No er det sesong for fersk torsk med lever og rogn, eller mølje som dei
seier nordpå og det er berre fantastisk godt. I dag vil eg dele oppskrifta
Skreimølje med moderne vri.
Skrei er torsk, men ikkje all torsk er skrei. Skrei eller Gadus
morhua brukast om den nordarktiske
torskestammen der 40 % gyt i Lofoten-område i februar til april, men skreien
sitt gyteområde strekk seg heilt frå Sørøya i Finnmark til Mørekysten og heilt ned
til Haugesund.
Kystbefolkninga sin klassiske måte å lage mølje på, er rett og slett fersk
fisk med lever og rogn. Skreien er kjent for sin fantastiske kvalitet med
muskuløst, fast, kvitt fiskekjøt og det passar dårlig å skjule den gode smaken
med alt for mykje krydder eller andre konkurrerande smakar.
Modernisering i matvegen er likevel alltid spennande og med retten Skrei
med moderne vri, får skreien og
rognskivene ligge på ein seng av spinat og saman med gulrotmostoppar. Levera kan
du servere i ei skål ved sida av og kokte poteter er sjølvsagt til. Tenk at skrei
finnast berre i Norge og at vi er så heldige som har tilgang på denne flotte
råvara. Dette er eit festmåltid!
FESTMÅLTID: Skreimølje med moderne vri. Foto: Norges
Sjømatråd, Synøve Dreyer.
|
Ingrediensar til 4 porsjonar
1 kg skrei, skiver
400 g rogn, rå
200 g lever
200 g spinat
1 fedd kvitløk
1 ss smør
salt
Gulrotmos
4 stk gulrot
2 ss smør
1,5 dl matfløyte
salt og pepar
2 ss smør
1,5 dl matfløyte
salt og pepar
Framgangsmåte
- Kok opp ei stor kasserolle med vatn og tilsett 3 ss salt per liter.
- Ta kasserolla til side og legg i skreiskivene.
- Sett den tilbake på plata og kok opp, trekk den til side, sett ned varmen og la fisken trekke i 6-7 minutt.
- Surr spinaten raskt i en steikepanne med pressa kvitløk og smør til den er mjuk.
- Kok opp nok vann til å dekke rogna og tilsett 1 ss salt per liter.
- Vask rogna og pakk den godt inn i matpapir. Fest gjerne endane med strikk, slik at den ikkje går i oppløysing.
- Legg den innpakka rogna i det kokande vatnet og la den trekkje i 20-30 minutt.
- Skrell gulrot, skjer i terningar og kok møre i usalta vatn.
- Sil av kokevatnet og mos gulrot saman med smør og matfløyte.
- Smak til med salt og pepar.
- Rens lever for hinner og trådar, del den i biter og legg den i ei lita kasserolle.
- Når fisken er ferdigkokt, tek du eit par auser av kokevatnet og slå over levera.
- Kok forsiktig opp og la den trekke i 2-3 minutt.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar