mandag 25. januar 2021

Det blir fin fredag med sunn fisketaco!

 «Ingen fredag utan taco», eller rett og slett berre «fredagstaco» som mange seier, uttrykket har blitt nærmast eit slagord i Norge. Eit slagord vert beskrive som eit slåande ord eller uttrykk om ein bevegelse, eit program eller liknande, det er i alle fall mange som har taco fast på menyen fredagar.

Kva er det med taco vi likar så uendeleg godt? Det er sjølvsagt den mexicanske smaken i krydderblandinga (du kan lage eiga krydderblanding) i kombinasjon med friske grønsaker, sprø tacoskjell eller mjuke tacolefser med saftig topping av rømme, chilimajones eller guacomole.

Den tradisjonelle hovudingrediensen i «norsk taco»  er kjøtdeig. Mattrenden no er at mange vil ete mindre kjøt og meir fisk, så no kan vi modernisere tacoen. Bytt ut kjøtfarse som inneheld metta feitt, til fisk med supersunne fleirumetta feittsyrer. Snu fiskestykka i den herlege krydderblandinga, steik og legg dei i tacolefsa eller skjelet og legg på dine favorittgrønsaker med topping. Vips så har fredagstacoen blitt både modernisert og sunnare!

TACO: Det blir fin fredag med sunn fisketaco! Foto: Dreyer- Hensley, Norges Sjømatråd.


Ingrediensar til 4 porsjonar

200 g laksefilet, utan skinn og bein

200 g torskefilet, utan skinn og bein

1 pk tortillalefser

½ pk tacokrydder eller heimelaga tacokrydder

½ raudkål

½ agurk

1 mango

2 vårlauk

100 g fetaost

2 dl chilimajones

2 lime

Frisk koriander

Framgangsmåte

Kutt laks og torsk i terningar. Snu fisken i tacokrydder før den steikast med nøytral olje i ei steikepanne. Kutt raudkål, agurk og mango i smale strimlar. Hakk opp vårlauken. Varm lefsene. Her kan du bruke din favoritt-tortilla - kveite, mais eller ein grovare variant. Dander grønsakene på lefsene saman med fisken. Topp med smuldra fetaost, chilimajones og korianderblad. Serverast med limebåtar til.

Heimelaga tacokrydder

3 ss chilipulver

2,5 ts malt chilipepper, helst chiliflak

2,5 ts tørka oregano

2 ss malt spisskum

2 ss paprikapulver

2,5 ts kvitlaukspulver

1 ss havsalt

2 ts sort pepar

0,25 ts malt anis

Bland saman alle ingrediensane i ein bolle. Ønsker du ein litt meir hot variant, kan du tilsette ½ ts cayennepepar i blandinga. Ha krydderblandinga på eit reint glas med tett lok. Bruk ca. 2 ss av krydderblandinga og 1 dl vatn til 400 g fisk, kjøttdeig eller kjøt i strimlar.

 

onsdag 6. januar 2021

Reker à la Malaysia er god og mager fredagsmat

Det nye året er her og det starta med nye strenge korona-restriksjonar med bod om å halde oss heime for oss sjølve i fritida, ha heimekontor og meir digitale skule. Nyttårsforsett om meir fysisk aktivitet, trening og å ete noko magrare mat enn i jula kan no lett gå fløyten om vi ikkje tek grep.

Ta grep om ditt eige liv og helse. Sjølv om treningsentra er stengde, så ser været ut til å vere bra på nyåret. Då det berre å kome seg ut på tur for å sjå dagslyset for dei som kan det, eller å ta på refleks for å nyte vinterkveldane ute. Ute kan vi både treffe vener, få stetta sosial behov, eller få lufta hovudet frå heimelivet.

Noko godt til helga kjem skal vi også unne oss, reker er mager mat og det skal lite til for å lage ein skikkeleg god fredagsrett av dei. Reker må varmebehandlast med omhug og berre varmast til dei blir gjennomvarme og ikkje meir enn det. I helgas rett Reker à la Malaysia legg ein rekene i retten og gir dei eit raskt oppkok i maks eitt eller to minutt før servering. Retten er inspisert av austen sine gode smakar frå både kvitlauk, ingefær, karri og kokosmjølk. Godt nytt år!

REKER: Reker à la Malaysia er god og mager fredagsmat. Foto: Synøve Dreyer, Norges Sjømatråd.



Ingrediensar til 4 porsjonar

500 g reinska reker

4 sjalottlauk

2 fedd kvitlauk

1 ss frisk ingefær

1 ss olje

1 gul lauk

2 ts karri

2, 5 dl kokosmjølk

Salt

Server med

Ris og klipp over frisk persille


Framgangsmåte

Finhakk sjalottlauk, kvitlauk og ingefær, og surr i olje til det er mjukt, men ikkje brunt. Skjer lauk i ringar og surr saman med det andre til laukringane er mjuke. Dryss på karri og la den surre i 1-2 minutt. Spe med kokosmjølk, kok opp og la det småkoke 2-3 minutt. Smak til med salt, eventuelt meir karri. Tilsett rekene og la dei bli lune. Dryss over hakka persille før servering.

Server med kokt ris.

 

tirsdag 22. desember 2020

Det blir jul med røykt lakserøre på rugbrødtoast

 

Jula står i særstilling blant høgtidene våre og er både ei folkeleg og ei kyrkjeleg høgtid. Jula går over mange dagar og mange opplever ho som viktig tid, og det er knapt noko anna feiring som er så sterkt knytt til ulike tradisjonar som nettopp jula. Tradisjonar knytt til norsk julemat står sterkt enten det er fåreribbe, svineribbe, lutefisk, fersk torsk, kveite, lammerull, sylteflesk eller røykt laks. Julematen er med på å markere vår kultur og identitet.

Røykt laks høyrer jula til og er ein klassikar til julefrukostar og ikkje minst på kaldtbordet. Røyking av fisk og kjøt har vore ein av hovudmetodane for å konservere eller bevare mat i tusenar av år. Ekte røyking forgår i eit røykeri med vedomn og bjørkespon som vert opptent og haldast glødande. Ferske einer eller pors i omnen kan forsterke røyksmaken, og mange elskar den gode smaken av røykt mat.

Dagens oppskrift er inspirasjon til julefrukosten, ein forrett eller på kaldtbordet. Røykt lakserøre er inspirert av krema skagenrøre med dill, sennep og sitron, toppa med knalloransje aurerogn på nyrista rugbrødtoast. Dette er veldig enkelt å lage til både få og mange, ja berre synet av denne vakre retten vekker appetitten og smaken er rett og slett himmelsk. Ha ei riktig god jul!

RØYKELAKS: Det blir jul med røykt lakserøre på rugbrødtoast. Foto: Studio Dreyer-Hensley, Norges Sjømatråd.



Ingrediensar til 4 porsjonar

 

300 g røykt laks

6 skive rugbrød

1 dl majones

1 dl crème fraîche

1 eple

1 ts sennep

2 ss dill

2 ss sitronsaft

½ ts pepar

4 ss aurerogn

 

Framgangsmåte

Stikk ut runde former av rugbrødet, eller del skivene i to, desse toastar du lett i ei steikepanne eller i brødristaren. Skjer røykelaksen i mindre strimlar og spar på nokre bitar til pynt.

Rør saman majones, creme fraiche, sennep, eple, dill, sitron og pepar, og vend inn røykelaksbitane.

Dander røra på rugbrødtoast, og topp med ei liten skive røykelaks og litt aurerogn, og pynt gjerne med litt grøne urter.

 

Tips: Bruk gjerne baguette skiver i staden for rugbrød.

 

 

onsdag 9. desember 2020

Sildesalat med urter er like god til frukosten som på kaldtbordet

Sildesalatar høyrer jula til og dei finnast i mange variantar og kjære familieoppskrifter. Sursild, tomatsild, sennepssild, karrisild, rømmesild og sherrysild er eit lite knippe av typiske julesildesalatar, og ein av dei mest kjende familieoppskriftene er Stoltenbergs sildesalat med spekesild, hardkokte egg, rømme og med både smak og farge av raudbete.

Den ekte «Sildakongen» kjem frå Haugesund, for det var Arvid Otto Mørch (f.1954) som verkeleg fekk fart i omsetninga av nye og spennande sildepålegg. Hans firma produserte eksklusive sildesalatar og dette vart hans varemerke. Frå før av hadde han tatt Sildenskiold som mellomnamn, og det er litt morosamt å vite at etter firma og rettigheitene til merkevara Sildakongen vart selt er hans fulle namn Sildakongen Arvid Otto Sildenskiold Mørch.

Ein god sildesalat kan freiste på frukostbordet no i førjulstida og i sjølve jula kan den nyttast på til fest på julekaldtbordet. Sildesalat med urter er utruleg enkel å lage, det som tek litt tid er å kutte opp ingrediensane, og å blande dei saman tek sekund. Bonusen med å ete sild no i mørketida er at vi får i oss vitamin D som vi treng sårt no når sola er vekk, og ikkje minst gode marine omega-3-feittsyrer som verkar som forebyggande hjartemedisin. Ha ei fortsatt god adventstid!


SILD: Sildesalat med urter er like god til frukosten som på kaldtbordet. Foto: Marianne Aaronsen, Norges Sjømatråd.



Ingrediensar til 4 porsjonar

3 utvatna kryddersildfilet

2 stilk stongselleri

1 grøn paprika

3 ss spirar

 

Dressing

2 ss frisk persille

2 ss frisk dill

2 ss frisk graslauk

2 ss karse

1 dl lettrømme

1 dl matyoghurt

salt og pepar

 

Framgangsmåte

Skyl sildefiletane, tørk dei godt og skjer dei i små terningar. Skjer stongselleri i tynne skiver og paprika i små terningar, og bland med sildeterningane.

Dressing

Finhakk persille, dill, graslauk og karse, og bland med lettrømme og matyoghurt. Vend sild og grønsaker inn i dressingen.

Smak til med litt salt og pepar.

Server salaten med spirer dryssa over.

onsdag 25. november 2020

Lutefisk på svensk vis i kvit saus med hint av julekrydder

Lutefisk er norsk tradisjonsmat og nærmast eit symbol på det rotekte norske, men visste du at lutefisk er like tradisjonell i Sverige? Heile Norden med unntak av Danmark et lutefisk og i den skandinaviske delen av USA har lutefisken vore populær sidan innvandringa for over 150 år sidan. Lutefisk er sterk knytt til nordisk identitet. 

Norsk Kongelig Lutefisklag blei stiftet 1. oktober 1988, og dette var ei gruppe lutefiskelskarar som ville organiser seg med formål å «akte og ære lutefisken» ved å nyte den saman i sosialt samvær saman med likesinna. Medlemmer strøyma rask til og slutta seg lutefisklaget, og nokre av årsakene kan vere tradisjon, identitet eller ganske enkelt at det er kjekt å nyte gode måltid saman og ikkje minst at lutefisk er svært god mat. 

I Sverige har ein også «Lutefiskens Venner» og tillaging av lutefisk har mange lokale variantar. Folk på vestlandet føretrekk ertestuing, kokt potet og baconterningar, trønderane vil gjerne ha sirup og brunost på, bergensarane likar kålrotstappe til, og andre likar fisken servert i ei potetlefse saman med smør og poteter. Helgas oppskrift er svenskinspirert med ein kvitsaus med eit hint av julekrydder og saman med erter, sennep og potet til. Dette eit aldeles nydeleg måltid!

 

LUTEFISK: Lutefisk på svensk vis i kvit saus med hint av julekrydder. Foto: Lutefiskens venner Sverige, Norges Sjømatråd.


Ingrediensar til 4 porsjonar

2 kg lutefisk

2 ss salt

4 skiver bacon

 

Kvit saus

3 ss smør

3 ss kveitemjøl

4 dl mjølk

½ ts salt

8 heile svarte peparkorn

3 heile allehånde

4 nellikspikar

1 ss smør

1 dl fiskekraft

 

Erterstuing

1 stk sjalottlauk

400 g frosne erter


Server med poteter og sennep.

Framgangsmåte

Set steikeomnen på 200 °C. Del opp lutefisken i serveringsstykke og legg dei i ei langpanne med skinnsida ned. Dryss over salt og dekk langpanna med aluminiumsfolie. Steik lutefiskstykka i steikeomnen i ca. 40 minutt. Steik bacon i ei tørr panne.

Kvit saus

Smelt smør og rør inn kveitemjølet. Spe på litt og litt mjølk, og tilsett salt, heil svart pepar, allehånde og nellikspikar. La sausen koke i ca. 5 minutt. Sil sausen, og tilsett smør og fiskekraft til sausen får ein fin konsistens.

Erter

Surr finhakka sjalottlauk i smør og tilsett erter. La ertene surre i ca. 2 minutt slik at dei blir gjennomvarme.

Server lutefisk med steikt bacon, kvit saus, erter, kokt potet og sennep.

Tips: Dersom du vil ha fast lutefisk drysser du salt over og lar lutefisken stå kjølig et par timer. Slå av vatnet som trekkast ut og skyl deretter lutefisken i kaldt vatn.

 

onsdag 11. november 2020

Smak på frisk omnsbakt sei med sitronsaus

Sur som ein sitron eller frisk som sitron, saman med fisk og grønsaker gir i alle fall sitron ein forfriskande smak til retten. Det vert også sagt at sitron er eit av kokken sitt kraftigaste våpen for å sette smak og i matrettar kjem sitronen sine fantastiske smakeeigenskapar og aroma fram for fullt, spesielt saman med salt og pepar.

Viste du forresten at sitron kjem frå området sør for Himalaya og at det var Cloumbus som brakte den til Europa? No er produksjonen av den sitronen vi kjøper på butikken i middelhavslanda og USA.

Denne knallgule sitrusfrukta full av C-vitamin har eit stort bruksområde innan matlaging. Sitronskal og sitronsaft kan brukast til smakstilsettingar i middagsrettar, bakverk og dessertar. Til fisk kan pressa sitron erstatte feite sausar og sitron er ypparleg til te, smaksettar i vatn eller andre drikkar. Sitron er også vakker som pynt på matfatet! Sitron er rett og slett til å bli glad av, ikkje sur. God helg!

SEI:  Smak på frisk omnsbakt sei med sitronsaus. Foto: Marianne Aaronsen, Norges Sjømatråd.



Ingrediensar til 4 porsjonar

600 g seifilet utan skinn og bein

1 ½ ts salt

½ ts pepar

400 g grønsaksblanding

Aluminiumsfolie

 

Saus

½ sitron

1 ss smør

2 ss kveitemjøl

1 ½ dl fiskekraft

2 dl kremfløyte

salt og pepar


Kokte poteter


Framgangsmåte

Sett steikeomnen på 200 °C. Skjer fisken i serveringsstykke og dryss med salt og pepar. Legg fiskestykka i ei smurt eldfast form og fordel grønsakene over.

Saus

Riv skal og press safta av sitronen. Smelt smør, rør inn kveitemel og spe med fiskekraft og kremfløyte.

La sausen småkoke i ca. 3 minutt, og rør inn skal av sitron. Smak sausen til med sitronsaft, salt og pepar. Slå sausen over fisken, og dekk forma med aluminiumsfolie. Bak i steikeomnen til fisken er ferdig, ca. 15 minutt.

Server med kokte poteter.

Tips: I denne oppskrifta kan du velgje sjølv kva grønsaksblanding du ønsker.

 

tirsdag 3. november 2020

Asiatisk torskeform er sunn, kjapp og god kvardagsmat

Matrettar som er tilsett raud currypasta smakar utruleg godt. Raud currypasta er laga av først og fremst av raud chilipepar og er altså ei krema blanding av ulike krydder. Curry betyr at det er ei krydderblanding av aromatiske krydder som til dømes garam masala, koriander, cayennepepar, muskat, ingefær, sennep, gurkemeie, kryddernellik og paprikapulver.

Dette krydderet er «eit must» i det thailandske kjøkkenet og gir maten ein krydra karakter. Curry pasta passar godt til sausar, gryterettar, supper og saman med fisk er det heilt fantastisk. Vil du ha ein litt sterkare smak i retten, kan du doble gjerne mengda med currypasta og som også vert litt dempa av den litt søtlege kokosmjølka.

Denne oppskrifta passar perfekt når du vil ha noko sunt og godt. Fiskeretten er veldig smakfull og er kjapp og enkel å varte opp med på ein travel kvardag. Torskeforma er rett og slett ein suksess på middagsbordet og saman med ris og salat struttar denne retten av sunnheit!

TORSK: Asiatisk torskeform er sunn, kjapp og god kvardagsmat. Foto: Studio Dreyer-Hensley, Norges Sjømatråd.


Ingrediensar

600 g torskefilet eller anna fiskefilet

½  ts salt

½  stk purre

1 stk raud paprika

2 ss olivenolje

1 dl matfløyte

½  terning fiskebuljong

2 dl kokosmjølk

2 ts raud currypasta

Salat

½ stk isbergsalat

6 stk reddik

1 stk eple

Server med

Ris

Framgangsmåte

Sett steikeomnen på 180°C. Skjer torsken eller anna fiskefilet i serveringsstykke og dryss over salt. Kok ris etter oppskrifta på pakken. Skjer purre og paprika i bitar, og surr det i olivenolje til purren er mjuk. Ha i matfløyte og smuldre fiskebuljongterningen over, rør forsiktig og kok opp. Tilsett kokosmjølk og raud currypasta, og gi det eit oppkok. Legg torskestykka i ei eldfast form, og slå grønsakene og sausen over. Bak i steikeomnen til fisken er ferdig, 8-10 minutt.

Salat

Skjer isbergsalat i strimlar, reddik i tynne skiver og eple i små bitar. Bland salatingrediensane saman.

Server den omnsbakte torsken med ris og salat