Paella er ein spansk nasjonalrett som består av kokt, ris som er
tilsett safran og retten er ofte blanda med stykke frå både fugl og sjømat.
Retten kjem frå Valencia og betyr direkte omsett steikepanne. Retten kan
serverast i utallege variantar og er svært populær og i dag skal de få
oppskrifta på paella med breiflabb og skaldyr.
Gulfargen i paella er lekker og den kjem frå krydderet safran. Safran består av arra frå safrankrokusen og for å produsere eit kilo safran krev det arr frå 70 000 krokusar som vert plukka og reinska for hand. Safran er eit av verdas mest kostbare krydder, kiloprisen kan fort ligge på kr 50 000 -100 000, men ein får kjøpt nødvendig mengde til matlaging for kr 50.- på ein innvandrarbutikk. Spania var ein største eksportørane av safran men i dag er det Iran som har verdsmarknaden. Safran vert hausta i to intensive veker i oktober/november og brukast i hovudsak som farge- og smakstilsetting i mat.
Har du selskap i helga eller vil by inn på gul påskemiddag, då
passar denne paellaen med breiflabb, kamskjel og reker i perfekt. Vel gjerne
ein god spansk vin til, for dette er eit spansk festmåltid i all si prakt!
SPANSK: Paella med breiflabb og skaldyr. Foto: Norges Sjømatråd,
Synøve Dreyer.
|
Ingrediensar til 4 porsjonar
400 g breiflabbfilet
20 stk blåskjel
8 stk kamskjel
100 g reker, utan skall
1 stk lauk
2 fedd kvitløk
1 ss persille, frisk
1 stk paprika, raud
1 stk tomat
4 ss olivenolje
3 dl ris, langkorna
6 dl vann
100 g bønner, grøne
100 g erter, fryst
1 ts paprikapulver
1 knivsodd safran
2 ts salt
1 ts pepar
Tilbehør
sitronbåtar
Framgangsmåte
- Skjær breiflabb i terningar.
- Finhakk lauk, kvitlauk og persille.
- Skjer paprika i strimlar og tomat i terningar.
- Fres lauk, kvitløk og persille i olivenolje til lauken er blank, ca. 2 minutt.
- Ha i ris, slå på vatn og la det koke i 10-12 minutt.
- Tilsett blåskjel og la det koke i 3-4 minutt. Spe på med meir vatn om nødvendig.
- Ha i breiflabb, paprika, tomat, bønner, erter, paprikapulver, safran, salt og pepar, og la det småkoke til alt er mørt, ca. 5 minutt.
- Tilsett kamskjel det siste minuttet av koketida.
- Vend forsiktig inn rekene rett før servering.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar