Grillmat
er ikkje berre god mat, det er også ei stemning eller ein fest. Sjømat på
grillen er sunt å ete og enkelt å lykkast med. Før det første er det proppfullt
av sunt fiskefeitt, antioksidantar og vitaminar og du kan kose deg med godt samvit
gjennom heile sommaren. Å lage desse
grillspyda krev lite forarbeid. Laks og
kamskjell er faste i fisken og det er enkelt å handtere både før og etter den
har vore på grillen, derfor er det lett å lykkast.
Grilltips
før grilling: Sørg for rein grill, bruk medium til høg varme og ikkje snu for
tidlig. Sjømat på grillspyd steikast fort, så vi snakkar om 2- 3 minutt på kvar
side. Grillspyd er lekkert, men for å unngå at grønsakene vert svidde og fisken
for lite steikt, så set sjømaten på ein pinne og grønsakene på ein annan. Husk
at grillspyd av tre bør ligge i vatn i ca. 30 min først, slik at det ikkje tek
fyr når dei kjem på grillen.
Spennande
grillspyd med laks, kamskjell og spekeskinke er god mat, spesielt når det er toppa
med smakfull viagrette som du har laga sjølv. Du skal ikkje sove bort
sumarnatta eller kokkelere vekk sumardagen, vel derfor sjømat på grillen!
SJØMAT PÅ GRILLEN: Grillspyd med laks, kamskjell og spekeskinke. Foto:
Norges Sjømatråd, Synøve Dreyer.
|
Ingrediensar til 4 porsjonar
400 g laksefilet, utan skinn og bein
16 stk kamskjell
8 skiver spekeskinke
2 stk maiskolbe
2 stk sitron
8 stk trespyd
olje
Vinaigrette
2 ss tomat,
soltørka
2 ss frisk bladpersille
2 dl olivenolje
1 dl eplecidereddik
2 ts dijonsennep
2 ss frisk bladpersille
2 dl olivenolje
1 dl eplecidereddik
2 ts dijonsennep
Framgangsmåte
- La trespyda ligge i vann i ca. 30 minutt.
- Skjer laksefileten i jamnstore bitar, like mange som det er kamskjell.
- Del kvar spekeskinkeskive i to på langs, og surr ein bit rundt kvar laksebit.
- Tre to kamskjell og to laksebiter på kvart trespyd.
- Pensle med olje og grill på høg varme, ca. 2 minutt på kvar side.
- Pensle maiskolbe med olje og grill i et par minutt.
- Del ein sitron i to og grill lett med snittsida ned.
- Finhakk soltørka tomatar og bladpersille, og ha i eit tomt syltetøyglass med lok saman med dei andre ingrediensane til vinaigretten.
- Rist godt til ein tjukk dressing. Du kan også røre kraftig med ein visp.
Server grillspyda med grilla mais, sitron og
vinaigrette ved sidan av. Det smakar også godt med grønsaker og kokte småpotet
på grillspyd til. Dette duftar av sjø, grilling og midtsommar!