tirsdag 29. mai 2018

Viva Italia med pasta og sjømat på menyen


Pasta og sjømat er ein sikker vinnar på vårmenyen. Spagetti med blåskjell er enkel, lett for kroppen og har god smak. Delikatessen passar like godt for store som små, både til kvardags og fest.

Ordet spagetti er italiensk og kjem frå ordet spaghetto som tyder «streng eller tråd», og spagetti slik vi kjenner det tyder små strengar eller  trådar. Om ein vil vere meir avansert kan ein også dele det inn spagettini (tynn spagetti) og spagttoni (tjukk spagetti).  For å få perfekt kokt spagetti skal den alltid leggast i kokande vatn med salt i. Spagetti skal vere mjuk samtidig som ein har litt motstand i kjerna, eller kokt «al dente» som italienarane seier. Om spagetti en er tjukk eller tynn, følg alltid koketida på pakken.

Litt artig å vite er at det å ete spagetti kun gaffel er europeisk og det var amerikanarane som starta med å ete spagetti med gaffel og skei. Historier fortel å ete spagetti med skei var kun for barn og folk med dårlige manerar, ein ekte italiienar et spagetti med kun gaffel, basta!


ITALIENSK: Spagetti med blåskjell er ein sikker vinnar. Foto: Norges Sjømatråd, Marianne Aronsen.



Ingrediensar til 4 porsjonar

2 kg blåskjell
400 g spaghetti
2 stk sjalottlauk
2 fedd hvitlauk
1 stk raud chili
1 ss smør
2 dl kvitvin
2 dl kremfløyte
2 ss frisk persille

TILBEHØYR
parmesanost
brød

FRAMGANGSMÅTE
Skrubb blåskjell og kontroller at alle skjella er lukka. Kast tvilsame skjell. Kok spaghetti etter bruksanvininga på pakken. Finhakk sjalottlauk, kvitlauk og chili. Fres sjalottlauk og kvitlauk i smør til det er blankt i ei kasserolle, og tilsett chili og blåskjell. Ha i kvitvin og la blandinga koke i 6-8 minutt. Rist kasserollen forsiktig underveis slik at skjella blandast. Kast skjell som ikkje har opna seg. Tilsett kremfløyte og persille, og varm blandinga opp. Ha spaghetti i ei skål og slå blåskjell med saus over. Server spaghetti med riven parmesanost og brød til.
Tips: Kvitvin kan erstattast med syrlig eplejuice.

onsdag 16. mai 2018

Eit snev av luksus med kongekrabbe


Kongekrabbe eller kamtsjatkakrabbe, også kjent som russerkrabbe er ein krabbeart som tilhøyrer gruppa trollkreps. Kongekrabben er diger, har raudt skal og dei største kan verte opptil 10 kg tunge og med utstrakte klør kan dei måle 2 meter på tvers. Det var russiske forskarar som sette ut kongekrabben i Murmanskfjorden for ca. 50 år sidan for å etablere ein ny fiskeressurs. Arten er uønskt i norsk farvatn fordi den ikkje finnast naturleg, men likevel har kongekrabben blitt svært viktig for krabbefiskarar i nordpå.

Kongekrabbe vert også fiska kommersielt i Canada, Alaska, Russland og Japan og er høgt verdsatt mat. Krabbekjøtet er fast og svært lett å få ut av dei store klørne ved å knekke ledda og klippe opp skalet med vanleg saks. Smaken på kongekrabbe er litt søtare enn hummar med litt meir intens skaldyrsmak, den smakar rett og slett himmelsk!

Å servere kongekrabbe gir eit snev av luksus og ein treng ikkje mykje tilbehør for at det skal vere godt. Denne retten kan serverast både som forrett og hovudrett og saman med vårens knallgrøne ferske asparges og heimelaga sitonhollandaise er dette ein lekker, smakfull og nesten royal rett av havets monark. God pridehelg!


KONGEKRABBE: Eit snev av luksus med havets monark på bordet. Foto: Norges Sjømatråd, Marianne Aronsen.


Ingrediensar til 4 porsjonar

3 stk kokte kongekrabbebein
12 stk asparges

Hollandaise
3 stk eggeplomme
2 ss sitronsaft
150 g smør
salt og pepar

Tilbehør
loff
lime

Framgangsmåte
Klipp opp skalet på krabbebeina med saks og ta ut kjøttet i så store delar som mogleg. Brekk av den lyse, nedste delen av aspargesstilkane og skrell den nedste delen litt. Kok asparges i lettsalta vatn med ei liten klype sukker, i ca. 2 minutt. Avkjøl aspargesen med ein gong i iskald vatn, då stoppar ein kokeprosessen og ein unngår at grønsaken vert overkokt og slapp.
Hollandaise
Smelt smør og rør saman eggeplomme og sitronsaft. Set bollen med eggeplomme over et kar med varmt vann. Rør til det tjuknar. Visp inn smør litt om gongen til ein fyldig saus. Smak til med salt og pepar og hald sausen forsiktig varm.
Server kongekrabbe med asparges, sitronhollandaise, loff og limebåtar. 

torsdag 3. mai 2018

Kongelig måltid med Prinsefisk!


Prinsefisk er ein gammal festrett og har sitt utspring frå Bergen. På midten av 1800- talet vart Kronpris Carl utnemnt til visekonge i Noreg og i den forbindelse skulle han  gjere seg kjent med landet. Med dampskipet Vidar reiste kronprinsen langs kysten saman med den hollande kronprinsen Wilhelm av Oranien frå Christiania til Trondheim.

Lang kystruta var det sjølvsagt stopp i Bergen og den 22.juli gikk dei i land til ein festmiddag for 150 personar. I anledning kronprinsbesøket vart det bygd ei paviljong mellom Logen og det som blei kalla Pelloths store sal, seinare Holds Hotell på noverande Ole Bulls plass.

Her blei altså retten Prinsefisk servert for første gong, som ein av fleire rettar til dei inviterte. Råvarene var klare: fersk torsk, kvitvinssaus, skaldyr, grøne asparges og knaskande sprø butterdeigsnippar. Sjølvsagt koket poteter til, og i dag med moderne kvitlaukspoteter. Ei himmelsk rett som er ein prins verdig!


KONGELIG: Prinsefisk er ein himmelsk god fiskerett, ein prins verdig! Foto: Norges Sjømatråd, Marianne Aronsen.



Ingrediensar til 4 porsjonar:

800 g torskeryggfilet med skinn
200 g reker utan skal
200 g blåskjel
200 g grøne friske asparges
1  flak butterdeig
8 cherrytomat

Kvitvinsaus:
3 finhakka sjalottlauk
1 ss smør
2 dl kvitvin
5 dl fiskekraft
3 dl fløyte
salt, pepar
ev. maisennamjøl

Kvitlauks poteter:
4-6 kokte poteter
3-4 kvitlaukbåtar i tynne skiver

FRAMGANGSMÅTE:
Kok poteter og avkjøl dei. Set steikeomnen på 225 grader. Del butterdeig i snippar, altså små terningar, eller skjer halvmånar. Legg dei på bakepapirkledd steikebreitt, steik i 5-6 minutt og avkjøl rask på rist.

Skru ned steikeomnen til 200 garder. Skjer torskefileten i serveringstykke. Legg stykka i langpanne eller eldfast form og dryss salt over. Slå litt vatn i langpanna, berre så det dekker botnen. Dekk forma med aluminiumsfolie. Bak fisken i steikeomn ved 200 grader i ca. 15 minutt.

Surr lauken blank i smør. Tilsett kvitvin og reduser til det halve. Ha i fiskekraft og reduser vidare til det halve. Tilsett fløyte og kok til passe konsistens. Smak til med salt og pepar. Sil sausen.
Skjer dei kokte potetene i kuber. Steik kvitlaukskivene og potetene i smør slik at de blir gylne og fine. Legg kvitlaukskivene over kvarandre på toppen av potetkubane.

Koko opp vatn med litt salt og sukker. Legg i aspargestoppane og cherrytomat og la dei koke i 3 minutt. Slå av vatnet og legg dei ved sidan av fisken på serveringsfatet. Pynt med reker og blåskjel som er luna i folie rett før servering, slå kvitvinssaus over og dander med gylne butterdeigsnippar.  

torsdag 19. april 2018

Heimelaga fiskebollar med paprika og purrelauk


Fiskebollar er en vanleg kvardagsrett i Norge og inneheld oppmalt fisk, mjølk, potemjøl og salt. I min heim var retten ein favoritt når barna var små saman med potet, gulrot, karrisaus og sprøsteikt bacon oppå. Fiskebollar kan også opphøgast til ein helge- eller selskapsrett slik som fløytebollar i terteskjell eller som dagens oppskrift med fiskebollar med paprika og purrelauk i.

Det er lett å lage eigne fiskebollar og har du ei matmølle går det fort.  Fiskefarse lagar ein gjerne av mager fisk som hyse, lys, lange, men også steinbit og torsk gir lys og fin farse. Trikset med å lage fiskefase er å bruke fersk kald fiskefilet som ein kjører i matmølla saman med salt til farsen blir fast og seig. Spe deretter med kald mjølk i ein tynn stråle til farsen har klart å absorbere væska. Tilslutt tilset ein dei andre ingrediensar slik som i dagens oppskrift, paprika og purrelauk.

No når min små har blitt unge vaksne og kjem på besøk heim til mor, då vert det ofte bestilt fiskebollar til middag. Matkultur er tradisjon, vanar og identitet. Matkultur er ofte tolka som mat og oppskrifter overført frå fortida og tilpassa notida, altså «norsk tradisjonsmat med ny smak». Skal tru om eg kan tilby denne nye varianten med fiskebollar eller må eg halde på det gamle og kjente? Ha ei god helg!

HEIMELAGA: Fiskebollar med paprika og purrelauk. Foto: Norges sjømatråd, Alf Børjesson.


Ingrediensar til 4 porsjonar

500 g hysefilet, utan skinn og bein
2 ts salt
1 egg
3 dl mjølk
½ raud paprika
1 stk purrelauk
½ ts pepar
2 ss olje

SAUS
2 ss smør
2 ss kveitemjøl
3 dl mjølk
½ ts salt
½ ts kvit pepar

TILBEHØR
potet
gulrot

FRAMGANGSMÅTE

Pass på at alle ingrediensane du skal bruke er kalde. Bruk berre fiskefilet som ikkje har vore fryst. Skjer fisken i bitar og ha den i ei matmølle saman med salt. La maskina gå til farsen er fast og seig. Rør inn pepar og egg, og spe med litt mjølk om gongen. Det er viktig å røre kraftig under speinga, slik at all væske rørast godt inn før meir væske hellast i, elles skil farsen seg. Den ferdige farsen skal være glatt og seig. Skjer paprika i små terningar. Vask det grøne på purren og skjer opp i tynne ringar. Kjør purren i matmølla saman med litt olje til det blir ein fin puré. Smak til med salt og pepar. Rør paprikaterningar og purrepuré inn i fiskefarsen. Fukt hendene med kaldt vatn, form store bollar og trill dei slik at dei blir runde. Kok opp vatn med litt salt og legg i bollane. La dei trekke i 15-20 minutt, til dei er gjennomkokte. Snu dei eit par gonger slik at dei vert jamt kokt.

SAUS
Smelt smør og rør inn kveitemjøl. Kok opp mjølka, og rør inn omtrent halvparten til det blir ein glatt masse. Spe deretter med meir mjølk til passe sauskonsistens. Smak til med salt og kvit pepar.

Server fiskebollane i sausen med kokt potet og gulrot ved sidan av.


torsdag 5. april 2018

Silltårta eller smørbrødkake av sild er perfekt til påske!


Smørbrødkake eller silltårta er ein klassisk svensk spesialitet. Sill betyr sild og tårte betyr kake på svensk. Det er altså ei rund smørbrødkake, som kan delast opp i bitar og delast med mange. Det fine med kaker er at dei et vi for i feire noko, nokon eller kun for å forgylle tilværelsen.
Svenskane elskar sine smørbrødkaker og gjerne med sild i. Dei serverer dei gjerne på sin nasjonaldag, til svensk midtsommarfest, til jul eller på påskebuffet. Når ein søker på nettet kan ein finne mange spennande oppskrifter som: Somrig & enkel matjetårta, Silltårta til jul og Underbara Claras silltårta.
Saltsuget vert stetta med silltårte og det er mettande med finsk rugbrød i botnen. Silltårte er enkel å lage, og både botnen og fyllet kan ein lage dagen før. På påskebordet eller til påskefrukost smaker silltårte godt og ser fint og påskegul ut. Du vil også kunne imponere dine påskegjestar med denne lekkerbisken på bordet, ha ei riktig god påske!

SVENSK: Silltårta er imponerande på påskebordet eller til påskefrukost. Foto: Norges sjømatråd, Marianne Aronsen.

Ingrediensar til 4 porsjonar

400 g kryddersildfilet
8 stk egg
350 g rugbrød
1/3 ts karve
125 g smør
½  stk raudlauk
1 frisk kvist dill
bakepapir
24-26 cm springform

Fyll
200 g kremost, naturell
3 dl lettrømme
½ ts sukker
1 ts kvitvinseddik
1 ts sennep
1 dl frisk dill
1 dl frisk graslauk
½ ts salt
3 stk gelatinplate
pepar

FRAMGANGSMÅTE

Smak på sildefiletene og legg dei i vatn eller mjølk eit par timer dersom dei er for salte. Kok egg i 10 minutt og avkjøl i kaldt vatn. Skjer skorpene av rugbrødet og kjør i ei matmølle til alt er finmost. Tilsett knust karve og mjukt smør, og bland saman til ein fast deig. Ha bakepapir i botnen av ei springform og smør kantane. Trykk deiga saman til ein fast botn i forma.

Fyll
Rør saman kremost og lettrømme til ein jamn masse, og tilsett sukker, kvitvinseddik og sennep.
Vend inn hakka dill og graslauk, og smak til med salt og pepar. Skjer halvparten av sild og egg i biter, og vend dei inn i røra. Ha gelatinplater i kaldt vatn i 5 minutt og klem ut vatnet når dei er mjuke.
Løys opp gelatinen i eit par spiseskjeier kokande vatn og avkjøl. Vend ei spiseskjei av fyllet inn i  gelatinen, og vend gelatinblandinga inn i resten av fyllet med ein slikkepott. Slå fyllet jamt over brødbotnen i forma, dekk til og set kaldt til fyllet begynner å stivne, minimum 3 timar. Skjer resten av sild i bitar, egg i skiver og raudlauk i tynne båtar, og fordel over silltårtan rett før servering. Server med dill på toppen.


torsdag 22. mars 2018

Smak fersk skrei med spinat og appelsinsaus


Vi har kome til midten av mars og eg kan ikkje la vere å presentere endå ei oppskrift av det fantastiske sesongproduktet skrei. I standarden for skrei står det: "Skrei er gytemoden norsk arktisk torsk (Gadus morhua), ikke foret, villfanget, i perioden 1. januar til 30. april i de naturlige gyteområdene for skrei."

Produktet er ein del av vår norske identitet. TNS gallup på vegne av Norges sjømatråd viste at 98 % av alle nordmenn har høyrt om skrei, over 70 % av befolkninga meiner at skrei er eit norsk produkt på sitt beste og veit at skrei er sesongvare. Undersøkinga viser at forbrukarane assosierer skrei med Lofoten, fiske, ein vandrar, tørrfisk, Barentshavet, tradisjon, torsk, lever og rogn. Skreien har altså ei unik historie og kjem vandrande frå Barentshavet, noko som skil den frå torsk.

Som forbrukarar må vi vere tilfredse når vi et skrei og det kan bety å få ei god oppskrift med ein ny vri. Skreisesongen nærmar seg slutten og den nye vrien er skrei med smaksrik appelsinsaus, spinat og parmaskinke, dette løftar retten til eit nytt nivå. Nådelaust godt!


SKREI: Skrei med spinat og appelsinsaus er nådelaust godt! Foto: Norges Sjømatråd, Marianne Aronsen.


Ingrediensar til 4 porsjonar
800 g skreifilet med skinn
2 ½ ss salt
2 fedd kvitlauk
2 ss olivenolje
2 kvistar frisk timian
1 ss smør
6 skiver parmaskinke

Potetmos
600 g potet
100 g smør
2 dl heilmjølk
salt og pepar

Appelsinsaus
3 stk appelsin
1 stk raud chili
1 ½  dl crème fraîche
50 g smør

Tilbehør
200 g spinat
smør
salt og pepar

FRAMGANGSMÅTE
Sett steikeomnen på 230 °C. Skrap skreiskinnet godt, dryss salt over fisken og la den ligge i 10 minutt. Skyl av saltet og tørk godt med tørkepapir, og skjer fileten i porsjonsstykke. Knus kvitlauksfedd lett med flatsida av ein kjøkenkniv. Varm olivenolje i ei steikepanna, ha i kvitlauk og timian, og steik skreien med skinnsida ned til skinnet er sprøtt, ca. 4 minutt. Snu skreien, tilsett smør og trekk steikepanna av varmen. La skreien trekke til den akkurat er gjennomsteikt, ca. 4 minutt. Legg parmaskinka på eit steikebrett med bakepapir, og steik sprø i steikeomnen, ca. 5 minutt.
Potetmos
Skrell potet, skjer i biter og kok møre i lettsaltet vann, ca. 15 minutt. Slå av kokevatnet og mos potetene med en potetmosar eller ein gaffel. Tilsett smør og heilmjølk, og mos til ønska konsistens. Smak til med salt og pepar.

Appelsinsaus
Press safta av appelsin og sil over i ei kasserolle. Finhakk chili og ha i kasserollen. Kok opp og la det småkoke til mengda er halvert. Pisk inn crème fraîche og la sausen småkoke i ca. 4 minutt. Ta kasserollen av varmen og rør inn kaldt smør i terningar rett før servering.

Tilbehør
Steik spinat i smør til det fell lett saman, og smak til med salt og pepar.

Server skreien med parmaskinke, potetmos, appelsinsaus og spinat.

fredag 9. mars 2018

Digg med klippfiskbollar eller bolinhos!

Klippfiskbollar, bolinhnos, frittes eller croquetas er knallgode frityrsteikte klippfiskbollar som stammar frå Portugal. Dette er den perfekte retten til kveldskos i helga eller som tapas.

Tapas er ei rekke forskjellige typar fingermat og kan vere ei blanding med smårettar av oliven, ost, blekksprut, bolinhos og god spekeskinke. Tapas er perfekt når du skal lage mat til mange og du kan sjølv velje ut ulike smårettar som kan lagast ein dag eller to før servering.

Mitt råd er å alltid lage dobbel porsjon av bolinhos. Klippfiskbollane kan frysast og varmast raskt opp i mikrobølgeomn og då har du bolinhos både til tapaskveld og når du erhar lyst på noko godt i helga. Kos deg gjerne varme bolhinos som er dyppa i chilimajones, det er digg!

PORTUGAL: Knallgode klippfiskbollar eller bolihos. Foto: Norges Sjømatråd, Alf Børjesson.

Ingrediensar til 4 porsjonar

250 g utvatna og reinska klippfisk
200 g potet
½  lauk
1 fedd kvitlauk
2 egg
2 ss frisk bladpersille
salt og pepar
frityrolje

Serverast med
salat
cherrytomat
chilimajones

FRAMGANGSMÅTE

Del klippfisken i store stykke og kok dei i ca. 10 minutt i så mykje vatn at det akkurat dekker klippfisken. Flak og riv klippfisken i lange fibrar. Skrell potet, kok dei møre og mos dei. Skil egg og pisk eggekviten. Finhakk lauk, kvitlauk og bladpersille. Bland forsiktig klippfisk og most potet med eggeplommer, lauk, kvitlauk og bladpersille. Bland massen godt med hendene eller ei sleiv. Vend lett i eggekviten til slutt og smak til med salt og pepar. Form massen med to spiseskjeer til jamne bollar. Friter bollane i rikelig varm olje og legg dei over på tørkepapir.


Server klippfiskbollane eller bolinhos med salat, cherrytomatar og chilimajones.