torsdag 5. april 2018

Silltårta eller smørbrødkake av sild er perfekt til påske!


Smørbrødkake eller silltårta er ein klassisk svensk spesialitet. Sill betyr sild og tårte betyr kake på svensk. Det er altså ei rund smørbrødkake, som kan delast opp i bitar og delast med mange. Det fine med kaker er at dei et vi for i feire noko, nokon eller kun for å forgylle tilværelsen.
Svenskane elskar sine smørbrødkaker og gjerne med sild i. Dei serverer dei gjerne på sin nasjonaldag, til svensk midtsommarfest, til jul eller på påskebuffet. Når ein søker på nettet kan ein finne mange spennande oppskrifter som: Somrig & enkel matjetårta, Silltårta til jul og Underbara Claras silltårta.
Saltsuget vert stetta med silltårte og det er mettande med finsk rugbrød i botnen. Silltårte er enkel å lage, og både botnen og fyllet kan ein lage dagen før. På påskebordet eller til påskefrukost smaker silltårte godt og ser fint og påskegul ut. Du vil også kunne imponere dine påskegjestar med denne lekkerbisken på bordet, ha ei riktig god påske!

SVENSK: Silltårta er imponerande på påskebordet eller til påskefrukost. Foto: Norges sjømatråd, Marianne Aronsen.

Ingrediensar til 4 porsjonar

400 g kryddersildfilet
8 stk egg
350 g rugbrød
1/3 ts karve
125 g smør
½  stk raudlauk
1 frisk kvist dill
bakepapir
24-26 cm springform

Fyll
200 g kremost, naturell
3 dl lettrømme
½ ts sukker
1 ts kvitvinseddik
1 ts sennep
1 dl frisk dill
1 dl frisk graslauk
½ ts salt
3 stk gelatinplate
pepar

FRAMGANGSMÅTE

Smak på sildefiletene og legg dei i vatn eller mjølk eit par timer dersom dei er for salte. Kok egg i 10 minutt og avkjøl i kaldt vatn. Skjer skorpene av rugbrødet og kjør i ei matmølle til alt er finmost. Tilsett knust karve og mjukt smør, og bland saman til ein fast deig. Ha bakepapir i botnen av ei springform og smør kantane. Trykk deiga saman til ein fast botn i forma.

Fyll
Rør saman kremost og lettrømme til ein jamn masse, og tilsett sukker, kvitvinseddik og sennep.
Vend inn hakka dill og graslauk, og smak til med salt og pepar. Skjer halvparten av sild og egg i biter, og vend dei inn i røra. Ha gelatinplater i kaldt vatn i 5 minutt og klem ut vatnet når dei er mjuke.
Løys opp gelatinen i eit par spiseskjeier kokande vatn og avkjøl. Vend ei spiseskjei av fyllet inn i  gelatinen, og vend gelatinblandinga inn i resten av fyllet med ein slikkepott. Slå fyllet jamt over brødbotnen i forma, dekk til og set kaldt til fyllet begynner å stivne, minimum 3 timar. Skjer resten av sild i bitar, egg i skiver og raudlauk i tynne båtar, og fordel over silltårtan rett før servering. Server med dill på toppen.


torsdag 22. mars 2018

Smak fersk skrei med spinat og appelsinsaus


Vi har kome til midten av mars og eg kan ikkje la vere å presentere endå ei oppskrift av det fantastiske sesongproduktet skrei. I standarden for skrei står det: "Skrei er gytemoden norsk arktisk torsk (Gadus morhua), ikke foret, villfanget, i perioden 1. januar til 30. april i de naturlige gyteområdene for skrei."

Produktet er ein del av vår norske identitet. TNS gallup på vegne av Norges sjømatråd viste at 98 % av alle nordmenn har høyrt om skrei, over 70 % av befolkninga meiner at skrei er eit norsk produkt på sitt beste og veit at skrei er sesongvare. Undersøkinga viser at forbrukarane assosierer skrei med Lofoten, fiske, ein vandrar, tørrfisk, Barentshavet, tradisjon, torsk, lever og rogn. Skreien har altså ei unik historie og kjem vandrande frå Barentshavet, noko som skil den frå torsk.

Som forbrukarar må vi vere tilfredse når vi et skrei og det kan bety å få ei god oppskrift med ein ny vri. Skreisesongen nærmar seg slutten og den nye vrien er skrei med smaksrik appelsinsaus, spinat og parmaskinke, dette løftar retten til eit nytt nivå. Nådelaust godt!


SKREI: Skrei med spinat og appelsinsaus er nådelaust godt! Foto: Norges Sjømatråd, Marianne Aronsen.


Ingrediensar til 4 porsjonar
800 g skreifilet med skinn
2 ½ ss salt
2 fedd kvitlauk
2 ss olivenolje
2 kvistar frisk timian
1 ss smør
6 skiver parmaskinke

Potetmos
600 g potet
100 g smør
2 dl heilmjølk
salt og pepar

Appelsinsaus
3 stk appelsin
1 stk raud chili
1 ½  dl crème fraîche
50 g smør

Tilbehør
200 g spinat
smør
salt og pepar

FRAMGANGSMÅTE
Sett steikeomnen på 230 °C. Skrap skreiskinnet godt, dryss salt over fisken og la den ligge i 10 minutt. Skyl av saltet og tørk godt med tørkepapir, og skjer fileten i porsjonsstykke. Knus kvitlauksfedd lett med flatsida av ein kjøkenkniv. Varm olivenolje i ei steikepanna, ha i kvitlauk og timian, og steik skreien med skinnsida ned til skinnet er sprøtt, ca. 4 minutt. Snu skreien, tilsett smør og trekk steikepanna av varmen. La skreien trekke til den akkurat er gjennomsteikt, ca. 4 minutt. Legg parmaskinka på eit steikebrett med bakepapir, og steik sprø i steikeomnen, ca. 5 minutt.
Potetmos
Skrell potet, skjer i biter og kok møre i lettsaltet vann, ca. 15 minutt. Slå av kokevatnet og mos potetene med en potetmosar eller ein gaffel. Tilsett smør og heilmjølk, og mos til ønska konsistens. Smak til med salt og pepar.

Appelsinsaus
Press safta av appelsin og sil over i ei kasserolle. Finhakk chili og ha i kasserollen. Kok opp og la det småkoke til mengda er halvert. Pisk inn crème fraîche og la sausen småkoke i ca. 4 minutt. Ta kasserollen av varmen og rør inn kaldt smør i terningar rett før servering.

Tilbehør
Steik spinat i smør til det fell lett saman, og smak til med salt og pepar.

Server skreien med parmaskinke, potetmos, appelsinsaus og spinat.

fredag 9. mars 2018

Digg med klippfiskbollar eller bolinhos!

Klippfiskbollar, bolinhnos, frittes eller croquetas er knallgode frityrsteikte klippfiskbollar som stammar frå Portugal. Dette er den perfekte retten til kveldskos i helga eller som tapas.

Tapas er ei rekke forskjellige typar fingermat og kan vere ei blanding med smårettar av oliven, ost, blekksprut, bolinhos og god spekeskinke. Tapas er perfekt når du skal lage mat til mange og du kan sjølv velje ut ulike smårettar som kan lagast ein dag eller to før servering.

Mitt råd er å alltid lage dobbel porsjon av bolinhos. Klippfiskbollane kan frysast og varmast raskt opp i mikrobølgeomn og då har du bolinhos både til tapaskveld og når du erhar lyst på noko godt i helga. Kos deg gjerne varme bolhinos som er dyppa i chilimajones, det er digg!

PORTUGAL: Knallgode klippfiskbollar eller bolihos. Foto: Norges Sjømatråd, Alf Børjesson.

Ingrediensar til 4 porsjonar

250 g utvatna og reinska klippfisk
200 g potet
½  lauk
1 fedd kvitlauk
2 egg
2 ss frisk bladpersille
salt og pepar
frityrolje

Serverast med
salat
cherrytomat
chilimajones

FRAMGANGSMÅTE

Del klippfisken i store stykke og kok dei i ca. 10 minutt i så mykje vatn at det akkurat dekker klippfisken. Flak og riv klippfisken i lange fibrar. Skrell potet, kok dei møre og mos dei. Skil egg og pisk eggekviten. Finhakk lauk, kvitlauk og bladpersille. Bland forsiktig klippfisk og most potet med eggeplommer, lauk, kvitlauk og bladpersille. Bland massen godt med hendene eller ei sleiv. Vend lett i eggekviten til slutt og smak til med salt og pepar. Form massen med to spiseskjeer til jamne bollar. Friter bollane i rikelig varm olje og legg dei over på tørkepapir.


Server klippfiskbollane eller bolinhos med salat, cherrytomatar og chilimajones.

mandag 19. februar 2018

Kjærleiksfisken skrei

Kvart år i tida frå januar til april vandrar skrei (torsk) frå Barentshavet meir enn 1000 kilometer nedover norskekysten til Lofoten, Vesterålen og til og med Mørekysten. Sidan skreien sym over lange avstandar oppnår den betre kondisjon enn torsk som lev stasjonært i fjordane. Skrei har ein fast konsistens, er veldig kvit i fiskekjøtet og det finnast ingen andre stadar i verda der ein kan fiske skrei enn Noreg.

Skreien tek si kjærleiksreise nedover kysten kvar år for å gyte og det er ingen som strekk seg så langt som Barentshavet ridder eller Lofotens casanova, som han vert kalla, for å møte den ventande partnar på djupet.

Er anledninga valentinsdag eller noko anna romantisk, kan du med ei skrei til middag uttrykke det du vil seie til din kjære. Skreien er symbol på truskap og uthald i kjærleiken, og det er verkeleg duka til romantisk festmåltid med nydampa skrei på ei seng av gulrotpurè med sjysaus som er pynta med lettdampa squashhjerter.


ROMANTISK: Skrei med gulrotpure og squashhjerter. Foto: Norges Sjømatråd, Studio Dreyer & Hensley. 


Ingrediensar til 4 porsjonar

800 g skreifilet
½  sitron
salt og pepar
olje

Gulrotpuré
8 stk gulrot
2 ss smør
2 ts frisk ingefær
salt og pepar
6 ss usalta smør

Sjysaus
2 ss soyasaus
2 fedd kvitlauk
Sitronsaft

Serverast med
2 stk grøn squash
sitronsaft

FRAMGANGSMÅTE

Set steikeomnen på 180 °C. Skjer skreien i serveringsstykke, press sitronsaft over og krydre lett med salt og pepar. Ha litt olje i ei eldfast form og legg i skreistykka med skinnsida opp.
Steik i steikeomen i ca. 10-15 minutt, avhengig av kor tjukke fiskestykka er.

Gulrotpuré
Kok gulrot møre i salta vatn. Slå ut nesten alt kokevatnet, så du har litt vatn igjen på botnen av gryta. Mos gulrot i gryta med smør og riven ingefær. Varm opp og smak til med sitronsaft, salt og pepar.

Sjysaus
Smelt smør i ei gryte til det nesten er nøttebrunt. Tilsett soyasaus, finhakket kvitlauk og smak til med sitronsaft.

Tilbehør
Del squash på langs i tjukke skiver og stans ut små hjerter. Damp dei i litt lettsaltet vatn i ca. 2-3 minutt.


Server skrei med gulrotpuré, sjysaus og dampa squashhjerter.

tirsdag 6. februar 2018

Par i hjerter med gratinerte blåskjell

Kalde og klare norske fjordar legg til rette for at blåskjell er på sitt mest frodige og delikate no om vinteren. Det er like vanleg med peiskos som ramme for blåskjell som soloppvarma svaberg, og blåskjell er rett og slett vintermat med ein smak av sommar.

Blåskjell er enkelt og raskt å lage. Kjøp levande blåskjell i ferskvaredisken og oppbevar dei i open pose i kjøleskap, dersom du ikkje skal bruke dei med ein gong. Kontroller alle skjella ved å kakke eitt og eitt i kjøkkenbenkplata. Alle skjella skal lukke seg etter kakkinga. Knuste skjell og skjell som ikkje lukkar seg etter kakking skal kastast. Skrubb også vekk eventuelle trådar utanpå skjella.

Ein bør berekne ½ til 1 kg blåskjell per porsjon, men til denne forretten med gratinerte blåskjell er det nok med 250 g til kvar person. Å gratinere betyr å utsetje ein matrett for sterk varme i steikomn, slik at den får ei gylden skorpe. Helst brukar ein berre overvarme eller grill. På bildet er det brukt to ildfaste hjerteformer og både  lukta og synet av sjømatretten er «til å få vatn i munnen» av!

BLÅSKJELL: Par i hjerter med gratinerte blåskjell. Norges Sjømatråd, Bent Raanes Sørensen.



Ingrediensar til 4 porsjonar

1 kg ferske blåskjell
1 fedd kvitlauk
1 sjalottlauk
1 ss olje
1/2 dl kvitvin
1/2 dl vatn

Kryddersmør:

100 g romtemperert meierismør
2 ss soltørka tomat
1 ts dijonsennep
1 ts paprikapulver
2 ss riven parmesan
1 fedd kvitlauk
1 eggeplomme
salt
cayennepepar

1 lime
fersk timian

Framgangsmåte

Lag smøret først. Kjør alle ingrediensane saman i ei matmølle til ein jamn masse. Smak til med salt og cayennepepar.

Finhakk kvitlauk og sjalottlauk og fres blankt i olje i ein kasserolle. Ha på kvitvin, vatn og kontrollerte og vaska blåskjell. Damp under lok 3-4 minutt til skjella opner seg. Ta av det tomme skalet på kvart blåskjell, og fordel blåskjellene med innmat i ein ildfast form og fordel smøret over.

Steik på 220 grader i ca. 5-6 minutt. Serves gjerne med ein liten salat ved sida av.



tirsdag 30. januar 2018

Italiensk pasta carbonara med norske reker

Reker er på sitt aller beste om vinteren. Norske reker kan delast i to bestandar: reker frå Barentshavet og reker frå Nordsjøen og Skagerak. Norske saftig og sunne reker har kort veg frå det kalde klare saltvassdjupet til middagstallerkenen, dette er ei fantastisk råvare.

Det som kan vere litt artig å vite er at reka startar sitt liv som hann, og når den er frå to til fire år skiftar den kjønn til ho. Reker parar seg om hausten og horeka ber rogna under bakkroppen heile vinteren. På våren oppsøkjer rekene grunnare vatn der larvane klekkast.

Denne italienske pastaretten carbonara er pasta med krema ostesaus over. Pasta med ostesaus som toppa med reker og bacon er ein sikker vinnar. Om du fyl ein enkel regel til reker i varme rettar, er det å tilsette dei så seint at dei akkurat vert lune. Då beheld du rekene møre og saftige!

ITALIENSK: Pasta carbonara med møre og saftige norske reker: Norges Sjømatråd, Synøve Dreyer.


Ingrediensar til 4 porsjonar

400 g reker, utan skall
200 g pasta penne
1 stk lauk
2 fedd kvitlauk
2 ss persille, frisk
100 g bacon
2 stk eggeplomme
3 dl mjølk
4 ss parmesan, riven
1 ts salt
1 ts pepar

Serverast med salat og godt grovt brød

Framgangsmåte

Kok pasta etter anvisning på pakken.

Skjer lauken i terningar, og finhakk kvitlauk og persille.

Steik bacon sprøtt i ei steikepanne og ha det over på eit fat.

Fres lauk og kvitlauk i ei steikepanne og sett til sides.

Pisk eggeplomme, mjølk, parmesan, salt, pepar og persille saman, og varm det opp i ei kasserolle under omrøring.

Tilsett reker, pasta, bacon og laukblandinga, og bland godt.

Server rekepasta med salat og godt grovt brød.

Tips: Du kan også bruke fryste, ferdigpilla reker.


mandag 15. januar 2018

Godt nytt år med laksetaco!

Fisk er ei fantastiske råvare som kan brukast til mykje. Å eksperimentere med nye måtar å lage og servere fisken på kan vere ei spennande utfordring og på kjøpet kan små endringar i kosthaldet vere med på å gi betre matvanar på nyåret.

Å ete sunt og variert, kombinert med fysisk aktivitet er bra for kropp og velvære. Ofte kan små grep ha stor verdi for helsa, enten det handlar om å velje vatn framfor brus når ein er tørst, ta trappene i staden for heisa eller å bytte ut kjøtdeig med laks til tacoen.

Meksikansk taco har vorte ein del av vår matkultur. Taco er populært, smakfullt og favorittmaten til mange både barn, ungdom og vaksne. Helsepotensiale ligg i å bytte ut kjøtdeig som inneheld meitta feitt til laks med sunt fleirumetta feitt. Lykke til med små grep og gode matval på nyåret, små endringar kan gi deg betre helse!

LAKSETACO: Små grep stor forskjel med laksetaco. Norges Sjømatråd, Jim Hensley.


Ingrediensar til 4 porsjonar

500 g  laksefilet, utan skinn og bein
½  stk  lauk
2 ss  margarin
1 pk tacokrydder
1 dl  vatn
1 glass  tacosaus
8 stk  tacotubs

Tilbehør
½  stk  salat
½  stk  lauk
½  stk  paprika
2 stk  tomat
1 stk  agurk
1 dl  mais
100 g  riven kvitost
3 boks  lettrømme 
1 boks salsa tacosaus 

Framgangsmåte
  • Sett steikeovnen på 125 °C eller temperaturen som står på pakken med tacotubs.
  • Skjer laksen i terningar.
  • Reinsk og finhakk lauken.
  • Steik lakseterningane raskt i flytande margarin i ei varm steikepanne saman med halvparten av tacokrydderet. Legg laksen til sides.
  • Surr lauken blank saman med resten av tacokrydderet.
  • Tilsett vatn og tacosaus, og gi alt eit oppkok.
  • Legg laksen tilbake i steikepanna, legg på lok og la laksen bli varm.
  • Varm tacotubs i steikeovnen rett før servering, slik det står på pakken.

Tilbehør
  • Vask og rens issalat, lauk og paprika, og skjer dei tynne strimlar.
  • Vask og skjer agurk og tomat i bitar.
  • Legg salat, grønsaker og ost på fat eller i skåler til servering.

Fyll varme tacotubs med grønsaker, ost og laks, og server med rømme og salsa tacosaus.

Tips: Du kan variere ved å bruke tacoskjell eller tortillaslefser.