tirsdag 7. mars 2023

Krema tagliatelle med laks

Pasta kjem i uendeleg mange former og fasongar og er ein del av den klassiske italienske matkulturen. Visste du at pasta betyr deig? Pasta er vanlegvis laga av kveitemjøl, vatn og salt, men kan også tilsettast andre ingrediensar for å gi farge og smak, det som er mest vanlege er å tilsette egg.

Tagliatelle eller bandspagetti er lange og smale plastaband oftast laga av durumkveite med egg i. Når du skal koke pasta, ta alltid utgangspunkt i det som står på pakken. Legg alltid pasta i fosskokande vatn i eit stor kjelde med nok vatn og litt salt. Pasta utvidar seg under koking og den skal ikkje overkokast, men serverast med tyggemotstand eller  «al dente».

Som Norges sjømatråd seier: «Leiter du etter ein enkel middag med nydeleg laks og krema pasta? Sjå ikkje lenger! Med denne oppskrifta får du ein sunn, velsmakande middag på kort tid». Velbekomme!


LAKS: Krema tagliatelle med laks. Foto: Studio Dreyer + Hensley, Norges sjømatråd.

Ingrediensar (4 porsjonar)

400 g laksefilet

4 pors tagliatelle

2 sjalottløk

½ purreløk

150 g friske erter

2 dl kremfløyte

½ sitronzest

olje

salt og pepar

frisk basilikum

 

Framgangsmåte

Skjer laks i passande terningar. Kok pasta som anvist på pakken, tilsett ertene i dei siste minutta av koketida. Kutt sjalottløk i små bitar og purre i ringar. Surr løken blank i litt olje, og steik så laksen i panna nokre minutt, behald kjernen på fisken litt rå. Tilsett purre saman med sjalottløk og laks. Ta laksebitane ut av panna. Tilsett fløyte i panna, kok opp og la i ca. 2 minutt. Smak til sausen med salt og pepar og rive sitronskall. Sil av pastaen og vend inn fløytesausen. Dander laksebitane på toppen, og dryss over friske basilikumblad.

 

mandag 20. februar 2023

Smak parmesangratinert skrei med bakte rotgrønsaker

Det er umogleg å sleppe tak i skreien no når vi er midt i sesongen, så her kjem endå ei oppskrift på korleis ein kan lage eit festmåltid av denne lekre råvara. Sjømatelskarar over heile verda set pris på skreien, og no kan vi også eksperimentere med skrei med ny vri.

Skrei har ein mild smak og det kan vere spennande  «å piffe den opp» med parmesangratinering. Parmesan er ein italiensk, fast og feit ost med smak av både salt og sødme. Osten er mest kjent som fast tilbehøyr til pastarettar og italienarane brukar den som krydder i matlaginga.

Å lage parmesangratinert skrei er overraskande lettvint, og saman med bakte rotgrønsaker vert dette både eit eksklusivt og smaksrikt festmåltid. Hurra for skreien vår!

SKREI: Smak parmesangratinert skrei med bakte rotgrønsaker. Foto: Studio Dreyer + Hensley, Norges sjømatråd.

Ingrediensar (4 porsjonar)

800 g skreifilet, utan skinn og bein


Parmesankrem

½ ts flaksalt

1 eggeplomme

2 ss fløyte

50 g riven parmesan

1 fedd kvitløk

1 ss rosmarin

 

Rotgrønsaker

2 søt potet

1 sellerirot

2 ss rosmarin

5 ss olivenolje

salt og pepar

sitronsaft

 

Råkost

1 crispisalat

250 g råkost

2 ss grasløk

½ sitron

4 ss olivenolje

salt og pepar


Fremgangsmåte

Rosmarinbakt selleri og søtpotet.

Forvarm omnen til 200 grader. Skrell og kutt sellerirot og søtpotet i store klossar på 3-4 cm. Slå over olje, salt og hakka rosmarin. Legg dei i eldfast form med bakepapir i botnen og bak dei i 40 minutt på 200 grader med varmluft. Dei skal bli godt bakte å få ein fin farge og mjuk konsistens. Press over sitronsaft ved servering.

Parmesangratinert skrei

Dryss litt salt over og under skreien og legg den på ei eldfast fat/form. Rør saman alle ingrediensane til parmesanrøra i ein bolle og fordel denne over heile overflata på skreien. Set forma/fatet midt i forvarma omn ved 200 grader med grillfunksjon. La skreien steike til den har fått ei fin gratinert skorpe i omtrent 10 minutt. Sjekk den tjukkaste delen av fileten om den flakar når du pressa på den, då er den ferdig steikt og perfekt til servering. Er den litt rå, skru av omnen og la fisken stå og trekke nokre minutt.

Frisk Råkost

Hakk grasløk og bland inn sitronsaft, salt, pepar og olivenolje i ein stor bolle. Bruk gjerne ferdig råkost-mix som du finn i butikken. Dersom ikkje kan du lage din eigen med for eksempel gulrot og kål. Vend råkosten og crispisalaten i bollen rett før servering.

 

onsdag 8. februar 2023

Smak sesongens skrei med chorizopølse

Det er sesong for skrei! Skrei er den muskuløse torsken som vandrar frå Barentshavet og nedover norskekysten for å gyte. Omtrent 40 % av skreien gyt i Lofoten-området og fiskeriet i nord er i full gang. Skrei er vinterens mest dyrebare råvare og vi kan no meske oss med fersk skrei, lever og rogn.

Om du vil modernisere den tradisjonsrike skreimølja, kan du prøve helgas oppskrift der den milde og friske smaken av skrei, møter den sterke og spenstige smaken av chorizo. Chorizo er ei pølse med sterk smak som oftast laga av svinekjøt med forskjellig krydder, og den raude fargen kjem frå raudt paprikapulver.

Granatepla sine knasande, syrlege og svært aromatiske frø saman med sterk choritzopølse er spennande og godt tilbehøyr til sesongens ferske skrei. Berre prøv!

SKREI:  Smak sesongens skrei med chorizopølse. Foto: Roland Persson, Norges sjømatråd.


Ingrediensar (4 porsjonar)

800 g skreifilet med skinn

5 ss salt

1 l vatn

1 ss solsikkeolje

100 g chorizopølse

2 friske kruspersille

½ granateple

1 sitron

 

Potetmos

800 g poteter

2 dl mjølk

2 ss smør

salt og pepar

 

Fremgangsmåte

Sett steikeomnen på 200 °C. Skjer skreifileten i porsjonsstykke. Rør saltet ut i vatn og la skreien ligge i vatnet i 15 minutt. Ta skreistykka ut av vatnet og tørk dei med tørkepapir. Steik skreistykka med skinnsida ned i solsikkeolje i ei varm steikepanne til skinnet er brunt, ca. 3 minutt. Legg stykka over i ei smurt eldfast form med skinnsida opp og steik i steikeomnen til den er ferdig, ca. 3 minutt. Skjer chorizo i skiver og steik dei sprø i steikefeittet frå skreien. Skjer persille i strimlar, ta kjernane ut av granateple og riv skal av sitron. Bland persille, granateple og sitronskall med chorizopølse.

Potetmos

Skrell potet og skjer i skiver. Kok potetskivene møre, mos dei og rør inn mjølk og smør til passe konsistens. Smak til med salt og pepar.

Server skreien med granateple- og chorizoblandinga saman med potetmos

tirsdag 24. januar 2023

Gode tips til sjømatpakke!

Kvar dag pakkar tusenvis av norske barn og vakse i Norge matpakken, som oftast består av påsmurte brødskiver med pålegg pakka i papir eller i matboks. Visste du at matpakketradisjonen her i landet har vart sidan 1932, fordi det var legen Carl Szhiøtz som innførte Oslofrukosten. Den som består av grovt brød, mjølk, rå grønsaker og frukt og vart servert til alle barn i Osloskulen.

Forskarar seier at denne dramatiske endringa i norsk matkultur kan sidestillast med oppfinninga av ostehøvelen og bindersen. Matpakketradisjonen lever i beste velgåande den dag i dag, men vi i «matpakkelandet» kan kanskje trenge tips til variasjon for både sunnheit og smak. Då kan ein kanskje legge om til meir sjømat i matpakken.

Fisk er ei super proteinkjelde som fungerer som byggestoff for musklane og aukar mettheitskjensla. At blodsukkeret held seg stabilt, gir både auka konsentrasjon og mindre søtsug, og dersom ein vel feit fisk som laks, sild og makrell får ein gode omega -3 -feittsyrer som stimulerer til både hukommelse, konsentrasjon og læring. Å lage sunne og gode matpakkar treng ikkje å ta lang tid og det er kjekt å tenke på at noko godt ventar i matpakken til lunsj både på skule, jobb eller på tur!

MATPAKKE: Gode tips til sjømatpakke! Foto: Marianne Aaronsen, Norges sjømatråd.


Matpakketips:

·         Bruk restar av fiskemiddagen til salat, på brødskive, i tortilla eller pitabrød.

·         Fiskekaker egnar seg veldig godt i matpakken, på ei brødskive, i tortilla eller som terningar i salat.

·         Røykt laks, makrell i tomat og reker passer fint i matpakken.

·         Lag omelett med røykt laks eller rester frå fiskemiddagen.

·         Bruk gjerne grovt brød, grønsaker og sunne dressingar til fisken.

·         Ha skåler med oppkutta grønsaker, dressing og ulike type fisk i kjøleskapet, då er det enklare for heile familien å lage sin eigen sunne sjømatpakke.

 

Tips til sjømatlunsj

Omnssteik for eksempel fiskefiletar med sitron og urter på 175 grader i ca. 15.min og vips så har du basisingrediens til lunsj med fisk. Du kan bruke fiske i salat, omelett, på brødskiva eller i wrap.

mandag 2. januar 2023

Sunn og god torsk med dill og reker

Om det nye året skal møtast med magrare kost og sunnheit, ligg nøkkelen i kva ein vel å ete seg mett på. Kroppen å ha drivstoff sjølv om ein vil moderere seg i matvegen, og då er det smart å ha nokre gode basismatvarer tilgjengeleg på kjøkkenet.

Havregryn, grovt brød, magre mjølkeprodukt, cottage cheese, grønsaker, belgfrukt, nøtter, litt frukt, egg, kylling og sjølvsagt fisk er gode matvarer å lage regelmessige måltid av. Husk at det er lett å gå på ein smell og ete noko du slett ikkje hadde tenkt om du ikkje held deg til faste måltid.

Ein god tommelfingerregel er å ikkje ete seg stappmett, uansett kva måltidet består av. Helgas fiskerett er sunn og mager torsk med dill og reker. Dill er ein fantastisk urt til fisk og skaldyr med mild anissmak, denne smakar godt!

TORSK: Sunn og god torsk med dill og reker. Foto: Synøve Dreyer, Norges sjømatråd.

Ingrediensar til 4 porsjonar

600 g torskefilet

100 g reker utan skal

1 sjalottløk

½ purreløk

2 dl vatn

1 terning fiskebuljong

2 dl lettrømme

1 dl matfløyte

1 dl dill

salt og pepar

 

Server med

Potet eller potetmos

 

Framgangsmåte

Set steikeomnen på 200 °C. Skjer torskefilet i serveringsstykke og dryss med salt og pepar. Finhakk sjalottløk og skjer purre i tynne strimlar. Legg i torskestykka i ei smurt eldfast form, og dryss over sjalottløk og purre. Varm vatnet, løys opp fiskebuljong og bland det saman med lettrømme og matfløyte. Rør finhakka dill inn i sausen og slå den over fisken. Steik i steikeomnen til torsken er ferdig, ca. 15 minutt. Dryss reker over retten når den kjem ut av steikeomnen.

Server med potet eller potetmos.

Tips: Kremfløyte og crème fraîche er meir varmestabile enn matfløyte og lettrømme, men tilfører også meir feitt til retten. Her kan du velgje sjølv.

tirsdag 20. desember 2022

Nyttår med røykelakstartar med avokado og rosèpepar

Årets siste dag nærmar seg, og vi skal takke for det gamle og ønske det nye velkommen. Nyttårsaftan ofte ein lystig festdag der ein feirar med familien eller slår seg laus med vener, og mange stadar samlast ein for å sjå på fyrverkeri saman. Det kan vi også gjere for første gong i Ørsta i år, og det vert nok fint å sjå på!

Visste du at fyrverkeri var oppfunne i Kina, og at denne nyttårstradisjonen spreidde raskt til andre kulturar og samfunn. Kinesarane trudde fyrverkeri kunne skremme vekk vonde ånder og bringe hell og lykke til det nye året. Det var først på 1800- talet at ein kunne sjå fyrverkeri med fargar, fordi ein då kunne å nytte ulike metalliske salt for å variere på fargen på elden.

Laksetarar er også ein fin farge eksplosjon, som kan brukast som eit frisk innslag på nyttårstapasbordet. Laksetarar med avokado og rosèpepar er enkel å lage, og er også ypparleg å servere til forrett før sjølve nyttårsmiddagen! Godt nytt år til alle mine lesarar!


RØYKT LAKS: Nyttår med røykelakstartar med avokado og rosèpepar. Foto: Aina Hole. Norges sjømatråd

Ingrediensar (6 porsjonar)

200 g røykt laks

2 ss frisk dill

1 sitron

2 ts rosépepar

1 avokado

 

Framgangsmåte

Grovhakk laksen med ein kniv. Bland laksen med dill og knust rosépepar. Dekk til og set i kjøleskapet og lat det stå natta over. Neste dag skjer du avokadoen i terningar og dryss sitronsaft over. Bland forsiktig saman med laksen og server kjøleg, gjerne i små glas.

 

tirsdag 13. desember 2022

Hyllingssong til lutefisken

Lutefisk er ein akta og elska rett, og for oss som minnast tidlegare utanrikskorrespondent i NRK og sjefredaktør i Dagbladet Jan Otto Johansen (1934-2018), var han ikkje minst kjent som lutefiskens førsteelskar. Han ga i 1997 ut boka «Lutefisk - tradisjon, tilbereding og tilbehør» og i epilogen fann eg denne vakre hyllingssongen, som berre må delast:


O lutefisk, vi bøyer oss

For kongen iblant og spiser.

Den skjelv av mykt belutret liv

fortjener alle priser.

Hvert år vi venter like spent

med vann i munn og håpet tent.

O lutefisk, din frelste flokk

ærbødighet deg viser.

 

O lutefisk, sublime sol

hvor finnes vel din mage?

Vi lader Wien sin wurst i fred

og Rom sin pizza bage.

Må svensken ha sin sure sild

og dansken spise hvad han vil.

Med deg servert på vårt bord

Vi intet andet smage.

 

O lutefisk, celestial

celebritet, deslige.

Om duft av deg til himlen når,

misundes jorderige.

I bad av gyldens baconfedt

tilsamman med en hvit potet.

Du fryder oss så himmelsk at

all jordisk lyst må vige.

(Tekst: Oscar Kvåle, Mel: O`Tannenbaum)


LUTEFISK: Lutefisk med kvit saus til jul. Foto: Aina Hole, Norges sjømatråd.

Ingrediensar (4 pers)

2 kg lutefisk

2 ss salt

4 skiver bacon

 

Kvit saus

3 ss smør

3 ss kveitemjøl

4 dl mjølk

½ ts salt

8 stk heil pepar

3 stk heil allehånde

4 stk nellikspiker

1 ss smør

1 dl fiskekraft

 

Ertestuing

1 stk sjalottløk

400 g frosne erter

 

Server med

potet

sennep

 

Framgangsmåte

Set steikeomnen på 200 °C. Del opp lutefisken i serveringsstykke og legg dei i ei langpanne med skinnsida ned. Drys over salt og dekk langpanna med aluminiumsfolie. Steik lutefiskstykka i steikeomnen i ca. 30 minutt. Steik bacon i ei tørr panne.

Kvit saus

Smelt smør og rør inn kveitemjølet. Spe på litt og litt mjølk, og tilsett salt, heil svart pepar, allehånde og nellikspiker. La sausen koke i ca. 5 minutt. Sil sausen, og tilsett smør og fiskekraft til sausen får ein fin konsistens.

Erter

Surr finhakka sjalottløk i smør og tilsett erter. La ertene surre i ca. 2 minutt slik at dei blir gjennomvarme.

Server lutefisk med steikt bacon, kvit saus, erter, kokt potet og sennep.

Tips:

Dersom du vil ha fast lutefisk, dryss salt over og la lutefisken stå kjølig eit par timer. Slå av vatnet som trekkast ut og skyl deretter lutefisken i kaldt vatn.