mandag 14. november 2022

Fiskebollesupper er super mat for store og små!

 

Eg har jobba med Fiskesprell i mange år. Det er eit nasjonalt kosthaldsprogram der formålet er å legge til rette for at barn og unge og vaksne skal både like og å velje å ete meir fisk. Dette gjer ein ved å lage gode sjømatrettar saman, og ein kan sjå på det som ein del av folkehelsearbeidet i Norge.

Fiskesprell har eit rikt utval på gode oppskrifter som skal vere med på å skape sjømatglede og gjere at sjømat vert eit naturleg val i kvardagen, både i barnehagen, i mat og helse faget på skulen og heime.

Ein av mine favorittoppskrifter er fiskebollesuppe og blant «småkokkane» som har vore med på å lage og ete denne suppa, blir den raskt ein soleklar favoritt. Basen i suppa har ein mild karrismak med fint kutta fiskbollebitar oppi, toppa med sprø sukkererter. Både store og små vil digge denne!

FISKEBOLLAR: Fiskebollesupper er super mat for store og små! Foto: Studio Dreyer + Hensley.

   

Ingrediensar til 4 porsjonar

300 g fiskebollar

1 stk sjalottløk

2 stk gulrot

1 stk eple

3 ss smør

1 ts karri

2 ss kveitemjøl

1 dl matfløyte

fiskebollekraft

vatn

salt

 

Server med

10 stk sukkererter

 

Framgangsmåte

Skjer fiskebollar i mindre bitar. Finhakk sjalottløk, og skjer gulrot og eple i små terningar. Ha smør i ein kasserolle og fres sjalottløken blank. Tilsett karri og la det surre i 2-3 minutt. Drys over kveitemjøl og bland godt. Spe på med krafta til fiskebollane og vatn, og rør til du har ei jamn suppe. Ha i gulrot og la sukka koke i 2-3 minutt. Tilsett eplebitar, gi suppen eit oppkok, og ha i matfløyte og fiskebollar.

Smak til med salt og karri. Server suppa med strimla sukkererter dryssa over.

Tips: Til 4 porsjonar trenger du ca. 5-6 dl veske av fiskebollekraft og vatn.

 

mandag 31. oktober 2022

Omnsbakt sei med smørsaus og spisskål

Å bake fisk i omnen er enklare enn du trur, dessutan smakar fisken betre som bakt og tillaginga krev lite oppvask. I denne retten er berre steikepanna i bruk i tillegg til ei eldfast form som rommar både grønsaker, saus og fisk.

Haustens rotgrønsaker er smakfulle og passar godt kombinert med fisk. Har du ikkje smakt på spisskål denne hausten, så anbefala eg å prøve. Spisskålen er laust knytt med saftige blad, er mild i smaken og den er utruleg god smørdampa. 

Det står i oppskrifta at du skal ringle over honning og olivenolje, det betyr «å slynge i ring eller spiralar, helle, dyppe i sirklar» over alt det gode på toppen av retten til slutt. Denne retten må nytast!

 


SEI: Omnsbakt sei med smørsaus og spisskål. Foto: Studio Dreyer+Hensley. Norges Sjømatråd.


Ingrediensar

800 g beinfri seifilet

1 ss salt

2 fedd kvitløk

1 ss smør

200 g gulrot

200 g rotgrønsaker

1 stk spisskål

½ ts grovmala pepar

1 timiankvist

2 ss olivenolje

2 ts akasiehonning

smør

 

Smørsaus

200 g smør

2 ss soyasaus

Pepar

 

Server med potet


Framgangsmåte

Sett steikeomnen på 180 °C. Skjer seien i serveringsstykke, dryss salt over og la dei ligge i 7 minutt. 

Skyl saltet av og tørk seien lett med tørkepapir. Skjer gulrot og rotgrønsaker på langs og ha i ei eldfast form saman med timian. Her kan du bruke dei rotgrønsakene du ønsker, for eksempel betar eller potet. Ringle over honning og olivenolje. Set grønsakene i omnen og sjekk etter 10 minutt om dei har begynt å bli møre. Når dei nærmar seg gjennomsteikte, kan du sette seien inn i omnen. Legg seien i ei smurt eldfast form, dryss pepar over og legg på skiver av kvitløk og smør. Steik i steikeomnen i ca. 10 minutt. Skjer kål i båtar, og steik i smør.

Saus

Smelt smør til det blir nøttebrunt, men ikkje brent. Smak til med litt soyasaus og pepar.

Server omnsbakt skrei med spisskål, rotgrønsaker og bruna smør. Pynt med timian. Om du ønsker, kan du servere med kokte poteter.

 

 

tirsdag 11. oktober 2022

Sursøte reker i lune wraps

Ein wrap er ein matrett laga med eit mjukt flatt brød rulla rundt eit fyll. Dei vanlege flate brøda er kveitetortilla, lavash (usyrna brød) eller pita.

Wraps kan fylle innehalde med kaldt oppskore kjøt, kylling, fisk eller reker, strimla salat, terningar av tomat, agurk, mango eller  guacamole, bacon, ost og ein saus som rømme, salsa, sursøt saus eller honningsennep på toppen. Ver kreativ!

Reker kan brukast til så mangt og i helgas oppskrift er det sursøte reker «tulla inn» saman med salat i lune tortillawraps. Det er ikkje berre enkelt, det smakar også digg!

REKER: Sursøte reker i lune wraps. Foto: Studio Dreyer+Hensley, Norges sjømatråd.


Ingrediensar (4 porsjonar)

400 g reker, utan skall

4 ss sursøt saus

8 tortillalefser

1 raudløk

1 raud chili

2 avokado

2 hjertesalat

1 mango

½ agurk

1 lime

salt og pepar

 

Framgangsmåte

Bland sursøt saus med rekene og set til side. Varm tortillawraps etter anvisninga på pakken. Finhakk raudløk og chili, skjer avokado i terningar og salat i strimlar. Kutt opp mango og agurk. Bland salatingrediensane saman, press over saft av lime, og smak til med salt og pepar. Fordel salatblandinga og rekene over i lune tortillawraps. Server reketaco med riven ost dryssa over om du ønsker.

Tips: Du kan gjerne bruke fryste, ferdigpilla reker i denne oppskrifta.

 

onsdag 28. september 2022

Eit snev av India med omnsbakt sei med grøne linser

Det indiske kjøkkenet er like stort og variert som heile landet, men felles for maten er dei fantastiske kryddera og den gode smaken. Garam masala er ei indisk krydderblanding som kan variere frå familie til familie, men innhaldet er som regel: svart pepar, chilipepar, koriander, spisskum, kardemomme, kanel, muskat og nellik.

Grøne linser er god erstatning for potet og pasta, det er smart å bløytlegge dei ein times tid, då blir linsene større og vert raskare kokt. Garam masala på seifilet er eksotisk, smakfullt og veldig godt. Saman med grøne liser og yoghurt får denne retten absolutte eit snev av India. Velbekomme!

 

SEI: Eit snev av India med omnsbakt sei med grøne linser. Foto: Alf Børjesson, Norges sjømatråd.


Ingrediensar (4 porsjonar)

700 g seifilet, utan skinn og bein

1 ss olivenolje

2 ts salt

2 ts garam masala

 

Linser

175 g grøne linser

1 fedd kvitløk

½ sitron

½ ts salt

 

Mynteyoghurt

2 dl naturell yoghurt

1 kvist frisk mynte

1 kvist frisk bladpersille

 

Framgangsmåte

Sett steikeomnen på 225 °C. Skjer sei i serveringsstykke, drypp over olivenolje, og dryss på salt og garam masala. Legg seistykka på bakepapir på steikebrett og bak dem på øvste rille i steikeomnen til dei er gjennomsteikte og lett brune på toppen, ca. 10 minutt.

Linser

Kok linsene møre i usalta vatn i ca. 15-20 minutt. Sil kokevatnet av. Finhakk kvitløk og press safta av sitron. Rør kvitløk og sitron saman med linsene, og smak til med salt.

Mynteyoghurt

Finhakk mynte og bladpersille, og rør inn i yoghurten.

Server den omnsbakte seien med linser og mynteyoghurt ved sidan av.

 

 

onsdag 21. september 2022

Pastasalat med reker er enkel og rask å lage!

Visste du at vår eigen Karen Warholm har blitt ambassadør for Norges Sjømatråd og at pastasalat med reker ein av hans favorittar! For Karsten som spring fort over hekkane er sjømat ein naturleg del av kosthaldet og no er han med på å spreie entusiasme rundt sjømat.

Her kjem nokre praktiske tips til korleis du kan inkludere meir fisk og sjømat når du planlegg vekas middagar:

1)      Spontanhandling gir ofte mindre smarte val, så planlegg familien sin vekemeny.

2)     Husk at fiskekaker, fiskepinnar, fiskebollar og fiskegrateng også er fiskemiddagar.

3)     Prøv nye rettar og smakar og som du likar, kanskje du finn ein ny favoritt?

 

Bonusen med å ete meir fisk er at det totale kosthaldet ditt blir sunnare, fordi fisk er ei god kjelde for mange viktige næringsstoff som mellom anna sunt feitt, smart protein og jod. Prøv denne pastasalaten med reker, som blir ekstra smakfull med din eigen tomatpesto!

REKER: Pastasalat med reker er enkel og rask å lage! Foto: Studio Dreyer+Hensley, Norges sjømatråd.


Ingrediensar (4 porsj)

300 g reker utan skal

500 g pasta

2 dl ruccolasalat

12 stk cherrytomat

2 ss raudløk

 

Tomatpesto

2 fedd kvitløk

100 g soltørka tomat

2 ss pinjekjerner

2 ss parmesan

1 dl olivenolje

 

Fremgangsmåte

Tomatpesto

Køyr saman alle ingrediensane til pestoen i ein foodprosessor eller med stavmiksar til ein jamn mos.

 

Pastasalat

Kok pasta etter anvisning på pakken. Finhakk raudløk og del cherrytomatane i båtar.

Bland sammen reker, pasta, raudløk, cherrytomat, ruccolasalat og tomatpesto, og server.

 

fredag 19. august 2022

Asiatisk peparkrabbe med sriracha-saus

Peparkrabbe er eigentleg ein spesialitet frå Singapore og har du sansen for asiatiske smakar er dette noko for deg også. Krabbeklørne i denne retten er altså «spicy» med både srirscha-saus og pepar, og den er til og med veldig enkel å lage til.

Sriracha er sterk chilisaus frå Thailand som du kan bruke til det meste som pasta, sausar, supper og sjømat. Kokkar svergar til heimelaga srirscha- saus, så denne sausen han du lage sjølv, men du finn han også i butikken.

Eit tips kan vere å lage ekstra store porsjon av peparkrabbe og legge fram ein stor bunke med serviettar når den skal etast, for dette er både grisete og rågodt!

KRABBE: Foto: Asiatisk peparkrabbe med sriracha-saus. Hitra krabbe, Norges sjømatråd.

Ingrediensar (4 porsj)

4 kg krabbeklør

1,5 dl soyasaus

4 ss honning

4 ss black pepper sauce

40 heil svart pepar

8 båtar lime

2 limesaft

4 sjalottløk

6 vårløk

olje

 

Sriracha-saus

8 ss majones

2 ts sriracha

 

Fremgangsmåte

Kakk sprekker i krabbeklørne slik at du kjem til krabbekjøtet. Ha olje og løk i ei varm steikepanne. Tilsett soyasaus, honning og black pepper sauce. Varm til det tjuknar. Tilsett krabbe og limebåtar og vend inn i blandinga. La putre til krabben er varm. Rist svart pepar i panna og mal den i morter. Ha på, saman med vårløk, til slutt. Server med rista godt brød og Shriracha-saus.

 

onsdag 17. august 2022

Legg omnsbakt laks og torsk inn på vekemenyen

Sommaren er på hell og den gode kvardagen er her med jobb og skulestart. No er det tid for å lage gode kvardagsrutinar og mitt beste råd er å lage ein vekeplan for middag.

Når ein planlegg middag med eit stort innkjøp per veke sparer ein både tid og pengar. Med god planlegging slepp ein også å bruke energi på: «Ååå… kva skal eg lage til middag..» -tankar, ein unngår impulshandling, ein kan gjere sunnare val og kan redusere matsvinn.

Ein vekeplan kan vere på papir eller digitalt og det finnast app’ ar sjølvsagt. Mitt råd er at vekeplanen er synleg slik at alle i familien kan sjå vekeplanen og dermed er budde på «kva som er på menyen», dette kan hindre overraskingar og sure miner.

Tips: Søndagskveld kan vere ein fin planleggingsdag, då kan du handle på måndag eller den vekedagen som passar best for deg. Hald også ein dag open til bruk av restar, og når du lagt inn fisk 2-3 gongar i veka et familien sunt! Omnsbakt laks og torsk med pommes frites er ein rask og supert middag for travle familiar, lykke til med middagsplanlegginga!

LAKS OG TORSK: Legg omnsbakt laks og torsk inn på vekemenyen. Foto: Synøve Dreyer, Norges sjømatråd.


Ingrediensar (4 porsjonar)

300 g laksefilet, utan skinn og bein

300 g torskefilet, utan skinn og be

400 g grønsaksblanding

400 g pommes frites

3 dl sursøt saus

salt og pepar


Framgangsmåte

Set steikeomnen på 180 °C. Skjer fiskefiletane i like store stykke. Ha grønsaker og pommes frites i en smurt eldfast form og dryss over litt salt og pepar. Legg fisk over grønsakene og dryss over litt salt og pepar. Steik til fisk, grønsaker og pommes frites er ferdig, ca. 15 minutt. Server med sursøt saus og dryss over litt finhakka grasløk om du har det.

Tips:

Om du ønsker ein meir sprø pommes frites kan du gjerne steike den for seg sjølv, etter rettleiinga på pakken.