Ramslauk har dei siste åra vorte utruleg populær og den vert ofte kalla
Nordens kvitlauk. Ramslauk kan brukast på akkurat same måte som kvitlauk, men
smakar noko midt mellom kvitlauk og vårlauk. Alle delane på ramslauken kan
brukast, både blomster, blad og stilk og lauk. Blada bør brukast før avblomstring,
for dei kan bli for rame på smaken.
Ramslaukblada kan lett forvekslar med liljekonvall som er giftig. Er du
i tvil, kan du finne ut av det ut ved å gni blada mellom fingrane og lukte på
dei. Ramslauken luktar karakteristisk lauklukt, det har ikkje liljekonvallen.
Du kan rett og slett ikkje ta feil.
Ingenting er meir heilnorsk eller typisk sunnmørsk enn torskefilet som
er frosen og pakka i kartong frå ein fabrikktrålar og det er viktig å tine
fisken rett før bruk. Legg fiskefileten i tett plastfolie eller plastpose og
fisken bør takast opp kvelden før bruk og tinast i kjøleskap. Halvtint fisk kan
brukast i supper og gryterettar, men dersom du skal steike fisken bør den vere
heilt tint for å få eit bra resultat.
Torskefilet smakar ekstra godt smurt med ramslaukpesto og bakt i steikomnen
med kvitlauk, paprika og brokkoli. Ein
frisk og fargerik rett som det smakar
vår av!
RAMSLAUKPESTO: Omnsbakt torsk med ramslaupesto.
Foto: Norges Sjømatråd,
Esten Borgos.
|
Ramslaukpesto
200 g ramslauk
2 dl pinjekjerner
50 g parmesan i bitar
2 ts salt
4 dl olivenolje
saft av 1 stk lime
Rist pinjekjernane i ei tørr
steikepanne til dei er fint gyldne, for å få fram endå meir smak. Ha ramslauk,
pinjekjerner, parmesan og salt i matmølla. Tilsett limesaft og olje i ein tynn
stråle under kjøringa. Pestoen er ferdig når alt er fint blanda.
Ingrediensar til 4 porsjonar
700 g torskefilet, utan skinn og bein
1 stk lauk
1 fedd kvitlauk
1 stk brokkoli
2 stk paprika, raud
½ terning grønsaksbuljong
3 dl vatn
2 ss olivenolje
½ sitron
4 ss ramslaukpesto
salt og pepar
aluminiumsfolie
Framgangsmåte
- Sett steikeomnen på 200 °C.
- Skjær torskefilet i serveringsstykke og dryss over litt salt og pepar.
- Vask, reinsk og skjer lauk og kvitlauk i tynne skiver.
- Vask og reinsk brokkoli og paprika.
- Skjer brokkoli i små bukettar og paprika i bitar.
- Løys opp buljongterningen i vatn.
- Legg grønsakene over i ei smurt eldfast form.
- Drypp olivenolje over grønsakene og hell i buljongen. Dryss over litt salt og pepar.
- Legg torskestykka over grønsakene.
- Press sitronsaft over torskestykka og smør på ramslaukpesto.
- Dekk forma med aluminiumsfolie.
- Steik retten midt i steikeomnen i ca. 20 minutt eller til fisken er ferdig.
Server omnsbakt torsk med ris ved sida av.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar