Våren er her med lovande solskinsdagar, nyutsprungen bjørk og
kvitveisen blømer i bakkane. Laks er kanskje kvardagsleg, men av og til kan det
vere tilbehøret og grillinga som løftar retten. I denne oppskrifta lagar du agurksalaten
og potetsalaten frå botnen av og serverer det saman med den grilla laksen.
Mange har sikkert allereie starta grillsesongen, men i dag vert det
tips om fisk på grillen. Når ein skal grille fisk direkte på grillen er det
smart å behalde skinnet på, det gjer fisken lettare å handtere. Sørg alltid for
å ha rein rist. Pensle fisken og rista med olje før du startar med å grille.
Dersom fisken er marineret, bør du tørke den med kjøkkenpapir før du penslar
den. Fiske må ligge på grillen i ca. to minutt, då får den steikskorpe og du
unngår at den går i to når du snur den.
Nasjonaldagen er for mange ein kjekk og hektisk dag med nystrokne bunadsskjorter
og flagg, ungar som skal pyntast,
barnetog som skal beundrast og god mat som skal etast. Dersom vêret held
finnast den inga betre avslutting på dagen enn å legge laks på grillen. Hipp
hurra for 17.mai!
17. MAI: Grilla 17.mai-laks med agurksalat. Foto: Norges Sjømatråd, Esten Borgos. |
Ingrediensar til 4 porsjonar
700 g laksefilet, med skinn
2 stk sitron
2 ss estragon
olivenolje
salt og pepar
Agurksalat
1 stk agurk
1 ss sukker
1 ss kvitvinseddik
1 ss olivenolje
salt og pepar
1 ss sukker
1 ss kvitvinseddik
1 ss olivenolje
salt og pepar
Potetsalat
600 g potet
5 stk reddik
1 stk raudlauk
2 ss dill, frisk
2 dl spinat
2 dl lettrømme
1 dl majones
3 ss peparrot
5 stk reddik
1 stk raudlauk
2 ss dill, frisk
2 dl spinat
2 dl lettrømme
1 dl majones
3 ss peparrot
Framgangsmåte
- Skjær laksen i serveringsstykke, pensle med olivenolje og dryss med salt og pepar.
- Ha safta av sitron og estragon over laksen.
- Grill laksen med skinnsida ned i ca. 4 minutt, snu den og grill i 2 minutt på den andre sida.
- Skjær agurk i tynne skiver, gjerne med ostehøvel.
- Rør sukker ut i kvitvinseddik, og bland med olivenolje.
- Smak til med salt og pepar, og bland med agurkskivene.
- Kok potet møre i usalta vatn, avkjøl og skrell.
- Del poteten i mindre biter, skjær reddik i skiver, raudlauk i strimlar og hakk dill.
- Ha potet, reddik, raudlauk, dill og spinat saman i ein bolle.
- Bland saman lettrømme, majones og riven peparrot, og smak til.
- Ha sausen i bollen med grønsakene og bland godt saman.
Server grilla laks med agurksalat og potetsalat ved sidan av.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar