fredag 18. februar 2022

Fiskeburger med råkostsalat er ein sikker vinnar!

 

Alle elskar fiskekaker! Det var kanskje ein dryg påstand, men det er i alle fall ein rett som svært mange likar. Det som er heilt sikkert er at fiskeburger er superenkelt og raskt å lage, og at det er ein svært populært rett hos barn.

Ein saftig og god fiskeburger kan brukast til alt. Det kan vere ein rask middag, lunsj, variasjon til turmat, på grillen eller rett og slett ein godbit i matboksa på skule og jobb.

Helgas fiskeburger er toppa med ei smakfull sylta råkostblanding og spenstig chilimajones. Om du vil ha enda meir eksplosjon av smakar av både syrleg, salt og søtt, så prøv den mørke og litt tjuktflytande kinesiske hoisinsausen som dressing heilt på toppen. Yummi!

FISKEBURGER: Fiskeburger med råkostsalat er ein sikker vinnar! Foto: Studio Dreyer+Hensley, Norges sjømatråd.

Ingrediensar (4 porsjonar)

4 stk fiskeburger

4 stk burgerbrød

hjertesalat

chilimajones

hoisinsaus


Sylta råkostblanding

1 stor gulrot

80 g hodekål

2 store vårløk

2 dl riseddik

2 ss brunt sukker

2 ss soyasaus

1 ss sesamolje

 

Framgangsmåte

Bland saman eddik, sukker, soyasaus og sesamolje. Kutt grønsakene i tynne strimlar og bland dei inn i syltelaken. La dei stå og trekke litt. Varm fiskeburgerne på grillen, i steikepanna eller i steikeomnen. Rist burgerbrøda lett på grillen, eller i ei tørr panne. Smør chilimajones på botn og hatt, og monter burger med salatblad, burger og sylta grønsaker.

Serveringstips:

Det smaker ekstra godt med litt hoisinsaus som dressing

mandag 7. februar 2022

Romantisk middag med Valentine skrei

Alle hjerters dag eller Valentines day er den 14.februar og feirast ofte med merksemd som gåve, kort, blomster eller konfekt til den utvalde.

Feiringa kjem i likskap med andre tradisjonar frå USA, og i 2010 sa faktisk kvar tredje person i Norge at dei ville gi eller sende ei merksemd til ein kjæraste eller ven på denne dagen. I 2015 sa midlertidig 73 prosent av den norske befolkninga at dei ikkje syns at dagen var ein viktig merkedag og at det er flest unge som er opptekne av dagen.

Oppskrifta med fersk skreiloin med frisk graskarpuré, soyasjysaus og råsteikte ingefærgrønsaker er ein rein hyllest til kjærleiksfisken skrei. Dersom ein vil feire dagen passar denne retten perfekt som romantisk middag for to. Happy Valentines Day!

SKREI: Romantisk middag med Valentine skrei. Foto: Studio Dreyer - Hensley, Norges sjømatråd.

Ingrediensar (2 porsjonar)

400 g skreiloins

1 ts flaksalt

50 g klara smør

 

Graskarpuré

300 g graskar

1 sitrongras

3 fedd kvitløk

2 cm raud chili

10 g frisk ingefær

1 l vatn

50 g smør

salt

limesaft

 

Grønsaker

5 ss olivenolje

10 stk shitakesopp

4 vårløk

6 brokkolini

1 ss fersk riven ingefær

1 fedd kvitløk

 

Soyasjysaus

2 ½ dl oksekraft

1 cm raud chili

3 ss soyasaus

2 ts brunt sukker

limesaft

1 ts smør

 

Framgangsmåte

Graskarpure med ingefær

Del sitrongraset i to på langs slik at den heng saman i rota, skrell kvitløk og ingefær. Ha dette ei gryte saman med graskarbitar utan skall og chili. Dekk med ein liter vatn. Kok under lok i 30 minutt, til graskaret er heilt mørt. Slå av kokevatnet i ein bolle, noko av kokekrafta skal tilsettast under miksinga. Plukk ut sitrongraset, chili og ingefærbitane og kast dei.

Miks saman graskaret og kvitløken med stavmiksar. Tilsett noko av kokekrafta under miksinga slik at ein får ein fin og silkemjuk purè. Rør inn smøret når pureen varmast opp til servering, smak til med limesaft og salt. Denne pureen treng ikkje pepar. Om ein vil kan denne purèen kan lages eit par dagar i før servering.

Soyasjysaus

Kutt chilien i tynne skiver. Ha alle ingrediensane utanom smøret i ein liten kjele og kok dette til cirka 50 % av væsken er fordampa og sausen startar å bli fyldig og blank. Det tek ca. 5 min. Rør inn smøret og server.

Skreiloins

Del ryggstykket på langs og dryss over saltet. Varm ei steikepanne til den er god og varm. Ha i klara smør*  og legg skreien med snittsida ned i smøret. La skreien steike 5-7 minutt berre på denne eine sida utan å snu den. Følg gjerne med på steikeskorpa undervegs, den skal bli gylden og litt sprø. Når skreien har fått sprø skorpe er den sannsynlegvis ferdig steikt.

Sjekk om den flakar seg og gir litt etter når du klemmer forsiktig på den. 

Råsteikte ingefærgrønnsaker

Råsteik alle grønsakene på høg varme i olivenolje. Dryss over salt og finhakka kvitløk og ingefær mot slutten av steikinga. Liker du koriander er det også godt saman. Legg ein stor skei purè på ein varm tallerken og drag purèen litt utover med skeia slik at det blir plass til å legge dei råsteikte grønsakene og skreifileten fint oppå.

*Klara smør er perfekt til steiking av skrei. Ein får ein rein gylden og sprø steikeskorpe utan brune svidde prikkar. Smelt smør og slå av det klare gule feittet på toppen fra veska som ligg igjen i botnen. I dette feittet kan ein steike på høg varme utan at skreien smaker eller ser svidd ut.

 

onsdag 26. januar 2022

Panert torsk med ovnsbakte poteter

Panert fisk er aldeles nydeleg. Panering er å dekke fisk med strøkavring eller tørre brødsmular. Når fisken blir steikt dannar paneringa ei knasande sprø skorpe som held fiskestykka saftige og gode inni.

Barn likar ofte panert fisk og det kan vere motiverande å få vere med på å lage fiskemiddag med panering. Metoden eg brukar når eg held fiskesprellkurs der barn får delta i matlaginga, kallar vi paneringsprosessen for «fiske-fabrikk».

På «fiskefabrikken» har vi tre skåler på kjøkkenbenken. Første vender vi fisken først i skåla med kveitemjøl, salt og pepar, deretter i skål nummer to med samanvispa egg og til slutt i skål nummer tre med strøkavring. Nysteikt panert fisk med spør skorpe, ovnsbakte poteter og salat blir fort ein favoritt for både barn og vaksne!

TORSK: Panert torsk med ovnsbakte poteter. Foto: Studio Dreyer+Hensley, Norges sjømatråd.


Ingrediensar (4 porsj)

600 g torskefilet, utan skinn og bein

1 dl kveitemjøl

4 egg

1 dl griljermjøl

1 ts salt 

Server med

salat

tomatsalsa

½ ts pepar

Framgangsmåte

Sett steikeovnen på 225 °C. Skjer torsken i bitar på ca. 5x3 cm. Bland kveitemjøl, salt og pepar i ei vid skål. Pisk saman egg i ei anna vid skål. Ha griljermjølet i ei tredje vid skål. Vend torsken først i mjølblandinga, deretter i egg og til slutt i griljermjølet. Steik torsken i flytande margarin på varm steikepanne i ca. 4 minutt på kvar side.

Ovnsstekte poteter

Vask potetene med skalet på og skjer i båtar. Snu potetbåtane i ei blanding av olivenolje, timian, finhakka kvitløk, salt og pepar, og legg i ei eldfast form eller langpanne. Steik potetene i steikeomnen i ca. 30 minutt, eller til dei er gyldenbrune og gjennomsteikte. Snu på potetene eit par gonger under steikinga.

Server panert torsk med ovnsstekte poteter, salat og tomatsalsa.

Om du vil fritere fisken:

Varm olje i ein stål- eller jernkjele. Oljen skal holde 180 °C ved fritering. Den er passe varm når ein brødterning blir brun på 1 minutt. Friter fisken gylden i den varme oljen i 3-5 minutt. Husk å ikkje steike for mykje fisk av gongen, då blir oljen nedkjølt.

onsdag 12. januar 2022

Steikt sei med lun vintersalat

Nyåret har starta med ekstremvær, men i ly av enorme mengder med regn og sterke stormar, skal middagen likevel på bordet. Det er godt og trygt å sitte inne med god mat på bordet, medan det trommar på vindauga og ular rundt hushjørna. Kanskje ein kan drøyme seg til varmare strøk?

Bulgur stammar frå Midtausten og er førkokt, tørka og knust durumkveite. Det som er spesielt med bulgur er at den er meir næringsrikt enn couscous, fordi ein større del av kornet teke med. Bulgur liknar altså på couscous og kan brukast som eit alternativ til pasta, ris eller poteter.

Bulgur er også kjempegodt å blande i salatar, og i helgas rett er bulgur blanda inni vintersalaten. Ein kan godt seie at helgas rett er inspirert av varme og eksotiske Midtausten med lun bulgur, saftig appelsin og friskt granateple som smakar nesten om søte rips! Dette er god vintermat!

            SEI: Steikt sei med lun vintersalat. Foto: Marianne Aaronsen, Norges sjømatråd.


Ingrediensar

800 g seifilet, utan skinn og bein

Vintersalat

1 ½ dl bulgur

3 gulrot

3 appelsin

1 raudløk

25 g mandlar

150 g fetaost

½ ts salt

pepar

1 sitron

½ granateple

frisk mynte

Framgangsmåte

Steik serveringsstykke av sei i ei varm steikepanne med litt flytande margarin. Kok bulgur etter avvisinga på pakken. Skrell gulrøter og kutt i terningar, skrell appelsin og skjer i tynne skiver. Hakk opp mandlar, raudløk og urter. Bland alt saman med bulguren og ha over i ein serveringsbolle. Smak til med sitron og bland inn granateplekjerne. Krydre med salt og pepar.

Tips: Bland gjerne inn ein neve finhakka frisk mynte.

Denne oppskriften er utvikla av Fiskesprell og kvalitetssikra av Helsedirektoratet.

mandag 27. desember 2021

Godt nyttår med carpaccio av røykt laks!

Carpaccio er ein klassikar frå Italia, og har etterkvart blitt eit omgrep for matretter med tynne skiver av rått kjøt eller rå fisk.  Denne gode retten er nemleg oppkalla etter malaren Vittore Carpaccio og blei første gong servert på Harry’s Bar i Venezia.

Originaloppskrifta til carpaccio var tynne skiver av kalvefilet, men røyk laks er ein umerka variant av originalen.  Carpaccio passar godt som forrett eller som ein del av eit tapasbord eller koldtbordet for eksempel til nyttår. «Buon appetito» på italiensk og ønske om eit godt nytt år!

RØYKT LAKS: Røkt laks og avokado carpaccio. Foto: Aina Hole, Norges sjømatråd. 


Ingrediensar (4 porsj)

200 g røykt laks

2 lime

1 ss olivenolje

2 avokado

dill

pepar

 

Framgangsmåte

Skjer røykt laks i tynne skiver, legg dei flatt i ein djup tallerken. Bland olivenolje med safta av ein lime og smaksett med pepar. Slå blandinga over lakseskivene, dekk over med plastfolie og la det stå i kjøleskapet i ca ein time.

I mellomtida deler du avokadoen i tynne skiver. Legg dei på eit fat og slå over limesaft fra 1 lime, for å unngå at avokadokjøtet skal bli mørkt. Fordel marinert røykt laks og skiva avokado på eit serveringsfat, eller i porsjonar på tallerkenar.

Pynt serveringa med eit lett dryss dill, og server retten avkjølt som forrett eller til aperitiff.

 

tirsdag 21. desember 2021

Steikt juletorsk med rabbestappe, rosenkål og baconfeitt

Norsk julemat handlar om tradisjonar,  geografi og kva type mat ein før fekk tak i til jul.  Til jul skulle det vere den beste maten ein kunne få tak i som svineribbe, pinnekjøtt, lutefisk og juletorsk, men også kveite, kjøtmølje og risgraut var og er vanleg.

Å ete fersk torsk til jul er typisk for Sørlandet, men om ein les boka «Den gamle sunnmørsjula» (Brunstad & Pettersen) finn ein at det også var viktig med fersk fisk til jul på våre trakter. Boka fortel at i fjordbygdene på sunnmøre var stor skam for den husbonden klarte å skaffe fersk fisk til jul.

I dag kan vi kjøpe torsk i butikken fersk og frosen, og det er fiska for oss. For å lage torsk «julete» handlar det om kva som er til, som til dømes i helgas juleoppskrift med rabbestappe, rosenkål og bacon. Nyt den gode julematen, også vil eg ønske alle mine lesarar ei fredfylt og god julehøgtid!

TORSK: Steikt juletorsk med rabbestappe, rosenkål og baconfeitt. Foto: Aina Hole, Norges sjømatråd.


Ingrediensar (4 pers)

800 g torskefilet

2 ss smør

 

Rotmos

1 kg kålrot

2 stk gulrot

1 stk sellerirot

1 dl kremfløte

3 ss smør

2 ts salt

½ ts pepar

½ klementin

 

250 g bacon i terningar

100 g smør

 

300 g rosenkål

2 ss smør

2 ss brunt sukker

 

12 stk mandelpotet


Framgangsmåte

Skrell og skjer rotgrønsakene i terningar og kok dei møre i lettsalta vatn. Sil av vantet og mos grønsakene til ei grov stappe. Ha i smør, spe inn fløyten og smak til med salt og pepar. Steik baconbitar i smør på lav varme til baconet er gjennomsteikt. Reinsk og del rosenkål i to og steik dei møre i smør i steikepanna Tilsett sukker og steik videre medan du vender på rosenkålen til sukkeret har smelta. Del torskefileten i passe porsjonsstykke og steik dei i litt smør i panna i ca. fem minutt på kvar side.

Server retten med kokte mandelpoteter til.

mandag 29. november 2021

Rømmesild med peparrot er godt julepålegg

Oppkutta spekesild eller kryddersild blandast i ulike sausar, eddik eller løk og leggast på glas til jul. Å lage sildepålegg er for mange like viktig som å bake julekaker. På NRK sine nettsider lanserer dei sju sildeslaga slik: Sennepsild, Tomatsild, Stoltenbergs sildesalat, Sild med balsamico, Kryddersild lag-på-lag i porsjonsglas og Sildefjøl med egg, potetsalat, raudbetar og raudløk.

Å lage ulike sildesalatar er både ein hyggeleg og nyttig aktivitet ein kan gjere saman i adventstida og det blir fort julestemning på ein sildeverkstad. Resultata gir både ei ypparleg anledning til å prøvesmake julepålegget med godt brød til, og å lage nokre ekstra glas som kan vere julegåve.

Sildesalatar kan ein også brukast til fleire høve som på tapasbordet, til forrett eller til julefrukosten. Peparrot saman med sild gjer salaten spenstig og frisk, og husk at «av sild blir du snild» - det kan lønne seg no i førjulstida!

SILD: Rømmesild med peparrot er godt julepålegg. Foto: Tove Lise Mossestad, Norges sjømatråd.

Ingrediensar (4 porsj)

500 g kryddersildfilet

3 dl seterrømme

15 cm peparrot

1 ss sennep

salt

Topping

1 grønt eple

4 reddikar

1 raudløk

 

Server med:

Grovt knekkebrød, grov brød eller rugbrød

Framgangsmåte

Del silda opp i bitar. Riv peparrota på eit fint rivjern. Bland rømme, reven peparot, sennep, eddik og salt. Bland inn sildebitane.

Topping

Kutt eplet og reddik i fine strimlar. Kutt raudløk i tynne skiver, og bland saman med eple og reddik.

Topp retten med reddik, eple og løk-blandinga. Server med godt brød til.

 

Tips: Smak på silda før du startar på retten. Er den veldig salt, kan du legge silda i vatn i 2 timar. Dersom den er perfekt salta, kan du berre skylle den.