fredag 19. juni 2020

Det vert fest med smørsteikte kamskjell i sweet chilisaus


Gul- eller raudbrune kamskjell er eit av naturens vakraste smykke, der skjellet har ei vifteliknande form med 15-17 ribbar. Fangstmetoden her i Norge er dykking, og kvart kamskjell vert handplukka etter størrelse. Den største utbreiinga av kamskjell i norsk farvatn er i Trøndelag og Nordland og dei kan haustast gjennom heile året.

Norske fiskarar kunne tidligare gjerne omtale kamskjell, o-skjell, blåskjell og kråkebollar som «agn», men no er denne sjømaten opphøga til gastronomi i det nordiske kjøkkenet. Norsk tradisjonsmat er meir populært enn nokon gong.

Kamskjell er ein har ein stor kvit og fast muskel som luktar friskt av sjø og hav. Skjell har kort haldbarheit og om dei ikkje skal brukast rask, bør dei reinskast og frysast med ein gong. Kamskjell eignar seg godt til forrett eller som ein lun smårett gjerne servert i skjellet. Kamskjell er ei norsk delikatesse og nyt den gjerne med sweet chilisaus. God pinse!


KAMSKJELL: Det vert fest med smørsteikte kamskjell og sweet chilisaus. Foto: Marianne Aaronsen, Norges Sjømatråd.


Ingrediensar til 4 personar

4 stk kamskjell
½ stilk vårlauk

Smørsaus
½  sitron
4 ss smør
4 ss sweet chilisaus
limesaft
salt

Framgangsmåte

Set steikeomnen på 250 °C. Bruker du ferske kamskjell starter du med å opne og reinske skjella.
Reinsk, vask og tørk skjella, og legg ein kamskjellmuskel i kvart skjell. Finhakk vårlauk.

Sitronsmør
Press safta av sitronen. Gi det eit oppkok og tilsett halvparten av smøret. Avkjøl og rør kraftig saman med resten av smøret, og smak til med salt. Ha vårlauk, sitronsmør, sweet chilisaus og litt limesaft i kamskjella, og dryss med salt.

Steik midt i steikeomnen til smøret boblar, ca. 1 minutt. Kamskjellene kan godt ha ei litt rå kjerne.
Server kamskjell umiddelbart etter tillaging.



onsdag 17. juni 2020

Det vert sommar med nypotet og grilla sei i folie!


Yr melder om strålande sommarvêr, så no er det berre å finne fram solkrem, shorts og grillen! Sommaren er for kort til å ete maten inne, så ta med maten ut og nyt den i skuggen av eit tre eller under ein parasoll seint om ettermiddagen når det er svalare.

Når det er varmt i veret smakar det ekstra godt med lett sommarmat, og fisk er ypparleg på grillen. Grillpakkar i aluminiumsfolie kan varierast i det uendelege og all slags fisk og grønsaker kan brukast. Det er nærmast umogleg å ikkje få eit saftig og godt resultat av «fisk i folie».

Sølvpakka sei, ein sølvball av sunnheit, denne retten er som ei gåve servert på sølvfat med smak av hav, urter og friske grønsaker. Server salat med god og smakfulle dressingen og steikte nypoteter ved sidan av, betre kan det ikkje bli!


SOMMAR: Det vert sommar med nypotet og grilla sei i folie! Foto: Synøve Dreyer, Norges Sjømatråd.



Ingrediensar

4 porsjonar
1 kg seifilet, utan skinn og bein
2 ts salt
500 g nypotet
1 ts korianderfrø
1 lime
1 raus chili,
1 stk sitrongras
2 ss frisk mynte
2 ss honning
2 ss frisk koriander
olje
aluminiumsfolie

Salat
2 stk salat
2 dl frisk bladpersille
1 raudlauk
1 agurk
2 eple

Dressing
50 g hasselnøter
3 ss honning
6 ss eplecidereddik
6 ss olivenolje
salt
grovmalt pepar
sesamolje

Framgangsmåte
Dryss salt på seifileten og la den kvile i ca. 10 minutt. Kok nypotet til dei er nesten møre, avkjøl og skjer dei i tjukke skiver. Legg seien på eit stykke aluminiumsfolie smurt med olje og dryss over korianderfrø. Riv skal og press saft av lime, finhakk chili, sitrongras og mynte. Bland skall og saft av lime med chili, sitrongras og mynte, og smør blandinga over seien. Brett aluminiumsfolien rundt seien og grill den ca. 15 minutt, under lok dersom grillen har det. Pensle potetene med litt olje og grill dei på begge sider. Opne aluminiumsfolien med sei og dryss finhakka koriander over før servering.

Salat
Riv salat og grovhakk bladpersille. Finhakk raudlauk, og skjer agurk og eple i terningar.

Dressing
Grovhakk hasselnøtter, og bland med honning, eplecidereddik og olivenolje. Smak til dressingen med salt, pepar og litt sesamolje. Bland dressingen forsiktig inn i salaten.

Server grilla sei og potet med salaten ved sidan av.



torsdag 14. mai 2020

Smak gode munnfullar med fritert klippfisk og dipp


Klippfisk passar utmerka til fritering, fordi den er fast i konsistensen og frityrøra klebar seg godt til fiskestykka. Når ein skal bruke klippfisk må ein alltid huske forarbeidet med utvatning. Fisken må vatnast ut i eit døgn eller to, alt etter tjukkelsen på stykka.

Ein kan bruke ei vanleg gryte til fritering. Her kjem nokre friteringsreglar: Gå aldri frå gryta. Bruk ei tresleiv for å sjekke temperaturen på frityroljen, oljen er varm nok til fritering når det brusar rundt tresleiva. Ha alltid nokre potetskiver ved sidan av komfyren som kan kjøle ned oljen i gryta. Ha alltid grytelok tilgjengeleg som kan kvele flammen om det tek fyr, bruk aldri vatn!

Å fritere klippfisk er å gi fisken det sprø og smakfulle skalet eller skorpa den ikkje har. Frityrsteikt klippfisk passar godt til kveldskos eller på tapasbordet. Server desse crispy og gode munnfullane saman med salsa, aioli eller anna dipp som remulade, det er garantert suksess!


KLIPPFISK: Smak gode munnfullar med fritert klippfisk og dipp. Foto: Kim Holthe, Norges Sjømatråd.


Ingrediensar til 4 personar

600 g utvatna og reinska klippfisk
frityrolje

Frityrrøre
2 egg
250 g kveitemjøl
1 ts salt
½ ts pepper
½ ts muskat
3 ss frisk persille
1 ½ dl øl
2 ½ dl vatn
½ dl olje

Tilbehør
tomatsalsa
aïoli
sitronar

Framgangsmåte
Skjær klippfisken i biter på 2-3 cm.

Frityrrøre
Skil egga. Bland saman alle ingrediensane til frityrrøra, unntatt eggekvite, og la røra kvile i kjøleskapet i ca. 30 minutt. Varm opp frityroljen i gryta eller frityrkokar. Stivpisk eggekvita ne og vend inn i frityrrøra. Vend fiskebitane i kveitemjøl, deretter i frityrrøra, og friter bitane til dei er gylne, ca. 4 minutt. Legg dei friterte bitane over på tørkepapir så dei får renne av. Server fritert klippfisk med tomatsalsa, aïoli og sitronbåtar ved sidan av.

onsdag 29. april 2020

Ferske reker med smakfulle sausar


Norske reker likar seg best i kaldt, reint vatn og er på sitt aller beste om vinteren. Rekefiske forgår heile året og rekene kjem frå både Barentshavet, men også fjordane og kystnære områder eller Nordsjøen og Skagerak. Norske reker har frisk smak, fast kjøt og naturleg lyseraud farge og dei er god helgemat.  

Visste du forresten at alle reker startar livet sitt som hannar, men skiftar kjønn når dei er mellom to og fire år gamle. Det betyr at dei rekene vi et, er horeker. Reker vert stort sett kokt umiddelbart ombord på båtane og deretter solgt enten ferske, men oftast frosne.

Reker er ei brukande råvare og passar perfekt til ein rask kvardagsmiddag eller i festlege lag heile året. Når vi no har fått smaken på våren her på Sunnmøre, kan det vere godt å sette seg på verandaen og pille reker med gode sausar til. Musikken er å høyre småfuglane kvitre, god helg!

REKER: Ferske reker med smakfulle sausar. Foto: Norges Sjømatråd, Kim Holthe.

Ingrediensar
2 kg reker med skal

Urteolje
2 dl frisk bladpersille
1 fedd kvitlauk
3 ss pinjekjerner
4 dl olje
salt og pepar

Aïoli
3 fedd kvitlauk
1 egg
1 ss sitronsaft
1 klype salt
1 klype kvit pepar
1 klype sukker
2 dl olje
2 ss frisk graslauk

Pesto
½ potte frisk basilikum
100 g valnøter
50 g parmesan
1 dl olivenolje
½ sitron

Chilirømme
1 dl lettrømme
1 ss sweet chilisaus
kajennepepar

Tilbehør
Brød

Framgangsmåte
Urteolje
Kjør bladpersille, kvitlauk og pinjekjerner med stavmikser til du får ein jamn masse. Spe med olje og smak til med salt og pepar.

Aïoli
Press kvitlauk, og pisk godt saman med egg, sitronsaft, salt, pepar og sukker. Spe med olje i ein tynn stråle medan du piskar. Finhakk graslauk og bland det i aïolien.

Pesto
Kjør basilikum, valnøter, riven parmesanost, olivenolje og safta frå sitron med stavmiksar til du får ein jamn masse.

Chilirømme
Bland saman lettrømme og sweet chilisaus. Smak til med kajennepepar, og ev. meir sweet chilisaus.

Lag ein, to, tre eller alle fire sausane og server rekene i ein bolle med godt brød til.


torsdag 2. april 2020

Fiskesuppe med fennikel er god middag i ein fei!


Har du ein pose med fiskesuppe i skuffen, kan det bli kjapp og god middag på få minutt. I følge Orkla Foods vart den første posesuppa produsert i 1964, og denne måten å lage mat på vart moderne og populær i takt med kvinnefrigjeringa og at kvinnene tok plass i arbeidslivet på 70- talet.

Mat laga frå botnen av har i dag høg status og posesuppe lav status, men suppeposen ligg nok i mange sine kjøkenskuffer som reservemat. Det er lett å lage posesuppe, det passar godt i ein travel kvardag og ved tilsette meir grønsaker og fisk kan suppa smake nesten som heimelaga.

Dagens posesuppe oppskrift er «piffa opp» med fennikel og laks. Fennikel er ein grønsak med aromatisk lukt og smak som kan minne om anis eller Kongen av Danmark-drops. Fennikel er spesielt godt til fisk og dei friske skudda som ofte er med kan brukast på same måte som dill. 

Har du andre grønsaksrestar i kjøleskapet, er det berre å skrelle og dele opp og ha dei i fiskesuppa. Toppar du dei heile med lune reker og matfløyte, vert no dette himmelsk god middag på 1-2-3!


FISKESUPPE: Fiskesuppe med fennikel er god middag i ein fei! Foto: Synøve Dreyer, Norges sjømatråd.


Ingrediensar
250 g laksefilet, utan skinn og bein
150 g reker, utan skall
½ frisk fennikel
1 vårlauk
1 gulrot
1 pose fiskesuppe
matfløyte
vatn

Tilbehør
Brød

Framgangsmåte
Skjer laks i terningar, fennikel i tynne strimlar, vårlauk i ringar og gulrot i skiver. Lag fiskesuppa etter anvisninga på posen, men bruk matfløyte i staden for mjølk. Ha laks, fennikel og gulrot i suppa når den er kokt ferdig, og la det trekke vidare i ca. 4 minutt, til fisken er kokt. Ha i reker og dryss over vårlauk rett før servering. Server fiskesuppa med grovt brød ved sidan av.


søndag 15. mars 2020

Sterk, smakfull og asiainspirert steinbit


Min kjære er hobbyfiskar og sette garn i sist veke, der målet var vinterfiske med god fangst av hyse, lyr og sei til heimelaga fiskematproduksjon. Fangsten var ikkje overveldande, men heller ekstra spanande fordi ein stor og flott steinbit viste seg å vere i garnet!

Med ein slik skremmande rugg i garnet, må ein hobbyfiskar passe fingrane godt for dei spisse hoggtennene. Steinbiten et nemleg lett tjukkskala krabbe, sjel, kråkebollar og kreps. Smaken av steinbit ber derfor preg av skaldyr, fiskekjøtet er fast og perlekvitt og toler å bli kokt, steikt og grilla utan å miste fasong, dette er verkeleg ein god og brukande fisk.

Skinnet til steinbit er ei historie i seg sjølv, det er spesielt sterkt og det seiast at berre kenguruskinn skal vere sterkare. Eit tips er å la steinbiten henge ferdig sløya til neste dag, for då er det lettare å flekke av skinnet. Steinbit får ein sterk og god smak når den får trekke i asiainspirert saus med soya, kvitlauk, chili, ingefær og honning. Hobbyfiskaren min fekk den uhyggelege fisken ut av garnet utan å miste ein einaste finger og flekka lett av skinnet, så enden på fiskerihistoria vart eit gourmetmåltid!


STEINBIT:  Sterk, smakfull og asiainspirert steinbit. Foto: Marianne Aaronsen, Norges sjømatråd. 


Ingrediensar (4 pers)
800 g steinbitfilet, utan skinn og bein
2 ss sitronsaft
8 vårlauk
½ raud chili

Saus
2 fedd kvitlauk
½ raud chili
2 ss frisk ingefær
4 dl vatn
1 dl soyasaus
2 ss honning
1 ts paprikapulver
1 ss sesamolje
sitronsaft
salt

Tilbehør
Sitron
Ris

Framgangsmåte
Skjer steinbit i serveringsstykke. Drypp over sitronsaft og la dei ligge kjølig 10 minutt. Skjer vårlauk i skiver på tvers og chili i ringar, og damp lett i litt vatn.

Saus
Finhakk kvitlauk og chili, og riv ingefær. Ha kvitlauk, chili og ingefær i ei kasserolle saman med dei andre ingrediensane til sausen og kok opp. Smak til med honning og sitron, og litt salt om nødvendig.
Legg fiskestykka i sausen og la dei trekke i sausen til dei er kokt, ca. 8 minutt. Server steinbit med saus, vårlauk, chili, ris og nokre sitronbåtar ved sidan av.


mandag 2. mars 2020

Bagel med røyka laks er smakfull helgelunsj eller turmat


Bagel er eit amerikansk frukostbrød som er forma  som ein ring. Holet i midten er eit mange hundre år gamal design, og holet kan nyttast til å knyte saman fleire bagelar som gjer det enklare for handel, transport og ei meir freistande utstilling. Bagel er sprø utanpå og har saftige konsistens inni, dette fordi baksten er først kokt og deretter steikt i bakaromnen. Bagel er også ofte toppa med smakfulle valmuefrø eller sesamfrø.

Røyking er ein fleire tusen år gamal metode for å auke haldbarheita på feit fisk, slik som laks, sild og makrell. I Norge er laks den mest solgte røykte fisken, den er fullstappa av sunt feitt og lukta vekker urmennesket i oss, samla rundt eit bål. Røykt laks er ei typisk norsk matvare og ei populær gåve.

Bagel er finbakst og i helga kan vi unne oss finare bakst som er knasande sprø med erkenorsk røykalaks, kremost og salat. Det er enkelt å lage og perfekt til lunsj eller turmat. God helg!

RØYKT LAKS: Bagel med røyka laks er smakfull helgelunsj eller turmat. Foto: Synøve Dreier, Norges sjømatråd. 

Ingrediensar (4 pers)
200 g røykt eller grava laks
8 ss naturell kremost
2 ss matfløyte
1 ts dijonsennep
1/3 ts salt
1/3 ts sukker
1 klype kajennepepar
2 dl kinakål
2 ss frisk persille
4 bagel
5 salatblad

Framgangsmåte
Skjer røykt laks i skiver. Rør saman kremost, matfløyte, dijonsennep, salt og sukker, og smak til med kajennepepar. Finsnitt kinakål og bland inn i sausen saman med hakka persille. Del bagelen i to, og ha litt kålsalat og salatblad på ein av halvdelane. Legg røkt laks over, dekk med den andre halvdelen av bagelen, og server.

Tips: I denne oppskrifta kan du bruke gravlaks i staden for røykt laks.