Det er
framleis sesong for vinterfiske av skrei langs kysten vår og det betyr at det
også er sesong for torsketunger. Når torsken er frakta til land og sløya, står
store kasser med torskehovud på kaia ved fiskemottaka i Nord Norge. Torskehovuda
er ein viktig ressurs og tungeskjerarane trer hovuda på ein pigg (sprikar) og
skjer tunga og den kjøtfulle hakemuskelen av med ein sylskarp kniv.
Tungeskjering har lange tradisjonar og reknast som ein del
av vår lokale kulturarv. Arbeidet er svært populært blant skuleungdom og barn
heilt ned i 5 års alder er med på arbeidet. Dette er lovleg arbeid fordi det
reknast som kulturelt barnearbeid. Mange barn og ungdom tener gode pengar i
sesongen og meir om dette fenomenet kan du sjå i filmen «Tungeskjærerne» som
hadde norgespremiere den 10.mars på kino. Dokumentaren skildrar eit spennande
stykke av norsk fiskekultur og er ein vakker forteljing om venskap, ansvar og
livet langs kysten.
Torsketungene veg ca. 30-40 gram og sjølve tunga er
geléaktig, medan hakemuskelen ligg under og utgjer den største delen som er
fastare. Sprøsteike torsketunger høyrer med til norsk tradisjonsmat og bør nytast
i skreisesongen. Til denne oppskrifta servere du heimelaga, smakfull tartarsaus
til dei sprøsteike torsketungene og gjerne mandelpotet til. Dette er rett og
slett knasande godt!
SMAK: Knasande sprø torsketunger med tartarsaus.Foto: Norges Sjømatråd, Alf Børjesson. |
Ingrediensar til 4 porsjonar
2 ss persille, frisk
2 ss sylteagurk
1 ss kapers
1 ss lauk
100 g majones
2 ss lake frå sylteagurk
sukker
salt og kvit pepar
Tartarsaus
2 stk egg
Tilbehør
sitron
Framgangsmåte
- Skyl torsketungene og tørk dei med tørkepapir.
- Skil egg og pisk eggekvitane og salt til mjukt skum.
- Bland griljermjøl med salt og kajennepepar i ein tallerken.
- Vend torsketungene først i eggekvite, deretter i griljermjøl.Varm margarin/olje i steikepanna til den har god varme, og steik torsketungene til dei er gyldenbrune og gjennomsteikte.
- Kok egg hardkokt, avkjøl og grovhakk.
- Finhakk persille, sylteagurk, kapers og lauk, og bland dette saman med egg.
- Tilsett majones og rør inn litt lake frå sylteagurk til du får ein tjukk, men smidig saus.
- Smak til med litt sukker, salt og kvit pepar.
Server torsketungene saman med tartarsaus, mandelpotet og pynt med
sitronbåtar, kapers og persille.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar