Klippfisk er velsmakande og virkelig nydelig på
grillen, den er også enklare å få godt til på grillen enn anna fisk sidan den
er fast i fiskekjøtet.
Når ein skal bruke klippfisk er det viktig å
planlegge måltidet. Klippfisk er veldig salt så den må vatnast ut i minst eit
døgn før bruk, og ein bør skifte vatn i alle fall to gongar. For å spare tid
kan ein også få kjøpt ferdigutvatna klippfisk i butikken, denne er klar for
varmebehandling med ein gong.
For perfekt grilling er det viktig å sørge for å
ha ei varm sone og ei litt kaldere sone på grillen, slik at du får bytta mellom
direkte og indirekte varme. Dei ferdig grilla fiskestykka skal penslast med
marinade og bør ligge å kvile på den indirekte varmen før servering.
Grilla klippfisk saman med knasande sprø brokkolisalat
med søte rosiner og nøtteaktige pinjerkjerner blanda i syrlig creme fraise gjer
at du får mange gode smakar i munnen; salt, søtt og surt. Saman med nypoteter på
grillspyd kjem smakslaukane til å fryde seg!
GRILLFAVORITT:
Grilla klippfisk med brokkolisalat og nypotet er perfekt sommarmat! Foto: Norges Sjømatråd, Astrid Hals.
INGREDIENSAR
800 g utvatna klippfisk utan skinn
MARINADE
7-8 skiver
raud chili
½ stk sitron
4 ss olivenolje
½ ss
sesamolje
SALAT
1 stk brokkoli
1 stk raudlauk
2 dl rosiner
100 g rista pinjekjerner
3 dl creme fraise
1 ss honning
2 ss kvitvinseddik
salt
og pepar
TILBEHØR
nypotet
grillspyd
olivenolje
FRAMGANGSMÅTE
Varm
grillen. Legg klippfisk på grillen og grill den eine sida 3-4 minutt på sterk
varme. Pensle sida som vender opp med marinaden og la fisken ligge på indirekte
varme i 4-5 minutt, til det piplar veske fra sida og fileten startar å flake
seg.
MARINADE
Finhakk
chili, riv skalet og press safta av sitronen. Bland chili, sitronskal- og saft,
olivenolje og sesamolje godt saman.
SALAT
Del brokkoli i små bukettar og finhakk raudlauk. Bland
brokkoli, raudlauk, rista pinjekjerner og rosiner saman i en stor skål. Lag ein
dressing av å blande saman creme fraise, honning og kvitvinseddik. Vend
dressingen i salaten, og smak til med salt og pepar.
TILBEHØR
Kok nypotet møre med skalet på i lettsalta vatn i
15-20 minutt. Tre dei på eit grillspyd og pensle med litt olivenolje. Grill
potetspyda raskt på grillen slik at dei får ein liten grillsmak.
Tips: Start med marinaden, slik at den er klar til
pensling når fisken skal grillast.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar