tirsdag 16. mai 2023

Matjestartar med eple og dill

Matjesild er ein spesialitet frå Nederland og er modna sild. Reinska sild vert salta og modna i tønner, og dersom den er fanga i mai eller juni når silda er feitast (minst 16%)  kallast den på nederlandsk «Hollandse Nieuwe». Matjesild eller Maatjessharing på nederlandsk, betyr jomfrusild.

Jomfrusild er nett kjønnsmoden og har endå ikkje rukke å utvikle mjølke eller rogn. Silda er altså ung, feit og struttande sunn. Egersund er matjesilda sin hovudstad og når fiskebåtane legg til kai med jomfrusild startar auksjonane der nederlandske oppkjøparar byr om kapp på sesongens delikatesse.

Matjesild brukast til sildepålegg, etast med potet, hardkokt egg og flatbrød, grillast, brukast i wrap og sushi. Matjesildelskarar svergar til Matjesild i lompe og beskriv smaken som ei blanding av hav, sjøkreps, østers og umani. Matjesildtartar er derimot friskt med eple og dill, og du kan bruke retten som ein god forrett eller nydeleg sommarlunsj.

SILD: Matjestartar med eple og dill. Foto: Aina Hole, Norges sjømatråd.

Ingrediensar (4 porsjonar)

4 doble filetar matjessild

1 gul løk

1 eple

1 ts sitronsaft

4 ss crème fraîche

1 ss frisk dill

pepar

 

Server med

grovbrød eller rugbrød

salat

reddik

dill


Framgangsmåte

Hakk matjesfiletane grovt og finhakk løk. Skrell og skjer eple i små terningar. Ha sitronsaft over epleterningane. Bland matjessild, løk, epleterningar, crème fraîche, og finhakka dill. Smak til med pepar. Ha tartaren på skiver av grovt brød eller rugbrød. Server på salat med reddikskiver og dill som pynt.

Tips: Du kan bruke ei lita ringform eller lignande for å forme brødet og tartaren.

 

tirsdag 2. mai 2023

Møt helga med krema blåskjelsuppe

Ferske blåskjel får ein kjøpt i små 1 kilos nett i ferskvaredisken og det er sesong heile året. Blåskjel kan vere ein rett i seg sjølv , men i helgas oppskrift skal dei brukast i ei krema blåskjelsuppe.

Blåskjeloppdrett finnast langs heile Norskekysten, blåskjel krev inga fòring og er dermed er dei ein av dei mest miljø- og resursvenlege måtane å produsere mat på. Blåskjela et mat med vasstraumen som i all hovudsak er planteplankton.

Det er viktig å vite at alle norske blåskjel er produsert under kontrollerte forhold og dermed trygge å ete. Om du vil plukke blåskjel sjølv må du sjekke på Mattilsynet.no/ blåskjellvarselet. Likevel er det viktig å huske at blåskjel skal vere lukka (levande), tvilsame skjel som er skada eller opne skal kastast. Ingenting varmar så mjukt og godt som krema blåskjelsuppe!

BLÅSKJEL: Møt helga med krema blåskjelsuppe. Foto: Marianne Aaronsen, Norges sjømatråd.


Ingrediensar (4 porsjonar)

1 kg blåskjel

1 gulrot

1 skive sellerirot

2 stilk frisk bladpersille

2 dl tørr kvitvin

3 dl vatn

1 terningfiskebuljong

2 dl kremfløyte

kajennepepar

salt

 

Server med

Godt brød


Framgangsmåte

Skrubb blåskjela og kontroller at alle skjella er lukka. Kast tvilsame skjel. Skjer gulrot og selleri i små terningar. Plukk blada av persillestilkane, ta vare på stilkane og blada. Kok opp vin, vatn og buljongterning, legg i grønsaker, persillestilkar og blåskjel, legg på lok og kok blåskjela til dei opnar seg, ca. 4 minutt. Ta opp skjela med holsleiv og reinsk ut skjelmaten. Mos grønsakene godt i krafta og sil den. Kok opp krafta med kremfløyte og smak til med kajennepepar og salt. Legg blåskjela i suppa. Server suppa i varme suppetallerkenar med hakka bladpersille på toppen og med godt brød ved sidan av.

Tips: Du kan spare nokre av blåskjela og bruke dei som pynt i suppa ved servering.

 

onsdag 19. april 2023

Er du klar for Torsketaco?

Nordmenn elskar texmex og taco har blitt fast innslag på fredagane i norske heimar. Texmex er samansett av matkulturane får Texas og Mexico og denne matkulturen spreidde seg frå grensene ved sørstatane til resten av USA, før den kom til Norge.

I texmex mat brukast ein del søtlege krydder som kardemomme og til forskjell frå meksikansk mat der for eksempel er frisk lime og koriander pregar smaken. Typisk for texmex er også å bruke kveite i tortillane i staden for mais, eller sprøsteike variantar av ulikt forma tacoskjell. Texmex er lett og raskt å lage samtidig som det gir ein god smak som dei aller fleste likar.

Du kan lage ditt eige tacokrydder av chilipulver, kardemomme, spisskummen, salt, kvitløkspulver, malt paprika, malt koriander, oregano, løkpulver og svart pepar. Dette krydderet kan du kan justere til enten mild eller sterk smak, og er du nytenkande nok kan du prøve med torsk som hovudråvare. Det smakar veldig  godt altså, er du klar for Torsketaco?

TORSK: Er du klar for Torsketaco? Foto: Marianne Aaronsen, Norges Sjømatråd.

Ingrediensar

800 g torskefilet

2 ss smør

½  limesaft

salt og pepar

 

Mangosalsa

1 mango

2 anansskiver

1 limesaft

1 raud chili

frisk koriander

 

Tomatsalsa

2 tomat

1 raud chili

1 bunt frisk koriander

½ gul løk

salt og pepar

 

Tilbehøyr

1 raud løk

2 avokado

Salat

 

Server med

250 ml chilimajones

8 tortillalefser

 

 

Framgangsmåte

Strimle hjertesalat, og del raudløk og avocado i fine båtar eller bitar. Lag salsaene. Finhakk alle ingrediensen og bland det godt. La dei stå medan du klargjer fisken. Del torsken i terningar og steik på varm panne med litt smør. Ha over litt limesaft når dei er ferdigsteikt. Strø over salt og pepar. Varm tortillalefsene i omn, steikepanne eller mikrobølgeomn. Smør tortillaene med chilimajones, legg på strimla salat, avocado og løk, torsk, salsa og til slutt hakka koriander.

 

fredag 31. mars 2023

Sennepssild er nydeleg påskepålegg

Å lage heimelaga sildepålegg er for mange ein familietradisjon. Godt sildepålegg til lange påskefrukostar med godt brød, varme rundstykke, kokt egg og nytrekt kaffi er for mange eit høgdepunkt som høyrer til høgtidene.

Klassisk sennepssild med dill på ei stykke rugbrød er rein påskeglede, samtidig er det å endeleg få tid til å ete frukost ilag med familien er samlande i påskedagane. Dette handlar om sosialt samvær, matglede og om å ta seg tid til å ta vare på tradisjonar.

Nokre feirar påska aleine, andre med familien eller venner, medan enkelte er på jobb. Uavhengig av kva ein finn på eller gjer i påskehøgtida kan vi alle kjenne på dei lengre og lysare dagane, dei gode slidrelydar frå takrenna når snøen smeltar og sprudlande fuglekvitter! Ha ei riktig god påske!

SILD: Sennepssild er nydeleg påskepålegg. Foto: Bent Raanes & Sarah Cameron Sørensen, Norges Sjømatråd

Ingrediensar

6 stk kryddersildfilet

½  stk gul løk

 

Sennepssaus

100 g majones

3 ss sennep

2 ss dijonsennep

3 ss frisk dill

1 ts 7% eddik

1 ts sukker

pepar

Fremgangsmåte

Smak på sildefiletane og legg dei i vatn eller mjølk eit par timar dersom dei er for salte. Skjer kryddersildfiletane i bitar og løk i tynne skiver. Bland majones med sennep, dill, eddik og sukker. Smak til med pepar, sukker og eddik. Legg sild og løk lagvis i eit glas eller krukke. Slå sennepssausen over og legg på lok. Silda bør trekke eit døgn i kjøleskap før den etast. Silda er haldbar i kjøleskapet i ca. 1 veke, det vil seie heile påska.

 

tirsdag 21. mars 2023

Reker er fantastisk godt gjennom heile året

Norges sjømatråd melder at norske forbrukarar elskar ferske reker og at dei forbindast særleg med solfylte sommardagar, men visste du at ferske reker er tilgjengeleg gjennom heile året?

Det gjer ekstra godt å tenke på at norske reker likar seg best i reint kaldt vatn, som gir dei ein frisk smak, fast kjøt og den naturlege lyseraude fargen som gjer dei så freistande.

Reker passar til alle anledningar og spesielt når ein ikkje har god tid til matlaging. Til kvardags kan ein lage Pokebowl reker, Rasta med reker, Reketaco eller Wok med reker.

Til fest kan ein imponere med Toast skagen, Quesedilla med reker, Krema rekesuppe eller ein gamal klassikar som Rekecoctail til forrett.

Når ein kjøper reker i butikk kan forpakningen vise til ulike størrelsar. Størrelsane angir kor mange reker det går på ein kilo. Dersom det for eksempel står «reker 70-90», så går det mellom 70 til 90 reker på en kilo og dette er ein fin middels størrelse på rekene.

Rekefiskarar koker dei største rekene om bord, og dei vert ofte solgt frå fiskebåten ved brygga, eller dei kan frysast ombord. I butikken finnast gode frosne reker og desse er det best å tine sakte i kjøleskap, eller dei kan tinast i  1-2 timar i romtemperatur på kjøkkenbenken.

Om du vil ha reker til kvardag eller fest, til sommar eller vinter så er dei aller best når dei får spele hovudrolle saman med ferskt brød, majones, sitron, toppa med dill og lodderogn.

 

REKER: Ferske reker saman med ferskt brød, majones, sitron, toppa med dill og lodderogn. Foto: Marianne Aaronsen, Norges sjømatråd.


 

 

tirsdag 7. mars 2023

Krema tagliatelle med laks

Pasta kjem i uendeleg mange former og fasongar og er ein del av den klassiske italienske matkulturen. Visste du at pasta betyr deig? Pasta er vanlegvis laga av kveitemjøl, vatn og salt, men kan også tilsettast andre ingrediensar for å gi farge og smak, det som er mest vanlege er å tilsette egg.

Tagliatelle eller bandspagetti er lange og smale plastaband oftast laga av durumkveite med egg i. Når du skal koke pasta, ta alltid utgangspunkt i det som står på pakken. Legg alltid pasta i fosskokande vatn i eit stor kjelde med nok vatn og litt salt. Pasta utvidar seg under koking og den skal ikkje overkokast, men serverast med tyggemotstand eller  «al dente».

Som Norges sjømatråd seier: «Leiter du etter ein enkel middag med nydeleg laks og krema pasta? Sjå ikkje lenger! Med denne oppskrifta får du ein sunn, velsmakande middag på kort tid». Velbekomme!


LAKS: Krema tagliatelle med laks. Foto: Studio Dreyer + Hensley, Norges sjømatråd.

Ingrediensar (4 porsjonar)

400 g laksefilet

4 pors tagliatelle

2 sjalottløk

½ purreløk

150 g friske erter

2 dl kremfløyte

½ sitronzest

olje

salt og pepar

frisk basilikum

 

Framgangsmåte

Skjer laks i passande terningar. Kok pasta som anvist på pakken, tilsett ertene i dei siste minutta av koketida. Kutt sjalottløk i små bitar og purre i ringar. Surr løken blank i litt olje, og steik så laksen i panna nokre minutt, behald kjernen på fisken litt rå. Tilsett purre saman med sjalottløk og laks. Ta laksebitane ut av panna. Tilsett fløyte i panna, kok opp og la i ca. 2 minutt. Smak til sausen med salt og pepar og rive sitronskall. Sil av pastaen og vend inn fløytesausen. Dander laksebitane på toppen, og dryss over friske basilikumblad.

 

mandag 20. februar 2023

Smak parmesangratinert skrei med bakte rotgrønsaker

Det er umogleg å sleppe tak i skreien no når vi er midt i sesongen, så her kjem endå ei oppskrift på korleis ein kan lage eit festmåltid av denne lekre råvara. Sjømatelskarar over heile verda set pris på skreien, og no kan vi også eksperimentere med skrei med ny vri.

Skrei har ein mild smak og det kan vere spennande  «å piffe den opp» med parmesangratinering. Parmesan er ein italiensk, fast og feit ost med smak av både salt og sødme. Osten er mest kjent som fast tilbehøyr til pastarettar og italienarane brukar den som krydder i matlaginga.

Å lage parmesangratinert skrei er overraskande lettvint, og saman med bakte rotgrønsaker vert dette både eit eksklusivt og smaksrikt festmåltid. Hurra for skreien vår!

SKREI: Smak parmesangratinert skrei med bakte rotgrønsaker. Foto: Studio Dreyer + Hensley, Norges sjømatråd.

Ingrediensar (4 porsjonar)

800 g skreifilet, utan skinn og bein


Parmesankrem

½ ts flaksalt

1 eggeplomme

2 ss fløyte

50 g riven parmesan

1 fedd kvitløk

1 ss rosmarin

 

Rotgrønsaker

2 søt potet

1 sellerirot

2 ss rosmarin

5 ss olivenolje

salt og pepar

sitronsaft

 

Råkost

1 crispisalat

250 g råkost

2 ss grasløk

½ sitron

4 ss olivenolje

salt og pepar


Fremgangsmåte

Rosmarinbakt selleri og søtpotet.

Forvarm omnen til 200 grader. Skrell og kutt sellerirot og søtpotet i store klossar på 3-4 cm. Slå over olje, salt og hakka rosmarin. Legg dei i eldfast form med bakepapir i botnen og bak dei i 40 minutt på 200 grader med varmluft. Dei skal bli godt bakte å få ein fin farge og mjuk konsistens. Press over sitronsaft ved servering.

Parmesangratinert skrei

Dryss litt salt over og under skreien og legg den på ei eldfast fat/form. Rør saman alle ingrediensane til parmesanrøra i ein bolle og fordel denne over heile overflata på skreien. Set forma/fatet midt i forvarma omn ved 200 grader med grillfunksjon. La skreien steike til den har fått ei fin gratinert skorpe i omtrent 10 minutt. Sjekk den tjukkaste delen av fileten om den flakar når du pressa på den, då er den ferdig steikt og perfekt til servering. Er den litt rå, skru av omnen og la fisken stå og trekke nokre minutt.

Frisk Råkost

Hakk grasløk og bland inn sitronsaft, salt, pepar og olivenolje i ein stor bolle. Bruk gjerne ferdig råkost-mix som du finn i butikken. Dersom ikkje kan du lage din eigen med for eksempel gulrot og kål. Vend råkosten og crispisalaten i bollen rett før servering.