søndag 15. mars 2020

Sterk, smakfull og asiainspirert steinbit


Min kjære er hobbyfiskar og sette garn i sist veke, der målet var vinterfiske med god fangst av hyse, lyr og sei til heimelaga fiskematproduksjon. Fangsten var ikkje overveldande, men heller ekstra spanande fordi ein stor og flott steinbit viste seg å vere i garnet!

Med ein slik skremmande rugg i garnet, må ein hobbyfiskar passe fingrane godt for dei spisse hoggtennene. Steinbiten et nemleg lett tjukkskala krabbe, sjel, kråkebollar og kreps. Smaken av steinbit ber derfor preg av skaldyr, fiskekjøtet er fast og perlekvitt og toler å bli kokt, steikt og grilla utan å miste fasong, dette er verkeleg ein god og brukande fisk.

Skinnet til steinbit er ei historie i seg sjølv, det er spesielt sterkt og det seiast at berre kenguruskinn skal vere sterkare. Eit tips er å la steinbiten henge ferdig sløya til neste dag, for då er det lettare å flekke av skinnet. Steinbit får ein sterk og god smak når den får trekke i asiainspirert saus med soya, kvitlauk, chili, ingefær og honning. Hobbyfiskaren min fekk den uhyggelege fisken ut av garnet utan å miste ein einaste finger og flekka lett av skinnet, så enden på fiskerihistoria vart eit gourmetmåltid!


STEINBIT:  Sterk, smakfull og asiainspirert steinbit. Foto: Marianne Aaronsen, Norges sjømatråd. 


Ingrediensar (4 pers)
800 g steinbitfilet, utan skinn og bein
2 ss sitronsaft
8 vårlauk
½ raud chili

Saus
2 fedd kvitlauk
½ raud chili
2 ss frisk ingefær
4 dl vatn
1 dl soyasaus
2 ss honning
1 ts paprikapulver
1 ss sesamolje
sitronsaft
salt

Tilbehør
Sitron
Ris

Framgangsmåte
Skjer steinbit i serveringsstykke. Drypp over sitronsaft og la dei ligge kjølig 10 minutt. Skjer vårlauk i skiver på tvers og chili i ringar, og damp lett i litt vatn.

Saus
Finhakk kvitlauk og chili, og riv ingefær. Ha kvitlauk, chili og ingefær i ei kasserolle saman med dei andre ingrediensane til sausen og kok opp. Smak til med honning og sitron, og litt salt om nødvendig.
Legg fiskestykka i sausen og la dei trekke i sausen til dei er kokt, ca. 8 minutt. Server steinbit med saus, vårlauk, chili, ris og nokre sitronbåtar ved sidan av.


mandag 2. mars 2020

Bagel med røyka laks er smakfull helgelunsj eller turmat


Bagel er eit amerikansk frukostbrød som er forma  som ein ring. Holet i midten er eit mange hundre år gamal design, og holet kan nyttast til å knyte saman fleire bagelar som gjer det enklare for handel, transport og ei meir freistande utstilling. Bagel er sprø utanpå og har saftige konsistens inni, dette fordi baksten er først kokt og deretter steikt i bakaromnen. Bagel er også ofte toppa med smakfulle valmuefrø eller sesamfrø.

Røyking er ein fleire tusen år gamal metode for å auke haldbarheita på feit fisk, slik som laks, sild og makrell. I Norge er laks den mest solgte røykte fisken, den er fullstappa av sunt feitt og lukta vekker urmennesket i oss, samla rundt eit bål. Røykt laks er ei typisk norsk matvare og ei populær gåve.

Bagel er finbakst og i helga kan vi unne oss finare bakst som er knasande sprø med erkenorsk røykalaks, kremost og salat. Det er enkelt å lage og perfekt til lunsj eller turmat. God helg!

RØYKT LAKS: Bagel med røyka laks er smakfull helgelunsj eller turmat. Foto: Synøve Dreier, Norges sjømatråd. 

Ingrediensar (4 pers)
200 g røykt eller grava laks
8 ss naturell kremost
2 ss matfløyte
1 ts dijonsennep
1/3 ts salt
1/3 ts sukker
1 klype kajennepepar
2 dl kinakål
2 ss frisk persille
4 bagel
5 salatblad

Framgangsmåte
Skjer røykt laks i skiver. Rør saman kremost, matfløyte, dijonsennep, salt og sukker, og smak til med kajennepepar. Finsnitt kinakål og bland inn i sausen saman med hakka persille. Del bagelen i to, og ha litt kålsalat og salatblad på ein av halvdelane. Legg røkt laks over, dekk med den andre halvdelen av bagelen, og server.

Tips: I denne oppskrifta kan du bruke gravlaks i staden for røykt laks.

torsdag 20. februar 2020

Persetorsk er ein finfin gamal Bergensrett


Persetorsk betyr pressa torsk, og det betyr at fisken skal først gravast og etterpå leggast i press. Merk deg derfor at fisken skal ligge i eit døgn eller to i sukker og salt før du lagar den til. Sukkersaltinga gjer at torsken blir ekstra fast i fisken.

Tradisjonell vert persetorsk servert med eggesmør, gulrøter og kokte poteter. Helga si oppskrift er komponert av Andreas Viestad som serverar persetorsken med ein enkel dillsaus med erter, lakserogn og sjølvsagt gode poteter til.

Dette er nydeleg tradisjonsmat frå Bergen, ofte brukt til festmat i skreisesongen og som julemiddag. På Fjord Line sitt menykart «En bit av Norge» seier Andreas Viestad at når ein er i Bergen er det naturleg å diske opp med ein erkebergensk tradisjonsrett, og persetorsken er like fantastisk som Bergens by!


TORSK: Persetorsk er ein finfin gamal Bergensrett. Foto: Mette Randem. 


Ingrediensar (4 pers)
1 kg torsk/skrei med skinn
2 ss salt
1 ½ ss sukker

½ dl crème fraîche
2 ss kvitvin
2 små sjalottløk
1 ss dill
3 ss grøne erter
2 ss lakserogn

FRAMGANGSMÅTE

Gni fisken godt inn med salt og sukker. Legg filetane med kjøtsida mot kvarandre i ei eldfast form. Dekk med plast. Legg en vekt oppå, noko som veg eitt kilo eller litt meir. Det kan være alt frå ei gryte, til ein bunke med tallerkenar. La stå i kjøleskapet i eitt til to døgn. Snu gjerne fiskestykka eit par gonger undervegs og slå av veska som samlar seg.

Ha fisken i eit dørslag og skyl godt med iskaldt vatn. Tørk godt. Førevarm omnen til 200 grader. Legg fisken i ei eldfast form, helst av metall, for den bruker ikkje så lang tid til å bli varma opp. Bruker du steingods, er det lurt å førevarme forma. Bak fisken i ca. 10 minutt, til den flakar seg fint.
Lag saus ved å varme crème fraîche, kvitvin og sjalottløk i ei lita gryte. Når fisken er ferdig, slå litt av krafta som har samla seg i den eldfaste forma. Rør inn dill og erter. Smak til med salt og pepar. Ha i lakserogn og slå sausen på tallerkenen og legg fine stykke av persetorsk oppå, pynt med dill.


fredag 7. februar 2020

Hurra lofottorsken har kome og det er tid for skreimølje!


Skrei kjem frå verdast største torskebestand og vandrar kvar år frå Barentshavet og ned til Norskekysten. Skreien har mykje betre kondisjon og meir musklar enn torsk som lever stasjonært, fiskekjøtet har derfor fast og fin i konsistensen og er svært kvitt. Over 40 % av all skrei vert fiska i Lofoten og Vesterålen i sesongen frå januar til april, og no har skreien kome og det kan dukast til skreimølje.

Torbjørn Egner skildra skreien sitt livsløp i Torskevisa slik: «En ekte Lofottorsk jeg er, for jeg er født i Henningsvær. Fadderullan dei, fadderullan dei, fadderullan dullan dei.» Denne barnesongen om lofottorsken har i alt ni vers og det siste er slik: «Hvis en tilslutt skal spise meg, så håper jeg at det blir deg. Fadderullan dei, fadderullan dei, fadderullan dullan dei.»

Skreimølje er ein tradisjonsrett og serverast langt heile kysten no i sesongen. Nytrekt skrei eller lofottorsk med følge av rogn og lever er ein kraftig rett som oftast krev ein middagslur etterpå. Både den gode maten og kvila gjer godt, god helg!


SKREI: Hurra lofottorsken har kome og det er tid for skreimølje! Foto: Marianne Aaaronsen, Norges sjømatråd. 


Ingrediensar (4 porsj)

Til koking
4 skiver skrei
3 ss salt per liter vatn

Rogn
1 rogn
1 l vatn
1 ss salt

Lever
1 lever
1 ½ dl vatn
1 ts salt
1 ts eddik
1 ts heil pepar
2 laurbærblad

Reinsk fiskeskivene reine for blod. Legg dei i kaldt vatn, gjerne rennande, i ca. 1 time. Kok i mellomtida rogn og lever. Pakk rogna i matpapir for å sikre at den ikkje koker sund. Kok opp vatn med salt, legg i rogna, kok opp og skru ned varmen. La rognen trekke til den er gjennomkokt, ca. 30—45 minutt etter tjukkelsen. Trekk hinna av levera og del den opp i mindre stykke. Kok opp vatn med salt, eddik, pepar og laurbærblad. Legg i levera, kok opp og la levera trekke i 10—15 minutt. Kok opp nok vatn til at fiskestykka dekkast. Tilsett salt og kok opp. Legg i fiskeskivene, kok raskt opp, skru ned varmen og la fisken trekke til den er gjennomkokt, ca. 8 minutt. Server fisken med nykokt med rogn i skiver, levera i laken og gode poteter, eventuelt også kokte gulrøter og brokkoli. Det smakar godt med flatbrød, nypressa sitron til og pynt gjerne med persille.

mandag 20. januar 2020

Luksus med fiskekake i matboksen!


Formiddagsmat, skulemat eller lunsj i Norge er for dei fleste medbrakt matpakke, og ein typisk norsk matpakke er brødskiver med pålegg, skilt med mellomleggspapir og pakka i matpapir eller matboks. Matpakkane er enkle, gode og smakar godt etter første arbeidsøkt på ein vanleg kvardag enten du et den på jobb, skule eller på tur. 

Å ha fiskepålegg på brødskiva er ein måte å ete meir fisk på og dette gjer matpakken din sunnare. I fiskepålegg av spesielt av feit fisk som sild, laks, makrell og sardinar får i seg omega-3 feittsyrer og vitamin D. Frå dei magrare fiskeslag sei, hyse og lyr får ein rett nok magrare pålegg, men sparer seg for uheldige metta feittsyrer som ein finn i kjøtpålegg frå raudt kjøt og kvitost.

Fiskepålegg kan vere så mangt, sjå berre på denne lista: Makrell i tomat, laks i olje, røykt laks /aure, varmrøykt peparmakrell, fiskepudding, fiskekaker, sardinar, reker, sild og kaviar. Mange elskar fiskekaker og ei varm fiskekake i papir i handa eller som pålegg i matboksen er eit snev av luksus. Dette er matpakken som gjer deg både mett og glad!


FISKEKAKE: Luksus med fiskekake i matboksen! Foto: Marianne Aaaronsen, Norges sjømatråd. 


Ingrediensar
1 fiskekake- eller burger
1 grovt rundstykke eller brødskive
2 salatblad
2 skiver tomat
3 skiver sylteagurk
1 skive raudlauk

Tilbehør
½  appelsin
druer
rømmedressing

Framgangsmåte
Opne rundstykke og legg salat, tomat, sylteagurk og raudlauk på den eine halvdelen. Legg fiskekaka-  eller burgeren over og dekk med den andre halvdelen av rundstykket. Ha fiskeburgeren i matboksa saman med appelsin i båtar og nokre druer. Ha rømmedressing på rett før du skal ete.

Tips: På utvalde butikkar som sel kjøkkenutstyr får man kjøpt små flasker som er perfekt til å ha dressing i.

lørdag 4. januar 2020

Godt nytt år med fargerik sei i form!


Julematen har vore ein orgie i feitt frå pinnekjøt, svineribbe, lammerull, sylteflesk og mår og pølser, og det kan vere mogleg at både julekakene, dessertane og kanskje dei flytande kaloriane har sett seg på sidebeina i desember månad. Tida er altså komen for å stamme inn livreima etter julefeiringa og ete litt sunnare, magrare og meir sparsamt. Det er her fisken kjem inn.

Å ete fisk til middag og å gå aktivt på tur er noko av det beste du kan gjerne for kroppen din etter jul, dette er mager mat som påverkar kolestolinnhaldet i blodet og fyller på med sunne omega-3 feittsyrer. Kosthaldråd nr 5 seier at ein bør ete fisk to- tre gongar i veka og rådet tilsvara totalt 300-450 gram rein fisk. Dette skulle vel vere mogleg å få til?

Å lage sei i form er både enkel og retten er rask å lage til i ein hektisk kvardag no på nyåret. Oppskrifta er veldig enkel og resultatet vert omnsbakt sei i ein fargerik saus, ja dette lagar seg verkeleg sjølv i steikeomnen. Med ønske om ein sunn og frisk start i matvegen på det nye året!


SEI:  Godt nytt år med fargerik sei i form. Foto: Synøve Dreyer, Norges sjømatråd. 


Ingrediensar
(4 porsj.)

700 g seifilet, utan skinn og bein
1 grøn paprika
1 gul paprika
1 raud paprika
2 ts salt
½ ts pepar
½ ts paprikapulver
2 dl fiskekraft

Tilbehør
Poteter

Framgangsmåte
Set steikeomnen på 180 °C. Skjer seifileten i skiver. Skyl paprika, reins ut frø og skiljeveggar, og skjer i strimlar. Legg sei og paprika i ei smurt, eldfast form. Drys salt, pepar og paprikapulver over seien. Slå på fiskekraft og dekk forma med aluminiumsfolie. Bak i steikeomnen til seien er ferdig det vil seie når den har endra farge og skivar seg  etter ca. 20 minutt. Server seien med kokt potet.

Tips: Fiskekraft kan erstattast med fiskebuljong.


søndag 22. desember 2019

Julehøgtid med kveite med urtesaus og lakserogn på menyen


Fisk og sjømat er gode variasjonar frå jula sine mektige kjøtmåltid. For vår kystbefolkning har både fersk torsk og kveite sterke juletradisjonar og frå gamal av heitte det seg at husbonden måtte sitte på nausttaket om han ikkje klarte å skaffe julefisk. Det var stor skam dersom fisken mangla til jul.

Romjulsmiddag med kveite er ein av jula sine beste middagar, mange vel den klassiske varianten med å trekke den i lettsalta vatn, med kokte gulrøter, potet og eggesmør til. Årets julekveiteoppskrift er pannesteikt kveite, der ein steiker kveitestykka lett og let dei kvile etterpå. Det viktigaste med kveite er uansett å gjere trekkinga eller steikinga på lav temperatur, slik at kveita ikkje blir tørr.

Julekveita er feit og fin, og det passar godt med litt friske og syrlege sausar til. Helgas oppskrift er rett og slett ein saus med base i fiskekraft og fløyte, med mykje friske urter i og sjølvsagt sitron. Fargespelet på tallerkenen med friske og grøne aspargesbønner, toppa med oransje lakserogn, gjer denne retten til ein julefest. Ha ei fredeleg og god jul!


KVEITE: Julehøgtid med kveite med urtesaus og lakserogn på menyen. Foto: Marianne Aaaronsen, Norges sjømatråd. 


Ingrediensar (4 pers)
4 kveiteskiver
1 ss grovt salt
1 ss smør
1 ss olivenolje

Saus
1 ts frisk basilikum
1 ts frisk timian
1 ts frisk oregano
1 ss smør
2 ss kveitemjøl
1 ½ dl fiskekraft
1 dl kremfløyte
1 ss sitronsaft
salt

Tilbehør
aspargesbønner
poteter
lakserogn

Framgangsmåte
Dryss salt over kveitestykka  og la dei ligge i ca. 15 minutt. Skyl av saltet og tørk godt. Steik kveita på middels varme i olivenolje og smør til den er gylden, ca. 2 minutt på kvar side. La stykka kvile.

Saus
Finhakk basilikum, timian og oregano. Smelt smør i ei kasserolle, rør inn kveitemjøl og la blandinga frese i ca. 1 minutt. Ha i fiskekraft og la det småkoke i 2-3 minutt. Tilsett kremfløyte og gi sausen eit oppkok. Ha i basilikum, timian og oregano og la sausen småkoke nokre minutt. Smak til med sitronsaft og salt. Server kveite med lakserogn, urtesaus, aspargesbønner og poteter.

Tips: Fiskekraft kan erstattes med fiskebuljong.