mandag 1. januar 2018

Julestemning med sild på bordet

Julefrukost og sild høyrer saman og det blir ikkje skikkelig julestemning utan sild på bordet. Det finnast ei mengd med oppskrifter på klassiske sildepålegg som tomatsild, sursild, karrisild og sennepssild. Sild kan smaksettast på mange måtar, ho er ei lita næringsbombe og det er ingen grunn til at vi ikkje skulle ete meir av den!

Det er stas med heimelaga sildepålegg og i butikken finn ein ferske sildefiletar som ein kan bruke til å lage sildepålegg av. Ein kan også bruke sildefilet frå boks eller pakke, men då treng filetane ein rask skyl i mjølk for å kvitte seg med salt.

Det er lov å jukse litt når ein skal lage heimelaga sild, ved å bruke til dømes ferdig kryddersildfilet. I denne oppskrifta er det tatt utgangspunkt i kryddersild på glas og tilsett nøter, eple og mynte for å gi pålegget ein ny smak. «Av sild blir du snild» var eit av slagordet til det gamle opplysningskontoret for fisk, kanskje det kan kome til nytte før julenissen bankar på døra? Med ønske om ei snill og god jul til alle!

NØTTESILD: «Av sild, blir du snild». Norges Sjømatråd, Esten Borgos.


Ingrediensar til 4 porsjonar
4 stk kryddersildfilet
4 dl vatn
3,5 dl sukker
2 dl 7% eddik
1 stk eple
50 g hasselnøter
1 dl kremfløyte
50 g majones
1 ss frisk graslauk
Frisk mynte

Framgangsmåte
  • Smak på sildefiletane og legg dem i vatn eller mjølk eit par timer dersom dei er for salte.
  • Kok opp vatn og sukker, og avkjøl, og tilsett eddik. Legg sildefiletane i eddiklaken og la dei liggje over natta i kjøleskap. 
  • Tørk sildefiletane og skjer dei i bitar.
  • Skjer eple i terningar og grovhakk hasselnøtene.
  • Pisk kremfløyte til krem og bland med majones, graslauk og mynte.
  • Rør inn eplebitane og hasselnøtene, og vend inn sildebitane. 
  • Ha blandingen i eit glas eller krukke og legg på lok.
  • Silda bør trekke eit døgn i kjøleskap før den etast.

Sild er haldbar i kjøleskap i ca. 1 veke.   

fredag 15. desember 2017

Det er tid for rakfisklag!

Rakfisk er fisk som er konservert på ein spesiell måte, nemlig ved ein gjæringsprosess kalla fermentering. Fisken, oftast aure eller røye, sløyast fersk og leggast i butt med så lite salt at den etter ei tid startar å lukte surt. Fisken vert altså ikkje roten, men fermentert og dette aukar haldbarheita på fisken. Fisken vert transformert til smørjemjuk konsistens og lukt og smak som kan samanliknast med pultost i alle modningsstadium frå luktfri til velutvikla aroma.

Rakfisklag er for mange ei av førjulstida sine høgdepunkt, der ein samlar vener rundt bordet til mat og drikke. Rakfisklag vert halde over heile landet, sjølv om rakfisken første og fremst er matkultur frå innlandet og finnast det eit utal av klubbar og foreiningar over heile Norge som er stifta i rakfisken sitt namn.

Ivar Aasen skriv at ordet rak betyr «suur, gjennemsyret; om Fisk ved en vis Behandling er bleven meget mør eller blød og tillige har faaet en skarp syrlig Smag». Rakfisk er lett å forberede til selskap og dersom du vil starte rakfisklagtradisjon, så kjem tipsa her. Velbekomme!

RAKFISK: Rakfisken er ferdig moden og serveringsklar, det er tid for rakfisklag! Norges Sjømatråd, Esten Borgos.




Ingrediensar til 4 porsjonar
1,4 kg heil rakfisk
1 stk purre
1 stk lauk
pepar


Tilbehør
potet
lettrømme
flatbrød
potetlefse

Framgangsmåte
Ta skinnet av rakfisken, fileter den og skjer i bitar.
Kok og skrell poteter.
Skjer lauk og purre i tynne skiver.

Ha rakfisken på fat saman med kokte poteter, lauk og purre.
Kvern over litt pepar

Tips på bordet til tradisjonelt rakfisklag:
  • Godt flatbrød, gjerne erteflatbrød høyrer til. 
  • Lefser, gjerne av potetlefser. 
  • Hardkokte egg. 
  • Mandel- eller ringerikspoteter. 
  • Lauk i ulike variantar for ulike smaker: Purre, raudlauk, vanlig gul lauk, graslauk. 
  • Seterrømme, eller Røros-rømme. Bland gjerne rømme og lauk saman. 
  • Godt ekte smør, for eksempel Røros smør eller Kvitseidsmør. 
  • Øl og aquavit er vanleg å drikke til, men ein god eplemost er eit godt alkoholfritt alternativ. 
  • Enkelte nyttar også kålrotstappe og ertestuing som tilbehør. 
  • Raudbetar eller raudbetsalat. 
  • I Østerdalen er rakfisk til rømmegraut ein tradisjon. 







mandag 27. november 2017

Ja, vi elskar lutefisk!

Lutefisk er full av god smak og med lange tradisjonar set lutefisken stemninga saman med godt tilbehør. Til lutefisk er min favoritt irrgrøn ertepuré, den har frisk smak og tek kort tid å lage, i tillegg brukar eg sprøsteikt bacon og mandelpotet som tilbehør.

Lutefisk er utvatna tørrfisk, som vert behandla med lut av oske eller kaustisk soda, og deretter vatna ut igjen. Nokre lagar framleis lutefisken sjølv, men dei fleste av oss kjøper ferdig utvatna lutefisk i butikken.

Det er mange forklaringar på kva som var startpunktet for lutefisken. Det er frå brann i eit tørrfisklager i Lofoten, der verdifull oskedekt fisk ikkje kunne kastast. Nokre vaska derfor den akseklede fisken, kokte den og oppdaga lutefisken. Ein mindre sensasjonell forklaring er at nokon med dårlig tid tok i bruk lut for å få raskare utvatning av tørrfisken, og det enda opp som lutefisk.

I motsetnad til klippfisk og tørrfisk er lutefisk eit nordisk fenomen, og den er i høgste grad ein av Norges viktigaste tradisjonsrettar. Det er høgsesong for lutefisk no i november og desember og for mange av oss er dette er «himmel på jord» i matvegen!

LUTEFISK: Ja, vi elskar lutefisk i Norge! Foto: Norges Sjømatråd, Synøve Dreyer.


Ingrediensar til 4 porsjonar

2 kg  lutefisk
2 ss  salt
150 g  bacon 

Ertepuré
350 g  frosne selskapserter
1 ts  sukker
2 ss  smør
1 ts frisk  timian
 salt og pepar 

Tilbehør
mandelpotet 

Framgangsmåte
·         Sett steikjeomnen på 200 °C.
·         Legg lutefisken med skinnsida ned i ei langpanne.
·         Dryss på salt og dekk med aluminiumsfolie.
·         Bak lutefisken midt i steikeomnen til den er gjennomkokt, ca. 40 minutt.
·         Skjær bacon i små terningar og legg dei i kald steikepanne. Steik på lav varme til det er gyldent, sprøtt og feittet har stekt ut. Tilsett ekstra smør dersom baconet er magert.

Ertepuré
·         Kok erter møre i vatn tilsatt sukker.
·         Hell av overflødig vatn og mos ertene med stavmiksar. 
·         Rør inn smør og timian, og smak til med salt og pepar.

Server lutefisk med bacon, ertepuré og kokt potet. Nokre vil også ha riven brunsost, sennep og sirup som tilbehør, dette kan løfte måltidet til nye høgder!

Tips: Dersom du vil ha fast lutefisk dryss du salt over og let lutefisken stå kjølig eit par timar. Hell av vatnet som vert trekt ut og skyll deretter lutefisken i kaldt vatn.



fredag 10. november 2017

Ein smak av Brasil med klippfisk Moqueca

Brasil er Sør-Amerikas største stat og den femte største i verda, både i folketal og areal. I Brasil er det offisielle språket portugisisk og befolkninga bur i hovudsak langs den lange kysten mot Atlanterhavet, der mesteparten av landet har tropisk klima.

Brasil er eit av dei viktigaste eksportmåla for norsk klippfisk og det vert sagt at ei dyktig brasiliansk kvinne skal kunne lage 365 ulike klippsfiskrettar. Dette betyr at brasilianarane elskar råvara frå Norge og har ei stor bredde av rettar som dei kan lage av klippfisk.

Moqueca er ein tradisjonell brasiliansk rett og i denne oppskrifta frå byen Salvador møter norsk klippfisk både frukt og kokosmjølk frå tropane. Moqueca betyr lapskaus på portugisisk og resultatet vert ei salt og søt sjømatgryte med smakar frå Brasil. Norsk klippfisk i tropisk drakt gir ei ny sjømatoppleving!

BRASIL: Klippfisk møter frukt og kokosmjølk frå tropane i retten Moqueca frå Brasil . Foto: Norges Sjømatråd, Marco Terranova.



Ingrediensar til 4 porsjonar

800 g  klippfisk, utvatna og reinska
1 stk  papaya eller mango
1 stk  grøn paprika
8 stk  cherrytomat
1 stk  lauk
6 stk  vårlauk
2,5 dl  olivenolje
5 dl  kokosmjølk
salt 
Tilbehør
ris 

Framgangsmåte

·         Skjer klippfisk i serveringsstykke.
·         Skjer papaya eller mango og paprika i terningar.
·         Del cherrytomat i to, grovhakk lauk, og finhakk vårlauk. 
·         Bland papaya eller mango og alle grønsakene godt saman og del i to like store delar.
·         Ha eine halvparten i ein kasserolle saman med olivenolje og kokosmjølk.
·         Kok under stadig omrøring i 15 minutt. Det skal tjukne litt.
·         Tilsett resten av grønsakene og klippfisk, og kok vidare på svak varme i ca. 15 minutt utan å røre.
·         Smak til med salt.

Server gryta med kokt ris.





mandag 30. oktober 2017

Haust med klassisk fiskesuppe

Haust er årstida som dannar overgangen frå sommar til vinter, solvarmen er minkande og temperaturen synkande. Kveldane blir mørkare er det tid for innekos og god, sunn mat. Då er det aldri feil med varm fiskesuppe på ein hustrig haustdag.

Suppe er allsidig mat og oppskrifta i dag er klassisk fiskesuppe der du kan velje din favorittfisk enten det er hyse, torsk eller steinbit. Det finnast ingen fasit på den perfekte suppe og du kan sjølvsagt velje både sjømat og grønsaker etter din eigen smak.

Lag gjerne dobbel eller trippel porsjon av fiskesuppa. Med suppe til overs, kan du fryse vekk i porsjonar eller bruke den til ein perfekt til restemiddag neste dag. Avkjøl suppa på kjøkkenbenken, sett den deretter i kjøleskapet i nokre timar før du frys den. Då unngår du iskrystallar i fiskekjøtet. Husk at varm suppe alltid skal serverast i varme tallerkar!


Haust: Klassisk fiskesuppe som varmar. Foto: Norges Sjømatråd, Synøve Dreyer. 


Ingrediensar til 4 porsjonar

200 g  hyse, torsk eller steinbitfilet 
2 stk  gulrot 
1 skive  sellerirot 
1 stk  persillerot 
1 ss  smør 
2 ss  kveitemjøl 
1 l  fiskekraft 
½ stk  sitron 
1 ts  karri 
¼ ts  kajennepepar 
2 stk  eggeplomme 
1 dl  kremfløyte 
salt 
frisk graslauk

Tilbehør
brød 


Framgangsmåte

·  Skjer fisken i terningar og halvparten av gulrøtene i tynne strimlar.
·  Skjer sellerirot, persillerot og resten av gulrota i små terningar.
·  Smelt smør, rør inn mjøl og spe med fiskekraft til ei klumpfri suppe.
·  Tilsett grønsaksterningane og kok suppen i ca. 15 minutt.
·  Ta grønnsakene ut av suppa.
·  Press saft av sitron og rør saman karri, kajennepepar, eggeplomme og kremfløyte.
·  Rør blandingen inn i suppen og gi den et raskt oppkok under omrøring.
·  Tilsett fisk og gulrotstrimler, og la suppa trekke til fisken er ferdig, ca. 5 minutt.
·  Smak til med salt.

Server fiskesuppa med graslauk dryssa over, og med godt brød ved sidan av.


søndag 15. oktober 2017

Lev godt med Middelhavets fiskegryte

Sommaren er definitivt på hell og hausten kan få oss til å drøyme om Middelhavets milde bris, kvite sandstrender og gode mat. Saftige tomatar, gode grønsaker, olivenolje med sin litt kraftige smak, fersk sjømat og dufta av vill oregano kan vekke gode minner og freiste smaklaukane våre no om hausten.

Grønsaker og sjømat, det originale middelhavskosthaldet er både sunt og helsefremmande, men middelhavskosten handlar ikkje berre om mat. Det sosiale rundt maten er ein grunnleggjande svært viktig  og grekarane legg stor vekt på at familien samlast ved middagen, som ofte kan vare i fleire timar.

Travle kvardagar tek av tida vår her i nord og for mange er det først i helgane ein får tid til å sitje lenge rundt matbordet. Mat er svært viktig for både vår fysiske og mentale helse, men skal også formidle livsglede, oppleving og ei kjensle av fellesskap. Middelhavskosten held oppe disse eigenskapane på ein fantastisk måte!



LEV GODT: Middelhavets fiskegryte som varmar. Foto: Norges Sjømatråd, Esten Borgos.


Ingrediensar til 4 porsjonar

500 g  laksefilet, utan skinn og bein 
100 g  reker, utan skal 
½  stk  appelsin 
1 stk  lauk 
2 fedd  kvitlauk 
2 ss  tomatpuré 
800 g  hermetiske tomatar, grovhakka 
1/2 terning  fiskebuljong 
1 ts  chilipasta 
1 ts  sitronsaft 
10 stk  oliven, svart 
olivenolje
oregano 
salt 

Tilbehør
Godt brød 


Framgangsmåte

·    Skjer laks i 3 cm terningar og riv skalet av appelsin.
·    Skjer lauk i tynne båtar, finhakk kvitlauk og surr på svak varme til lauken er blank.
·    Tilsett tomatpuré og la det surre litt. 
·    Tilsett appelsinskal, hermetiske tomatar og fiskebuljong. La det koke i ca. 15 minutt utan lok.
·    Smak til med chilipasta, oregano, sitronsaft og salt.
·    Legg lakseterningane i sausen og la dei trekke til dei nesten er kokt.
·    Skjer oliven i ringer og ha i gryta saman med reker ved servering. 


Server gryta med brød ved siden av og gjerne litt friske urter på toppen.

søndag 1. oktober 2017

Småsprø krede med eplesaus

Aure eller salmon trutta (lat.) er ein fisk i laksefamilien og kan variere i storleik, form og levestad. Aurekjøtet er enten kvitt eller rosa. Namn som røyr, innsjøaure, bekkeaure, fjellaure og sjøaure er vanleg, men på ekte sunnmørsk er krede namnet på ein liten aure.

Krede er ein av dei mest populære fiskane blant sportsfiskarar og fisket foregår helst med garn, oter eller stang. Det finnast mange lokale fiskevatn med mykje fisk. Dersom du vil fange krede sjølv, så gjer deg kjent reglane for fiske enten det er fiskekort eller løyve frå fiskerettshavaren som gjeld. Krede finnast også i ferskvare- eller frysedisken.

Krede har vore viktig for både norsk matkultur og friluftsliv gjennom fleire hundre år. Krede kan røykast, gravast, saltast, kokast og grillast. Dagens oppskrift er langsteikt krede på svak varme med frisk eplesaus. Dette er eit nydelig festmåltid med milde, friske  og gode smakar. Plukk og bruk gjerne norske syrlege eple frå hagen til sausen, det gjer susen!

SUNNMØRSK: Krede med eplesaus. Foto: Norges Sjømatråd, Håkon Messel.


Ingrediensar til 4 porsjonar

4 reinska krede (aure)
4 ss  pinjekjerner 
salt 

Saus
1 ½   eple 
2  sjalottlauk 
4 dl  kvitvin 
1 dl  kremfløyte 
125 g  smør, usalta 
salt og pepar 

Tilbehør
200 g  sukkererter 
potet 


Framgangsmåte

·        Reinsk kreda slik: Ta ut innmaten, skjer av hovudet og sporen og skrap skinnet med butt kniv. Skyl godt av i rennande kaldt vatn. Del kreda i to langs ryggbeinet og ta ut ryggbeinet på begge halvdelane, men behald gjerne skinnet på filetane. Tørk filetane godt i kjøkenpapir.
·         Dryss litt salt på fileten og steik den eine sida på svak varme over lang tid, ca. 20 minutt, slik at overflata karamellisera seg.
·         Rist pinjekjernane på tørr steikepanne. 

Saus
·         Skrell og skjer eple i terningar, og finhakk sjalottlauk.
·         Ha sjalottlauk og kvitvin i ein kasserolle og kok til konsistensen er som sirup.
·         Tilsett kremfløyte, kok opp og ha i nokre av epleterningane.
·         Rør inn smør, litt om gongen, til passe konsistens.
·         Sil sausen og smak den til med salt og pepar. 
·         Tilsett resten av epleterningane i sausen ved servering. 

Server nysteikte kredefiletar med pinjekjerner og nykverna pepar dryssa over, og med eplesaus, kokte sukkererter og poteter ved sidan av. Pynt med bladpersille.