lørdag 19. august 2017

Taco Poke bowl med laks er absolutt 2017


Mattrenden med mat i bolle blei introdusert med Smootie bowl allereie i 2015 der tjukk smootie vert servert i bolle med fargerik topping av frukt, bær, nøter og frø. Buddha bowl i 2016 er vegetarisk og er rett og slett salat der kvar ingrediens ligg kvar for seg, dandert i bolle. I 2017 er det Poke bowl som gjeld. Poke bowl eller poke bolle er ein Hawaii inspirert rett som serverast med rå marinert fisk eller sjømat over sushiris med lekkert danderte grønsaker der kvar ingrediens ligg kvar for seg. Bowl er altså sunn mat servert i bollar. 

Poke er også kjent som surfarane sin sushi, eller sunn hurtigmat frå Hawaii. For deg som er glad i sushi kan du lage poke på ein brøkdel av tida og ingrediensane kan varierast i det uendelige det er kun fantasien som set avgrensingar for kva du skal velge av sjømat og tilbehør. I helgas oppskrift er det laks, isbergsalat, mais og avokado saman med standard tacotilbehør som salsa, rømme og med tortillachips til.

Sunn livsstil og engasjement for miljø og berekraft viser at fleire gjer bevisste matval i løpet av veka og denne fredagstacoen er både sunn, knakande god og er eit kjøtfritt alternativ til helgas kosemat. La deg bli hekta på poke bowl!


POKE BOWL: Taco poke bowl med laks. Foto: Norges Sjømatråd, Synøve Dreyer.

Ingrediensar til 4 porsjoner

500 g  laksefilet, utan skinn og bein
1 ss  frisk koriander
1 stk  lime
2 ts  sriracha chilisaus
2 ss  olivenolje

Salsa
1 stk  sjalottlauk
¼ stk  chili, raud
1 ss  frisk koriander
4 stk  tomat
salt

Tilbehør
1 stk  isbergsalat
1 stk  avokado
6 ss  mais
3 dl  lettrømme
tortillachips

Framgangsmåte
  • Skjer laksefilet i terningar.
  • Grovhakk koriander og press safta av ein lime.
  • Bland saman koriander, limesaft, sriracha chilisaus og olivenolje, og bland det inn med lakseterningane.

Salsa
  • Finhakk sjalottlauk, chili og koriander, og skjer tomatar i terningar.
  • Bland det godt saman og smak til med salt.
Tilbehør
Skjer isbergsalat i strimler og avokado i terningar.

Ha salaten i botnen av bollane og topp med avokado, mais, laks, salsa og lettrømme. Server med tortillachips. 



lørdag 5. august 2017

Makrell er ein strålande matfisk på grillen

Piren eller den unge makrellen vi får om sommaren er fantastisk å steike i steikepanna eller på grillen. Langs Sørlandskysten har den lenge vore viktig i kosten, medan nokre nordlendingar nektar å ete fisken. Det er viktig å slå sei slag for makrellen med fast, smakfullt kjøt og høgt innhald av det sunnaste feittet.

Makrell er ein stimfisk og manglar svømmeblære og må derfor symje heile livet for ikkje å synke. Om sommaren og utover hausten sym makrellen i stimar langs kysten og ute i Skagerak, Nordsjøen og Norskehavet. Makrellen gyt i dette området tidleg på sommaren.

Helgas oppskrift er eksotisk med tilbehør inspirert av både arabiske og sicilianske smakar. Ein av ingrediensane er tahini, dette er ei pasta av malte og lettrista sesamfrø med litt olje i, denne kan du lage sjølv eller du kjøpe på butikken. Makrell er ein sommarfestfisk som må nytast medan ein kan, også får den krispi og sprøtt skinn på grillen!

SOMMARMAKRELL: Foto: Makrell med ertehummus. Norges Sjømatråd, Aicha Bouhlou.

Ingrediensar til 4 porsjonar

8 stk  makrellfilet
salt og pepar
olivenolje
salt og pepar  olivenolje 

Hummus
250 g erter, fryst
250 g  kikerter, hermetiske 

2 fedd  kvitlauk 
1 stk  sitron 
2 ss  tahini 
1 ts  spisskum, malt 
2 ss  dill, frisk 
salt 

Topping
2 stk lauk 
2 ss  tomat, soltørka i olje 

1 ss  dill, frisk 
4 ss  pinjekjerner 
4 ss  rosiner 
4 ss  balsamicoeddik 
2 ss  honning 
olivenolje 

Framgangsmåte
  • Varm grillen.
  • Dryss salt og pepar over makrellfiletane, og pensle dei med olivenolje.
  • Legg filetene på grillen med skinnsida ned og grill i 5-6 minutt utan å snu fisken.
  • Kok erter møre i lettsaltet vann i ca. 2 minutt og slå av kokevatnet.
  • Sil av vatnet til kikerter, men spar på litt av vatnet.
  • Knus kvitlauk med flatsiden av ein kniv og press safta av sitron.
  • Kjør erter, kikerter, kvitlauk, sitronsaft, tahini, spisskum og dill til ein puré i ein kjøkkenmaskin eller med ein handblendar.
  • Tilsett litt av vatnet til kikertene for å få ønska tjukkelse og konsistens på hummusen.
  • Smak til med salt.
  • Grovhakk lauk, soltørka tomatar og dill.
  • Varm olivenolje i en steikepanne og steik lauken til den er mjuk og har fått ein gyldenbrun farge.
  • Rør inn pinjekjerner og rosiner, og steik i 1 minutt til.
  • Tilsett soltørka tomatar, dill, balsamicoeddik, honning og vatn


Server grilla makrell med ertehummus og topping. Dryss gjerne over litt grovhakket chili og dill dersom du har.

Tilbehør Nypotet eller kokte, grilla småpotet på grillspyd.

Tips: Dersom du ikkje har grill kan du steike makrellfiletane i ei grillpanne

mandag 31. juli 2017

Smak av sommar med sjøkreps på grillen!

Sjøkreps, keisarhummar eller bokstavhummar er som eit kjært barn med mange navn.  Sjøkrepsen er ein nær slektning av hummar, men er mykje mindre og slankare med lange smale klør. Den kan bli opptil 25 cm og finnast langs kysten frå  Marokko i sør til Lofoten i nord. Fangstmetoden er teiner, sjøkrepstrål eller som bifangst i reketrål.

Delikatessa sjøkreps er på linje med hummar og mesteparten av maten sit i halen. Smaken kan minne om både hummar og reker. Dette er herlig, eksklusiv og rask grillmat som kan brukast både til fortett eller som eit utsøkt sjømatmåltid åleine.

Urtesmør av forskjellige slag passar godt til sjøkreps, og i denne oppskrifta er det urtesmør av estragon og kvitlauk. Estragon er hjartet i smaken av bèranisesausen, smaken er litt peparaktig og lett bitter med ein undertone av anis.  Det er berre å brette opp armane og slurpe maten i seg , dette er himmelsk godt!

SJØKREPS: Foto: Grilla sjøkreps med estragon- og kvitlaukssmør. Norges Sjømatråd, Synøve Dreyer.

Ingrediensar til 4 porsjonar

4 stk  sjøkreps 
150 g  smør 
1/2 dl  estragon 
4 fedd  kvitlauk 
1 stk  sitron 
1 stk  lime 
salt 
pepar, grovmalt 

Tilbehør

Godt brød 

Framgangsmåte.
  • Del sjøkrepsane på langs og fjern tarmstrengen.
  • La smøret bli mjukt i romtemperatur.
  • Finhakk estragon, riv kvitlauk, og bland med smøret.
  • Smør smøret på krepsekjøttet, og dryss over salt og pepar.
  • Skjær sitron og lime i båtar, og steik lett på grillen.
  • Legg sjøkrepsane på grillen med skalet ned.
  • Legg på lok og grill i til krepsekjøtet er kvitt, ca. 3 minutt.
Server grilla sjøkreps med grilla sitron og lime, og godt brød ved siden av

fredag 7. juli 2017

Marinert klippfisk på grillen er årets sommarfavoritt!

Klippfisk er fantastisk grillmat! Den er også enklare å få heilt perfekt enn anna fisk, sidan den er litt fastare i fisken. Når du skal grille klippfisk må nokre ting vere klart før du startar. Klippfisken er veldig salt og den må vatnast ut før bruk, og når den skal brukast til steiking og grilling bør den vatnast ut lengre enn til ei klassisk bacalaogryte. Ferdig utvatna klippfisk kan også frysast ned slik at den er klar til ei seinare anledning.

Det rette tilbehøret til grilla klippfisk gir måltidet ein ekstra spiss. Sjømat krev litt salt og syre for at smaken skal kome til sin rett, og marinaden gjer jobben med å framheve den gode sjømaten. Marinaden i denne retten kan du også pensle ekstra på etter at fisken er grilla. Om du ikkje har ei grillrist som vist på bilde kan du med fordel bruke eit grillbrett på grillen.

Om sommaren er det nydelig med friske smakar, slik som i denne mango- og avokadosalaten: søtt, mjukt, knasande sprø lauk og eit hint av chili og sitrus. Dette gir ein ny grillopplevelse med ei tradisjonsrik råvare, hopp i havet kor godt!

SOMMARFAVORITT: Marinert klippfisk er fantastisk grillmat. Foto: Norges Sjømatråd, Eva Brænd.



Ingrediensar til 4 porsjonar

500 g klippfisk, utvatna og reinska 
1 dl  olivenolje 
1 ts  pepar, heil svart 
2 ss  sherryeddik 
1 stk  laurbærblad 
1 stk  avokado 
½ raudlauk 
½  chili, raud 
2 ss  persille, frisk 
2 ss  lime 
4 ss  appelsin 
1 ss  olivenolje 
salt og pepar 

Marinade
½ chili, raud

Mango- og avokadosalat
1 stk  mango 

Tilbehør
Nypotet eller set kokte amadinepoteter som er delt i to på grillspyd, pensle dei med olje og grill. Det er også enkelt og godt med brød ved sidan av.

Framgangsmåte
·         Skjer klippfisken i serveringsstykke.
·         Finhakk chili, bland den saman med dei andre ingrediensane til marinaden.
·         Slå marinaden over klippfisken, og la den marinere i 3-4 timar.
·         Legg klippfisken i ei dobbel grillrist eller på eit grillbrett og steik den på varm grill i 3-4 minutt på kvar side.

Mango- og avokadosalat
·         Skjer mango, avokado og raudlauk i små terningar, og finhakk chili og persille.
·         Riv skalet av limen, og press safta av lime og appelsin.
·         Bland mango, avokado, raudlauk, chili og persille med olivenolje, og slå over limesaft og appelsinsaft.
·         Dryss rive skal av lime på toppen av salaten og smak til med salt og pepar.

Server klippfisk med mango- og avokadosalat og nypotet, grilla amadinepotet eller brød ved siden av.



tirsdag 27. juni 2017

Grillspyd med laks, kamskjell og spekeskinke

Grillmat er ikkje berre god mat, det er også ei stemning eller ein fest. Sjømat på grillen er sunt å ete og enkelt å lykkast med. Før det første er det proppfullt av sunt fiskefeitt, antioksidantar og vitaminar og du kan kose deg med godt samvit gjennom heile sommaren.  Å lage desse grillspyda krev lite forarbeid.  Laks og kamskjell er faste i fisken og det er enkelt å handtere både før og etter den har vore på grillen, derfor er det lett å lykkast.

Grilltips før grilling: Sørg for rein grill, bruk medium til høg varme og ikkje snu for tidlig. Sjømat på grillspyd steikast fort, så vi snakkar om 2- 3 minutt på kvar side. Grillspyd er lekkert, men for å unngå at grønsakene vert svidde og fisken for lite steikt, så set sjømaten på ein pinne og grønsakene på ein annan. Husk at grillspyd av tre bør ligge i vatn i ca. 30 min først, slik at det ikkje tek fyr når dei kjem på grillen.

Spennande grillspyd med laks, kamskjell og spekeskinke er god mat, spesielt når det er toppa med smakfull viagrette som du har laga sjølv. Du skal ikkje sove bort sumarnatta eller kokkelere vekk sumardagen, vel derfor sjømat på grillen!

SJØMAT PÅ GRILLEN: Grillspyd med laks, kamskjell og spekeskinke. Foto: Norges Sjømatråd, Synøve Dreyer.



Ingrediensar til 4 porsjonar

400 g  laksefilet, utan skinn og bein
16 stk  kamskjell
8 skiver  spekeskinke
2 stk  maiskolbe
2 stk  sitron
8 stk  trespyd
olje

Vinaigrette
2 ss  tomat, soltørka
2 ss  frisk bladpersille
2 dl  olivenolje
1 dl  eplecidereddik
2 ts  dijonsennep 

Framgangsmåte
  •  La trespyda ligge i vann i ca. 30 minutt.
  •  Skjer laksefileten i jamnstore bitar, like mange som det er kamskjell.
  •  Del kvar spekeskinkeskive i to på langs, og surr ein bit rundt kvar laksebit.
  •  Tre to kamskjell og to laksebiter på kvart trespyd.
  •  Pensle med olje og grill på høg varme, ca. 2 minutt på kvar side.
  •  Pensle maiskolbe med olje og grill i et par minutt.
  •  Del ein sitron i to og grill lett med snittsida ned. 

Vinaigrette

  • Finhakk soltørka tomatar og bladpersille, og ha i eit tomt syltetøyglass med lok saman med dei andre ingrediensane til vinaigretten.
  • Rist godt til ein tjukk dressing. Du kan også røre kraftig med ein visp.


Server grillspyda med grilla mais, sitron og vinaigrette ved sidan av. Det smakar også godt med grønsaker og kokte småpotet på grillspyd til. Dette duftar av sjø, grilling og midtsommar!



Sei i form med reker

Sei  er ein fisk i torskefamilien og er ein av våre viktigaste matfiskar. Sei kan bli opptil 120 cm og vege over 20 kg. Langs kysten vår vert ofte sei referert til på grunn av størrelse, på vestlandet kallast småsei for mort og mellomstor sei for pale. Lenger nordover seier ein småsei, stabbsei og storsei for å referere til størrelsen.

Sei er eit heilnorsk naturprodukt og dersom du ikkje har ein hobbyfiksar i familien som dreg garn på sjøen, kan ein kjøpe fersk seifiltet i ferskvaredisken eller fosen seifilet frå frysedisken på butikken.  Seifilet er perlegrå i fiskekjøtet i motsetnad til den kvitare torskefileten, men ved varmebehandling vert fiskekjøtet lyst og delikat. Sei har meir tydligare smak enn torsk og har derfor meir karakteristisk smak enn andre kvite fiskar.

Har du enda ikkje oppdaga den fantastiske seien? Sei har god smak som alle i familien likar, den er tilgjengeleg heile året og billig å kjøpe. I denne helga si oppskrift finn du alle dei beste smakane i ei og same form, sei, reker og grønsaker omnsbakt i ein skaldyrsaus  - kan det blir betre?

SMAKFULL SEI: Sei i form med reker. Foto: Norges Sjømatråd, Synøve Dreyer.


Ingrediensar til 4 porsjonar

600 g  seifilet, utan skinn og bein
500 g  reker, med skall
1 stk  gulrot
1 stk  sjalottlauk
1 ss  smør
1 ss  tomatpuré
1 dl vatn
1 ss sitronsaft
2 dl kremfløyte
3 stilkar timian, frisk
salt og pepar

Framgangsmåte

  • Set steikeomen på 200 °C.
  • Skjer seien i porsjonsstykke og reinsk rekene. Ta vare på rekeskala.
  • Legg seistykka i ei smurt, eldfast form.
  • Skjer gulrot og sjalottlauk i små terningar, og fres det i smør til lauken er blank.
  • Rør inn rekeskal og tomatpuré, og la det frese eit par minutt.
  • Slå på vatn og sitronsaft, og la det koke inn til veska er halvert.
  • Tilsett kremfløyte, timianstilkar og la sausen småkoke under lok i 15-20 minutt.
  • Sil sausen og klem ut så mykje veske av rekeskala som mogleg.
  • Smak til med salt og pepar.
  • Slå sausen over seien, dekk til med aluminiumsfolie og bak i steikeomnen i ca. 15 minutt.
  • Ta ut forma og ha i rekene dei siste minuttet av steiketida.


Tilbehøret kan varierast i det uendelege, men det smakar godt saman med blanda salat og flatbrød. Du kan også ha fullkornsris eller byggris til, som er eit sunt og godt alternativ.


Omnsbakt torsk med ramslaukpesto

Ramslauk har dei siste åra vorte utruleg populær og den vert ofte kalla Nordens kvitlauk. Ramslauk kan brukast på akkurat same måte som kvitlauk, men smakar noko midt mellom kvitlauk og vårlauk. Alle delane på ramslauken kan brukast, både blomster, blad og stilk og lauk. Blada bør brukast før avblomstring, for dei kan bli for rame på smaken.

Ramslaukblada kan lett forvekslar med liljekonvall som er giftig. Er du i tvil, kan du finne ut av det ut ved å gni blada mellom fingrane og lukte på dei. Ramslauken luktar karakteristisk lauklukt, det har ikkje liljekonvallen. Du kan rett og slett ikkje ta feil.

Ingenting er meir heilnorsk eller typisk sunnmørsk enn torskefilet som er frosen og pakka i kartong frå ein fabrikktrålar og det er viktig å tine fisken rett før bruk. Legg fiskefileten i tett plastfolie eller plastpose og fisken bør takast opp kvelden før bruk og tinast i kjøleskap. Halvtint fisk kan brukast i supper og gryterettar, men dersom du skal steike fisken bør den vere heilt tint for å få eit bra resultat.

Torskefilet smakar ekstra godt smurt med ramslaukpesto og bakt i steikomnen med  kvitlauk, paprika og brokkoli. Ein frisk og fargerik rett  som det smakar vår av!

RAMSLAUKPESTO: Omnsbakt torsk med ramslaupesto. Foto: Norges Sjømatråd,
Esten Borgos.




Ramslaukpesto

200 g ramslauk
2 dl pinjekjerner
50 g parmesan i bitar
2 ts salt
4 dl olivenolje
saft av 1 stk lime

Rist pinjekjernane  i ei tørr steikepanne til dei er fint gyldne, for å få fram endå meir smak. Ha ramslauk, pinjekjerner, parmesan og salt i matmølla. Tilsett limesaft og olje i ein tynn stråle under kjøringa. Pestoen er ferdig når alt er fint blanda.

Ingrediensar til 4 porsjonar

700 g  torskefilet, utan skinn og bein 
1 stk  lauk 
1 fedd  kvitlauk 
1 stk  brokkoli 
2 stk  paprika, raud 
½  terning  grønsaksbuljong 
3 dl  vatn 
2 ss  olivenolje 
½ sitron 
4 ss  ramslaukpesto 
salt og pepar 
aluminiumsfolie 

Framgangsmåte

  •  Sett steikeomnen på 200 °C.
  •  Skjær torskefilet i serveringsstykke og dryss over litt salt og pepar.
  •  Vask, reinsk og skjer lauk og kvitlauk i tynne skiver.
  •  Vask og reinsk brokkoli og paprika.
  •  Skjer brokkoli i små bukettar og paprika i bitar.
  •  Løys opp buljongterningen i vatn.
  •  Legg grønsakene over i ei smurt eldfast form.
  •  Drypp olivenolje over grønsakene og hell i buljongen. Dryss over litt salt og pepar.
  •  Legg torskestykka over grønsakene.         
  •  Press sitronsaft over torskestykka og smør på ramslaukpesto.
  •  Dekk forma med aluminiumsfolie.
  •  Steik retten midt i steikeomnen i ca. 20 minutt eller til fisken er ferdig.



Server omnsbakt torsk med ris ved sida av.