onsdag 25. november 2020

Lutefisk på svensk vis i kvit saus med hint av julekrydder

Lutefisk er norsk tradisjonsmat og nærmast eit symbol på det rotekte norske, men visste du at lutefisk er like tradisjonell i Sverige? Heile Norden med unntak av Danmark et lutefisk og i den skandinaviske delen av USA har lutefisken vore populær sidan innvandringa for over 150 år sidan. Lutefisk er sterk knytt til nordisk identitet. 

Norsk Kongelig Lutefisklag blei stiftet 1. oktober 1988, og dette var ei gruppe lutefiskelskarar som ville organiser seg med formål å «akte og ære lutefisken» ved å nyte den saman i sosialt samvær saman med likesinna. Medlemmer strøyma rask til og slutta seg lutefisklaget, og nokre av årsakene kan vere tradisjon, identitet eller ganske enkelt at det er kjekt å nyte gode måltid saman og ikkje minst at lutefisk er svært god mat. 

I Sverige har ein også «Lutefiskens Venner» og tillaging av lutefisk har mange lokale variantar. Folk på vestlandet føretrekk ertestuing, kokt potet og baconterningar, trønderane vil gjerne ha sirup og brunost på, bergensarane likar kålrotstappe til, og andre likar fisken servert i ei potetlefse saman med smør og poteter. Helgas oppskrift er svenskinspirert med ein kvitsaus med eit hint av julekrydder og saman med erter, sennep og potet til. Dette eit aldeles nydeleg måltid!

 

LUTEFISK: Lutefisk på svensk vis i kvit saus med hint av julekrydder. Foto: Lutefiskens venner Sverige, Norges Sjømatråd.


Ingrediensar til 4 porsjonar

2 kg lutefisk

2 ss salt

4 skiver bacon

 

Kvit saus

3 ss smør

3 ss kveitemjøl

4 dl mjølk

½ ts salt

8 heile svarte peparkorn

3 heile allehånde

4 nellikspikar

1 ss smør

1 dl fiskekraft

 

Erterstuing

1 stk sjalottlauk

400 g frosne erter


Server med poteter og sennep.

Framgangsmåte

Set steikeomnen på 200 °C. Del opp lutefisken i serveringsstykke og legg dei i ei langpanne med skinnsida ned. Dryss over salt og dekk langpanna med aluminiumsfolie. Steik lutefiskstykka i steikeomnen i ca. 40 minutt. Steik bacon i ei tørr panne.

Kvit saus

Smelt smør og rør inn kveitemjølet. Spe på litt og litt mjølk, og tilsett salt, heil svart pepar, allehånde og nellikspikar. La sausen koke i ca. 5 minutt. Sil sausen, og tilsett smør og fiskekraft til sausen får ein fin konsistens.

Erter

Surr finhakka sjalottlauk i smør og tilsett erter. La ertene surre i ca. 2 minutt slik at dei blir gjennomvarme.

Server lutefisk med steikt bacon, kvit saus, erter, kokt potet og sennep.

Tips: Dersom du vil ha fast lutefisk drysser du salt over og lar lutefisken stå kjølig et par timer. Slå av vatnet som trekkast ut og skyl deretter lutefisken i kaldt vatn.

 

onsdag 11. november 2020

Smak på frisk omnsbakt sei med sitronsaus

Sur som ein sitron eller frisk som sitron, saman med fisk og grønsaker gir i alle fall sitron ein forfriskande smak til retten. Det vert også sagt at sitron er eit av kokken sitt kraftigaste våpen for å sette smak og i matrettar kjem sitronen sine fantastiske smakeeigenskapar og aroma fram for fullt, spesielt saman med salt og pepar.

Viste du forresten at sitron kjem frå området sør for Himalaya og at det var Cloumbus som brakte den til Europa? No er produksjonen av den sitronen vi kjøper på butikken i middelhavslanda og USA.

Denne knallgule sitrusfrukta full av C-vitamin har eit stort bruksområde innan matlaging. Sitronskal og sitronsaft kan brukast til smakstilsettingar i middagsrettar, bakverk og dessertar. Til fisk kan pressa sitron erstatte feite sausar og sitron er ypparleg til te, smaksettar i vatn eller andre drikkar. Sitron er også vakker som pynt på matfatet! Sitron er rett og slett til å bli glad av, ikkje sur. God helg!

SEI:  Smak på frisk omnsbakt sei med sitronsaus. Foto: Marianne Aaronsen, Norges Sjømatråd.



Ingrediensar til 4 porsjonar

600 g seifilet utan skinn og bein

1 ½ ts salt

½ ts pepar

400 g grønsaksblanding

Aluminiumsfolie

 

Saus

½ sitron

1 ss smør

2 ss kveitemjøl

1 ½ dl fiskekraft

2 dl kremfløyte

salt og pepar


Kokte poteter


Framgangsmåte

Sett steikeomnen på 200 °C. Skjer fisken i serveringsstykke og dryss med salt og pepar. Legg fiskestykka i ei smurt eldfast form og fordel grønsakene over.

Saus

Riv skal og press safta av sitronen. Smelt smør, rør inn kveitemel og spe med fiskekraft og kremfløyte.

La sausen småkoke i ca. 3 minutt, og rør inn skal av sitron. Smak sausen til med sitronsaft, salt og pepar. Slå sausen over fisken, og dekk forma med aluminiumsfolie. Bak i steikeomnen til fisken er ferdig, ca. 15 minutt.

Server med kokte poteter.

Tips: I denne oppskrifta kan du velgje sjølv kva grønsaksblanding du ønsker.

 

tirsdag 3. november 2020

Asiatisk torskeform er sunn, kjapp og god kvardagsmat

Matrettar som er tilsett raud currypasta smakar utruleg godt. Raud currypasta er laga av først og fremst av raud chilipepar og er altså ei krema blanding av ulike krydder. Curry betyr at det er ei krydderblanding av aromatiske krydder som til dømes garam masala, koriander, cayennepepar, muskat, ingefær, sennep, gurkemeie, kryddernellik og paprikapulver.

Dette krydderet er «eit must» i det thailandske kjøkkenet og gir maten ein krydra karakter. Curry pasta passar godt til sausar, gryterettar, supper og saman med fisk er det heilt fantastisk. Vil du ha ein litt sterkare smak i retten, kan du doble gjerne mengda med currypasta og som også vert litt dempa av den litt søtlege kokosmjølka.

Denne oppskrifta passar perfekt når du vil ha noko sunt og godt. Fiskeretten er veldig smakfull og er kjapp og enkel å varte opp med på ein travel kvardag. Torskeforma er rett og slett ein suksess på middagsbordet og saman med ris og salat struttar denne retten av sunnheit!

TORSK: Asiatisk torskeform er sunn, kjapp og god kvardagsmat. Foto: Studio Dreyer-Hensley, Norges Sjømatråd.


Ingrediensar

600 g torskefilet eller anna fiskefilet

½  ts salt

½  stk purre

1 stk raud paprika

2 ss olivenolje

1 dl matfløyte

½  terning fiskebuljong

2 dl kokosmjølk

2 ts raud currypasta

Salat

½ stk isbergsalat

6 stk reddik

1 stk eple

Server med

Ris

Framgangsmåte

Sett steikeomnen på 180°C. Skjer torsken eller anna fiskefilet i serveringsstykke og dryss over salt. Kok ris etter oppskrifta på pakken. Skjer purre og paprika i bitar, og surr det i olivenolje til purren er mjuk. Ha i matfløyte og smuldre fiskebuljongterningen over, rør forsiktig og kok opp. Tilsett kokosmjølk og raud currypasta, og gi det eit oppkok. Legg torskestykka i ei eldfast form, og slå grønsakene og sausen over. Bak i steikeomnen til fisken er ferdig, 8-10 minutt.

Salat

Skjer isbergsalat i strimlar, reddik i tynne skiver og eple i små bitar. Bland salatingrediensane saman.

Server den omnsbakte torsken med ris og salat

tirsdag 13. oktober 2020

Rask middag med uer i wok og risnudlar.

I butikken finn ein av og til uer eller raudfisk, og for ein hobbyfiskar dukkar den ofte opp i garnet. Uer er ein nydeleg djupvassfisk med karakteristisk raud farge, fiskekjøtet derimot er kvitt, smakfullt og delikat. Salta uer egnar seg best med kokte rotgrønsaker og kvit saus, medan fersk uer er god i wok med asiatiske smakar.

Wok er det kinesiske ordet for gryte og det er eigentleg ei tynn steikepanne med høge kantar der ein steiker eller wokkar maten på høg temperatur. Alle ingrediensane kuttast i små bitar, fordi wokkinga skal gå raskt. Opphavet til wokking kjem av at steikemetoden passar bra der ved er mangelvare.

Uer er ein spanande fisk som smakar utruleg godt og saman med risnudlar, ingefær, kvitlauk og raud curry pasta får denne woken asiatisk smak. Har du ikkje wokpanne kan du bruke ei vanleg steikepanne med litt kantar på, det går heilt fint. Lykke til!

UER: Rask middag med uer i wok og risnudlar. Foto: Marianne Aaronsen, Norges Sjømatråd.


Ingrediensar

600 g uerfilet, utan skinn og bein

3 vårlauk

1 fedd kvitlauk

2 cm frisk ingefær

2 ss olje

½ terning fiskebuljong

3 ss soyasaus

2 kvistar frisk koriander

150 g risnudlar

1 ts salt

2 ts raud curry paste

2,5 dl vatn


Framgangsmåte

Kok risnudlane etter bruksanvisninga på pakken. Skjer fisken i bitar, 3 cm store og dryss over salt. Vask og reinsk vårlauk, og skjer i bitar på 3 cm. Reinsk og finhakk kvitlauk. Vask, reinsk og riv ingefær. Varm olje i ei wokpanne og tilsett fisk, kvitlauk og ingefær. Surr fisken ca. 1 minutt på kvar side. Ha i curry paste, soyasaus, fiskebuljong og vatn. Kok opp. Tilsett deretter kokte nudlar og vårlauk, og la det småkoke et par minutt. Om du ønsker ekstra grønsaker kan dei finsnittast og steikast saman med fisken.

Server woken med friske korianderblad dryssa over.

Tips: Retten kan lagast i ei vanleg steikepanne med litt høg kant eller en gryte i staden for wokpanne.

torsdag 1. oktober 2020

Kvit pizza med røykelaks er full av hjartegod næring

Bytt ut den vanlege raude tomatsausen på pizzaen med creme fraise og du har basisen til kvit pizza. Kvit pizza kan du toppe med alt som hjarte har lyst på som kjøtbollar, coritzopølser, pepperoni, men vil du gjere hjartet ditt sunt legg du på røykelaks som er fulle av omega-3-feittsyrer!

Marine omega-3-feittsyrer er med på å forebygge og bremse utviklinga av hjarte- og karsjukdomar.  Kroppen vår treng desse livsnødvendige fleirumetta feittsyrene, fordi vi klarer ikkje å produsere dei sjølve. Derfor er det viktig å ete feit fisk som laks, sild, og makrell fleire gongar i veka.

Dei fleste syns det er vanskeleg å ete feit fisk fleire gongar i veka, men vi har ein god hjelpar i tran. Tran inneheld ein ulik kombinasjon av omega-3 -feittsyrer og det viktige feittløyselege vitamin D som vi får for lite av her i Norden om vinteren.

Norske helsemyndigheiter tilrår eit dagleg inntak av tran til alle frå eitt års alder og livet ut. Den gamle huskeregelen som med å ta tran i alle månadar med «r» i, kom av at i vintermånadane har vi størst behov for vitamin D. I dag er det tilrådinga å ta tran heile året.

Oktober med «r» i er i alle fall her og ei ekstra dose med omega-3 samtidig som at kvit pizza med røykelaks smakar himmelsk godt Dette må vere med på å gi ein fin start på både helga og hausten!

 

PIZZA: Kvit pizza med røykelaks er full av hjartegod næring. Foto: Marianne Aaronsen, Norges Sjømatråd.


Ingrediensar

Pizzabotn med grovt mjøl


2 dl lett crème fraîche

300 g riven mager ost

1 raudlauk

200 g røykelaks

½ pk ruccolasalat

Pepar


Framgangsmåte

Sett omnen på 225 grader. Lag pizzadeig etter favorittoppskrifta og bruk gjerne halvparten med grovt mjøl. Kjevl ut deigen og smør på creme fraiche. Ha på riven ost, raudlauk kutta i ringar, sett pizzaen i omnen og steik den ferdig. Skjer røykelaks i skive eller bruk ferdig skiva og dander det oppå pizzaen. 

Topp med ruccola og eit dryss pepar, og server med ein gong.

 

tirsdag 15. september 2020

Det blir fest med krabbe på bordet!

No om hausten har krabbene aller beste kvaliteten og er på sitt mest kjøtrike. Kokt krabbekjøt smakar friskt hav og er ein av dei mest eksklusive sjømatrettane ein kan servere. Taskekrabben er den vanlegaste krabbearten og ein finn den langs heile norske kysten opp til Troms, og dei vert fanga med teiner eller garn.

Skaldyr som krabbe, kreps, reker og hummar tek seg imponerande godt ut naturell på bordet og er perfekt mat å servere til gjestar. Du som inviterer slepp å lage mat i fleire timar, for noko av sjarmen med skaldyr- eller krabbelag er nettopp at gjestane må jobbe litt for å få ut maten sjølve.

Ha alltid nok serviettar tilgjengeleg og gjerne ein bolle med sitronvatn til å skyle fingrane i. Server skaldyr med loff, smør, majones og sitron. Eit lite dryss av sitronpepar på toppen av smørbrødet er magi, ha ei fin hausthelg!


       KRABBE:  Det blir fest med krabbe på bordet! Foto: Kim Holthe, Norges Sjømatråd.



Ingrediensar til 2 porsjonar

4 krabbeskjel og litt ekstra krabbeklør

 

loff

smør

majones

sitron

sironpepar

 

Framgangsmåte

Krabben kan serverast som den er, men reinsk den gjerne før servering ved å fjerne paven og gjellane, og knekk klørne med ein nøtteknekkar.

Legg krabbekjøttet tilbake i skalet slik at krabben ser heil ut før du serverer den.

Server krabbe naturell med loff, smør, majones og sitronbåtar og med sitronpepar på bordet.


Tips: Som variasjon i tilbehøyret kan du servere chilisaus til.

torsdag 3. september 2020

Ønsk hausten velkommen med steikt kveite med blåbærsaus og kantarellar

Hausten er den fine tida som dannar overgangen frå sommar til vinter, temperaturen går ned, sola står lågare på himmelen og skuggane vert lange. Hausting frå hagen og naturen høyrer sjølvsagt med til denne årstida, og i år har det vore mykje både blåbær og sopp å finne i skogen. 

 Helgas oppskrift inneheld både blåbær og kantarell og det er ikkje store mengdene som skal til for å lage denne retten. Du treng altså 3 dl blåbær og 10 kantarellar, og dermed kan du kreditere deg sjølv for innhaustinga av ekte råvarer til denne middagen. 

 Om du ikkje kan så mykje om ulike soppar må ein alltid vite at sopp kan vere svært giftig og farleg. Kantarell er derimot den mest gjenkjennelege av alle matsoppane. Den er eggegul men butte gaffelreina ribbar på undersida av hatten og hatten er traktforma og med ei bølga rand på. Ingen giftige soppar liknar på kantarell. Lykke til med innsamlinga av haustens grøde, god helg!

KVEITE: Steikt kveite med blåbærsaus og kantarellar. Foto: Lauritzen og Westhammer, Norges Sjømatråd.


Ingrediensar 
 600 g kveitefilet med skinn 
1 ½ ss salt smør 

Blåbærsaus 
3 dl blåbær 
6 dl kjøtbuljong 

 Saltbakte poteter 
12 potet havsalt 

 Kantarellstuing 
10 stk kantarellar 
2 stk sjalottlauk 
1 ss smør 
1 dl kvitvin 
½ sitron 
2 dl matfløyte 
1 ss frisk graslauk s
alt og pepar 
sukker 

Framgangsmåte 
Set steikeovnen på 180 °C. Skrap skinnet på kveita, dryss kjøttsida med salt og la den ligge i 5-10 minutt. Skyll av saltet, tørk fisken godt og skjer i porsjonsstykke. Brun fisken godt på skinnsida i smør i ca. 5 minutt. Snu den og steik den ca. 1 minutt på den andre sida. Blåbærsaus Kok blåbær og kjøttbuljong i ca. 1 time til buljongen får god smak av bæra. Sil blandinga og kok sausen inn til omtrent det halve. Saltbakte poteter Skrubb og tørk potetene og legg dei i ei eldfast form med rikeleg med havsalt i botnen. Dryss salt over potetene og bak i steikeovnen til dei er møre, ca. 30-40 minutt, avhengig av størrelsen. Børst av overflødig salt før servering. Kantarellstuing Skjer kantarell i mindre biter og finhakk sjalottlauk, og steik gyllen i smør. Slå på kvitvin og safta av sitron, og la det koke nesten helt inn. Tilsett matfløyte og la stuingen småkoke til den tjuknar. Smak til med salt, pepar og litt sukker. Rør inn finhakka graslauk før servering. 

 Server kveita med blåbærsaus, saltbakte poteter og kantarellstuing.