«Ein himmelriks munnfull» er namnet på ein dessert
av eggedosisfromasj, sherry, mandlar, sjokolade og coctailbær med store smakskontrast
i søt, surt og bittert. Når eg skal prøve å beskrive smaken av bakt torsk med
pesto og bacondadlar vart det også ein himmelriks munnfull. Smakskontrastane er
store; mild fisk med frisk pesto og ekstra spesielt med den søte daddelen med det
salte og sprø baconet rundt, dette er rett og slett ein smaksrikt.
Daddel er ein søt, aromatisk og litt klebrig frukt,
den er ofte skildra som ørkenens delikatesse og i Norge er den mest kjent som
tradisjonsrik julesnaks. I dag vert det dyrka mest dadlar i Nord Afrika og
Midtøsten, frukta veks på palmar og under palmeblada veks daddelklasane som kan
innehalde meir enn 2000 dadlar.
Bacondaddel er ein populær appetittvekkjar som
ofte brukast til tapas og dei passar også perfekt som tilbehør til fisk. Ein
kan bruke dadlar både med og utan stein, det er smak og behag. Eit tips er å
bruke tretannpirkarar utan smak og å leggje dei i vatn før bruk, då tek den ikkje
fyr under matlaginga. Då er det berre å svinge grytene på kjøkkenet, god helg!
BACONDADLAR: Omnsbakt torsk med pesto og bacondadlar er ein
himmelriks munnfull. Foto: Norges Sjømatråd, Marianne Aaronsen.
800 g torskefilet, utan skinn og bein
2
ss salt
PESTO
1
dl frisk bladpersille
1
dl pinjekjerner
2
ss parmesanost
1
fedd kvitlauk
1
dl rapsolje
salt
og pepar
BACONDADLAR
4
skiver bacon
8
stk daddel
1
ss smør
tannpirkarar
TOMATSALAT
4
stk tomat
½ stk
raudlauk
olivenolje
salt
kverna pepar
TILBEHØR
asparges
potet
FRAMGANGSMÅTE
Set steikeomnen på 180 °C. Skjer torsken i
jamnstore stykke og dryss dei med salt, og la dei ligge i ca. 20 minutt. Skyl
saltet av og tørk stykka med tørkepapir. Legg dei i ei eldfast form.
PESTO
Bland saman alt unntatt oljen og kjør det til ein
jamn mos i foodprosessor eller med ein stavmiksar. Spe med olje til ein glatt
puré. Smak til med salt og pepar. Smør pestoen over torsken og bak i steikeomnen
i ca. 12 minutt eller til den er ferdig.
BACONDADLER
Skjer baconskivene i to. Rull bacon rundt dadlane,
fest med tannpirkarar og steik rullane i smør til baconet er sprøtt.
TOMATSALAT
Skjer tomat i skiver og finhakk raudlauk. Ha over litt olje, salt og pepar.
Server
den omnsbakte torsken på varme tallerkar med bacondadlar, tomatsalat, dampa
asparges og kokte poteter.