onsdag 29. april 2020

Ferske reker med smakfulle sausar


Norske reker likar seg best i kaldt, reint vatn og er på sitt aller beste om vinteren. Rekefiske forgår heile året og rekene kjem frå både Barentshavet, men også fjordane og kystnære områder eller Nordsjøen og Skagerak. Norske reker har frisk smak, fast kjøt og naturleg lyseraud farge og dei er god helgemat.  

Visste du forresten at alle reker startar livet sitt som hannar, men skiftar kjønn når dei er mellom to og fire år gamle. Det betyr at dei rekene vi et, er horeker. Reker vert stort sett kokt umiddelbart ombord på båtane og deretter solgt enten ferske, men oftast frosne.

Reker er ei brukande råvare og passar perfekt til ein rask kvardagsmiddag eller i festlege lag heile året. Når vi no har fått smaken på våren her på Sunnmøre, kan det vere godt å sette seg på verandaen og pille reker med gode sausar til. Musikken er å høyre småfuglane kvitre, god helg!

REKER: Ferske reker med smakfulle sausar. Foto: Norges Sjømatråd, Kim Holthe.

Ingrediensar
2 kg reker med skal

Urteolje
2 dl frisk bladpersille
1 fedd kvitlauk
3 ss pinjekjerner
4 dl olje
salt og pepar

Aïoli
3 fedd kvitlauk
1 egg
1 ss sitronsaft
1 klype salt
1 klype kvit pepar
1 klype sukker
2 dl olje
2 ss frisk graslauk

Pesto
½ potte frisk basilikum
100 g valnøter
50 g parmesan
1 dl olivenolje
½ sitron

Chilirømme
1 dl lettrømme
1 ss sweet chilisaus
kajennepepar

Tilbehør
Brød

Framgangsmåte
Urteolje
Kjør bladpersille, kvitlauk og pinjekjerner med stavmikser til du får ein jamn masse. Spe med olje og smak til med salt og pepar.

Aïoli
Press kvitlauk, og pisk godt saman med egg, sitronsaft, salt, pepar og sukker. Spe med olje i ein tynn stråle medan du piskar. Finhakk graslauk og bland det i aïolien.

Pesto
Kjør basilikum, valnøter, riven parmesanost, olivenolje og safta frå sitron med stavmiksar til du får ein jamn masse.

Chilirømme
Bland saman lettrømme og sweet chilisaus. Smak til med kajennepepar, og ev. meir sweet chilisaus.

Lag ein, to, tre eller alle fire sausane og server rekene i ein bolle med godt brød til.


torsdag 2. april 2020

Fiskesuppe med fennikel er god middag i ein fei!


Har du ein pose med fiskesuppe i skuffen, kan det bli kjapp og god middag på få minutt. I følge Orkla Foods vart den første posesuppa produsert i 1964, og denne måten å lage mat på vart moderne og populær i takt med kvinnefrigjeringa og at kvinnene tok plass i arbeidslivet på 70- talet.

Mat laga frå botnen av har i dag høg status og posesuppe lav status, men suppeposen ligg nok i mange sine kjøkenskuffer som reservemat. Det er lett å lage posesuppe, det passar godt i ein travel kvardag og ved tilsette meir grønsaker og fisk kan suppa smake nesten som heimelaga.

Dagens posesuppe oppskrift er «piffa opp» med fennikel og laks. Fennikel er ein grønsak med aromatisk lukt og smak som kan minne om anis eller Kongen av Danmark-drops. Fennikel er spesielt godt til fisk og dei friske skudda som ofte er med kan brukast på same måte som dill. 

Har du andre grønsaksrestar i kjøleskapet, er det berre å skrelle og dele opp og ha dei i fiskesuppa. Toppar du dei heile med lune reker og matfløyte, vert no dette himmelsk god middag på 1-2-3!


FISKESUPPE: Fiskesuppe med fennikel er god middag i ein fei! Foto: Synøve Dreyer, Norges sjømatråd.


Ingrediensar
250 g laksefilet, utan skinn og bein
150 g reker, utan skall
½ frisk fennikel
1 vårlauk
1 gulrot
1 pose fiskesuppe
matfløyte
vatn

Tilbehør
Brød

Framgangsmåte
Skjer laks i terningar, fennikel i tynne strimlar, vårlauk i ringar og gulrot i skiver. Lag fiskesuppa etter anvisninga på posen, men bruk matfløyte i staden for mjølk. Ha laks, fennikel og gulrot i suppa når den er kokt ferdig, og la det trekke vidare i ca. 4 minutt, til fisken er kokt. Ha i reker og dryss over vårlauk rett før servering. Server fiskesuppa med grovt brød ved sidan av.


søndag 15. mars 2020

Sterk, smakfull og asiainspirert steinbit


Min kjære er hobbyfiskar og sette garn i sist veke, der målet var vinterfiske med god fangst av hyse, lyr og sei til heimelaga fiskematproduksjon. Fangsten var ikkje overveldande, men heller ekstra spanande fordi ein stor og flott steinbit viste seg å vere i garnet!

Med ein slik skremmande rugg i garnet, må ein hobbyfiskar passe fingrane godt for dei spisse hoggtennene. Steinbiten et nemleg lett tjukkskala krabbe, sjel, kråkebollar og kreps. Smaken av steinbit ber derfor preg av skaldyr, fiskekjøtet er fast og perlekvitt og toler å bli kokt, steikt og grilla utan å miste fasong, dette er verkeleg ein god og brukande fisk.

Skinnet til steinbit er ei historie i seg sjølv, det er spesielt sterkt og det seiast at berre kenguruskinn skal vere sterkare. Eit tips er å la steinbiten henge ferdig sløya til neste dag, for då er det lettare å flekke av skinnet. Steinbit får ein sterk og god smak når den får trekke i asiainspirert saus med soya, kvitlauk, chili, ingefær og honning. Hobbyfiskaren min fekk den uhyggelege fisken ut av garnet utan å miste ein einaste finger og flekka lett av skinnet, så enden på fiskerihistoria vart eit gourmetmåltid!


STEINBIT:  Sterk, smakfull og asiainspirert steinbit. Foto: Marianne Aaronsen, Norges sjømatråd. 


Ingrediensar (4 pers)
800 g steinbitfilet, utan skinn og bein
2 ss sitronsaft
8 vårlauk
½ raud chili

Saus
2 fedd kvitlauk
½ raud chili
2 ss frisk ingefær
4 dl vatn
1 dl soyasaus
2 ss honning
1 ts paprikapulver
1 ss sesamolje
sitronsaft
salt

Tilbehør
Sitron
Ris

Framgangsmåte
Skjer steinbit i serveringsstykke. Drypp over sitronsaft og la dei ligge kjølig 10 minutt. Skjer vårlauk i skiver på tvers og chili i ringar, og damp lett i litt vatn.

Saus
Finhakk kvitlauk og chili, og riv ingefær. Ha kvitlauk, chili og ingefær i ei kasserolle saman med dei andre ingrediensane til sausen og kok opp. Smak til med honning og sitron, og litt salt om nødvendig.
Legg fiskestykka i sausen og la dei trekke i sausen til dei er kokt, ca. 8 minutt. Server steinbit med saus, vårlauk, chili, ris og nokre sitronbåtar ved sidan av.


mandag 2. mars 2020

Bagel med røyka laks er smakfull helgelunsj eller turmat


Bagel er eit amerikansk frukostbrød som er forma  som ein ring. Holet i midten er eit mange hundre år gamal design, og holet kan nyttast til å knyte saman fleire bagelar som gjer det enklare for handel, transport og ei meir freistande utstilling. Bagel er sprø utanpå og har saftige konsistens inni, dette fordi baksten er først kokt og deretter steikt i bakaromnen. Bagel er også ofte toppa med smakfulle valmuefrø eller sesamfrø.

Røyking er ein fleire tusen år gamal metode for å auke haldbarheita på feit fisk, slik som laks, sild og makrell. I Norge er laks den mest solgte røykte fisken, den er fullstappa av sunt feitt og lukta vekker urmennesket i oss, samla rundt eit bål. Røykt laks er ei typisk norsk matvare og ei populær gåve.

Bagel er finbakst og i helga kan vi unne oss finare bakst som er knasande sprø med erkenorsk røykalaks, kremost og salat. Det er enkelt å lage og perfekt til lunsj eller turmat. God helg!

RØYKT LAKS: Bagel med røyka laks er smakfull helgelunsj eller turmat. Foto: Synøve Dreier, Norges sjømatråd. 

Ingrediensar (4 pers)
200 g røykt eller grava laks
8 ss naturell kremost
2 ss matfløyte
1 ts dijonsennep
1/3 ts salt
1/3 ts sukker
1 klype kajennepepar
2 dl kinakål
2 ss frisk persille
4 bagel
5 salatblad

Framgangsmåte
Skjer røykt laks i skiver. Rør saman kremost, matfløyte, dijonsennep, salt og sukker, og smak til med kajennepepar. Finsnitt kinakål og bland inn i sausen saman med hakka persille. Del bagelen i to, og ha litt kålsalat og salatblad på ein av halvdelane. Legg røkt laks over, dekk med den andre halvdelen av bagelen, og server.

Tips: I denne oppskrifta kan du bruke gravlaks i staden for røykt laks.

torsdag 20. februar 2020

Persetorsk er ein finfin gamal Bergensrett


Persetorsk betyr pressa torsk, og det betyr at fisken skal først gravast og etterpå leggast i press. Merk deg derfor at fisken skal ligge i eit døgn eller to i sukker og salt før du lagar den til. Sukkersaltinga gjer at torsken blir ekstra fast i fisken.

Tradisjonell vert persetorsk servert med eggesmør, gulrøter og kokte poteter. Helga si oppskrift er komponert av Andreas Viestad som serverar persetorsken med ein enkel dillsaus med erter, lakserogn og sjølvsagt gode poteter til.

Dette er nydeleg tradisjonsmat frå Bergen, ofte brukt til festmat i skreisesongen og som julemiddag. På Fjord Line sitt menykart «En bit av Norge» seier Andreas Viestad at når ein er i Bergen er det naturleg å diske opp med ein erkebergensk tradisjonsrett, og persetorsken er like fantastisk som Bergens by!


TORSK: Persetorsk er ein finfin gamal Bergensrett. Foto: Mette Randem. 


Ingrediensar (4 pers)
1 kg torsk/skrei med skinn
2 ss salt
1 ½ ss sukker

½ dl crème fraîche
2 ss kvitvin
2 små sjalottløk
1 ss dill
3 ss grøne erter
2 ss lakserogn

FRAMGANGSMÅTE

Gni fisken godt inn med salt og sukker. Legg filetane med kjøtsida mot kvarandre i ei eldfast form. Dekk med plast. Legg en vekt oppå, noko som veg eitt kilo eller litt meir. Det kan være alt frå ei gryte, til ein bunke med tallerkenar. La stå i kjøleskapet i eitt til to døgn. Snu gjerne fiskestykka eit par gonger undervegs og slå av veska som samlar seg.

Ha fisken i eit dørslag og skyl godt med iskaldt vatn. Tørk godt. Førevarm omnen til 200 grader. Legg fisken i ei eldfast form, helst av metall, for den bruker ikkje så lang tid til å bli varma opp. Bruker du steingods, er det lurt å førevarme forma. Bak fisken i ca. 10 minutt, til den flakar seg fint.
Lag saus ved å varme crème fraîche, kvitvin og sjalottløk i ei lita gryte. Når fisken er ferdig, slå litt av krafta som har samla seg i den eldfaste forma. Rør inn dill og erter. Smak til med salt og pepar. Ha i lakserogn og slå sausen på tallerkenen og legg fine stykke av persetorsk oppå, pynt med dill.


fredag 7. februar 2020

Hurra lofottorsken har kome og det er tid for skreimølje!


Skrei kjem frå verdast største torskebestand og vandrar kvar år frå Barentshavet og ned til Norskekysten. Skreien har mykje betre kondisjon og meir musklar enn torsk som lever stasjonært, fiskekjøtet har derfor fast og fin i konsistensen og er svært kvitt. Over 40 % av all skrei vert fiska i Lofoten og Vesterålen i sesongen frå januar til april, og no har skreien kome og det kan dukast til skreimølje.

Torbjørn Egner skildra skreien sitt livsløp i Torskevisa slik: «En ekte Lofottorsk jeg er, for jeg er født i Henningsvær. Fadderullan dei, fadderullan dei, fadderullan dullan dei.» Denne barnesongen om lofottorsken har i alt ni vers og det siste er slik: «Hvis en tilslutt skal spise meg, så håper jeg at det blir deg. Fadderullan dei, fadderullan dei, fadderullan dullan dei.»

Skreimølje er ein tradisjonsrett og serverast langt heile kysten no i sesongen. Nytrekt skrei eller lofottorsk med følge av rogn og lever er ein kraftig rett som oftast krev ein middagslur etterpå. Både den gode maten og kvila gjer godt, god helg!


SKREI: Hurra lofottorsken har kome og det er tid for skreimølje! Foto: Marianne Aaaronsen, Norges sjømatråd. 


Ingrediensar (4 porsj)

Til koking
4 skiver skrei
3 ss salt per liter vatn

Rogn
1 rogn
1 l vatn
1 ss salt

Lever
1 lever
1 ½ dl vatn
1 ts salt
1 ts eddik
1 ts heil pepar
2 laurbærblad

Reinsk fiskeskivene reine for blod. Legg dei i kaldt vatn, gjerne rennande, i ca. 1 time. Kok i mellomtida rogn og lever. Pakk rogna i matpapir for å sikre at den ikkje koker sund. Kok opp vatn med salt, legg i rogna, kok opp og skru ned varmen. La rognen trekke til den er gjennomkokt, ca. 30—45 minutt etter tjukkelsen. Trekk hinna av levera og del den opp i mindre stykke. Kok opp vatn med salt, eddik, pepar og laurbærblad. Legg i levera, kok opp og la levera trekke i 10—15 minutt. Kok opp nok vatn til at fiskestykka dekkast. Tilsett salt og kok opp. Legg i fiskeskivene, kok raskt opp, skru ned varmen og la fisken trekke til den er gjennomkokt, ca. 8 minutt. Server fisken med nykokt med rogn i skiver, levera i laken og gode poteter, eventuelt også kokte gulrøter og brokkoli. Det smakar godt med flatbrød, nypressa sitron til og pynt gjerne med persille.

mandag 20. januar 2020

Luksus med fiskekake i matboksen!


Formiddagsmat, skulemat eller lunsj i Norge er for dei fleste medbrakt matpakke, og ein typisk norsk matpakke er brødskiver med pålegg, skilt med mellomleggspapir og pakka i matpapir eller matboks. Matpakkane er enkle, gode og smakar godt etter første arbeidsøkt på ein vanleg kvardag enten du et den på jobb, skule eller på tur. 

Å ha fiskepålegg på brødskiva er ein måte å ete meir fisk på og dette gjer matpakken din sunnare. I fiskepålegg av spesielt av feit fisk som sild, laks, makrell og sardinar får i seg omega-3 feittsyrer og vitamin D. Frå dei magrare fiskeslag sei, hyse og lyr får ein rett nok magrare pålegg, men sparer seg for uheldige metta feittsyrer som ein finn i kjøtpålegg frå raudt kjøt og kvitost.

Fiskepålegg kan vere så mangt, sjå berre på denne lista: Makrell i tomat, laks i olje, røykt laks /aure, varmrøykt peparmakrell, fiskepudding, fiskekaker, sardinar, reker, sild og kaviar. Mange elskar fiskekaker og ei varm fiskekake i papir i handa eller som pålegg i matboksen er eit snev av luksus. Dette er matpakken som gjer deg både mett og glad!


FISKEKAKE: Luksus med fiskekake i matboksen! Foto: Marianne Aaaronsen, Norges sjømatråd. 


Ingrediensar
1 fiskekake- eller burger
1 grovt rundstykke eller brødskive
2 salatblad
2 skiver tomat
3 skiver sylteagurk
1 skive raudlauk

Tilbehør
½  appelsin
druer
rømmedressing

Framgangsmåte
Opne rundstykke og legg salat, tomat, sylteagurk og raudlauk på den eine halvdelen. Legg fiskekaka-  eller burgeren over og dekk med den andre halvdelen av rundstykket. Ha fiskeburgeren i matboksa saman med appelsin i båtar og nokre druer. Ha rømmedressing på rett før du skal ete.

Tips: På utvalde butikkar som sel kjøkkenutstyr får man kjøpt små flasker som er perfekt til å ha dressing i.