Nyttår er ofte tid for ettertanke, både
om kva ein har gjort gjennom året føre og om kva ein kan gjere annleis neste
år. Nyttårsforsett som å ete litt sunnare til kvardags som å knipe litt inn på
feitt, søtt eller salt er ikkje uvanleg, og for mange er det eit mål å vere
meir fysisk aktive til daglig. All bevegelse er bra for kropp og sjel og små
kosthaldsgrep i kvardagen kan gjere ein stor forskjell for helse og trivsel.
Eit av kosthaldsråda frå
Helsedirektoratet rår oss å ete fisk til middag to til tre gongar per veke, det
viser seg at dette er ei utfordring for mange til kvardags, sjølv om vi bur
«midt i fiskefatet». I Møre Nytt vil eg gjennom året dele mine beste fiskeoppskrifter,
dei som er så gode at dei kan brukast til eit måltid godt laurdagskvelden eller
til søndagsmiddag.
![]() |
Laks med raud curry paste og
kokosmjølk. Foto: Norges
Sjømatråd, Tom Haga.
|
4 porsjonar:
600 g laksefilet,
utan skinn og bein
1 stk sjalottlauk
1 stk chili, raud
2 stk vårlauk
4 stk limeblad eller skalet raspa av ein lime
2 ss soyaolje
2 ts curry paste, raud
4 dl kokosmjølk
1 ½ ts soyasaus
½ dl vatn
½ terning fiskebuljong
1 ts sukker
1 stk sjalottlauk
1 stk chili, raud
2 stk vårlauk
4 stk limeblad eller skalet raspa av ein lime
2 ss soyaolje
2 ts curry paste, raud
4 dl kokosmjølk
1 ½ ts soyasaus
½ dl vatn
½ terning fiskebuljong
1 ts sukker
Framgangsmåte
- Skjær laksefileten i store terningar (2x3 cm).
- Reinsk og finhakk sjalottløk, fjern frø frå chili og skjær i strimlar.
- Reins og skjer vårlauk i tynne skiver, skjer limeblad i tynne strimler og kast stilken eller rasp skalet av ein lime.
- Varm olje i ei steikepanne og brun lakseterningane på begge sider, i 1-2 minutt.
- Legg lakseterningane til side på eit fat.
- Surr sjalottlauk i steikepanna i ca. 2 minutt.
- Tilsett curry paste og kokosmjølk, og rør ofte.
- Ha i chili, soyasaus, vatn, buljongterning og sukker.
- Tilsett lakseterningane, vårløk og limeblad eller limeskal og la det småkoke i 2-3 minutt.
Servast med ris.
Tips: Om du vil ha ein mildare variant
kan du bruke mindre curry paste. Retten er gluten- og laktosefri.