.
Skyl saltet av og tørk seien lett med tørkepapir. Skjer gulrot og rotgrønsaker på langs og ha i ei eldfast form saman med timian. Her kan du bruke dei rotgrønsakene du ønsker, for eksempel betar eller potet. Ringle over honning og olivenolje. Set grønsakene i omnen og sjekk etter 10 minutt om dei har begynt å bli møre. Når dei nærmar seg gjennomsteikte, kan du sette seien inn i omnen. Legg seien i ei smurt eldfast form, dryss pepar over og legg på skiver av kvitløk og smør. Steik i steikeomnen i ca. 10 minutt. Skjer kål i båtar, og steik i smør.
Saus
Smelt smør til det blir
nøttebrunt, men ikkje brent. Smak til med litt soyasaus og pepar.
Server omnsbakt skrei med spisskål,
rotgrønsaker og bruna smør. Pynt med timian. Om du ønsker, kan du servere med
kokte poteter.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar