tirsdag 26. september 2023

Oh-là- là kamskjell med chili, kvitløk og asparges er lekkert!

Oh- la -la eller du store min kan ein utrykke på fransk med beundrande begeistring berre ved synet av kamskjel sin ytre utsjånad, og ikkje minst også når ein smakar på denne delikatessa av sjømat!

Kamskjel er perfekt saman med fersk asparges. Eit tips til reinskinga av aspargesen er å kutte eller knekke vekk den trevlete delen, der det grøne går over i kvit-lilla, cirka 2-3 centimeter opp fra botnen. Om du ønsker å skrelle aspargesen, kan du gjere det.

I denne oppskrifta kombinerer ein steikte kamskjel med litt sterk smak av chili og kvitløk saman med mild smak av asparges. Retten er rask å lage til: Voilà  eller sjå der eller vips – retten er klar for servering!

KAMSKJEL: Oh-là- là kamskjell med chili, kvitløk og asparges er lekkert! Foto: Marianne Aaronsen, Norges sjømatråd. 

Ingrediensar (4 personar)

12 kamskjel

12 asparges

sukker

salt

 

Marinade

1 raud chili

2 fedd kvitløk

1 dl solsikkeolje

½ dl vatn

 

Saus

2 dl matfløyte

2 ss smør

salt og pepar

 

Server med

Salat

 

Framgangsmåte

Brukar du ferske kamskjel startar du med å opne og reinske skjela. Fryste kamskjel legg du i ein bolle, let dei tine i kjøleskap og renne av seg på tørkepapir. Kok opp vatn med litt sukker og salt. Legg i reinska asparges og la dei koke i ca. 1-2 minutt.

Marinade

Finhakk chili og kvitløk, og rør saman med solsikkeolje og vatn. La kamskjela ligge i marinaden minst 1 time. Ta kamskjela opp av marinaden og la dei renne av seg på tørkepapir. Ta vare på marinaden til du skal lage saus. Steik kamskjela raskt i steikepanne eller på grill, ca. 30 sekunder på kvar side.

Saus

Slå marinaden over i ein liten kasserolle og kok den inn til det halve. Tilsett matfløyte og la den koke litt. Pisk smør inn rett før servering og smak til med salt og pepar.

Server steikte kamskjel med saus over, og asparges og salat ved sidan av.

 

tirsdag 12. september 2023

Krabbe naturell er haustens delikatesse!

Å lære om livet i havet er spennande, og for min del starta det allereie i Barnas Vel i 1970. Der fekk me ungane høyre fortellingane og lytte til songane frå Taremareby av Ingebrikt Davik, eit eventyrleg undervassamfunn med skaldyr, fisk og planter.

Vi blei kjent med Kong Kveites datter, Reke Rikke, Lakse Lars, Flyndrefrøken Fin og ikkje minst den vonde Krabbekrølle. Krabbekrølle sitt må er å overta makta i havrike, men sjølvsagt som i alle eventyr var der ein modig Flyndrefant som redda Flyndrefrøken Fin frå Krabbekrølle si maktsjuke.

Dette vart haustens barndomsmimring frå meg, men no må eventyr til sides og matprat vere tema. Krabbe naturell og kokt krabbekjøt smakar friskt av hav og er ein av dei mest fantastiske rettane ein kan servere - dette er rett og slett haustens delikatesse!

KRABBE: Krabbe naturell er haustens delikatesse! Foto: Kim Holthe, Norges sjømatråd.

Ingrediensar til 4 pers

4 stk krabbe

loff

majones

2 sitronar

pepar

 

Framgangsmåte

Dersom du kjøper levende krabbe, må den kokast først. Krabbe kan serverast naturell, slik som den er, men ein kan også reinske den før servering. Fjerne paven, gjelane og knekke klørne med ein nøtteknekkar. Legg krabbekjøttet tilbake i skalet så krabba ser heil ut før du serverer den.

Server krabbe naturell med loff, smør, majones og sitronbåtar, med pepar på bordet.

Tips: Som variasjon i tilbehøyret kan du servere chilisaus til.

fredag 25. august 2023

Fiskekake i pitabrød er eit godt matpakketips!

No er kvardagen tilbake og det er full fart med skule og arbeidsliv. Vi må sjølvsagt huske å ta med matpakken vår, og matboksar, mat- og mellomleggspapir som ligg i kjøkkenskuffa må vere klar til bruk og kunne fyllast og pakkast til medbrakt lunsj.

Visste du at vår matpakke i dag er ein modell av Oslofrukosten som vart innført av Oslos skulelegesjef Carl Schiøtz i 1929? Oslofrukosten bestod av ein halv liter mjølk, to små kneippkavringar eller knekkebrød med margarin og mysost, grovt kneippbrød med margarin og pålegg, for eksempel ost og torskeleverpostei, eit halvt eple eller ein halv appelsin eller 100 gram gulrot eller kålrot, og ei teskei tran dagleg i vintermånadane.

Oslofrukosten er altså årsaka til at vi i Noreg et eit kaldt måltid til lunsj i motsetning til Sverige, Finland og mange andre land i verda. Vi nordmenn elskar matpakkane våre, og ein kollega uttrykte ein gong at to brødskiver med litt sveitt brunost alltid smakar godt når klokka er 11.30 på ein kvardag.

Treng du litt variasjon i matpakken din er det supert å legge fiskekaker eller fiskepudding mellom to brødskiver, eit hamburgerbrød eller pitabrød. Husk alltid å velge noko grønt som til!

MATPAKKE: Fiskekake i pitabrød er eit godt matpakketips! Foto: Synøve Dreyer, Norges Sjømatråd.


Ingrediensar:

Fiskekaker eller fiskepudding

Pitabrød, hamburgerbrød eller brødskiver

Salat, avocado, agurk, dressing etc.

torsdag 10. august 2023

Nyt laks sashimi med ingefærponzu

Japansk matkultur har kome til Norge for å bli, og mange elskar den friske smaken av sashimi. Sashimi tynne skiver eller bitar av rå fisk eller anna sjømat som serverast med for eksempelt wasabi, skiva reddik, sylta ingefær, sylta raudløk og sjølvsagt soyasaus.

Den enkle soyasausen kan med fordel forvandlast til ein smakfull ponzusaus, som er soyasaus tilsett litt søtt, litt surt, nøttesmaken av sesamolje og fersk ingefær som kan brenne litt på tunga. Ponzosaus  saman sashimi er litt av ein smakseksplosjon i munnen.

Denne retten kan brukast som forrett, lunsj eller berre ein koserett når ein er «litt fysen» om kvelden!

LAKS: Nyt laks sashimi med ingefærponzu. Foto: Josefin Linder. Norges sjømatråd.

400 g laksefilet, utan skinn og bein

2 avokado

2 ss sesamfrø

2 ss karse

 

Sylta raudløk

1 raudløk

½ dl 7% eddik

1 dl sukker

1 ½ dl vatn

 

Ponzusaus

1 dl soyasaus

1 ½ lime

1 ts sukker

1 ts sesamolje

2 cm ferske, riven Ingefær

 

Framgangsmåte

Sørg for at laksen er av høg kvalitet og bruk gjerne loins. Sørg for at laksen er fersk, eller at den har vært fryst i minimum 24 timar. Skjer raudløken i skiver. Kok opp vatn, sukker, eddik, og ha i løken. La den kjøle seg ned i laken (best om den er laga dagen før). Bland saman ingrediensane til ponzusausen. Skjer laksen i tynne skive, og avokado i passande bitar. Dander dette saman med sylta raudløk, og dryss over rista sesamfrø og karse. Server ingefærponzu ved sidan av.

 

tirsdag 4. juli 2023

Grilla breiflabb med tandoorismak er luksus!

Breiflabb er også kjent som marulk, flabb, ulke, sjødjevel, havtaske og storkjeft, den ser skrekkinngytande ut og var tidlegare kjent som «ufisk». Ufisk er eit uttrykk brukt om fiskeslag som ikkje blei rekna som god matfisk, men den oppfatninga har endra seg med tida.

I dag er breiflabb ei delikatesse og fiskekjøtet er kvitt, fast, delikat og magert. Det viktigaste å huske på med breiflabb er å tilføre litt feitt undervegs i tillaginga og å varmebehandle den med omhug slik at den ikkje blir seig og tørr.

Breiflabb er fast i kjøtet og dermed enkel å grille. Helgas oppskrift der er indisk inspirert ved at breiflabben er marinert i ein tandoorimarinade og skal serverast med tzatziki og grilla grønsaker. Dette er luksus sommarmat!

BREIFLABB: Grilla breiflabb med tandoorismak er luksus! Foto: Synøve Dreyer, Norges sjømatråd.

Ingrediensar (4 porsj)

800 g breiflabbfilet

2 ss frisk koriander

2 dl naturell yoghurt

3 ts tandoori masala

1 ts gurkemeie

½ ts kajennepepar

grillspyd

olivenolje

 

Grønsaksspyd

12stkpotet, amandine

1stkpaprika, rød

1stkpaprika, gul

1stkpaprika, grønn

1stkrødløk

Olivenolje

 

Tzatziki

½ agurk

1 fedd kvitløk

2 ss frisk mynte

½ stk sitron

2 dl naturell yoghurt

olivenolje

salt og pepar

 

Framgangsmåte

Varm grillen. Skjer breiflabb i bitar på ca. 3x3 cm. Grovhakk koriander og bland det saman med yoghurt. Rør inn tandoori masala, gurkemeie og kajennepepar. Snu inn breiflabb i marinaden og la den marinere i minst 15 minutt. Tre breiflabbitane på grillspyd og pensle lett med olivenolje. Grill breiflabbspyda på direkte varme og snu spyda når du kjenner at dei løsnar. La det grille i ca. 10-15 minutt til saman.

Grønnsaksspyd

Kok potet i 10-15 minutt. Skjer paprika og raudløk i store bitar. Tre potet og grønsaker på grillspyd, og pensle med olivenolje. Grill først på direkte varme i fem minutt og legg dei så over på indirekte varme i 10 minutt.

Tzatziki

Riv agurk, finhakk kvitløk og mynte, og press safta frå sitronen. Ha agurken i eit kaffefilter og press forsiktig ut agurkvatnet ved å trykke lett rundt filteret. Bland saman agurk, kvitløk, mynte og yoghurt, og smak til med sitronsaft, olivenolje, salt og pepar.

Server breiflabb med grønsaksspyd og tzatziki.

Tips: Brukar du trespyd må disse ligge i vatn i 30 minutt før du bruker dei.

Grilla teriyaki-makrell er sommarsnadder

Grilla fisk smakar fantastisk godt, men mange syns det er vanskeleg dersom fisken blir tørr eller set seg fast i rista. Val av fisk på grillen betyr også noko for resultatet. Laks, aure og makrell er eksempel på fisk som endrar farge når dei er klare, så dersom du er fersk på grilling av fisk anbefalast disse.

Her kjem sju enkle tips for å lykkast med fisk på grillen.

  •         Start med ein rein grill
  •         Pensle fisken med litt nøytral olje først
  •         Sørg for at grillen er supervarm når du startar
  •         Lær deg skilnaden på direkte og indirekte varme
  •         Klargjer alt før du startar å grille
  •      Bruk gjerne aluminiumsfolie dersom du ikkje ønsker å legge fisken rett på grillen

Makrell er nydeleg sommarmat og perfekt på grillen! Makrell med frisk japansk-inspirert teriyaki-saus oppå, råkostsalat og nypotet ved sidan av er perfekt å servere i grillselskap!

MAKRELL: Grilla teriyaki-makrell er sommarsnadder. Foto: Morten Sjøvik, Norges sjømatråd

Ingrediensar (4 porsj)

8 ss soyasaus

3 ss finhakka kvitløk

1 ss riven ingefær

3 ss eplecidereddik

3 ss brunt sukker

2 ss sesamolje

1 lime

Pepar

 

Råkost

1 spisskål

2 gulrot

6 reddikar

limesaft

salt

frisk koriander

 

Framgangsmåte

Ha alle ingrediensane til sausen i eit høgt glas eller eit litermål, køyr godt saman med stavmiksar slik at alt blandast godt. Sausen slåast så over i ei gryte og kokast på medium varme til den tjuknar. La den kjøle seg litt før bruk.

Hovudkål og gulrøter strimlast tynt og blandast godt saman. Reddikar høvlast tynt og vendast inn saman med kål og gulrøter. Rett før servering smakast grønsakene til med salt og limesaft.

Makrellfiletane tørkast godt på kjøkenpapir og penslast med olje på skinnet, grillast så på varm grill med lok til makrellen er nesten ferdig. Mot slutten penslast fisken med teryiakisausen. Legg så på loket igjen. Etter rundt eitt minutt er fisken klar.

Legg opp fisken og slå over litt meir saus, server med råkost og topp med korianderblad.

Tips:

Makrellen kan også steikast med litt olje i ei panne på ein regnversdag. Filetane skal steikast på begge sidene til dei blir gyllenbrune. Eit kjøkentips er å gi makrellen romtemperatur for å unngå at den krøllar seg under steiking.

 

torsdag 29. juni 2023

Spekesild og nypotet er nydeleg sommarmat!

Denne matspalta er til ære for min tidlegare kollega og gode ven Anders Roald. Han er ein ivrig lesar og kritikar av matspalta mi. Av han har eg lært at eg ikkje treng å skrive lauk men løk på nynorsk og at Matjessild nærmast er umogleg å få tak i her på sunnmøre, han har sjølvsagt rett!

No vågar eg meg ut på glasisen igjen med ein silderett, for helgas rett er tysk og heiter eigentleg «Matjes nach Hausfrauenart». Eg må skunde meg å seie at ein kan erstatte matjessild med både spekesild og kryddersild i denne oppskrifta.

I Sverige får ein kjøpt Matjessild overalt, her i Norge finnast den i utvalde matbutikkar som Jacobs i Oslo og sjølvsagt på IKEA. I sommar skal eg til Sverige og det vert personleg matjessild leveranse fram til Vatne etter ferien. Eg ønsker alle mine lesarar og spesielt til Anders ein riktig god sommar!

SILD: Spekesild og nypotet er nydeleg sommarmat! Foto: Morten Sjøvik, Norges sjømatråd.

8 fileter sild (matjessild, spekesild eller kryddersild)

1 rødløk

1 eple

8 småsylteagurk

100 g rømme

50 g majones

heil svart pepar

3 cm peparrot

200 g nypotet

 

Framgangsmåte

Kok nypotet. Dersom silda er veldig salt eller krydra, kan du skyle den kort under kaldt rennande vatn, eller legge den i vatn/mjølk i nokre timar. Legg deretter filetane på eit kjøkkenhandklede/tørkepapir, la dei tørke litt og kutt dei opp i mindre bitar. Skjer raudløken i tynne ringer, vask eplet og del det i fire ved hjelp av en kniv. Del kvar av de fire bitane i tynne skiver på langs. Kutt opp sylteagurken i terningar. Rør rømmen og majonesen saman i ein bolle og smak til med fersk riven peparrot og pepar. Legg opp som en salat på fire tallerkenar eller på eit stort fat. Start med å legge potetene i botnen, fordel deretter eple, løk, sylteagurk og sildebitar over potetene. Legg til slutt på rømmesausen, pynt med dill og riv over peparrot.