tirsdag 5. juli 2022

Pasta med krabbe på haustmenyen

Haustmørket kjem sigande, men det er framleis fint å sitte ute å ete om kveldane. Det kan vere kjekt med fyr i bålpanna og stearinlys på bordet då vert det fin stemning kring måltidet.

Krabbe er ei nydeleg råvare og no når hausten nærmar seg er den full av mat, det er fordi krabbene bygg seg opp gjennom sommaren for å samle energilager til vårens gyting. Det er akkurat dette som gjer dei proppfulle av deilig, saftig kjøt. Krabbekjøttet magert og godt, og ikkje minst svært smakfullt.

Eit godt tips er å ta vare på skalet av krabbene, det kan nemleg danne krafta til ei god skaldyrsuppe. Om du ikkje har tid til å lage krafta med det same, kan du fryse skala ned og ta dei opp ved behov. Pasta med krabbe er rask, enkel og veldig god middag! 


KRABBE: Pasta med krabbe på haustmenyen. Foto: Krabbe.no, Norges Sjømatråd.

Ingrediensar (4 porsjonar)

4 pors pasta

2 stk krabbe

2  raud chili

5 fedd kvitløk

2 ss kapers

1 lime

2 dl extra virgin olivenolje

3 ss frisk kruspersille

salt og pepar

 

Framgangsmåte

Kok pasta etter anvisning på pakken. Kjør chili, kvitløk, safta av lime og halvparten av olivenoljen i ein blender til ein fin paste. Rør inn kutta kapers, hakka persille, kvitt krabbekjøt og resten av oljen. Smak til med salt og pepar. Sil av pastaen og bland inn halvparten av krabbeblandinga. Legg opp porsjonar og bruk resten av krabbeblandinga til topping. Pynt gjerne med litt hakka persille.

 

Makrellsandwich på japansk vis

«Saba sando» er namnet på denne lekkerbisken, som er makrellsandwich på japansk vis. Har du sett på makan til innbydande smørbrød? Kanskje er det den vakre og etande stemorsblomsten som er prikken over i ‘en?

Tenk at makrell har blitt japanarane sitt sunne svar på pølse i brød. Når svolten gneg, stikk japanarane gjerne innom ein kiosk for å kjøpe ferdigmarinert makrell. For dei som har litt betre tid går turen innom ein etestad for ein makrellsandwich eller «saba sando».

Nyt smaken av Japan og 良い食欲 ,  Yoi shokuyoku eller god apetitt!


MAKRELL: Makrellsandwich på japansk vis. Foto: Tom Haga, Norges Sjømatråd.

Ingrediensar (4 porsjonar)

4 makrellfilet

2 gulrot

4 salatblad

4 focacciabrød

salt og pepar

steikeolje

 

Jamaikansk BBQ-saus

1 boks grovhakka hermetiske tomatar

2 ss kvitløkspulver

1 ss løkpulver

¼ ts cayennepulver

½ ss habanero pulver (sterkt chilipulver)

1 ss karri

1 ss paprikapulver

1 ss sennepspulver

1 ts salt

1 ts pepar

2 ss sitronsaft

6 ss eplecidereddik

 

Fremgangsmåte

Habaneropulveret kan reduserast eller utelatast om du ikkje er glad i sterk saus. Mariner makrellfiletane i BBQ-sausen i ca. 15 minutt. Rasp gulrøtene på eit rivjarn. Vask og tørk salatblada.

Du kan bruke den brødtypen du likar, det treng ikkje vere focacciabrød. Bruk gjerne surdeigsbrød eller bagett. Del brødet i to. Eventuelt kan du lage fire sandwich av brødskiver. Grill eller steik den ferdigmarinerte makrellen med skinnet på, helst til skinnet blir sprøtt og crispy. Pensle med litt ekstra marinade under grilling/steiking, ved behov. Gi gjerne brødet ein lett omgang på grillen/ i steikepanna også. Legg fisk og grønsaker inne i sandwichen og nyt en smak av Japan.

Sommarlett Poke bowl med laks

Om sommaren er det godt med friske, lette rettar som er raske å lage. Poke bowl er nettopp ein slik rett, og kan beskrivast som ein fiskesalat frå Hawaii.

Poke bowl betyr «ingrediensar kutta i bitar og lagt i ein bolle» og basisen består av ris og ulike grønsaker ved sidan av rå fisk. Sausen oppå er essensiell og kan vere til dømes  wasabi-majones eller ponzosaus.

Visste du at Poke bowl er restmat som vart trendy gatemat? Eit godt tips er at Poke bowls er ein ypparleg måte å bruke opp grønsaker du har liggande i kjøleskapet. Her kan du lage din eigen variant med dine favoritt-grønsaker. Har du ikkje prøvd dette enda, er det på tide!

 

LAKS: Sommarlett Poke bowl med laks. Foto: Studio Dreyer+ Hensley, Norges sjømatråd.

Ingrediensar (4 porsj)

500 g laksefilet, utan skinn og bein

4 pors ris

2 mango

2 avokadoer

1 granateple

10 sukkererter

1 lime

Frisk koriander

Saus

4 ss soyasaus, lys

2 ss sesamolje

2 ss sesamfrø

½ ss chilisaus

Fremgangsmåte

Kok ris etter instruksjonane på pakken. Du kan sjølv velgje kva type ris du vil bruke. Avkjøl risen.  Kutt laks i små terningar. Bland saman soyasaus, sesamolje, sesamfrø og chilisaus, slå over lakseterningane. Kutt mango, sukkererter og agurk i terningar, og avokado i skiver. Reinsk granateple og ta ut frøa. Legg risen nest i ein bolle. Topp med grønsaker og laks. Ha koriander og litt limesaft over til slutt. Server med ein limebåt og soyasaus til.

onsdag 22. juni 2022

Grilla klippfisk er himmelsk godt!

Sommar er grillsesong og om det enten er sol eller regn passar det alltid å grille. Klippfisk er perfekt for grillen og denne tradisjonsrike råvara kan varierast i det uendelege med både tilbehøyr og marinadar.

Vil du imponere dine sommargjestar må du prøve denne lekre retten. Grilla klippfisk saman med sitron, timian, tomatsalat, spagetti av squash, nypotet med ramsløk og bruna smørsaus, vil gjestane garantert forsyne seg fleire gongar! Rett og slett nydeleg!

Grilla klippfisk er himmelsk godt! Foto: Eirik Nilssen, Norges sjømatråd.

Ingrediensar til 4 porsjonar:

600 g utvatna klippfiskloin

2 sitronar

1 potte timian

olivenolje

salt

Squash spaghetti

1 squash

1 glass ørretrogn

1 lime

olivenolje

salt

Tomatsalat

400 g cherrytomatar

1 potte basilikum

Potet

500 g små poteter med skal

1 bunt ramsløkblad*

1 dl solsikkeolje

1 dl olivenolje

salt

Bruna smør

1 pk smør

1 dl kapers

1 potte bladpersille

1 sitron

salt og pepar

 

Framgangsmåte

Pensle klippfiskloin med olivenolje. Krydrast med salt og kverna pepar. Grill deretter klippfisken med «skinnsida» ned på høg varme i ca. 10 minutt. Del sitronen i to, grillast med snittsida ned. Snu fisken, skru ned varmen og pensle over med meir god olivenolje. Dekk så med fersk timian, og eit lett dryss maldonsalt. Grill tørrfiskloinen i 5 minutt til fisken flakar seg. Fiske er ferdig ved ca. 50-55 grader. Legg fisken over på eit serveringsfat, skvis godt over med den grilla sitronen og server med følgande tilbehøyr:

Squash spagetti

Vask squashen godt. Kutt tynne strimlar med mandolin eller ein skarp kniv. Fjern kjerna til squashen. Kutt så i tynne strimlar som spagetti før du smaker opp med maldonsalt, limesaft og olivenolje. Pynt med friske urter og ørretrogn.

Marinerte tomatar med basilikum

Vask og del tomatane i to. Legg dei jamt utover eit serveringsfat. Smak opp med god olivenolje og salt. Pynt og dekk tomatane med frisk basilikum og nokre dråpar sitron.

Gulløyepotet med ramsløk

Vask potetene godt. Kok dei i godt saltet vatn til dei er nesten møre. Lag ein god «paste» av ramsløk*, solsikkeolje, salt og pepar i en blender. Snu ramsløkpasta i dei nykokte potetene og server til den grilla klippfisken. Potetene kan serverast kalde eller lunes lett opp på grillen før servering.

Bruna smør med kapers og persille

Smelt smøret i ein kasserolle til det er heilt nøttebrunt. Ta av smøret fra plata. Tilsett finkutta persille og små kapers. Smak til med litt meir salt og ferskpressa sitronsaft.

*Ramsløk kan erstattast med kvitløk, bladpersille eller grasløk

tirsdag 14. juni 2022

Hot fiskesuppe gir varme i kroppen!

Det er skikkeleg sunnmørssommar ute. Det er regn med lavt skydekke og skodde som heng langt nedi fjella, temperaturen er på pluss-minus 14 grader. Uff, slik er det her ved kysten mellom fjord og fjell, men når sola atter skin og varmen kjem, så er alt gløymt!

Når det er litt hustrig  ute, kan det vere godt med noko som smakar skikkeleg. Helgas fiskesuppe er slett ikkje kjedeleg og smaklaus! Suppa er hot (sterk) og gir eit smakseksplosjon med chili og currypaste, som framhevar den milde torskesmaken godt.

Medan vi ventar på sola, god helg!

SUPPE: Hot fiskesuppe gir varme i kroppen! Foto: Norges sjømatråd.


Ingrediensar (4 porsj)

800 g torskefilet

3 fedd kvitløk

1 småløk

3 cm frisk ingefær

1 raud chili

2 ss olje

4 ss raud curry paste

3 ss smør

½ grøn squash

3 vårløk

2 boksa rkokosmjølk

3 dl kremfløyte

2 ts sukker

2 lime

1 mango

frisk koriander

 

Framgangsmåte

Finhakk løk, kvitløk, chili og ingefær. Surr dette blankt i olje. Tilsett currypaste og smør og rør godt.

Kutt squash og vårløk i bitar la dette surre med i 2 minutt. Tilsett kokosmjølk, fløyte, safta av lime og sukker. Kok opp og la suppa småkoke. Tilsett torsketerningar, kok opp og la torsken trekke i suppa i ca. 5 minutt. Server i skåler og topp med mango og vårløk i bitar og hakka koriander.

tirsdag 31. mai 2022

Bergensk persetorsk med ertepuré og sidersaus

Persetorsk har fått sin renessanse og er kanskje den einaste tradisjonsretten frå Bergen. Denne ikoniske retten har til og med fått eigen festdag den 28.januar, og dagen blei første gong markert i 2020 under byens 950-års jubileum.

Perse betyr å presse og retten blir laga av ferske fileter av torsk med skinnet på. Filetane blir sukra og salta (grava) og lagt i press i kjøleskap. Presset lagar du til ved å dekke filetane med ei skjerefjøl og å leggje på noko med vekt oppå, som to mjølposar eller ei gryte på toppen.

Bergensarane er så stolte av retten sin og tidlegare var det vanleg med persetorsk å julaftan. I dag kan ein finne persetorsk på mange av byens fine restaurantar. Patriotane er heilt klare i si tale: «Persetorsk er beste fiskeretten dei har ete i heile sine liv!»

TORSK:. Bergensk persetorsk med ertepuré og sidersaus. Foto: Matarena - Smak av kysten, Norges sjømatråd.



Ingrediensar (4 porsjonar)

1 kg torsk, ryggfilet

3 ss salt

3 ss sukker

Ertepuré

1 pose frosne erter,

1 fedd kvitløk

fløyte

salt og pepar

Saus

2 dl eplecider

2 sjalottløk

pepar

200 g usalta smør

Framgangsmåte

Bland salt og sukker som du gnir inn fisken med. Legg fiskestykka mot kvarandre med kjøtsida inn. Legg deretter eit skjerebrett eller ei plate på toppen og legg på 3-5 kg vekt.

Legg kjølig i seks timer før du snur fiskestykka og lat dei ligge i seks timer til. Slå av overflødig væske undervegs slik at fisken ikkje blir for salt. Skyl torsken under rennande vatn i fem til seks minutt. Bak i omnen i sju til ni minutt på 200 grader, til fisken er gjennomsteikt og flakar seg.

Ertepuré

Kok opp vann. Trekk ertene forsiktig saman med kvitløksfedd i eit par minutt. Sil så av vatnet og tilsett litt fløyte, salt og pepar til ertene. Erteblandinga køyrast i ei matmølle til den har fått ein glatt og krema konsistens.

Sidersaus

Kok inn sider, finhakka sjalottløk og pepar til det nesten ikkje er meir væske igjen. Visp så terningar med usalta smør inn i blandinga til det blir ein fyldig smørsaus. Smak til med salt og eventuelle friske urter.

Servering

Server retten med ertepuré og sidersaus. Om du ønsker kan du også ha sprøsteikt bacon og kokt egg til, eller ditt eige favoritt tilbehøyr. Vel bekomme!

 

onsdag 18. mai 2022

Inviter på freistande skaldyrfat

Dei aller beste råvarene står seg svært godt aleine slik som reker, hummar, sjøkreps og krabbe. Skaldyr kan nytast gjennom heile året, og er noko av det beste havet kan by på.

Ferske skaldyr med godt tilbehøyr er lett å lage til, og det er lite stress om du vil invitere gjestar. Før gjestane kjem kan du hjelpe dei med å reinske krabben og legge krabbematen tilbake i skalet. Utstyr også gjestane med hummargaffel og nøtteknekkar til krabbeklørne.

Å jobbe for maten med reinsking, skrelling og knekking av skaldyr skaper god og uhøgtidleg stemning. Det kan vere smart å droppe duken på grunn av søl, og heller sørge for å ha skyljebollar med sitronskiver i og rikeleg med serviettar på bordet. God helg!

SKALDYR: Inviter på freistande skaldyrfat. Foto: Studio Dreyer+Hensley, Norges sjømatråd.


Ingrediensar

Reker med skal

hummar

sjøkreps

krabbe

 

Framgangsmåte

Regn ca. 500 g skaldyr per person, og server med tilbehøyr som loff, smør, sitron, lime, majones, aioli og dill.